Einsidige og ulovlege sanksjonar — hovudsakleg frå USA — drep ein halv million sivile kvart år: Det trettifyrste nyhendebrevet (2025)
Av Vijay Prashad
Kjære vener,
Helsingar frå skrivebordet til Tricontinental: Institute for Social Research.
Dei som ikkje lever i krigssoner eller i land som er kvelde av sanksjonar, vert tvungne til å leve livet som om det ikkje er noko rart med det som skjer rundt oss. Då vi les om krig, er det fråkopla frå våre eigne liv, og mange av oss vil slutta å høyra om den menneskelege elenda som vert skapt av våpen eller sanksjonar. Den akademiske skolastikken og diplomatet sin dempa tone vert forstumma medan bomber og bankar førar krig mot planeten. Etter å ha godkjent atombomba som vart sleppt over Hiroshima (Japan) den 6. august 1945, kunngjorde USA sin president Harry S. Truman på radioen: ‘Dersom [japanarane] ikkje no godtek vilkåra våre, kan dei venta ein regn av øydelegging frå lufta, som ingen har sett maken til på denne jorda’.
Truman rettferdiggjorde nyttinga av dette avskyelege våpenet med å påstå at Hiroshima var ein militærbase. Men han nemnde ikkje at bomba hans — kjend som ‘Little Boy’ — drap store mengder sivile. I fylgje byen Hiroshima er ‘det eksakte talet på døde etter atombomba enno ukjend. Estimata plasserer talet på døde innan slutten av desember 1945, då dei akutte verknadane av stråleforgifting stort sett hadde lagt seg, på rundt 140 000’. Heile folketalet i Hiroshima på den tida var 350 000, noko som tyder at 40 % av byen sin befolkning døydde innan fem månader etter eksplosjonen. Ein ‘regn av øydelegging’ hadde allereie råka dei.
The Lancet, eit av dei mest anerkjende tidsskrifta om helse og medisin, publiserte ein artikkel av Francisco Rodríguez, Silvio Rendon og Mark Weisbrot med ein svært vitskapleg tittel: ‘Effects of international sanctions on age-specific mortality: a cross-national panel data analysis’. Desse forskarane har studert effekten av sanksjonar som hovudsakleg er innførte av USA, Den europeiske unionen og Dei sameinte nasjonane (SN). Medan desse tiltaka ofte vert kalla ‘internasjonale sanksjonar’, er det i røynda ingenting internasjonalt med dei. Dei fleste sanksjonane vert gjennomførte utanfor SN-pakten sine rammer, der kapittel fem krev at slike tiltak berre kan verte vedteke gjennom ei resolusjon frå SN sitt tryggingsråd. Dette skjer som oftast ikkje, og mektige statar — hovudsakleg USA og medlemsland i Den europeiske unionen — innfører ulovlege, einsidige sanksjonar mot land som går ut over grensa for menneskeleg god sømd.
I fylgje Global Sanctions Database har USA, Den europeiske unionen og SN sanksjonert 25 % av landa i verda. USA aleine har sanksjonert 40 % av desse landa, sanksjonar som er einsidige fordi dei ikkje har støtte frå ei resolusjon i SN sitt tryggingsråd. På 1960-talet var berre 8 % av verdas land under sanksjonar. Denne auka i sanksjonar syner at det har blitt normalt for dei mektige nordatlantiske statane å føre krig utan å måtte fyra av eit skot. Som USA sin president Woodrow Wilson sa i 1919 ved danninga av Folkeforbundet: ‘Sanksjonar er noko enno meir øydeleggjande enn krig’.
Den verste tolkinga av Wilson sitt utsagn kom frå Madeleine Albright, som på den tida var USA sin ambassadør til SN, om USA sine sanksjonar mot Irak på 1990-talet. Ei gruppe spesialistar frå Centre for Economic and Social Rights reiste til Irak og analyserte dataa og fann at at sanksjonane frå 1990 til 1996 hadde ført til ‘meir enn 500 000 døde barn under fem år. Enkelt sagt har fleire irakiske barn døydd som fylgje av sanksjonar enn det samla talet av daude etter dei to atombombene på Japan og den nylege etniske reinsinga i det tidlegare Jugoslavia’. På TV-programmet 60 Minutes spurte journalisten Leslie Stahl Albright om denne studien: ‘Vi har høyrt at ein halv million barn har døydd. Det er fleire barn enn dei som døydde i Hiroshima. Og er prisen verdt det?’ Dette var eit oppriktig spørsmål. Albright kunne ha sagt so mangt: ho kunne ha sagt at ho enno ikkje hadde hatt tid til å studera rapporten, eller ho kunne ha skøytt skulda over på Saddam Hussein sin politikk. I staden svarte ho: ‘Eg trur det er eit svært vanskeleg val, men prisen, meiner vi, er verdt det’.
