Det er berre ei natt att til å byggje festningar: Det trettiåttande nyhendebrevet (2024)
Nye indikasjonar tyder på at Nato kan tillate Ukraina å nytte vestleg-produserte missil for å slå til mot russisk territorium. Dette vil markere ei alvorleg opptrapping av konflikta.
Kjære vener,
Helsingar frå Tricontinental: Institute for Social Research.
Den 13. september, under ein konklave i Washington, DC, indikerte USA sin president Joe Biden og Storbritannia sin statsministar Keir Starmer at det ville vere akseptabelt for Ukraina å skyte missil, levert av Vesten, inn i russisk territorium. Ingen offisiell avgjerd er blitt kunngjort enno, men det er klart kva samtalen mellom Nato-land er på veg mot. Etter at Starmer — som har ei oppslutting blant veljarane på 22 % — returnerte til London, sa utanriksminister David Lammy til pressa at den britiske regjeringa er i samtalar med andre allierte om å løfte restriksjonar på Ukraina si nytting av britiske Storm Shadow-missil mot Russland. Sir John McColl, ein pensjonert høgtståande britisk militærleiar, gjekk lengre og sa at desse missila til slutt vil bli nytta mot Russland, men — at det i seg sjølv ikkje vil late Ukraina vinne. Med andre ord, vel vitande om at desse missila ikkje vil endre tonen i krigen, er desse menna (Biden, Starmer og McColl) viljuge til å ta risikoen med å utdjupa konflikten.
Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj har gjort nyttinga av vestlege missil til eit sentralt tema i sine samtalar med verdsleiarar, og hevdar at dersom militæret hans får lov til å skyte Storm Shadow-missil (frå Storbritannia), SCALP (frå Frankrike) og ATACMS (frå USA), so vil Ukraina kunne treffe russiske militærbasar på russisk jord. Ein grønt ljos frå Nato til å nytte desse tre missilsystema, som allereie har vorte levert til Ukraina av Nato-medlemsland, ville vere ei monaleg opptrapping: dersom Ukraina skulle nytte desse missila til å angripe Russland, og Russland reagerer med å angripe landa som gav missila, ville det utløyse artikkel 5 i Nato-pakten (1949), og trekke alle Nato-medlemsland direkte inn i krigen. I eit slikt scenario ville fleire atommakter (USA, Storbritannia, Frankrike og Russland) ha fingrane på atom-knappen og enkelt kunne leie planeten inn i ei bane av brennande øydelegging.
I desember 2021 heldt Russland og USA ei rekkje konsultasjonar som, sjølv om dei skjedde i siste liten, kunne ha hindra at opptrapping fann stad i Ukraina. Ei oppsummering av desse diskusjonane er viktig for å framheve dei viktigaste spørsmåla som ligg til grunn for konflikten:
7. desember 2021. USA sin president Joe Biden og den russiske presidenten Vladimir Putin hadde ein to timar lang videokonferanse. Det kvite huset sitt samandrag, som berre er eitt avsnitt langt, fokuserte på russiske troppetransportar ved den ukrainske grensa. Kreml si oppsummering er litt lengre og innførte eit punkt som USA har ignorert: “Vladimir Putin atvåra mot å flytte ansvar til Russland, sidan det var Nato som gjorde farlege forsøk på å få eit fotfeste på ukrainsk jord og bygde opp sin militære kapasitet langs den russiske grensa. Det er nyss difor Russland ynskjer å få på plass pålitelige, rettslig bindande garantiar som hindrar Nato sin austeuropeiske ekspansjon og utplassering av offensive våpensystem i land som grensar til Russland”.
15. desember 2021. Den russiske viseutanriksministeren Sergey Ryabkov møtte den amerikanske assisterande utenriksministeren for europeiske og eurasiske saker Karen Donfried i Moskva. Den russiske pressemeldinga publisert etter møtet sa at “dei hadde ein detaljert diskusjon om sikkerheitsgarantiar i konteksten av dei vedvarande forsøka frå USA og Nato på å endre den europiske militære og politiske situasjonen til sin fordel”.
