Det som skjer i Niger er langt frå eit typisk kupp
Av Vijay Prashad (frå https://peoplesdispatch.org/2023/08/15/whats-happening-in-niger-is-far-from-a-typical-coup/)
26. juli 2023 gjekk presidentgarden i Niger til aksjon mot den sitjande presidenten, Mohamed Bazoum, og utførte eit statskupp. Ein kortvarig konkurranse mellom dei ulike væpna styrkane i landet enda med at alle greinene vart samde om å fjerne Bazoum og opprette ei militærjunta leia av presidentgardens øvstkommanderande, general Abdourahamane “Omar” Tchiani. Dette er det fjerde landet i Sahel-regionen i Afrika som har opplevd eit kupp — dei tre andre er Burkina Faso, Guinea og Mali. Den nye regjeringa kunngjorde at dei ville slutte å late Frankrike lekkje Niger sitt uran (én av tre lyspærer i Frankrike blir drive av uran frå feltet i Arlit, nord i Niger). Tchiani si regjering oppheva alt militært samarbeid med Frankrike, noko som tyder at dei 1500 franske soldatane må byrje å pakke kofferten (slik dei gjorde både i Burkina Faso og Mali). I mellomtida har det ikkje kome nokon offentleg utsegner om Airbase 201, det amerikanske anlegget i Agadez, tusen kilometer frå landets hovudstad Niamey. Dette er den største dronebasen i verda og ein sentral del av USA sine operasjonar i Sahel. Dei amerikanske troppane har fått beskjed om å bli på basen inntil vidare, og droneflygingane er innstilte. Kuppet er utan tvil retta mot det franske nærværet i Niger, men denne anti-franske haldninga har ikkje omfatta det amerikanske militære fotavtrykket i landet.
Intervensjonar
Nokre timar etter at kuppet var stabilisert, fordømte dei viktigaste vestlege statane — spesielt Frankrike og USA - kuppet og bad om attinnsetjing av Bazoum, som umiddelbart vart arrestert av den nye regjeringa. Men korkje Frankrike eller USA såg ut til å ville leie an i reaksjonane på kuppet. Tidlegare i år var både den franske og den amerikanske regjeringa bekymra for eit opprør i det nordlege Mosambik, noko som fekk konsekvensar for Total-Exxons naturgassfelt utanfor kysten av Cabo Delgado. I staden for å sende inn franske og amerikanske troppar, noko som ville ha polarisert befolkninga og auka dei anti-vestlege kjenslene, inngjekk Frankrike og USA ei avtale om at Rwanda skulle sende sine troppar inn i Mosambik. Rwandiske troppar gjekk inn i den nordlege provinsen i Mosambik og slo ned opprøret. Begge vestmaktene ser ut til å føretrekkje ei “Rwanda-liknande” løysing på kuppet i Niger, men i staden for at Rwanda skulle gå inn i Niger, var vona at ECOWAS — Det økonomiske fellesskapet av vestafrikanske statar — skulle sende inn sine styrkar for å gjeninnsetje Bazoum.
Dagen etter kuppet fordømte ECOWAS kuppet. ECOWAS består av femten vestafrikanske statar og har dei siste åra suspendert Burkina Faso og Mali frå rekkjene sine på grunn av kupa i landa; Niger vart òg suspendert frå ECOWAS nokre dagar etter kuppet. ECOWAS vart dannet i 1975 som ei økonomisk blokk, og til tross for at det ikkje fanst noko mandat i det opphavlege oppdraget, avgjorde grupperinga i 1990 å sende fredsbevarande styrkar inn i hjartet av borgarkrigen i Liberia. Sida den gongen har ECOWAS sendt fredsbevarande styrkar til fleire land i regionen, mellom anna Sierra Leone og Gambia. Ikkje lenge etter kuppet i Niger innførte ECOWAS ein embargo mot landet som blant anna innebar at landet vart teke frå retten til å gjennomføre grunnleggjande handelstransaksjonar med nabostatane, at Nigers sentralbankmidlar, som er i regionale bankar, vart fryste, og at utanlandsk bistand (som utgjer 40 prosent av Nigers budsjett) vart stoppa. Den mest merkverdige kunngjeringa var at ECOWAS ville setje i verk “alle naudsynte tiltak for å gjenopprette den konstitusjonelle orden”. Fristen ECOWAS hadde sett til 6. august gjekk ut fordi organisasjonen ikkje kunne verte samde om å sende troppar over grensa. ECOWAS ba om at ei “beredskapsstyrke” skulle samlast og vere klar til å invadere Niger. Deretter sa ECOWAS at dei skulle møtast 12. august i Accra i Ghana for å gå gjennom alternativa. Møtet vart avlyst av “tekniske årsaker”. Masseprotestar i viktige ECOWAS-land — som Nigeria og Senegal — mot ei militær invasjon av Niger har fått deira eigne politikarar til å støtte ei intervensjon. Det ville vere naivt å antyde at ei intervensjon ikkje er mogleg. Utviklinga går svært raskt, og det er ingen grunn til å tru at ECOWAS ikkje vil gripe inn før august er omme.
