Det ligg eit paradoks til grunn for den vitskaplege bløminga som har funne stad det siste tusenåret. I kjernen av denne blomstringa ligg potensialet til å auke den menneskelege fridomen i stor grad. Ho aukar mennesket sin kapasitet innanfor dialektikken mellom menneske og natur. Vitskapleg praksis har som mål å gå utanfor det “gjevne”, ikkje berre ein gong for alle, men som ei evig rørsle gjennom vedvarande sjølvkritisk gransking. Denne praksisen er difor potensielt sett ei kollektiv frigjeringsakt. Men dette løftet om fridom er framleis i stor grad uoppfylt. Samstundes som potensialet ikkje har vorte realisert, har denne vitskaplege bløminga i stor grad vorte utnytta til undertrykking av nokre menneske andsynes andre menneske og andre samfunn. Paradokset ligg i det faktum at vitskapleg praksis, som har potensialet til å auke menneskeleg fridom, har vorte utnytta til å auke undertrykking, det vil seie til å svekkje menneskeleg fridom.
Røtene til dette paradokset ligg i faktumet at frigjeringa av vitskaplege framsteg kravde ei omvelting av kyrkja sitt kvelartak på samfunnet (som, som ein kan hugse, tvang Galileo til å trekkje attende påstandane sine). Denne omveltinga kunne berre finne stad som ein del av overgangen frå føydalismen, det vil seie som ein del av den borgarlege revolusjonen, der den engelske revolusjonen i 1640 var eit framståande døme. Utviklinga av moderne vitskap i Europa var difor uløyseleg knytt til utviklinga av kapitalismen heilt frå starten av. Dette faktum sette eit uutsletteleg preg på nyttinga av vitskaplege framsteg.
Dette borgarlege preget hadde òg store epistemiske implikasjonar som filosofar (som Akeel Bilgrami) har vore opptekne av, nemleg handsaminga av naturen som “passiv materie” og korleis ein tilskreiv ein liknande “passiv tilstand” til urfolk i fjerntliggjande område av verda (“folk utan historie”), noko som i europeiske auge “rettferdiggjorde” tileigninga av “herredømme” over både naturen og slike fjerntliggjande folkegrupper og difor “rettferdiggjorde” fenomenet imperialisme.
Sidan dei var svært medvitne faktumet at vitskapen sin fridomsfremjande rolle berre kunne realiserast fullt ut gjennom at ein overkasta kapitalismen sjølv, slutta dei beste vitskapsfolka — på denne tida då eit slikt overskridande syn kom på den historiske agendaen — seg til kampen for sosialisme. Dette var ikkje berre naudsynt for desse menneska som borgarar, for å førebyggje misbruk av vitskap. Det var òg eit moralsk imperativ for dei som vitskapsfolk: Å kjempe mot misbruk praksisen deira, som produserte vitskaplege framsteg, hadde aller største tyding for dei.
Då det gjeld kampen for sosialisme, er Albert Einstein eit velkjent døme. Han var ikkje berre ein erklært sosialist, men deltok aktivt i politiske aktivitetar og møte, noko som førte til at det amerikanske FBI sette ein “hale” på han og førte ein dossier om han som no er tilgjengeleg for ålmenta. Faktisk fekk han ikkje tryggleiksklarering til å delta i Manhattan-prosjektet som utvikla atombomba på grunn av dei sosialistiske overtydingane sine. På same måte var dei beste vitskapsfolka i det tjuande hundreåret i Storbritannia ein del av venstresida, frå J.D. Bernal til Joseph Needham, J.B.S. Haldane, Hyman Levy, G.H. Hardy, Dorothy Hodgkin og mange andre.
Med framveksta av nyliberalismen har det skjedd ei grunnleggjande endring. Det har vore ein “varegjering” [commoditisation] av vitskapen, der ansvaret for å finansiere forsking har skifta frå staten til private, hovudsakleg bedriftsbaserte, gjevarar. Dette har leia til at fridomen til vitskapsfolk til å uttrykkje politiske meiningar som understrekar behovet for å gå utover kapitalismen, har vorte sterkt redusert. Dersom ein forskar ynskjer å engasjere seg i eit forskingsprosjekt, må han eller ho vere tilstrekkeleg akseptabel for private gjevarar. Det tel ikkje positivt for forskaren om det er velkjend at han eller ho har sosialistiske overtydingar. Sjølv tilsetjingar ved universitet vert avgjorde av forskaren si evne til å trekkje til seg midlar frå gjevarar. Dei same politiske avgrensingane gjeld difor sjølv innanfor eit område der akademikarar fram til nyleg hadde fridomen til å vedkjenne seg ulike overtydingar. Varegjeringa av vitskapen fører med andre ord, som ein naudsynt konsekvens, til ein politisk konformisme og fremjar dimed ein mangel på sosialt ansvar hjå forskaren. “Luksusen” som består i å gjere det moralske imperativet om å forsøkje å gå utover kapitalismen til sitt eige, for å få den vitskaplege praksisen sin til å bidra til menneskeleg frigjering, vert nekta forskaren i nyliberalismen sin tidsalder. Dette leier til at ein nyttar seg av vitskaplege framsteg utan tilstrekkeleg diskusjon om konsekvensane.
