Den vestlege venstresida og USA-Kina-kontradiksjonen
Prabhat Patnaik (frå https://peoplesdemocracy.in/2023/1105_pd/western-left-and-us-china-contradiction)
BETYDELEGE segment av den ikkje-kommunistiske vestlege venstresida ser på den utviklande motsetnaden mellom USA og Kina som ein inter-imperialistisk rivalisering. Slik karakterisering oppfyller tre distinkte teoretiske funksjonar frå deira synspunkt: fyrst, det gjev ei forklaring på den veksande motsetninga mellom USA og Kina; for det andre, det gjer dette [forklarar motsetninga] ved å bruke eit leninistisk konsept og innanfor eit leninistisk paradigme; og for det tredje, det kritiserer Kina som ein framveksande imperialistisk makt, og dimed gjennom inferens, som ein kapitalistisk økonomi, i samsvar med ein ultra-venstrevridd kritikk av Kina.
Slik karakterisering gjer ironisk nok desse segmenta av venstresida implisitt eller eksplisitt medskuldige i USA sine imperialistiske knep mot Kina. I beste fall leier det til ein posisjon som held at dei begge er imperialistiske land, slik at det ikkje er noko poeng i å støtte den eine mot den andre; i verste fall leier det til å støtte USA mot Kina som det “mindre vonde” i konflikten mellom desse to imperialistiske maktane. I begge høve leier det til utvisking av ein opposisjonell posisjon med omsyn til dei aggressive haldningane til USA sin imperialisme vis-à-vis Kina; og sidan dei to landa er i strid med kvarandre på dei fleste samtidige problem, leier det til ei generell demping av motstanden mot USA sin imperialisme.
I ganske lang tid har betydelege delar av den vestlege venstresida, sjølv dei som elles uttrykker motstand mot vestleg imperialisme, støtta handlingane til denne imperialismen i spesifikke situasjonar. Det var tydeleg i deira støtte til bombinga av Serbia då det landet vart styrt av Slobodan Milosevic; det er tydeleg no i støtta til Nato i den pågåande Ukrainakrigen; og det er også tydeleg i deira sjokkerande mangel på sterk motstand mot folkemordet som blir utført av Israel på det palestinske folket i Gaza, med aktiv støtte frå vestleg imperialisme. Tagnaden om, eller støtta til, den aggressive imperialistiske posisjonen mot Kina i visse delar av den vestlege venstresida er, for å vere sikker, ikkje med naudsyn identisk med desse posisjonane; men den er i samsvar med dei.
Ein slik posisjon, som ikkje direkte motset seg vestleg imperialisme, er ironisk nok heilt i strid med interessene og haldningane til arbeidarklassa i metropolane. Arbeidarklassa i Europa, til dømes, er overveldande imot Nato sin stedfortredarkrig i Ukraina, som er tydeleg i mange høve der arbeidarar nektar å laste opp forsendingar av europeiske våpen meint for Ukraina. Dette er ikkje overraskande, for krigen har også direkte påverka arbeidarane sine liv gjennom å forverre inflasjonen. Men fråværet av ein klar venstreorientert motstand mot krigen gjer at mange arbeidarar vender seg til høgreorienterte parti som, sjølv om innrettar seg etter imperialistiske posisjonar når dei kjem til makta, slik Meloni har gjort i Italia, i det minste er kritiske til slike posisjonar då dei er i opposisjon. Taganden til den vestlege venstresida vis-à-vis vestleg imperialisme leier dimed til ein forskyving av det heile politiske tyngdepunktet til høgre i store delar av den vestelege verda. Og å sjå på USA-Kina-motsetninga som ein inter-imperialistisk rivalisering passar inn i denne forteljinga.
Då det gjeld Kina som ein kapitalistisk økonomi, og dimed engasjert i imperialistiske aktivitetar over heile kloden i rivalisering med USA, inntek dei som har dette synet, i beste fall, ein moralistisk posisjon som blandar “kapitalistisk” med “dårlig” og “sosialistisk” med “god”. Deira posisjon er i praksis til å seie: Eg har min oppfatning av korleis eit sosialistisk samfunn skal oppføre seg (som er ein idealisert oppfatting), og om Kina sin åtferd på nokre punkt avvik frå min oppfatting, so kan Kina ikkje vere sosialistisk og må difor vere kapitalistisk. Men uttrykka kapitalistisk og sosialistisk har svært spesifikke tydingar, som inneber at dei blir assosiert med svært spesifikke typar dynamikk, rotfesta i visse grunnleggjande eigedomstilhøve. Det er sant at Kina har ein betydeleg kapitalistisk sektor, nemleg ein karakterisert av kapitalistiske eigedomstilhøve, men hovuddelen av den kinesiske økonomien er framleis statseigd og karakterisert av sentralisert retning som hindrar det frå å ha det sjøvdrivne (eller “spontane”) som karakteriserer kapitalismen. Ein kan kritisere mange aspekt ved den kinesiske økonomien og samfunnet, men å kalle det “kapitalistisk” og dimed engasjert i imperialistiske aktivitetar på linje med vestlege metropoløkonomier, er parodisk. Det er ikkje berre analytisk feil, men fører til praksis som er merkbart mot interessene til både arbeidarklassane i metropolen og arbeidsfolk i den globale sør.
