Biologi ved eit nytt vegskilje
Av Nafis Hasan (frå https://magazine.scienceforthepeople.org/lewontin-special-issue/biology-at-another-crossroads/)
“[Det] som er fantastisk, er likskapen i tenkinga til naturvitarane og den dialektiske materialismen. Den såkalla dialektiske verdsbiletet er i stor grad også verdsbiletet til naturvitarane, i motsetnad til fysikarane sitt.”
—Ernst Mayr, Roots of Dialectical Materialism (1997)
Richard Levins og Richard Lewontin si utgjeving av The Dialectical Biologist i 1985 var ein skjelsetjande augneblink [gestalt moment] som framleis er like gyldig og relevant tiår etter at boka kom ut, om ikkje enno meir. Trass i slik relevans, kan det verke som om ideane som vert presenterte har vore på sidelinja i hovudstraumen av filosofien kring biologi, takka vere tiår med genetisk determinisme og den vedvarande nyliberaliseringa av vitskapen. Men ei undersøking av nye idear, på tvers av ulike felt innanfor biologi, avkreftar eit slikt syn, og forsterkar viktigheita av eit dialektisk rammeverk for biologisk forsking—arven etter Richard Lewontin.
Ei kort historie om dialektisk biologi
Opphavet til dialektisk biologi som Levins og Lewontin føreslo kan sporast attende til Marx og Engels. Påverka av Darwin og hans utvekslingar med Marx, føreslo Engels dei tre lovene for naturdialektikk:
1. Lova om omdanninga av kvantitet til kvalitet og omvendt: t.d., endringar i kjemisk samansetning eller energi kan føre til kvalitative endringar for eit stoff.
2. Lova om gjennomtrenginga av motsetnadene: denne lova skal tyde på at endring kjem frå samverknaden mellom motsette krefter, anten fysiske eller av annan natur.
3. Lova om negasjonen av negasjonen: tyder på at naturen er underlagt stadig endring (t.d. evolusjon, erosjon, osv.).
Med desse tre lovene for å skildre naturlege fenomen, konkluderte Engels med at “i naturen skjer ingenting isolert. Alt påverkar og vert påverka av alt anna”. Engels sitt naturlege verdsbilete var eit av stadig rørsle, der likevekt oppstod frå motsetnader og ikkje som ein stabil tilstand.[1]
Korleis kan ein omsetje Engels sine lover for dialektikk til eit rammeverk for biologi? Ernst Mayr, i essayet sitt Roots of Dialectical Materialism, prøvde å gje eit svar: “den første lova er eit prinsipp om ikkje-reduksjonisme, den andre er ei forklaring på nærværet av energi i naturen som fjernar alle slags guddomlege, vitalistiske eller ytre krav og den tredje skildrar kontinuerlege endringar i naturen, dvs. evolusjon”.[2] Dimed gjev dialektisk materialisme eit teoretisk vern mot reduksjonisme i biologi så vel som eit rammeverk for å forstå endringane som ligg til grunn for naturlege fenomen.
Engels sine lover for dialektikk vart teke opp av sovjetiske vitskapsfolk i ulike former; ei detaljert analyse av slikt arbeid kan ein finne i Loren Graham si bok Science and Philosophy in the Soviet Union (1972). Men sovjetiske vitskapsfolk var ikkje dei einaste som tok nytte seg av eit dialektisk rammeverk for å gje meining til funna sine. Som Helena Sheehan skildrar det i Marxism and the Philosophy of Science: i Vesten var biologar som J. D. Bernal, J. B. S. Haldane, Joseph Needham og Marcel Prennant, for å nemne nokre få, djupt påverka av sovjetisk filosofi om vitskap, og nytta det dialektiske rammeverket på biologiske fenomen og praksisen av vitskap i ulik grad.
Ifølgje Haldane kunne marxismen nyttast til å forstå utviklinga av vitskap og historia til vitskap som ein menneskeleg aktivitet. Needham, sjølv om han var usikker på verdien av marxismen i etikk og politikk, trudde framleis at dialektisk materialisme var “kvintessensen av vitskapleg metode”, som “den naturlege metodologien til vitskapen sjølv”.[3] Både Bernal og Needham hevda at dialektisk materialisme ville vere til stor nytte for biologar ved å peike på dei mest lovande hypotesane og ved å indikere kva slags spørsmål som var meiningsfulle og gje eit svar på.
