Dei enorme daudstala frå vestlege sanksjonar
Ny forsking syner at amerikanske og europeiske sanksjonar har drepe 38 millionar menneske sidan 1970.
USA og Europa har lenge nytta einsidige sanksjonar som eit imperialistisk maktmiddel for å tukte og til og med audeleggje styresmakter i den globale sør som ynskjer å riste av seg vestleg dominans, skipe sin eigen veg og etablere noko som liknar på røynleg suverenitet.
I laupet av 1970-åra var det i gjennomsnitt om lag 15 land under vestlege einsidige sanksjonar kvart år. I mange høve søkte desse sanksjonane å kvele tilgjenga til finansiering og internasjonal handel, destabilisere industriar og forverre kriser, for å framkalle statsleg samanbrot.
Eit døme: Då den populære sosialisten Salvador Allende vart vald til president i Chile i 1970, innførte den amerikanske regjeringa brutale sanksjonar mot landet. På eit møte i Det kvite huset i september 1970 forklara den amerikanske presidenten Richard Nixon at målet var å “få [Chile sin] økonomi til å skrike”. Historikaren Peter Kornbluh skildrar sanksjonane som ei “usynleg blokade” som skar Chile av frå internasjonal finansiering, skapte sosiale uro og bana veg for det USA-støtta kuppet som innsette det brutale høgreorienterte diktaturet til Augusto Pinochet.
Sidan den gong har USA og Europa auka nyttinga av sanksjonar kraftig. I laupet av 1990- og 2000-åra var i gjennomsnitt 30 land under vestlege einsidige sanksjonar kvart år. Og no, i 2020-åra, er det meir enn 60 – ein påfallande høg del av landa i den globale sør.
Sanksjonar har ofte ein enorm menneskeleg kostnad. Forskarar har synt dette i fleire velkjende høve, som dei amerikanske sanksjonane mot Irak på 1990-talet som leidde til utbreidd underernæring, mangel på reint vatn, medisin og straum. Meir nyleg har USA sin økonomiske krigføring mot Venezuela ført til ei alvorleg økonomisk krise, og éin studie estimerer at sanksjonar forårsaka 40 000 fleire dødsfall i laupet av berre eitt år, frå 2017 til 2018.
Fram til no har forskarar forsøkt å forstå den menneskelege kostnaden av sanksjonar på ut ifrå enkleltsakar [case by case]. Dette er vanskeleg arbeid og kan berre gje oss eit delvis bilete. Men det har endra seg med ny forsking publisert i år i The Lancet Global Health, som for fyrste gong gjev oss eit globalt oversyn. Leia av økonomien Francisco Rodriguez ved University of Denver, reknar studien ut det totale talet på overskotsdaudsfall [excess deaths] assosiert med internasjonale sanksjonar frå 1970 til 2021.
Resultata er overveldande. I sentralestimatet deira finn forfattarane at einsidige sanksjonar innførte av USA og EU sidan 1970 er assosiert med 38 millionar dødsfall. I enkelte år, på 1990-talet, vart meir enn ein million menneske drepne. I 2021, det mest nylege året med data, forårsaka sanksjonar meir enn 800 000 dødsfall.
I fylgje desse resultata vert mange gonger fleire menneske drepne av sanksjonar kvart år enn dei som vert drepne som direkte offer for krig. Meir enn halvparten av ofra er born og eldre, menneske som er mest sårbare for underernæring. Studien finn at, berre sidan 2012, har sanksjonar drepe meir enn éin million born.
Svolt og armod er ikkje ein uhellig biprodukt av vestlege sanksjonar; dei er eit hovudmål. Dette er klart frå eit memo frå USAs State Department skrive i april 1960, som forklarar formålet med amerikanske sanksjonar mot Cuba. Memoet påpeika at Fidel Castro — og revolusjonen meir generelt — hadde utbreidd popularitet på Cuba. Det argumenterte for at “kvar mogeleg metode bør setjast i verk snøgt for å svekkje det økonomiske livet på Cuba”, ved å “nekte Cuba pengar og forsyningar, for å senke monetære og røynlege løner, for å føre med seg svolt, fortviling og omvelting av regjeringa”.
Makta til vestlege sanksjonar heng saman med deira kontroll over verda sine reservevalutaar (amerikanske dollar og euro), deira kontroll over internasjonale betalingssystem (SWIFT), og deira monopol over essensiell teknologi (t.d. satellittar, skyberegning, programvare). Dersom land i den globale sør ynskjer å skape ein meir uavhengig veg mot ei multipolar verd, vil dei måtte ta skritt for å avgrense deira avhengnad i desse høva og såleis isolere seg sjølv frå motreaksjonar. Den nylege efaringa til Russland syner at ein slik tilnærming kan lukkast.
Regjeringar kan oppnå større uavhengighet ved å byggje sør-sør-handel og skifte-linjer utanfor kjernevalutaane, ved å nytte seg av regional planlegging for å utvikle naudsynleg teknologi, og ved å etablere nye betalingssystem utanfor vestleg kontroll. Fleire land tek allereie skritt i denne retninga. Viktigast, nye system som er utvikla i Kina (t.d. CIPS for internasjonale betalingar, BeiDou for satellittar, Huawei for telekom) tilbyr no andre land frå det globale sør alternativ som kan verte ein veg ut av vestleg avhengnad og nettet av sanksjonar.
Desse skritta er naudsynlege for land som ynskjer å oppnå suveren utvikling, men dei er også ein moralsk imperativ. Me kan ikkje godta ei verd der ein halv million menneske vert drepne kvart år for å støtte opp under vestleg hegemoni. Ei internasjonal orden som støttar seg på denne typen vold må verte oppløyst og erstatta.
*Av Jason Hickel, Dylan Sullivan og Omer Tayyab, opphavleg publisert på Al Jazeera English.


