Det doble målet til demokratisk økososialisme
Av Jason Hickel (frå https://monthlyreview.org/2023/09/01/the-double-objective-of-democratic-ecosocialism/#en11backlink)
Vi står andsynes ei dobbel krise medan det tjueførste hundreåret utfoldar seg. På den eine sida er det ei økologisk krise: klimaendringar og fleire andre press på jorda sine system overskrid farlege grenser. På den andre sida er det også ei sosial krise: fleire milliardar menneske er fråteke tilgang til grunnleggjande varer og tenester. Meir enn 40 prosent av den menneskelege befolkninga har ikkje råd til næringsrik mat; 50 prosent har ikkje trygge sanitærfasilitetar; 70 prosent har ikkje naudsynt helsehjelp.
Undertrykkinga er mest ekstrem i periferien, der imperialistiske dynamikkar av strukturell tilpassing og ujamn utveksling held fram med å oppretthalde fattigdom og underutvikling. Men det er òg tydeleg i kjernen: i USA kan nesten halvparten av befolkninga ikkje betale for helsehjelp; i Storbritannia lev 4,3 millionar barn i fattigdom; i EU står 90 millionar menneske andsynes økonomisk usikkerheit. Desse mønstera av undertrykking er prega av brutale skilnader i rase og kjønn.
Ingen politisk program som lovar å analysere og løysa den økologiske krisa, kan vone å lukkast dersom det ikkje samstundes – det vil seia, i same slengen – analyserer og løyser den sosiale krisa. Forsøket på å handtera den eine utan den andre gjer at grunnleggjande motsetnader vert innarbeidde og til slutt vil gje opphav til monstre. Faktisk er monstre allereie i ferd med å dukka opp.
Det er avgjerande å forstå at den doble sosial-økologiske krisa i botn vert drivne av det kapitalistiske produksjonssystemet. Dei to dimensjonane er symptom på same underliggande sjukdom. Med kapitalisme meiner eg ikkje berre marknader, handel og bedrifter, slik folk som oftast tek for gjeve. Desse tinga eksisterte i tusenvis av år før kapitalismen og er i seg sjølv uskuldige nok. Det avgjerande trekket ved kapitalisme som vi må konfrontera, er at det, som ei føresetnad for sin eigen eksistens, er grunnleggjande antidemokratisk.
Ja, mange av oss lev i politiske system drive av val – så korrupte og kontrollerte som dei enn måtte vera – der me vel politiske leiarar frå tid til annan. Men sjølv når det kjem til produksjonssystemet, gjeld ikkje ein gong den grunnleggjande illusjonen om demokrati. Produksjon vert i stor grad kontrollert av kapital: store selskap, store finansinstitusjonar og den eine prosenten som eig hovuddelen av eigedomar som ein kan investere i. Kapital har makta til å mobilisere vår kollektive arbeidskraft og planeten sine ressursar for kva det enn ynskjer, og avgjer kva me produserer, under kva vilkår, og korleis overskotet me genererer skal verte nytta og fordelt.
Og la oss vere klare: for kapital er hovudmålet med produksjon ikkje å møte spesifikke menneskelege behov eller å oppnå sosial framgang, langt mindre å oppnå konkrete økologiske mål. Snarare er det overordna målet å maksimere og akkumulere profitt.
Resultatet er at det kapitalistiske verdsystemet er kjenneteikna av perverse former for produksjon. Kapital styrer finansen i retning svært lønsam produksjon, som sportsbilar, industrielt kjøtt, rask mote, våpen, fossile brennstoff og eigedomsspekulasjon, medan den produserer kroniske manglar på naudsynte varer og tenester som offentleg transport, offentleg helseomsorg, næringsrik mat, fornybar energi og rimeleg bustad. Denne dynamikken skjer innanfor nasjonale økonomiar, men har òg klare imperialistiske dimensjonar. Land, arbeidskraft og produksjonskapasitetar over heile det globale sør verte drege inn i forsyningskjeder for globale råvarekjeder dominert av nordlege føretak – bananar for Chiquita, bomull for Zara, kaffi for Starbucks, smarttelefonar for Apple og kobolt for Tesla, alt til fordel for kjernen, alt til kunstig låge prisar – i staden for å produsera mat, bustader, helsetenester, utdanning og industrielle varer for å møta nasjonale behov. Kapitalakkumulasjon i kjernen er avhengig av å tømma arbeidskraft og ressursar frå periferien.[1]
Det burde difor ikkje koma som ei overrasking at på tross av at det er ekstremt høge nivå av samla produksjon – og nivå av energi- og materiellnytting som driv økologiske press langt utover trygge og berekraftige grenser – er utnytting utbreidd innanfor den kapitalistiske verdsøkonomien. Kapitalismen produserer for mykje, ja, men også ikkje nok av det rette. Tilgangen til essensielle varer og tenester er avgrensa av kommodifisering; og fordi kapital søkjer å gjera arbeidskrafta billigast mogleg ved kvart høve, særleg i periferien, vert forbruket til arbeidarklassane avgrensa.