I 1931, på den internasjonale kongressen for historia til vitskap og teknologi, merka B.M. Zavadovsky, ein sovjetisk biolog, at vegen til å løyse debattane kring vitalisme versus mekanisme og reduksjonisme versus mystisisme låg i dialektisk materialisme, som gjekk utover “forsøka på å omfatte all kompleksiteten og mangfaldet i verda gjennom anten ei enkel matematisk formel for den mekaniske rørsla til molekyl eller gjennom den vitalistiske ideen om eit enkelt ‘prinsipp for fullkomenheit.’”[4] På same vis, i spørsmålet om arving av tileigna eigenskapar, der genetikarane grupperte seg i Lamarckistar versus Morganistar, var det ein dialektisk forståing av genetikk som Zavadovsky argumenterte for, som peikte mot Mendel og Morgan sine idear.[5]
Men vestlege biologar si nyttinga av sovjetiske perspektiv presenterte eit unikt problem: den sovjetiske tolkinga plasserte mekanistisk materialisme i kjernen av det dialektiske rammeverket. Mekanistisk materialisme er i seg sjølv reduksjonistisk, medan det under det dialektiske rammeverket er slik at “biologiske fenomen, sjølv om dei historisk er knytte til fysikokjemiske fenomen, ikkje var mogleg å redusere til fysisk-kjemiske lover.”[6] I eit forsøk på å løyse denne indre motsetnaden, presenterte Levins og Lewontin ein variant av dialektisk materialisme som dei trudde var ei “samtidig negasjon av både mekanistisk materialisme og dialektisk idealisme.”[7]
Dialektisk biologi i praksis: Levins og Lewontin
Levins og Lewontin nytta dialektisk materialisme på biologi, i særskild økologi og evolusjonsbiologi, i eit forsøk på å bryte vekk frå grepet til kartesisk reduksjonisme, som dei meinte var utilstrekkeleg til å forklare kompleksiteten som låg under store biologiske fenomen, som populasjonsøkologi eller evolusjonær genetikk. Dei argumenterte for at reduksjonismen som var innebygd i slike filosofiar undergrava viktigheita av samverknaden mellom delane som utgjorde heilskapen, ignorerte emergente eigenskapar, og tvinga vitskapen til å velje separate årsaker for det same fenomenet.
I staden for å studere gen, miljø og organismen som separate einingar, argumenterte dei for at det rette objektet for vitskapleg gransking skulle vere samverknaden mellom dei tre. Denne samverknaden resulterer i utviklinga av organismen, og kan kvantifiserast som “reaksjonsnormer”.
For Levins og Lewontin utgjer organismen både subjektet og objektet for evolusjon, sidan organismen aktivt konstruerer sitt miljø som igjen aktivt påverkar utviklinga av organismen:
… ein organisme kan ikkje utrekne [compute] seg sjølv ut frå DNA-et sitt. Organismen er resultatet av ein historisk prosess som går føre seg frå den augneblinken den vert unnfanga til den augneblinken den døyr; i kvart augneblink deltek gen, miljø, tilfeldigheit og organismen som heilskap … Naturleg utval er ikkje ei følgje av kor godt organismen løyser eit sett med gjevne problem som miljøet stiller; tvert imot ko-determinerer miljøet og organismen kvarandre aktivt.[8]
Vidare, om naturleg utval resulterte i den differensierte reproduksjonen av variantar, ville det til slutt ikkje vere meir variasjon til å halde fram med å drive evolusjon då ei populasjon oppnådde einsarta tilpassing. For å løyse denne motsetnaden føreslo Levins og Lewontin at Darwins idear berre kan oppnå full modning då organismen vert integrert med dei “indre” og “ytre” kreftene for evolusjon, som i genotypen og miljøet, og sett på som både subjektet og objektet for evolusjon, slik dei er under dialektisk materialisme.