17. desember 2021. Russland publiserte ein utkast til traktat mellom seg sjølv og USA so vel som ein utkast til avtale med Nato. Begge tekstane gjorde det klart at Russland søkte faste sikkerheitsgarantiar mot eventuell destabilisering av status quo mot vest. I desse tekstane er det eksplisitte og viktige erklæringar om missil og atomvåpen. Traktatutkastet til seier at korkje USA eller Russland skal “plassere bakke-baserte mellomdistanse- og kortdistansemissil utanfor sine nasjonale territorium, samt i områda av deira nasjonale territorium, der slike våpen kan angripe mål det nasjonale territoriet til den andre parten” (artikkel 6) og at begge sider skal “avstå frå å plassere atomvåpen utanfor sine nasjonale territorium” (artikkel 7). Utkastet til avtalen med Nato seier at ingen av Nato-landa skal “plassere landbaserte mellomdistanse- og kortdistansemissil i område som gjer det mogleg å nå territoriet til dei andre partane” (artikkel 5).
23. desember 2021. Under sin årlege pressekonferanse kringkasta Putin nok ein gong til Russland sin uro over Nato sin austeuropeiske utviding og om trugsmåla frå våpensystem som blir utplassert langs russiske grenser: “Vi minnast, som eg har nemnt mange gonger før og som de veit veldig godt, korleis de lova oss på 1990-talet at [Nato] ikkje ville flytte ein tomme mot austen. De lurer oss skammeleg; det har vore fem bylgjer av Nato-utviding, og no er våpensystema eg nemnte utplassert i Romania, og utplasseringa har nettopp byrja i Polen. Dette er det vi snakkar om, kan du ikkje sjå? Vi trugar ingen. Har vi nærma oss amerikanske grenser? Eller grensene til Storbritannia eller noko anna land? Det er dykk som har kome til vår grense, og no seier de at Ukraina også vil bli medlem av Nato Eller at militærbasar og angrepssystem vil verte plassert på territoriet under bilaterale avtaler, sjølv om dei ikkje går inn i Nato.”
30. desember 2021. Biden og Putin hadde ein telefonsamtale om den forverra situasjonen. Kreml si oppsummering er meir detaljert enn den frå Det kvite hus, noko som gjer den meir nyttig. Putin, får vi vite, “understreka at forhandlingane måtte gi solide rettslig bindande garantiar som utelukkar Nato sin austeuropeiske ekspansjon og utplassering av våpen som trugar Russland i den næraste omgjevnaden av grensa”.
Den 24. februar 2022 gjekk russiske styrker inn i Ukraina.
Russland har vore urolege for sine sikkerheitsgarantiar sidan USA byrja å ensidig trekkje seg frå det delikate våpenkontrollsystemet. Bakgrunnen for denne uroa er USA si utgang frå den 1972 Anti-ballistiske missiltraktaten [1972 Anti-Ballistic Missile Treaty] i 2001 og opphevinga av den 1987 mellomdistanse atomvåpentraktaten [1987 Intermediate-Range Nuclear Forces Treaty] i 2019. Opphevinga av desse traktatane og mangelen på å anerkjenne russiske bøner om sikkerheitsgarantiar — saman med Nato-aggressjon i Jugoslavia, Afghanistan og Libya — førte til auka angst i Moskva for moglegheita om at Vesten kunne plassere kortdistanse-atommissil i Ukraina eller i dei baltiske statane, og kunne treffe store russiske byar i vest utan nokon von om forsvar. Det har vore Russland sitt hovudargument mot Vesten. Hadde Vesten teke dei traktatane som Russland føreslo i desember 2021 på alvor, ville vi kanskje ikkje ha vakse fram ei situasjon der dei vestlege land diskuterte nyttinga av Nato-missil mot Russland.