Peter Kropotkin merka seg denne dynamikken for meir enn 130 år sidan. I The Conquest of Bread observerte han at på tross av høge produksjonsnivå i Europa på 1800-talet, levde dei fleste av befolkninga i elende. Kvifor? Fordi under kapitalismen vert produksjon mobilisert rundt “kva som gjev størst profitt for monopolistane.” “Nokre få rike menn,” skreiv han, “styrer økonomisk aktivitet for nasjonen.” Samstundes har dei store massane, som vert hindra frå å produsera for sine eigne behov, “ikkje midlar til leveopphald for ein månad, eller til og med for ei veke framover.”
Kropotkin oppfordra oss til å vurdere “all den arbeidskrafta som går til reint avfall – her, i å oppretthalda stallar, kennelar og tenestefolk til dei rike; der, i å tilfredsstilla samfunnets luner og dei forvridde smakane til den motebevisste mobben; der att, i å tvinga forbrukaren til å kjøpa det han ikkje treng, eller å lura han til å kjøpa eit mindreverdig produkt gjennom overdriven reklame [puffery], og i å produsera, på den andre sida, varer som er heilt skadelege, men lønsame for produsenten.”[2]
Men all denne produksjonsaktiviteten kan organiserast mot andre mål. “Det som vert sløst bort på denne måta,” skreiv Kropotkin, “ville vere nok til å doble produksjonen av nyttige ting, eller til å utstyre våre møller og fabrikkar med maskineri som snart ville flaume butikkane med alt som no manglar to tredjedelar av nasjonen.” Dersom arbeidarane og bøndene hadde kollektiv kontroll over produksjonsmidla, kunne dei enkelt sikra det Kropotkin refererte til som “velvære for alle.” Massefattigdom, undertrykking og den kunstige knappheita som karakteriserer kapitalismen kunne bli avslutta meir eller mindre med ein gong.
Kropotkin sitt argument er framleis gyldig. Det ville ikkje krevd mykje, i høve til den totale globale produksjonskapasiteten, å sikra verdige liv for alle på planeten. Men med den økologiske krisa må vi òg møta ein annan utfordring, ei som Kropotkin ikkje kunne forstå på 1800-talet: å oppnå velvære for alle samstundes som me reduserer samla nytting av energi og material (særleg i kjernen) for å mogleggjere tilstrekkeleg rask avkarbonisering og for å bringe verdsøkonomien attende til å vere innanfor planeten sine grenser.[3] Teknologisk innovasjon og effektivitetsforbetringar er avgjerande for dette, men høginntektsland må òg skalera ned mindre naudsynte formar for produksjon for å redusere nytting av energi og material som ikkje er naudsynt på direkte vis.[4]
Om kapitalismen alltid har vore ute av stand til å oppnå det fyrste målet (velvære for alle), kan ho heilt sikkert ikkje oppnå det siste. Det er strukturelt umogleg, fordi det går på tvers av kjernelogikken til den kapitalistiske økonomien, som er å auke samla produksjon i det uendelege for å oppretthalde vilkåra for stadig akkumulasjon.
Det er klart kva som må gjerast: me må oppnå demokratisk kontroll over finans og produksjon, som Kropotkin argumenterte for, og no organisera det rundt det doble målet om velvære og økologi. Dette krev at me skil mellom den sosialt naudsynte produksjonen som tydeleg må aukast for sosial framgang, og dei destruktive og mindre naudsynte formene for produksjon som hastig må skalera ned. Dette er det revolusjonerande verds-historiske målet som møter vår generasjon.
Korleis ville ei slik økonomi sjå ut? Fleire sentrale mål skil seg ut.