Lewontin gjekk vidare til å styrke naudsynet av å bruke ein dialektisk tilnærming til å studere evolusjon og utvikling. I boka si The Triple Helix (2002) skriv han at «ontogenesen [utviklinga] til ein organisme er eit følgje av ei unik samverknad mellom gena den ber, den tidsmessige rekkjefølgja av ytre miljø som den går gjennom i laupet av livet sitt, og tilfeldige hendingar av molekylære samverknader innanfor enkelte celler. Det er desse samverknadene som må innlemmast i alle skikkelege reiegjeringar for korleis ein organisme blir forma», og dermed etablerer organismen som ein stad for samverknad mellom miljøet og gena. Gjennom dialektisk materialisme vert difor den langvarige “født slik eller vorte slik”-debatten erstatta av korleis arv og miljø samverkar under utviklinga av ein organisme.
Dialektisk biologi redux
Ei samansmelting av fleire sosialpolitiske faktorar bidrog til marginaliseringa av dialektisk biologi—oppblomstringa av molekylærbiologi, den kalde krigen, Lysenkoismen sine feil, den aukande kommersialiseringa av vitskapen. Men som det innleiande sitatet frå Ernst Mayr syner, vil alle ikkje-reduksjonistiske tilnærmingar (t.d., systembiologi) til å studere biologi ufrivillig ende opp med å bruke ein dialektisk tilnærming; nyare utviklingar innan felta immunologi, kreft, teoretisk og evolusjonsbiologi stadfestar ein slik konklusjon.
Organismen som holobiont
Medan Levins og Lewontin i stor grad hadde nytta det dialektiske rammeverket til biologi på det kollektive nivået, gjorde utviklingsbiolog Scott Gilbert og immunolog Alfred Tauber det same på det organismale nivået for å stille spørsmål ved kva som utgjorde biologisk individualitet.[9] Historisk sett har ein individuell organisme vore avgrensa av anatomiske grenser, funksjonell integrasjon gjennom arbeidsdeling og kommunikasjon mellom delane sine, og eit hierarkisk system for kontroll. Men ved å nytte eit mengde vitskaplege prov som viser at symbiose er overalt, argumenterte Gilbert og Tauber for at moderne biologi negerte denne oppfatninga av den individuelle organismen; snarare er organismar “holobiontar” — fleirgenomiske, samansette vesen “der fysiologi er ei sameksistens mellom verten og mikrobiomet sitt, der utvikling er basert på signal frå desse kommensale [som ein et saman med] mikroorganismane, der fenotype er basert på mikrobielle gen so vel som vertsgen, og der immunsystemet forstår desse særskilde mikrobane som ein del av sitt ‘sjølv.’”
Gilbert og Tauber gjekk vidare til å vise korleis dialektikk finst på alle nivå av utviklinga av holobionten — frå befruktning (to celler smeltar saman til éin), til organogenese (stromal-epitele samverknader), utviklinga av immunsystemet, symbiotiske samverknader mellom mikrobielle og vertsceller, konstruksjonen av den økologiske nisjen for holobionten, og til og med ned til det molekylære nivået der stereo-spesifisiteten vert bestemt av eit sett med samverknader (indusert passform-modell) i staden for den deterministiske “lås og nøkkel”-modellen. Med alt dette stilte Gilbert og Tauber spørsmål ved den noverande oppfatninga av immunitet som eit forsvarsmekanisme, og argumenterte for at immunologi burde bli ført under det større omgrepet økologi og føreslo feltet “øko-immunologi”.
Øko-immunologi blir så nytta til å forstå rolla til immunsystemet i den fysiologiske og funksjonelle integrasjonen av organismen med miljøet sitt og avskaffar den binære oppfatninga av immunitet som ein forsvarsmekanisme. Dette vert illustrert gjennom behovet for spesifikke mikrobar for skikkeleg utvikling av hjernen, tarmen og reproduktive vev på tvers av eit vertskap av dyr. Denne ideen inneber dinest at organismen “ikkje var gjeve, men heller er eit pågåande verk [work-in-progress] som gjekk gjennom livslang utvikling i dialektisk utveksling med andre potensielt konkurrerande intra-organistiske element”. Holobiont-teorien er dermed frukta av nyttinga av eit dialektisk materialistisk rammeverk til moderne biologi, og suksessen den har hatt hjelper framtidige dialektiske materialistiske tilnærmingar med å nøste opp i kompleksiteten til naturlege fenomen.