Ein ny studie frå konsulentselskapet Accuracy syner at våpenfirma i USA og Europa har tent enormt på denne krigen, med børsnoteringa som har auka med 59,7 % sidan februar 2022 for dei store våpenfirmaa. Dei største gevinstane vart gjort av Honeywell (USA), Rheinmetall (Tyskland), Leonardo (Italia), BAE Systems (Storbritannia), Dassault Aviation (Frankrike), Thales (Frankrike), Konsberg Gruppen (Noreg) og Safran (Frankrike). Dei amerikanske selskapa Huntington Ingalls, Lockheed Martin, General Dynamics og Northrop Grumman såg også gevinstar, sjølv om prosentauken deira var låg fordi dei absolutte profittane allereie var på svindlande nivå. Mens desse Nato-dødsforvaltarane tener enorme summar, slit befolkningane deira med stigande kostnader på grunn av drivstoff- og matvareinflasjon.
Kanskje det mest grusomt ironiske med heile denne debatten er at tillating av Ukraina å slå til mot Russland ikkje med naudsyn vil resultere i nokon militær fordel. For det fyrste har russiske flybasar no flytta seg ut av rekkevidde for dei aktuelle missila, og for det andre er dei ukrainske forsyningane av desse missila låge. Til det auka trugsmålet om atomkrig kan ein leggje til to nylege utsagn frå USA. I august rapporterte amerikanske media at Biden sin administrasjon hadde produsert eit hemmeleg notat om å førebu det amerikanske atomarsenalet for å kjempe mot Kina, Nord-Korea og Russland. Dette kom på bakgrunn av ein annan rapport, i juni, om at USA vurderer å utvide sine atomstyrkar.
Heile dette er ein del av bakteppet for det 79. møtet i FN si hovedforsamling som skjer denne månaden, der medlemslandene vil diskutere ein ny Global Compact. Utkastet nyttar ordet “fred” over hundre gonger, men det røynlege støyet vi høyrer er krig, krig, krig.
Da eg var tenåring i Kolkata, India, pleidde eg ofte å stikke innom Gorky Sadan-teatret for å sjå filmane til den sovjetiske regissøren Andrei Tarkovsky, som reflekterte over livet og mennesket sitt ynskje om å bli betre. Ein av desse filmene, Spegel (1975), handlar om krigens urettferdigheit, og er forankra i dikta til filmskaparen sin far, Arseny Tarkovsky. Etter kvart som spenningane aukar i Ukraina, advarer det eldre Tarkovsky sitt dikt “Laurdag, 21. juni” (som refererer til dagen før Sovjetunionen blei angripen av Nazi-Tyskland i 1941) oss mot det aukande trugsmålet om krig:
Det er berre ei natt att til å bygge festningar.
Det er i mine hender, vona for vår frelse.Eg lengtar etter fortida; då kunne eg åtvare
Dei som var dømt til å omkomme i denne krigen.Ein mann over gata ville høyre meg gråte,
‘Kom her, no, og dauden vil passere deg.’Eg ville vite timen då krigen ville slå til
Kven som vil overleve leirane og kven som vil døy.Kven som vil vere heltar æra med utmerkingar,
Og kven som vil døy skoten av skytetroppane.Eg ser snøen i Stalingrad, alt strødd
Med lik av fienden sin tropp.Under luftangrep ser eg Berlin
Det russiske infanteriet marsjerar inn.Eg kan føresei kvar ein plan frå fienden
Mer enn etterretning av noko slag.Og eg held fram med å be, men ingen vil høyre.
Dei forbipasserande pustar inn frisk luft,Nyt sumarblomstrane i juni,
Heilt uvitande om den komande undergangen.Ein augneblink til — og synet mitt forsvinn.
Eg veit ikkje når eller korleis eg enda opp her.Meir blanke tankar. Eg ser opp mot ljose himlar,
Vindauget mitt er enno ikkje dekka av kryssande stripar.
Varme helsingar,
Vijay
Frå: https://thetricontinental.org/newsletterissue/western-missiles-ukraine/