For å tryggja den sosiale grunnmur, må vi først utvide og avkommodifisera universelle offentlege tenester.[5] Med det meiner eg helseomsorg og utdanning, ja, men òg bustad, offentleg transport, energi, vatn, Internett, barneomsorg, rekreasjonsfasilitetar og næringsrik mat for alle. Lat oss mobilisera våre produktive krefter for å sikre at alle har tilgang til varer og tenester som er naudsynte for velvære.
For det andre må vi etablera ambisiøse offentlege arbeidsprogram for å byggje fornybar energikapasitet, isolere heimar, produsere og installere effektive apparat, rehabilitere økosystem og innovere samfunnsmessig naudsynte og økologisk effektive teknologiar. Dette er avgjerande inngrep som må gjerast så raskt som mogleg; me kan ikkje vente på at kapitalen skal avgjera at dei er verdt å gjera.
For det tredje må vi innføre ein offentleg jobbgaranti som gir folk makt til å delta i desse viktige kollektive prosjekta, gjera meiningsfullt, samfunnsmessig naudsynt arbeid med arbeidsplassdemokrati og leveleg løn. Jobbgarantien må finansierast av dei som utstedar valuta, men bør styrast demokratisk på rett nivå av lokalitet.
Vurder krafta i denne tilnærminga. Den let oss oppnå økologisk naudsynte mål. Men den avskaffar òg arbeidsløyse. Den avskaffar økonomisk usikkerheit. Den sikrar gode liv for alle, uavhengig av svingingar i samla produksjon, og koplar dimed velvære frå vekst. Då det gjeld resten av økonomien, bør private selskap demokratiserast og setjast under arbeidar- og samfunnskontroll der det er passande, og produksjonen bør omorganiserast kring måla om velvære og økologi.
Vidare: Medan vi sikrar og forbetrar dei samfunnsmessig og økologisk naudsynte sektorane, må vi òg skalera ned samfunnsmessig mindre naudsynte formar for produksjon. Fossile brennstoff er openbert ein kandidat her: vi treng bindande mål for å trappa ned denne industrien på ein rettferdig og riktig måte.[6] Men – som forsking kring motvekst syner – må vi òg redusera samla produksjon i andre øydeleggjande bransjar (bilar, fly, herskapshus, industrielt kjøtt, rask mote, reklame, våpen, og så vidare), medan me forlengjer levetida til produkt og forbyr planlagt forelding [planned obsolecence]. Denne prosessen skal avgjerast demokratisk, men må òg forankrast i den materielle røynda av økologi og krava om dekolonial rettferd.[7]
Til slutt må me hurtig kutta den overflødige kjøpekrafta til dei rike ved hjelp av formuesskatt og maksimale inntektsnivå.[8] Akkurat no er millionærar åleine i ferd med å bruke 72 prosent av den gjenværande karbonbudsjettet for å halda planeten under 1,5°C oppvarming.[9] Dette er eit grov overgrep mot menneskeslekta og livsverda, og ingen av oss burde akseptere det. Det er irrasjonelt og urettferdig å halde fram med å rette vår energi og ressursar mot å støtte ein overforbrukselite midt i ein økologisk krisesituasjon.
Om mv, etter å ha tatt desse stega, finn at samfunnet vårt treng mindre arbeidskraft for å produsera det vi treng, kan vi forkorta arbeidsveka, gje folk meir fritid, og dele naudsynt arbeid meir jamt, og dimed førebyggje arbeidsløyse permanent .
Den internasjonale dimensjonen i denne overgangen må vere fremst i tankane. Overflødig nytting av energi og materiale må minkast i kjernen for å oppnå økologiske mål, medan produktive kapasitetar i periferien må verte tekne attende, omorganiserte og i mange tilfelle auke for å møte menneskelege behov og oppnå utvikling, med samla ressursbruk som konvergerer globalt til nivå som er tilstrekkelege for universell velvære og kompatible med økologisk stabilitet.[10] For den globale sør krev dette avslutning av strukturelle tilpassingsprogram, avlysing av utanlandsgjeld, sikring av universell tilgjenge til naudsynt teknologi samt at ein gjer det mogleg for regjeringar å nytte ein progressiv industri- og skattepolitikk for å betre økonomisk suverenitet. I fråvær av effektiv multilateral handling kan sørlege regjeringar ta unilaterale eller kollektive steg mot suveren utvikling og bør verte støtta i dette målet.[11]
Som alt dette burde gjere tydeleg, er motvekst – rammeverket som har opna opp fantasien til vitskapsfolk og aktivistar dei siste tiåra – best forstått som ein del av ein breiare kamp for økososialisme og antiimperialisme.