Neo-Lamarckisme
Med aukinga av studiar av utviklingsplastisitet ser det ut til at visse Lamarckianske omgrep om arv får att noko fotfeste i moderne vitskap. Medan fetisjisme av genet sin sentralitet har vore den sentrale ideologien til neo-darwinistar som Richard Dawkins, og har spreidd ideen om “DNA som livets blåkopi”, dyttar neo-Lamarckianske system for overføring av arv, føreslått i 1995 av biologane Eva Jablonka og Marion Lamb, attende mot dette reduksjonistiske synet på evolusjon.[10]
Jablonka og Lamb argumenterer for at kortsiktig evolusjon ikkje er avhengig av nye mutasjonar i DNA-et, men heller på epigenetiske endringar som avdekkjer genetiske variantar som allereie er til stades i populasjonen. I tillegg gjennomgår gen ei «omstokking» gjennom rekombinasjon under celledeling, noko som gjev opphav til ytterlegare variasjon innan populasjonen. Dei argumenterer også for at strukturen til kromatinet påverkar endringar i DNA-sekvensen, som dermed “framhevar kompleksiteten i rolla til miljøet i evolusjonær endring, miljøet er ikkje berre agenten for utval. Gjennom effektane på gena si fenotype, påverkar [bias] det også retninga, rata og typen av DNA-endringar ved staden [locus]”, eit ekko av Levins og Lewontin. Jablonka og Lamb føreslår også gruppeutval i staden for individuelt utval, noko som motstrider den ny-darwinianske ideen om genet som eininga for utval ved å føreslå grupper av celler eller individ som einingar for utval i staden (liknande Gilbert sitt holobiont-omgrep).
Medvitne om det faktum at arv på det sosiale og åtferdsmessige nivået fungerer ulikt samanlikna med det genetiske og epigenetiske nivået, argumenterer Jablonka og Lamb mot den ny-darwinianske ideen om at gen kan forklare sosiale åtferd og deira evolusjon. Dei peikar på at åtferdseigenskapar ikkje blir arva på grunn av endringar på det genetiske nivået, men gjennom ei samansmelting av kollektive og individuelle aktivitetar. Sagt enkelt, komplekse sosiale grupperingar som familiar, profesjonelle grupper, religion osv. påverkar åtferda vår og kva åtferdsstrukturar som vert nedarva og spreidde.
I si analyse av evolusjonsteori ved hjelp av dialektikk argumenterer biolog og filosof Julio Munõz-Rubio vidare for at denne mekanismen for arv i hovudsak er dialektisk: Jablonka og Lamb sitt arbeid impliserer at den evolusjonære prosessen er ei syntese mellom genetiske faktorar og miljøpåverknader, som Levins og Lewontin hadde skildra som “to motsette, aktive og gjensidig utvalande element”, og dermed danna “ein dialektisk oppheving [Aufhebung] av organismen-miljøet.”[11]
Prinsipp for ein teori om organismar
Sidan den molekylærbiologiske revolusjonen på 1950-talet som starta med Watson, Crick og Franklin si oppdaging av strukturen til DNA-et, og den påfølgjande etableringa av det sentrale dogmet i molekylærbiologi, har eksperimentell biologi blitt stadig framandgjort frå sin motpart: teori. Dette er ikkje å seie at biologiske teoriar ikkje eksisterte, men vart heller forlatne som ei kjelde som ein kunne generere hypotesar frå. I aukande grad, i hysteriet [frenzy] kring datastyrt vitskap, støtta av eit genetisk deterministisk utsyn og avanserte sekvenseringsteknikkar, har ein reduksjonistisk vitskap oppstått, der eksperiment vert utforma for å validere føresetnader og hypotesar i staden for å teste ein teori. Ein enklare versjon av dette kan finnast i store genetiske studiar for komplekse sjukdommar, med oppfølgingsforsøk som blir utførte på berre eit fåtal av valde gen, medan på same tid er eksperimentet allereie skeivt [baised] gjennom å etablere hypotesar a priori utan eit skikkeleg teoretisk rammeverk.