Med andre ord var det verdt å drepa ein halv million barn for å destabilisere den irakiske regjeringa leia av Saddam Hussein. Sjølvsagt vart ikkje den regjeringa styrta av sanksjonar. I staden leid folket i ytterlegare sju år, utan at det vart gjort nokon samanliknbar studie om overdaudelegheit [excess death]. Det tok ein massiv, ulovleg amerikansk invasjon for å styrte den irakiske regjeringa (ulovleg fordi det ikkje var noka resolusjon frå SN sin tryggingsråd). For å vere rettferdig mot Albright, sa ho seinare: ‘Eg har sagt 5000 gonger at eg angrar det. Det var eit dumt utsagn. Eg skulle aldri ha sagt det’. Men ho gjorde det. Og det sette sitt preg.
Dei som påfører smerte gjennom sanksjonar, veit heilt klart kva dei gjer. Albright sa at utsegna hennar var ‘dum’, men ho sa ikkje at politikk var feil. I 2019 spurte Matt Lee frå Associated Press USA sin utanriksminister Mike Pompeo om sanksjonane mot Venezuela. Pompeo svara: ‘Vi ynskjer alltid at ting skal gå raskare... Sirkelen vert stramma inn. Den humanitære krisa aukar for kvar time. ... Du kan sjå den aukande smerta og lidinga som det venezuelanske folket går gjennom’. Pompeo sitt utsegn er emblematisk og korrekt: dei ulovlege sanksjonane skapar smerte og liding.
So, kva viser den nye studien i The Lancet om internasjonale sanksjonar?
Frå 1971 til 2021 har einsidige sanksjonar vore årsak til 564 258 dødsfall per år.
Talet på menneske som døyr på grunn av sanksjonar er høgare enn talet på døde i strid (106 000 per år) 'og liknande somme estimat av det totale talet på døde i krigar, inkludert sivile tap (rundt ein halv million per år)'.
Dei mest utsette gruppene, som ein kunne venta, er barn under fem og eldre. Dødsfall blant barn under fem år 'utgjorde 51 % av alle dødsfall forårsaka av sanksjonar i perioden 1970-2021'.
Einsidige sanksjonar frå USA og Den europeiske unionen er meir dødelege enn SN-sanksjonar, med at 'USA sine sanksjonar ser ut til å vera drivkrafta bak dei negative dødseffektane'. Dette kjem av at 'einsidige sanksjonar innførte av USA eller EU kan vera utforma på måtar som har større negative verknader på målpopulasjonane'.
Grunnen til at USA sine sanksjonar - med EU i lag - har slike negative effektar, kjem av den 'utbreidde nyttinga av amerikanske dollar og euro i internasjonale banktransaksjonar og som globale reservevalutaer, samt den eksterritoriale nyttinga av sanksjonar, særleg av USA'.
Analysen viser at 'verknadane av sanksjonar på dødeligheit generelt aukar over tid, med lengre sanksjonsperiodar som fører til høgare dødstal'.
Basert på desse funna konkluderer studien med at ‘frå eit rettsbasert perspektiv bør bevis på at sanksjonar fører til tap av menneskeliv vera nok grunn til å argumentera for at ein bør stoppa å nytta dei’.
I mars 2025 publiserte vi eit dokument kalla Imperialist War and Feminist Resistance in the Global South, der vi først og framst såg på høvet Venezuela, og som skildra korleis sanksjonane påverka landet, og korleis eit samfunn under angrep vert halde saman av arbeidet til kvinnene. Dei veit korleis ein ‘regn av øydelegging’ kjennest, og dei kjempar for å styrkja samfunnet sitt mot det. Som vi viste i FACTS-analysen vår, førte sanksjonane mot Venezuela til eit tap på 213 % av bruttonasjonalproduktet (BNP) mellom januar 2017 og desember 2024. Dette svarar til eit samla estimert tap på 226 milliardar dollar, eller 77 millionar dollar per dag.
I 1995, under sanksjonane mot Irak og før USA invaderte landet ulovleg i 2003, skreiv Saadi Youssef (1934-2021) eit mirakuløst dikt kalla ‘Amerika, Amerika’. Her er den siste strofen:
Vi er ikkje gislar, Amerika,
og soldatane dine er ikkje Gud sine soldatar...
Vi er dei fattige, vår er jorda til dei druknade gudane,
gudane til oksane,
gudane til eldane,
gudane til sorgene som vev saman leire og blod i ein song...
Vi er dei fattige, vår er guden til dei fattige,
som kjem ut av bondene sine ribbein,
svolten
og lys,
og reiser hovudet høgt...
Amerika, vi er dei daude.
La soldatane dine koma.
Den som dreper ein mann, la han vekkja han.
Vi er dei druknande, kjære frue.
Vi er dei druknande.
La vatnet koma.
Venleg helsing,
Vijay
Frå: https://thetricontinental.org/newsletterissue/unilateral-sanctions-civilian-deaths