Eit tydeleg døme på ei slik tankelaust tileigning, som skjer rett framfor auga våre i dag, er kunstig intelligens. Det har sjølvsagt fleire konsekvensar som eg ikkje skal gå inn på. Eg er berre oppteken av éin konsekvens, nemleg skapinga av massearbeidsløyse, som den nylege streiken til manusforfattarane i Hollywood retta merksemda mot. Eitkvart tiltak som erstattar menneskeleg arbeidskraft med ein mekanisk innretning, er potensielt sett frigjerande. Det kan redusere slitet med arbeidet, eller alternativt auke storleiken på produksjonen med same arbeidsinnsats som før, og dermed tilgjengelegheita av varer og tenester for folkesetnaden. Men under kapitalismen fører kvart slikt tiltak til å erstatte menneskeleg arbeidskraft med ein mekanisk innretning til auka menneskeleg elende.
Tenk deg eit døme. Lat oss seie at ein innovasjon doblar arbeidsproduktiviteten. Under kapitalismen ville kvar kapitalist nytte seg innovasjonen til å redusere arbeidsstokken med halvparten av den som vart nytta tidlegare. Dette faktumet åleine ville auke den relative storleiken på reservearméen av arbeidskraft, som fylgje av at dei som framleis er i arbeid, ikkje ville oppleve nokon auke i realløna si. Det ville difor vere ei halvering av lønsutgiftene og ei auke i storleiken på overskotet, dersom det tidlegare produksjonsnivået framleis vert produsert. Men på grunn av skiftet frå løn til overskot på det tidlegare produksjonsnivået, ville det vere eit fall i etterspurnaden (sidan ein større del av lønene vert konsumert enn overskotet), og dimed ville ikkje det tidlegare produksjonsnivået verte produsert, og det ville vere ein ytterlegare grad av arbeidsløyse, denne gongen på grunn av utilstrekkeleg etterspurnad, i tillegg til arbeidsløysa som vart skapt på grunn av den opphavlege doblinga av arbeidsproduktiviteten.
Den engelske økonomen David Ricardo hadde ikkje erkjent denne ytterlegare arbeidsløysa på grunn av mangelen på etterspurnad. Han hadde gått ut frå Say si lov, det vil seie at det aldri er nokon mangel på samla etterspurnad, og at ikkje berre alle løner vert konsumert, men alt overskot utover den delen som vert konsumert, vert automatisk investert. Frå denne føresetnaden trakk han slutninga at sjølv om skiftet frå løn til overskot det ville senke det totale konsumet ut frå den tidlegare produksjonen ville auke investeringa, medan det ville late den tidlegare produksjonen vere uendra til å byrje med. Denne auka i investeringsandelen ville auke produksjonsvekstraten og dermed sysselsettingsvekstraten. Sjølv om nyttinga av maskineri kan redusere sysselsettinga i fyrste omgang, ville det auke vekstraten slik at sysselsettinga etter ei tid ville overgå nivået som den elles ville ha vore på.
Men Say si lov har ingen gyldigheit i det heile teke. Investeringar under kapitalisme vert bestemte ut ifrå forventa marknadsvekst, og ikkje av storleiken på overskotet (med mindre det finst koloniar ein ikkje har utnytta enno, og som ein kan få tilgang på, eller om staten alltid er villig til å gripe inn for å overvinne ein mangel på samla etterspurnad). Grunnen til at teknologisk endring historisk sett ikkje har ført til massearbeidsløyse i storbyane, er todelt: For det fyrste var koloniar direkte tilgjengelege, og difor vart mykje av arbeidsløysa som vart skapt av teknologisk endring, flytta til koloniane (i form av avindustrialisering), det vil seie at ein eksporterte arbeidsløyse frå metropolane. For det andre varte ikkje den lokale arbeidsløysa som vart skapt av teknologisk endring, sidan dei arbeidslause flytta til utlandet. Gjennom det “lange nittende århundret” (fram til fyrste verdskrig) emigrerte 50 millionar europearar til dei tempererte regionane med kvite busetjingar, som Canada, USA, Sør-Afrika, Australia og New Zealand.
I dag er derimot situasjonen ein heilt annan. Det er ikkje berre det at kolonialisme ikkje finst, men marknadane i den tredje verda er utilstrekkelege til å motverke mangelen på samla etterspurnad i metropolane. På same måte kan ikkje staten motverke ein mangel på samla etterspurnad, sidan den korkje kan auke budsjettunderskotet sitt over grensa fastsett av lova om FRBM [Fiscal Responsibility and Budget Management], eller skattlegge dei rike for å auke utgiftene sine (å skattlegge arbeidarar for å auke utgiftene aukar knapt samla etterspurnad). Det fyl difor at mekanisering, inkludert nytting av kunstig intelligens, i dagens kapitalistiske kontekst uunngåeleg vil føre til massiv arbeidsløyse.
Kontrastér dette med kva som ville skje i ein sosialistisk økonomi . All mekanisering, inkludert nytting av kunstig intelligens, vil redusere slit i arbeid utan å redusere sysselsetjing, produksjon og dermed lønnsrekninga til arbeidstakarane, som alle er bestemte sentralt. Denne grunnleggjande skilnaden mellom dei to systema forklarer kvifor godarta nyttinga av kunstig intelligens krev at ein overskrid kapitalismen.
Tekst henta frå: https://peoplesdemocracy.in/2024/0317_pd/capitalist-trap-scientific-advances