Erobring, krig, svolt og daud treff deg midt i hjartet: Det ellevte nyhendebrevet (2024)
Av Vijay Prashad
Kjære vener,
Helsing frå skrivebordet til Tricontinental: Institute for Social Research.
Den 4. mars la generalkommissær for FN sin hjelpeorganisasjon for palestinske flyktninger (UNRWA) Philippe Lazzarini fram sin skakande rapport om situasjonen i Gaza (Palestina) til FNs generalforsamling. På berre 150 dagar, sa Lazzarini, har israelske styrkar drepe over 30 000 palestinarar, nesten halvparten av desse born. Dei som overlever, står framleis andsynes Israel sine åtak og er ramma av krigstraume. Dei fire apokalyptiske ryttarane som er skildra i Bibelen si openberringsbok – erobring, krig, svolt og død — galopperer no frå den eine enden av Gaza til den andre.
‘Svolt er overalt’, sa Lazzarini. ‘Ein menneskeskapt hungersnaud trugar’. Nokre dagar etter at Lazzarini kom med sin direkte vurdering, rapporterte Gaza sitt helseministerium at nivåa av underernæring blant barn i den nordlege delen av området er ‘særskild ekstreme’. FNs humanitære koordinator for Palestina, Jamie McGoldrick, sa at ‘svolten har nådd katastrofale nivå’ og at ‘born døyr av svolt’. Ved slutten av den fyrste veka i mars hadde minst tjue barn døydd på grunn av svolt. Blant dei var ti år gamle Yazan al-Kafarna frå Beit Hanoun (nordlege Gaza), som døydde i Rafah (sørlege Gaza) same dag som Lazzarini tala i FN. Biletet av Yazan sin utmagra kropp reiv i den allereie medtekne samvitet vår. Uhyggelege historier hopar seg opp ved sidan av ruinane som det israelske bombeangrepet har skapt. Dr. Mohammed Salha ved Al-Awda-sjukehuset, der Yazan døydde, seier at mange gravide kvinner som lid av underernæring, har fødd dødfødde foster eller har trengt keisarsnitt for å fjerne dei — utan bedøving.
Ein våpenkvile er ikkje i sikte. Det er heller ikkje noko reelt engasjement for å få hjelp inn i Gaza, særleg i nord der svolten har kravd flest liv (den 28. februar fortalde Carl Skau, assisterande direktør for FNs World Food Programme, til Tryggingsrådet at det er ‘ein røynleg fare for hungersnaud [i nordlege Gaza] innan mai, med over 500 000 menneske i fare dersom trugsmålet får lov til å materialisere seg’). Rundt 155 lastebilar med hjelp kjem inn i Gaza kvar dag — langt under den daglege kapasiteten på 500 lastebilar ved grenseovergangen — og berre nokre få av dei går til nordlege Gaza. Israelske soldatar har vore nådelause. Den 29. februar, då lastebilar med hjelp kom til Al-Nabulsi-rundkøyringa (i den sørvestlege utkanten av Gaza by, i nordlege Gaza) og desperate menneske strøymde til, opna israelske styrkar eld og drap minst 118 uvæpna sivile. Dette er no kjent som Mjølmassakren. Luftdrop av mat er ikkje berre utilstrekkelege i volum, men har også resultert i sine eigne hjartesorg, med nokre pakkar som landar i Middelhavet og andre som har drepe minst fem menneske.
Som om frå ingenstad kunngjorde USA sin president Joe Biden i sin tale om rikets tilstand den 7. mars at landet hans ville byggje ein «midlertidig kai» i sørlege Gaza for å lette innreise av hjelp via sjøen. Samanhengen for denne avgjerda, som Biden utelét, er klar: Israel tillèt ikkje at det absolutte minimum av humanitær hjelp kjem gjennom landgrenseovergangar, Israel øydela Gazas hamn den 10. oktober, og Israel pulveriserte flyplassen i Gaza i Dahaniya i 2006. Denne avgjerda kjem absolutt ikkje frå ingenstad. Ho kjem også midt i Demokratane sin kampanje i USA om å stemme ‘uforpliktande’ i dei pågåande primærvala for å gjere det klart at USA sin medverknad i folkemordet vil påverke Biden sin valkamp for å verte attvald negativt. Trass i at eit brød er betre enn ingenting, vil desse brøda kome til Gaza farga i blod.
Det er eit holrom i Biden sine utsegn. Når hjelpa kjem fram til denne «mellombelse kaien», korleis skal ho då verte fordelt? Dei viktigaste institusjonane i Gaza som er i stand til å fordele hjelp i stor skala, er UNRWA — som no er utan finansiering frå dei fleste vestlege land — og den Hamas-styrte palestinske regjeringa — som vestlege land har prøvd å øydeleggje. Sidan ingen av desse vil kunne fordele humanitær hjelp på bakken (og, som Biden sa, ‘ingen amerikanske soldatar vil vere på bakken’), kva vil då skje med hjelpa?
