Den cubanske revolusjonen held stand mot amerikansk imperialisme
Den indiske akademikaren Vijay Prashad argumenterer for at den cubanske revolusjonen no utgjer frontlina i kampen mot amerikansk imperialisme.
18. februar, 2026 av Vijay Prashad

I Januar 2026 erklærte den amerikanske presidenten Donald Trump at Cuba utgjer ein “uvanleg og ekstraordinær trussel” mot USA sin tryggleik, ei beskriving som tillét regjeringa i landet å bruka gjennomgripande økonomiske restriksjonar som tradisjonelt har vore reservert for motstandarar av nasjonal tryggleik. USA sin blokade mot Cuba begynte på 1960-talet, rett etter den cubanske revolusjonen i 1959, men har vorte stramma inn etter kvart som åra har gått. Utan nokon mandat frå tryggingsrådet i FN (som tillét sanksjonar under strenge tilhøve) har USA halde fram med ein ulovleg, unilateral blokade som forsøker å tvinga land rundt om i verda til å slutta med grunnleggjande handel med Cuba. Dei nye restriksjonane fokuserar på olje. Regjeringa i USA har trua med tariffar og sanksjonar på eit kvart land som sel eller transporterar olje til Cuba.
Den 3. januar gjekk USA til åtak på Venezuela og kidnappa presidenten Nicolás Maduro Moros og president for Nasjonalforsamlinga Cilia Flores. Medan 150 amerikanske militære fly flaug over Caracas, informerte USA regjeringa i Venezuela om at viss dei ikkje gjekk med på ei rekkje krav, ville USA ganske enkelt gjera med sentrum i Caracas slik det har blitt gjort med Gaza by. Den gjenværande delen av regjeringa, utan forhandlingsstyrke i dialogen med USA, måtte inngå eit taktisk kompromiss og godta USA sine krav. Eitt av desse krava var at Venezuela måtte slutte å eksportera olje til Cuba. I 2025 stod Venezuela for om lag 34 % av Cuba sin oljeetterspurnad. Med olje frå Venezuela ute av biletet på kort sikt, såg Cuba føre seg eit alvorleg problem.
Men dette var ikkje alt. Mexico stod for 44 % av Cuba sin importerte råolje i 2025. Frå Washington vart det no lagt press på Mexico for å få dei til å stoppe oljeeksporten til Cuba, noko som då ville bety at nesten 80 % av Cuba sin oljeimport ville forsvina. I ein telefonsamtale mellom Mexicos president Claudia Sheinbaum og Trump, hevdar han at han sa til henne at Mexico måtte slutta å selja olje til Cuba, men ho avviser dette og seier at dei to presidentane berre snakka i generelle vendingar om forholdet mellom USA og Mexico. Uansett har presset vore betydeleg for å få Mexico til å stoppe oljeforsyningane til Cuba. Sheinbaum har understreka at Mexico må få ta sjølvstendige avgjerder og at det mexicanske folket ikkje vil la seg kneble under press frå USA. Å stoppe forsyningane til Cuba vil føra til ein humanitær krise, hevdar Sheinbaum.
Trump sin brutale politikk har i realiteten kutta mykje av Cuba sin oljeimport, noko som har skapt ei enorm drivstoffkrise på øya med elleve millionar menneske. Det kjem straumbrot i bølgjer, mangel på drivstoff for sjukehus, vassystem og transport, og rasjonering av elektrisitet. På grunn av mangelen på flybensin har fleire kommersielle flyselskap (som Air Canada) slutta å fly til Havana.