ORGANISM-gruppa anerkjende mangelen på ei skikkeleg biologisk teori om organismen, ein som ville vere eit komplement til evolusjonsteorien, men som ville skildre livssyklusen til organismen frå det vert unnfanga til det døyr.[12] I eit forsøk på å fylle det tomrommet etablerte gruppa tre grunnleggande prinsipp som ville utgjere grunnlaget for ein teori om organismane, og som ville avvise den dominerande reduksjonistiske forståinga. Desse prinsippa vart etablerte på grunnlag av to viktige erkjenningar — (1) det finst skilnader mellom daud og levande som krev separate teoretiske utviklingar, og (2) i biologi er “ontogenese og evolusjon om ubønhøyrlege endringar av symmetriar, og fase-rommet [phase space] blir danna langs vegen i staden for å vere satt a priori”. Desse erkjenningane er også forsøk på å avskaffe den tankelause låninga av teoriar frå andre felt, hovudsakleg fysikk, for å forklare biologiske fenomen. Denne utvekslinga har til dømes resultert i at ein tek opp ord frå informasjonsteori for å skildre biologiske samverknader, som “program” og “signalisering”, med den implisitte, men ofte ikkje anerkjende implikasjonen at organismar er maskiner.[13]
Prinsippa som ORGANISM-gruppa etablerte for ein teori om organismar er:[14]
1. Eit prinsipp om biologisk treigheit — “standardtilstanden” [default state] av spreiing av variasjon og rørsle: celler er ikkje meinte å vere i stillstand, men er aktivt rørande og spreiande seg, med nye eigenskapar som utviklar seg.
2. Eit prinsipp om variasjon som reknar med emergensen av nyhende [novelty] gjennom utvikling og evolusjon: samanlikna med fysiske objekt gjennomgår biologiske objekt konstant endring — frå ein celledeling til organutvikling til reproduksjon.
3. Eit prinsipp om organisering som reknar med stabiliteten til organismar: organisering kjem frå avgrensingar, miljømessige eller indre, som verkar på den biologiske eininga, anten celler eller vev.
Desse prinsippa presenterer ein radikal transformasjon for eksperimentell biologi. Gjennom å late organismen ha evna til å skape sine eigne “normer”, skiftar ein synet vekk frå organismen som ein passiv agent for endring; som både teoretiske og eksperimentelle studiar viser, verkar organismar på miljøa sine for å skape avgrensingar på sin eigen rørsle og spreiing.[15]
Faktisk er desse prinsippa i stand til å løyse langvarige forvirringar innan kreftforskingsfeltet. Til dømes, Tissue Organization Field Theory (TOFT), føreslo av ORGANISM-gruppemedlemmer Ana Soto og Carlos Sonnenschein, stiller standardtilstanden til ei celle som spreiing med variasjon og rørsle, og ser på kreft som ei vevsbasert [tissue based] sjukdom. Kombinert med prinsippet om organisering viser TOFT at kreftframkalling oppstår frå forstyrringa av samverknader mellom dei stromale og epiteliale delane av vevet.[16] Sagt enkelt, kreft oppstår ikkje frå kvilande celler som plutseleg veks ut av kontroll, men heller fordi avgrensingane som heldt cellene ut av standardtilstanden deira (spreiing og rørsle) vart fjerna. På denne måten gjev TOFT ei forklaring av emergente eigenskapar som observert innanfor kreftframkalling, noko den dominerande reduksjonistiske Somatic Mutation Theory (SMT) ikkje er i stand til.[17]
Utover teori og mot praksis
“Det er viktig å understreke at måta vitskapen er på ikkje er korleis den må vere, at den noverande strukturen ikkje er pålagt av naturen, men av kapitalismen, og at det ikkje er naudsynt å etterlikne dette systemet for å drive vitskap.”
—Richard Levins & Richard Lewontin, The Dialectical Biologist (1985)
Noverande vitskap blir i hovudsak rekna som apolitisk og rasjonell, fri for verdivurdering. Denne illusjonen, skapt av tiår med forankring av borgarleg filosofi, har stilt omforma vitskapsfolk og lærlingar til «biomedisinsk arbeidsstokk» — ein proletarisering av vitskapsfolk, så å seie.[18] Konsekvensane av eit slikt fenomen har blitt skildra andre stader og mykje meir veltalande, men det er naudsynt å spørje: kva tyder det å praktisere marxistisk vitskap i dag?