Er programmet skissert over økonomisk mogleg å gjennomføre? Ja. Per definisjon, ja. Sjølv den påverknadsrike kapitalistiske økonomen John Maynard Keynes erkjente – og som sosialistiske økonomar alltid har forstått – alt me faktisk kan gjera, i form av produksjonskapasitet, kan me betale for. Og då det kjem til produksjonskapasitet, har vi langt meir enn nok. Ved å etablere demokratisk kontroll over finans og produksjon, kan vi enkelt flytte nyttinga av denne kapasiteten vekk frå sløsing med produksjon og eliteakkumulering for å oppnå sosiale og økologiske mål.
Nokon vil seia at dette høyrest utopisk ut. Men desse politikkane er tilfeldigvis svært populære. Universelle offentlege tenester, ein offentleg jobbgaranti, meir likskap, ei økonomi som fokuserer på velvære og økologi i staden for vekst – meiningsmålingar og undersøkingar viser sterk støtte frå eit klart fleirtal for desse ideane, og offisielle borgarforsamlingar i fleire land har krevd akkurat denne typen overgang. Dette har potensiale til å bli ein populær og politisk agenda som det er mogleg å gjennomføre.
Men ingenting av dette vil skje av seg sjølv. Det vil krevje ein stor politisk kamp mot dei som nyttar seg so freidig av status quo. Dette er ikkje tida for mild reformisme, små justeringar rundt kantane av eit feilslått system. Dette er tida for revolusjonær endring. Det er klart, likevel, at miljørørsla som har mobilisert dei siste åra, ikkje kan vere den einaste drivkrafta for denne endringa. Medan rørsla har lukkast med å setje økologiske problem til dagsorden i offentleg diskurs, manglar ho den strukturelle analysen og den politiske makta som trengst for å oppnå den naudsynte overgangen. Dei borgarlege grøne partia er særleg klanderverdige, med sin farlege manglande merksemd for spørsmål om levebrødet til arbeidarklassens, sosialpolitikk og imperialistiske dynamikkar. For å overkome desse avgrensingane er det akutt viktig for miljørørsla å byggja alliansar med fagrørsla, arbeidarrørsla og andre politiske formasjonar frå arbeidarklassen som har mykje meir politisk makt, inkludert streikekrafta.
For å gjera dette må miljørørsla setja dei sosiale politikkane eg har nemnt tidlegare i sentrum, organisere for å avskaffa økonomisk usikkerheit som får arbeidarklassesamfunn og mange fagforeiningar til å frykta dei negative konsekvensane som radikale økologiske tiltak elles kan ha for levebrøda deira. Men fagforeiningane må òg røra på seg. Eg seier dette ikkje som kritikar frå utsida, men som eit livslangt medlem av ein fagforeining. Korleis kunne me nokon gong late dei politiske horisontane til fagrørsla snevre seg ned til bransjespesifikke kampar om lønn og vilkår, medan me etterlet den generelle strukturen i den kapitalistiske økonomien intakt? Me må atter vekke opp våre opphavlege ambisjonar og samarbeida tvers over sektorar – samt med dei arbeidslause – for å tryggje den sosiale grunnmuren for alle og oppnå økonomisk demokrati.
Til slutt må progressive rørsler i kjernen samla seg, støtta og forsvare radikale og antikoloniale sosiale rørsler i den globale sør. Arbeidarar og bønder i periferien bidreg med 90 prosent av arbeidskrafta som driv den kapitalistiske verdsøkonomien, og sør kontrollerer størsteparten av verdas dyrkbare land og kritiske ressursar, noko som gir dei betydeleg makt. Ein politisk filosofi som ikkje plasserer sørlege arbeidarar og politiske rørsler som leiande agentar for revolusjonær endring, missar enkelt og greitt poenget.
Dette krev det harde arbeidet med organisering, etablering av solidaritet og samling rundt felles politiske krav. Det krev strategi, og det krev mot. Er det von? Ja. Vi veit at det empirisk er mogleg å oppnå ein rettferdig og berekraftig verdsøkonomi. Men vår von kan berre vere så sterkt som vår kamp. Om me vil ha von – om me vil vinna ein slik verden – må me byggja kampen.