FN har åtvara mot at USA sin presskampanje (spesielt politikken retta mot drivstoff) trugar Cuba sin mat- og vassforsyning, sjukehus, skular og grunnleggjande tenester. Tenestefolk i FN, inkludert spesialrapportøren for menneskerettar i Cuba, har fordømt USA si innstramming av blokaden som eit tiltak som direkte skadar vanlege borgarar. Dei påpeiker at restriksjonane gjer det vanskelegare for sjukehus å skaffe grunnleggjande medisinar, for dialyseklinikkar å halde opne og å få medisinsk utstyr til pasientar, noko som forverrar helsekrisa på øya. Spesialrapportøren skildrar politikken som “avstraffande og uproporsjonal” og understrekar at han strir mot folkeretten og forsterkar dei sosioøkonomiske utfordringane. FN har oppmoda USA innstendig om å oppheve blokaden og prioritere humanitære unntak, medan dei understrekar at dialog og samarbeid (ikkje tvangsmetodar) er naudsynte for å verna om cubanske liv og menneskerettar.
Ei ekspertgruppe for menneskerettar frå FN fordømte Trump sine eksekutive ordrar som “eit alvorleg åtak på folkeretten” og “ein alvorleg trussel mot ein demokratisk og rettferdig internasjonal orden”. Dei hevdar at Trump sine ordrar forsøker å presse Cuba og statar i den tredje verda gjennom å truga med handelssanksjonar, og at slike ekstraterritorielle økonomiske tiltak risikerer å få alvorlege humanitære konsekvensar. Uttalelsane deira gjer det klårt at ingen heimel i folkeretten tillèt at ein stat kan påføra økonomiske straffetiltak mot tredjestatar for lovlege handelsrelasjonar, og dei oppmoda Trump-administrasjonen til å trekke tilbake den ulovlege ordren. Generalforsamlinga i FN har røysta overveldande mot blokaden kvart år sidan 1992, og ofte er det berre USA og Israel som har røysta mot.
USA sin blokade har hatt ein alvorleg påverknad på Cuba sitt utviklingsparadigme. Sidan starten på blokaden, for over seksti år sidan, har han kosta Cuba 1 630 milliardar dollar, eller om lag 20 000 milliardar kroner (2,10 billionar USD), justert for gullprisen. Mellom mars 2024 og februar 2025 reknar den cubanske regjeringa med at blokaden forårsaka skader for 71 milliardar kroner, ein auke på 49 prosent frå den førre perioden. Rekna frå 1630 milliardar, tapar det cubanske folket 200 millionar kroner kvar dag, eller 8,3 millionar i timen. Desse tala er brutale for eit lite land som prøver å byggja eit rasjonelt samfunn, forankra i sosialistiske verdiar.
Respons frå Havana
Miguel Díaz-Canel, president på Cuba, har sterkt fordømt dei innstramma tiltaka frå USA som ein “økonomisk krig” og har argumentert for at politikken til USA er utforma for å svekka Cuba sitt sjølvstende. Regjeringa kallar dette ein “energiblokade” og understrekar at manglane som no finst på øya, er eit direkte resultat av USA sin tvangspolitikk. Som ein reaksjon har den cubanske revolusjonen sett i verk naudsplanar, som inkluderer drivstoffrasjonering for å prioritere grunnleggjande tenester som sjukehus, vassystem og offentleg transport. Cuba har òg kunngjort statlege tiltak for å handtera den reduserte energikapasiteten, noko som òg inneber eit skifte mot alternative og fornybare energikjelder der dette er mogleg. Den kinesiske regjeringa har donert utstyr for å setje i stand storskala solcelleanlegg i Artemisa, Granma, Guantánamo, Holguín, Las Tunas og Pinar del Río. På lang sikt skal Kina bistå Cuba med å bygge 92 solkraftanlegg, noko som vil auke solenergikapasiteten på øya med 2000 megawatt. For å hjelpa hushaldningar i avsidesliggande område har den kinesiske regjeringa sendt 5000 solenergisett for å produsere straum på taka deira. Drivstoff frå mellom anna Mexico og Russland er no på veg til Cuba. Trump sitt forsøk på å isolera Cuba har ikkje vore heilt vellukka.