Kuppa i Sahel
Då ECOWAS føreslo moglegheita for ei intervensjon i Niger, sa militærregjeringane i Burkina Faso og Mali at dette ville vere ei “krigserklæring”, ikkje berre mot Niger, men òg mot landa deira. Den 2. august reiste ein av dei viktigaste leiarane for kuppet i Niger, general Salifou Mody, til Bamako (Mali) og Ouagadougou (Burkina Faso) for å diskutere situasjonen i regionen og koordinere deira respons på ein eventuell ECOWAS-intervensjon — eller vestleg militær intervensjon i Niger. Ti dagar seinare drog general Moussa Salaou Barmou til Conakry (Guinea) for å be om støtte til Niger frå leiaren for militærregjeringa i landet, Mamadi Doumbouya. Det er allereie lansert forslag om at Niger - eitt av dei viktigaste landa i Sahel — skal verte ein del av samtalen om ei føderasjon som òg skal inkludere Burkina Faso, Guinea og Mali. Dette ville i så fall vere ein føderasjon av land som har hatt kupp for å styrte det som har blitt oppfatta som pro-vestlege regjeringar som ikkje har innfridd forventningane til ein stadig fattigare befolkning.
Historia om kuppet i Niger blir delvis historia om det den kommunistiske journalisten Ruth First kalla “kuppet si smitte” i si merkverdige bok The Barrel of the Gun: Political Power in Africa and the Coup d’états (1970). I løpet av dei siste tretti åra har politikken i Sahel-landa for alvor tørka ut. Parti med ei fortid i dei nasjonale frigjeringsrørslene, til og med sosialistrørslene (som Bazoums parti), har kollapsa og blitt representantar for elitane, som er formidlarar av ein vestleg agenda. Den fransk-amerikansk-NATO-krigen i Libya i 2011 opna døra for jihadistgrupper til å strøyme ut av Libya og inn i det sørlege Algerie og Sahel (nesten halvparten av Mali er kontrollert av al-Qaida-tilknytte grupperingar). Dette gav dei lokale elitane og Vesten ein grunn for å avgrense fagforeiningsfridommen ytterlegare og fjerne venstresida frå dei etablerte politiske partia. Det er ikkje slik at leiarane for dei store politiske partia er høgreframsynte eller senter-høgre, men uavhengig av retning er dei ikkje reelt uavhengige av viljen i Paris og Washington. Dei har blitt — for å bruke eit uttrykk frå området — “Vesten sine lakeiar”.
I mangel av pålitelege politiske verkty søkjer dei utstøyte delane av landsbygda og småborgarskapet i landet seg til barna sine i dei væpna styrkane for å finne leiarskap. Personar som Burkina Fasos kaptein Ibrahim Traoré (fødd 1988), som voks opp i den rurale provinsen Mouhoun, og oberst Assimi Goïta (fødd 1988), som kjem frå storfemarknadsbyen og militærbastionen Kati, representerer dei breie klassefraksjonane på ein perfekt måte. Deira lokalsamfunn er fullstendig oversette frå Det internasjonale pengefondet sine harde innstrammingsprogram, frå vestlege multinasjonale selskap sin tyveri av ressursane deira og frå betalinga for vestlege militærgarnisonar i landet. Som ei utstøytt befolkning utan ein reell politisk plattform som kan tale deira sak, har desse lokalsamfunna samla seg rundt ungdomane sine i militæret. Dette er “oberstkupp” — grupper av vanlege folk som ikkje har noko anna val — ikkje “generalkupp” — elitane sitt kupp for å stoppe folket si politiske framgang. Difor blir kuppet i Niger forsvart gjennom massedemonstrasjonar frå Niamey til dei små, avsidesliggande byane som grensar til Libya. Då eg reiste til desse områda før pandemien, var det tydeleg at den anti-franske haldninga ikkje fann nokon andre uttrykkskanalar enn håpet om eit militærkupp som kunne føre til leiarskap som Thomas Sankara i Burkina Faso, som vart myrda i 1987. Kaptein Traoré ber faktisk ein raud baskerlue som Sankara, snakkar med Sankara si venstresideorienterte opneheit og etterliknar til og med Sankara si diksjon. Det ville vere feil å sjå på desse mennene som venstresideorienterte, for dei blir drivne av sinne over nederlaget til elitane og den vestlege politikken. Dei kjem ikkje til makta med ei gjennomarbeidd agenda som byggjer på venstresida si politiske tradisjon.
Militærleiinga i Niger har skipa ei regjering med 21 personar, leia av Ali Mahaman Lamine Zeine, ein sivilist som tidlegare har vore finansminister i ei anna regjering og arbeidd i Den afrikanske utviklingsbanken i Tsjad. Militære leiingar har ein framståande rolle i regjeringa. Korleis utnemninga av denne sivile regjeringa vil påverke ECOWAS sine rekker, gjenstår å sjå. Det er ingen tvil om at vestlege imperialistiske krefter — i særskild USA med troppar på bakken i Niger — ikkje ynskjer at kuppaugneblinken skal halde fram. Europa, leia av Frankrike, hadde flytta grensene på kontinentet frå Middelhavet i nord til Sahara-ørkenen i sør, og inkludert Sahel-landa i prosjektet kjent som G-5 Sahel. No, med antifranske regjeringar i tre av desse statane (Burkina Faso, Mali og Niger), og potensielle problem i dei to attverande (Tsjad og Mauritania), må Europa trekkje seg tilbake til kystområda. Sanksjonane, som skal svekkje støtta til dei nye regjeringane, vil truleg bli strengare, og moglegheita for militær intervensjon vil henge over regionen som ein utmagra gribb.