I skrivinga si for det revitaliserte Science for the People-magasinet diskuterer Helen Zhao korleis vitskap, både teori og praksis, kan bli radikalisert og kva rørsla sine mål burde vere.[19] Ved å gå gjennom kommentar frå eit vertskap av vitskapsfolk-aktivistar spør ho “kor høyrer ‘ekspertane’ og ‘ekspertisen’ heime — om nokon stad — i ei frigjort vitskap, ei vitskap for folket?” For svaret kan vi sjå mot Caudwell si formulering av proletarisk vitskap:
Caudwell sa ganske fast at det ikkje var snakk om å pålegge proletariatet si diktatur på vitskapen. Det var ikkje snakk om at den ærlege arbeidaren fortalde vitskapsmannen kva som var kva i laboratoriet hans eller i teorien hans. Ingenting skulle bli pålagt på vitskapen. Ingenting skulle bli pålagt på vitskapsmannen, ikkje eingong av seg sjølv. Det var snakk om assimileringa av vitskapsmannen til proletariatet si sak, til konstruksjonen av eit nytt samfunn der han spelte si fulle rolle innan prosessen og som ein vitskapsmann. Vitskapen skulle bli utvikla av vitskapsfolk, men ein ny type vitskapsfolk, med føtene meir fast på bakken, med sinnet meir opna for heilskapen, med livet og arbeidet sitt meir organisk knytt til samfunnet som han var ein del av.[20]
Den siste bølgja av doktorgradsstudentar som organiserer seg kan bli sett på som ein førebuing til utviklinga av eit slik medvit, der vitskapsfolk vert assimilerte til proletariatet si sak — eit medvit som Richard Lewontin sikkert ville ha godkjent. No er det opp til oss å føre vidare arven hans og konstruere eit nytt samfunn og ei ny vitskap.
[1] Frederick Engels, Dialectics of Nature (London: Lawrence and Wishart, 1940).
[2] Ernst Mayr, “Roots of Dialectical Materialism,” 2005, http://ihst.ru/projects/sohist/books/naperelome/1/12-18.pdf.
[3] Helena Sheehan, Marxism and the Philosophy of Science: A Critical History (London: Verso, 2018), 207..
[4] Nikolai Bukharin et al., Science at the Crossroads (London: Bush House, 1931).
[5] Lamarckismen syne til ideen om at miljøendringar fører til endringar i åtferd og organbruk, og dermed påverkar korleis eigenskapar utviklar seg og vert arva (også kjent som arv av tileigna eigenskapar). Morganismen argumenterte for at mutasjonar var den einaste avgjerande faktoren for evolusjon, ved å peike ut at berre arva karakterar kunne påverke evolusjon. Sjå Sheehan, Marxism and the Philosophy of Science, 207.
[6] Mekanistisk materialisme er ein rigid og deterministisk materialisme der verda er styrt av naturlover som kan skildrast i matematiske omgrep, og difor at alle naturfenomen reduserast til fysikk og kjemi. Sjå Sheehan, Marxism and the Philosophy of Science, 207.
[7] Dialektisk idealisme er ideen om at alle endringar i den naturlege verda kan skildrast til eit overnaturleg vesen og favoriserer idear over materie som ontologiske krefter. Sjå Richard Levins og Richard Lewontin, The Dialectical Biologist (Harvard University Press, 1985), 132–160.
[8] Levins og Lewontin, The Dialectical Biologist, 85–106.
[9] Scott F. Gilbert og Alfred I. Tauber, “Rethinking Individuality: The Dialectics of the Holobiont.” Biology and Philosophy 31 (2016), 839–853, https://doi.org/10.1007/s10539-016-9541-3.
[10] Eva Jablonka og Marion Lamb, Epigenetic Inheritance and Evolution: The Lamarckian Dimension (Oxford University Press, 1995).
[11] Julio Munoz-Rubio, “Dialectics and Neo-Lamarckianism Against the Fetishism of Genes,” i The Truth is the Whole: Essays in Honor of Richard Levins, red. Maynard S. Clark, Peter J. Taylor og Tamara Awerbuch (Cambridge, MA: Pumping Station, 2018), 34–55.
[12] ORGANISM-gruppa vart danna av Ana Soto som ein del av hennar Blaise Pascal Chair-stilling ved Ecole Normale Superieure (Paris) og inkluderer teoretiske og eksperimentelle biologar, matematikarar og filosofar (fleire detaljar her). Sjå også Ana M. Soto, Giuseppe Longo og Denis Noble, “Preface to ‘From the Century of the Genome to the Century of the Organism: New Theoretical Approaches’,” Progress in Biophysics and Molecular Biology 122, nr. 1 (oktober 2016): 1–3, https://doi.org/10.1016/j.pbiomolbio.2016.09.011.