Men spørsmålet oppstår med ein gong: om USA-Kina-motsetnaden ikkje er ein manifestasjon av inter-imperialistisk rivalisering, korleis kan vi forklare at den har kome til syne i den siste tida? For å forstå dette må vi gå attende til perioden etter andre verdskrig. Kapitalismen kom ut av krigen sterkt svekkja, og stod overfor ein eksistensiell krise: arbeidarklassa i metropolen var ikkje villig til å gå attende til førkrigs-kapitalismen som hadde medført massearbeidsløyse og fattigdom; sosialismen hadde gjort store framsteg over heile verda; og frigjeringskampar i den globale sør mot kolonial og semi-kolonial undertrykking hadde nådd eit verkeleg høgdepunkt. For sin eigen overleving måtte difor kapitalismen gjere ei rekke innrømmingar: innføringa av allmenn røysterett, innføringa av velferdsstatstiltak, institusjonaliseringa av statleg inngripen i etterspurnadsstyring, og framfor alt aksepten av formell politisk avkolonisering.
Politisk avkolonisering tydde likevel ikkje økonomisk avkolonisering, det vil seie overføringa av kontroll over tredje verda sine ressursar, utøvd fram til då av metropolitansk kapital, til dei nyleg uavhengige landa; faktisk kjempa imperialismen ein bitter og langvarig kamp mot slike overføringar, merka av styrtinga av regjeringar leia av Arbenz, Mossadegh, Allende, Cheddi Jagan, Lumumba og mange andre. Likevel kunne ikkje metropolitansk kapital hindre at tredje verda sine ressursar i mange høve glei ut av kontrollen til dei dirigistiske [statsintervensjonistiske] regima som hadde oppstått i desse landa etter avkoloniseringa.
Tidebylgja snudde i favør av imperialismen gjennom framveksta av eit høgare stadium av kapitalsentralisering som gav opphav til globalisert kapital, inkludert framfor alt globalisert finans, og med samanbrotet av Sovjetunionen som ikkje var heilt urelatert til globaliseringa av finans. Imperialismen fanga land i nettet av globalisering og dimed i virvelen av globale finansielle straumar, og tvang dei under trugsmålet om finansiell flukt, til å fylgje nyliberale politikkar, noko som tydde slutten på dirigistiske regimer og attopptakinga av metropolitansk kapital sin kontroll over mykje av tredje verda sine ressursar, inkludert den tredje verda sitt landbruk.
Det er mot denne bakgrunnen av attinnføring av imperialistisk hegemoni at ein kan forstå forsterkinga av USA-Kina-motsetninga og mange andre samtidige utviklingar, som Ukrainakrigen. To trekk ved denne attinnføringa må merkast: det fyrste er at metropolitanske land sin marknadstilgang til varer frå land som Kina, saman med viljen til metropolitansk kapital til å plassere fabrikker i slike land for å dra nytte av deira relativt lågare lønningar for å møte global etterspurnad, akselererte vekstraten i desse økonomiane (og berre desse økonomiane) i den globale sør; det gjorde dette i Kina til eit punkt der den leiande metropolitiske makta, USA, byrja å sjå Kina som eit trugsmål. Det andre trekket er krisa i nyliberal kapitalisme som har dukka opp med virulens etter at “boligbobla” i USA sprakk.
Av begge desse grunnane vil USA no verne økonomien sin mot import frå Kina og frå andre liknande plasserte land i den globale sør. Sjølv om desse importane kan skje, i det minste delvis, under vern av amerikansk kapital, kan USA ikkje ta sjansen på å “avindustrialisere” seg sjølv. Ynskjet frå deira side om å kutte Kina “ned i størrelse” rett etter at dei hadde hylla Kina for deira “økonomiske reformar” er altså rotfesta i motsetnadene i nyliberal kapitalisme, og dimed i sjølve logikken som er ibuande i attinnføringa av imperialistisk hegemoni. Det er ikkje inter-imperialistisk rivalisering, men motstand på Kina sin side, og andre land som fylgjer deira døme, mot attinnføringa av av vestleg imperialisme sitt hegemoni som forklarar forsterkinga av USA-Kina-motsetnadene.
Ettersom kapitalistkrisa aukar, ettersom undertrykkinga av tredje verda sin land på grunn av deira manglende evne til å betene deira eksterne gjeld aukar gjennom pålegging av “innsparinsgpolitikk” av imperialistiske institusjonar som IMF, og i neste omgang kallar fram større motstand frå dei og større hjelp til dei frå Kina, vil USA-Kina-motsetnadane verte meir akutte og tiradene mot Kina i vesten vil verte skarpare.