[1] Jason Hickel, Christian Dorninger, Hanspeter Wieland, and Intan Suwandi, “Imperialist Appropriation in the World Economy: Drain from the Global South through Unequal Exchange, 1990–2015,” Global Environmental Change 73 (2020): 102467.
[2] Peter Kropotkin, The Conquest of Bread (1892), marxists.org.
[3] Jason Hickel, Daniel W. O’Neill, Andrew L. Fanning, and Huzaifa Zoomkawala, “National Responsibility for Ecological Breakdown: A Fair-Shares Assessment of Resource Use, 1970–2017,” Lancet Planetary Health 6, no. 4 (2022): e342–e349; Jason Hickel, “Quantifying National Responsibility for Climate Breakdown: An Equality-Based Attribution Approach for Carbon Dioxide Emissions in Excess of the Planetary Boundary,” Lancet Planetary Health 4, no. 9 (2022): e399–e404; Lorenz T. Keyßer and Manfred Lenzen, “1.5°C Degrowth Scenarios Suggest the Need for New Mitigation Pathways,” Nature Communications 12, no. 1 (2021): 2676; Jason Hickel et al., “Urgent Need for Post-Growth Climate Mitigation Scenarios,” Nature Energy 6, no. 8 (2021): 766–68. A free PDF of this article is available at jasonhickel.org/research.
[4] Jason Hickel, “On Technology and Degrowth,” Monthly Review 75, no. 3 (July–August 2023): 44–50; Jefim Vogel and Jason Hickel, “Is Green Growth Happening?: Achieved vs. Paris-compliant CO2-GDP Decoupling in High-Income Countries,” Lancet Planetary Health (2023, forthcoming).
[5] Jason Hickel, “Universal Public Services: The Power of Decommodifying Survival,” MR Online, April 21, 2023.
[6] Sjå til dømes Fossil Fuel Non-Proliferation Treaty Initiative.
[7] Vi veit frå borgarforsamlingar i Storbritannia, Frankrike og Spania at folk raskt kan identifisere mindre naudsynte former for produksjon og samstemme om å redusere dei. Vi veit også at folk, under eksperimentelle tilhøve, vil klare å forvalte ressursar på ein rettferdig og økologisk måte (som bekreftar forsking av Eleanor Ostrom og andre om demokratisk fellesforvaltning); sjå Oliver P. Hauser, David G. Rand, Alexander Peysakhovich og Martin A. Nowak, "Cooperating with the Future," Nature 511, nr. 7508 (2014): 220–23. Demokrati er ein sentral sosialistisk verdi, men det same gjeld vitskap (det vil seie at posisjonar bør vere empirisk solide med omsyn til materiell og økologisk røynd), rettferd og solidaritet. Dersom folk i kjernen på demokratisk vis avgjer å auke nyttinga av energi og materialar på ein måte som forverrar den økologiske nedbrytinga og/eller skader menneske i periferien, bør sosialistar protestere og argumentere/organisere for ein kursendring.
[8] Joel Millward-Hopkins and Yannick Oswald, “Reducing Global Inequality to Secure Human Wellbeing and Climate Safety,” Lancet Planetary Health 7, no. 2 (2023): e147–e154. Sjå ogso Jason Hickel, “How Much Should Inequality Be Reduced?,” Al Jazeera, December 14, 2022, aljazeera.com.
[9] Stefan Gössling and Andreas Humpe, “Millionaire Spending Incompatible with 1.5°C Ambitions,” Cleaner Production Letters 4 (2023): 100027.
[10] Hickel, O’Neill, Fanning, and Zoomkawala, “National Responsibility for Ecological Breakdown”; Hickel, “Quantifying National Responsibility for Climate Breakdown”; Keyßer and Lenzen, “1.5°C Degrowth Scenarios Suggest the Need for New Mitigation Pathways”; Jason Hickel and Dylan Sullivan, “Capitalism, Global Poverty, and the Case for Democratic Socialism,” Monthly Review 75, no. 3 (July–August 2023): 99–113.
[11] Jason Hickel, “How to Achieve Full Decolonization,” New Internationalist, October 15, 2021; Samir Amin, Delinking: Toward a Polycentric World (London: Zed Books, 1980).