[13] Daniel J. Nicholson, “Organisms ≠ Machines,” Studies in History and Philosophy of Science Part C: Studies in History and Philosophy of Biological and Biomedical Sciences 44, nr. 4-B (desember 2013): 669–678, https://doi.org/10.1016/j.shpsc.2013.05.014.
[14] Ana M. Soto et al., “Toward a Theory of Organisms: Three Founding Principles in Search of a Useful Integration,” Progress in Biophysics and Molecular Biology 122, nr. 1 (oktober 2016): 77–82, https://doi.org/10.1016/j.pbiomolbio.2016.07.006.
[15] Clifford Barnes et al., “From Single Cells to Tissues: Interactions between the Matrix and Human Breast Cells in Real Time,” PLoS One 9, nr. 4 (2014): e93325, https://doi.org/10.1371/journal.pone.0093325; Maël Montévil et al., “Modeling Mammary Organogenesis from Biological First Principles: Cells and Their Physical Constraints,” Progress in Biophysics and Molecular Biology 122, nr. 1 (oktober 2016): 58–69, https://doi.org/10.1016/j.pbiomolbio.2016.08.004; Leonardo Bich, Matteo Mossio og Ana M. Soto, “Glycemia Regulation: From Feedback Loops to Organizational Closure,” Frontiers in Physiology 11 (18. februar 2020): 69, https://doi.org/10.3389/fphys.2020.00069.
[16] Carlos Sonnenschein og Ana M. Soto, “Carcinogenesis Explained within the Context of a Theory of Organisms,” Progress in Biophysics and Molecular Biology 122, nr. 1 (oktober 2016): 70–76, https://doi.org/10.1016/j.pbiomolbio.2
[17] SMT hevdar at kreft er ein cellebasert sjukdom, og mutasjonar får inaktive celler til å formeire seg. Fleire faktorar forvirrar slike premiss, nemleg nærvær av liknande “onkogene” mutasjonar i normalt vev, dei varierande tal på mutasjonar som er observert på tvers av krefttypar, kreft som oppstår frå ikkje-mutasjonshendingar (t.d. framandlegeme-karsinogenese), osb. Sjå Ana M. Soto og Carlos Sonnenschein, “Emergentism as a Default: Cancer as a Problem of Tissue Organization,” Journal of Biosciences 30, nr. 1 (februar 2005): 103–18, https://doi.org/10.1007/bf02705155; sjå ogso Ana M. Soto og Carlos Sonnenschein, “The Tissue Organization Field Theory of Cancer: A Testable Replacement for the Somatic Mutation Theory,” BioEssays: News and Reviews in Molecular, Cellular and Developmental Biology 33, nr. 5 (mai 2011): 332–40, https://doi.org/10.1002/bies.201100025; Carlos Sonnenschein og Ana M. Soto, “The Death of the Cancer Cell,” Cancer Research 71, nr. 13 (2011): 4334–4337, https://doi.org/10.1158/0008-5472.can-11-0639.
[18] Giuseppe Longo og Ana M. Soto, “Why Do We Need Theories?,” Progress in Biophysics and Molecular Biology 122, nr. 1 (oktober 2016): 4–10, https://doi.org/10.1016/j.pbiomolbio.2016.06.005; Ana M. Soto et al., “The Biological Default State of Cell Proliferation with Variation and Motility, a Fundamental Principle for a Theory of Organisms,” Progress in Biophysics and Molecular Biology 122, nr. 1 (oktober 2016): 16–23, https://doi.org/10.1016/j.pbiomolbio.2016.06.006.
[19] Yuri Lazebnik, “Are Scientists a Workforce? – Or, How Dr. Frankenstein Made Biomedical Research Sick: A Proposed Plan to Rescue US Biomedical Research from Its Current ‘Malaise’ Will Not Be Effective as It Misdiagnoses the Root Cause of the Disease,” EMBO Reports 16, nr. 12 (desember 2015): 1592–1600, https://doi.org/10.15252/embr.201541266.
[20] Helen Zhao, “What is a Radical Analysis of Science?,” Science for the People 22, nr. 1 (2019), https://magazine.scienceforthepeople.org/vol22-1/what-is-a-radical-analysis-of-science/. Sheehan, Marxism and the Philosophy of Science, 382