Den cubanske regjeringa seier at dei er i kontakt med Washington, men at dei ikkje er i gong med samtalar på høgt nivå enno. President Díaz-Canel har sagt at regjeringa hans vil ha samtalar med USA, men berre om tre vilkår blir møtte. For det første må dialogen vera respektfull, seriøs og utan press eller førehandsbestemte haldningar. For det andre må dialogen respektera Cuba sitt sjølvstende, uavhengigheit og politiske system. Og til slutt, det siste vilkåret er at den cubanske regjeringa ikkje er villig til å forhandla om grunnlova si eller si forplikting til sosialismen. Dersom USA insisterer på å diskutera nokon av desse vilkåra, blir det ingen dialog. Den cubanske revolusjonen sin trass ovanfor desse punkta, er rota i revolusjonen si historie – sidan revolusjonen i seg sjølv var ei trasshandling mot USA sitt krav om kontroll på den vestlege halvkula gjennom Monroe-doktrina frå 1823 (no fornya av Trump som ei forlenging). Trasshaldninga har vore smittsam; ho har bygd ei søramerikansk motstand mot USA-imperialismen frå 60-talet fram til vår tid (dette inkluderer ein motstand i hjarta av den bolivarianske prosessen i Venezuela).
Den sinte straumen
Søramerika går gjennom raske og farlege endringar. Land etter land (frå Argentina til El Salvador) har gjeve makt til politiske formasjonar frå ekstrem høgreside av eit særskilt slag. Dette er leiarar som har forplikta seg til sterkt konservative sosiale verdiar (med røter i veksten til den reaksjonære, evangeliske kristendommen i Amerika), til nådelause åtak på fattige folk gjennom ein krig mot kriminalitet (forma av ein teori som fremjar arrestasjon og fengsling av alle potensielle kriminelle, ein politikk der Nayib Bukele, president i El Salvador, har vore ein pioner) og ein skarp dreining mot den vestlege sivilisasjonen som inkluderer ei orientering mot USA og i motsetning til Kina (denne haldninga eskalerer frå ei feiring av vestleg kultur til hat mot kommunismen). Framveksten av denne typen ekstrem høgreside ser ut til å ville halde på makta i denne generasjonen, viss dei berre kan fjerna venstresida frå makta i Colombia, Cuba, Mexico, Nicaragua og Venezuela (i Brasil har denne ekstreme høgreformasjonen allereie teke makta i den lovgjevande forsamlinga).
Dei parallelle åtaka på Venezuela og Cuba er ein del av USA sitt bidrag til framveksten av “Den sinte straumen” (The Angry Tide) over heile Amerika. Trump og kompanjongane hans ønsker å innsetje sine eigne leiarar (som Javier Milei) i heile Amerika som ein del av si forlenging av Monroe-doktrina. Det er dette som gjenoppliver kampen for sjølvstende på dei to kontinenta. Då artisten Bad Bunny frå Puerto Rico avslutta konserten sin under Super Bowl med ei feiring av dei ulike landa i Amerika og nemnde dei alle, var det ein gest som i seg sjølv var ein del av kampen for sjølvstende.
Den cubanske revolusjonen står imot USA-imperialismen, men under sterkt press. Solidariteten med Cuba er for det cubanske folkets del, for den cubanske revolusjonen sin del og for idéen om sosialisme i verda. Dette utgjer no frontlina i kampen mot imperialismen.
Vijay Prashad er ein indisk historikar og journalist. Han er forfattar av førti bøker, mellom dei Washington Bullets, Red Star Over the Third World, The Darker Nations: A People’s History of the Third World, The Poorer Nations: A Possible History of the Global South, og How the International Monetary Fund Suffocates Africa, skriven saman med Grieve Chelwa. Han er administrerande direktør for Tricontinental: Institute for Social Research, sjefskorrespondent for Globetrotter, og sjefsredaktør for LeftWord Books (New Delhi). Han medverka òg i filmane Shadow World (2016) og Two Meetings (2017).
Denne artikkelen vart produsert av Globetrotter.