UNRWA har vore i arbeid sidan kort tid etter at FN-resolusjon 302 (IV) vart vedteken i 1949, og sidan den gongen har det vore hovudorganisasjonen for å gje hjelp til palestinske flyktningar (det var 750 000 då UNRWA starta arbeidet sitt, og det er 5,9 millionar i dag). UNRWA sitt mandat er klårt: Dei skal sikre velferda til palestinarar, men kan ikkje arbeide for å busetje dei permanent utanfor heimane sine. Det er fordi FN-resolusjon 194 gjev palestinarar ‘rett til å vende tilbake’ til heimane sine som dei vart kasta ut frå av den israelske staten. Trass i at UNRWA sitt viktigaste arbeid har vore innan utdanning (to tredelar av dei 30 000 tilsette deira arbeider for UNRWA-skular), er det også organisasjonen som er best utstyrt til å handtere fordeling av hjelp.
Vesten tillét opprettinga av UNRWA, ikkje på grunn av noko særleg omsorg for palestinarar, men fordi — som det amerikanske utanriksdepartementet påpeika i 1949 — ‘tilstandane med uro og fortviling ville gje ei svært fruktbar grobotn for innføring av kommunisme’. Det er difor Vesten gav pengar til UNRWA (trass i at dette sidan 1966 har kome med strenge restriksjonar). Tidleg i 2024 kutta dei fleste vestlege land finansieringa si til UNRWA basert på ein udokumenterte skuldingar om at UNRWA-tilsette var knytte til åtaket 7. oktober. Trass i at det nyleg har kome fram at den israelske hæren torturerte UNRWA-tilsette, mellom anna gjennom vasstortur [waterboarding] og juling, og tvinga dei til å kome med desse tilståingane, har dei fleste landa som kutta finansieringa si basert på dette, ikkje attinnført ho (med unntak av Canada og Sverige, som nyleg har starta å finansiere organisasjonen att). I mellomtida har fleire land i det globale sør — leia av Brasil — auka bidraga sine.
Filippo Grandi, FN sin høgkommissær for flyktningar, som leia UNRWA frå 2010 til 2014, sa nyleg at dersom ‘UNRWA ikkje får lov til å arbeide, eller ikkje får finansiering, kan eg knapt sjå kven som kan erstatte [dei]’. Inkje humanitært hjelpeprogram for palestinarar i Gaza er mogleg på kort sikt utan fullt samarbeid med UNRWA. Alt anna er eit PR-spel.
Då eg las om hungersnauden i Gaza, hugsa eg på eit dikt skrive av Wisława Szymborska (1923–2012) om konsentrasjonsleiren Szebnie i Jasło (sør i Polen), som heldt polske jødar, romfolk og sovjetiske krigsfangar frå 1941 til leiren vart frigjort av Den raude arméen i september 1944. Brutale, forferdelege valdshandlingar vart utført av nazistane i Szebnie, i særskild mot dei tusenvis av jødar som vart drepne der i masseavrettingar. Szymborska sitt dikt, ‘Sultleir nær Jasło’ (1962), vik ikkje unna elendigheita ho er omringa av, eller frå moglegheita for humanitet som ho lengta etter.
Skriv det ned. Skriv det. Med vanleg blekk
på vanleg papir: dei fekk ikkje mat,
dei døydde alle av svolt. Alle. Kor mange?
Det er ei stor eng. Kor mykje gras
per person? Skriv ned: Eg veit ikkje.
Historia rundar av skjelett til null.
Tusen og éin er framleis berre tusen.
Den eine verkar aldri å ha eksistert:
eit fiksjonsfoster, ei tom vogge,
ei grunning opna for ingen,
luft som ler, gret og veks,
trapper for eit tomrom som spring ut i hagen,
ingen sin plass i rekkjene.
Det blei til kjøt her, på denne enga.
Men enga er stille, som eit vitne som er blitt kjøpt.
Solrik. Grøn. Ein skog nære,
med tre å tygge på, dropar under borken å drikke —
ei utsikt servert heile døgeret,
til du blir blind. Over, ein fugl
sin skugge som blafra med sine nærande venger
over leppene deira. Kjevar droppa,
tenner hakka.
Om natta skein ein sigd på himmelen
og hausta mørkeret for draumebrød. Hender kom flygande frå sverta ikon,
kvar heldt ein tom kalk.
Ein mann svaia på ein grill av piggtråd.
Nokre song, med jord i munnen. Den vakre songen
om krig som treff deg rett i hjartet.
Skriv kor stille det er.
Ja.
Måleria og fotografia i dette nyhendebrevet vart skapt av palestinske kunstnarar drepne i Gaza under Israel sitt folkemord. Dei har døydd, men vi må leve for å fortelje deira historier.
Hjarteleg,
Vijay
Teksten er henta frå: https://thetricontinental.org/newsletterissue/hunger-palestine/