Dei siste åra har millionar av menneske i den vestlege verda kjent på ei uvanleg desorientering medan dei såg leiarane sine aktivt støtta folkemordet i Gaza, medan det utspela seg på skjermen deira i realtid, med svimlande vald. Ingen av oss kan gløyme bileta av born med hovudet blast av, kroppsdelar samla i plastposar, lik bundne med kabelbindarar og flattrampa av stridsvogner, fordrivne sivilistar bomba og brende inne i telta sine, helsearbeidarar valdtekne til daude, og journalistar som vart utpeika og massakrerte. USA, Storbritannia og Tyskland leverte våpen og direkte militær støtte. Dei fleste andre vestlege statane gav retorisk og diplomatisk dekning.
Det var desorienterande for mange, fordi desse leiarane – folkemordet sine bakmenn – gjev seg ut for å vera forsvararane av menneskerettar og folkerett, og likevel vart det klårt at dei ikkje har noko mot å bryta desse prinsippa like lett som dei pustar. Det verkar vera hykleri av høgste orden, ein grov dobbeltmoral. Folk streva med å finna forklaringar på dette; kvifor skulle til dømes Joe Biden støtta folkemordet mot utbreitt motstand frå eiga befolkning, i møte med overveldande fordømming frå det internasjonale samfunnet, til og med til det punktet at han risikerte attvalet?
Men røyda er at det ikkje er dobbeltmoral i spel. Det finst berre éin målestokk, nemleg kapitalismen.
Regjeringane i den kapitalistiske kjernen er med laserfokus retta mot målsetjinga om å oppretthalde vilkåra for kapitalakkumulasjon i verdssystemet. Kapitalakkumulasjon i kjernen krev – og har alltid kravd, gjennom heile den femhundreårige historia si – ein enorm straum av billig arbeidskraft og ressursar frå periferien. For å halda denne straumen i gang må kjernestatane gjera alt dei kan for å knuse kvar regjering eller rørsle i periferien som søker verkeleg suverenitet. Kvifor? Fordi suveren utvikling i det globale Sør inneber at Sør produserer og konsumerer meir for seg sjølv, og det inneber at ressursane og arbeidskrafta deira ikkje lenger er like billige tilgjengelege for konsum og akkumulasjon i kjernen.
Det er av denne grunnen at britane støtta det sionistiske prosjektet med etnisk reinsing i Palestina midt på 1900-talet. Dei såg dette som ein høve til å oppretta ein europeisk busetjarkoloni i ein region av avgjerande geopolitisk tyding, med dei største oljereservane i verda, i krysset mellom viktige skipsfartsruter, i smørauget mellom Europa, Afrika og Asia. USA kom med på 1960-talet og væpna det sionistiske regimet til tennene, fordi dei såg ein høve til å nytte det som utgangspunkt for kontrarevolusjonære operasjonar mot dei arabiske sosialistiske og nasjonalistiske rørslene som på den tida fekk ekstraordinært fotfeste. Dei visste at, skulle den palestinske motstanden sigrar og den sionistiske staten falla, ville dei raskt mista kontrollen over Vest-Asia. Eit frigjort Palestina er fundamentalt uforeinleg med interessene til vestleg kapitalakkumulasjon.
Kjernestatane er viljuge til å rive ned sin eigen diskurs om å vera talsmenn for liberale verdiar, på spektakulært vis, fordi dei til slutt ser på desse verdiane som svært fast underordna interessene til kapitalen, som er hovudmålet deira. Dette forklarer åtferda deira då det gjeld Palestina, men også alle andre stader. Dei fortel oss at dei støttar ‘demokrati’, men dei har gjennomført statskupp, gong etter gong, mot demokratisk valde regjeringar i det globale Sør som nektar å bøyge seg for vestleg kapital, og dei blander seg rutinemessig i utanlandske val for å sikre dei utfalla dei føretrekker. Dei fortel oss at dei støttar ‘menneskerettar’, men dei held oppe fleire undertrykkjande diktatur rundt om i verda, fordi det ligg i deira materielle interesser.
Medan eg skriv desse orda, sender Donald Trump-administrasjonen enorme militære styrkar til Iran og skjerpar trusselen om invasjon. Dei fortel oss at det er fordi dei ‘støttar demonstrantane’, medan dei samstundes valdeleg mishandlar demonstrantar heime, til og med drep dei på gata, og sjølvsagt aldri gjev uttrykk for støtte til protestane som ofte oppstår mot deira eigne klientstatar. Dei seier dei støttar ‘kvinnerettar’ og vonar at vi skal tru det, etter at dei har gjennomført ein uvanleg kampanje for å rulla attende kvinner sine rettar heime, og har støtta Israel medan dei svelte og massakrerte titusenvis av palestinske kvinner framfor auga på heile verda. Dei seier dei vil sjå ‘frigjering’, men den uttalte målsetjinga deira er å innføre eit marionettkongedøme i Iran utan verkeleg suverenitet, leia av sonen til ein diktator som er kjend for brutal politisk undertrykking.
Samstundes skjerpar Trump-administrasjonen dei tiår lange sanksjonane og blokaden mot Cuba og gjer seg klar til å innfrø den langvarige draumen om regimeskifte. Den amerikanske diskursen er at dei vil ha ‘fridom’ på Cuba, noko som er fråstøytande då ein tenkjer på at USA i praksis kontrollerte øya i meir enn eit halvt hundreår før revolusjonen i 1959, medan dei dreiv ho som ei rekkje diktatur kjend for gangsterherjing, valdeleg politisk undertrykking, sexturisme og massefattigdom. Amerikanske selskap eigde opp mot 70 prosent av det dyrkbare arealet på Cuba og 90 prosent av gruveverksemda. Det er det ‘fridom’ tyder for dei – fridomen til å eiga og utnytta andre folks land.
Den vestlege herskarklassen går etter Iran og Cuba av same grunnen som dei invaderte Libya og Irak, same grunnen som dei myrda Patrice Lumumba og Thomas Sankara, og same grunnen som dei har omringa Kina med militærbasar og fantasert om å gå til krig. Det er fordi dei må gjere alt dei kan for å øydeleggja kvar rørsle i Sør som søker verkeleg suverenitet over ressursar og produksjon. Forteljinga om ‘doble målestokkar’ tek for gjeve at dei har i det minste eit skjær av moral. Men det har dei ikkje. For dei finst det berre éin målestokkn: kapitalen si jernlov. I denne målestokken si teneste spytter dei gjerne på kvar menneskeleg verdi. Dei nølar ikkje med å drive folkemord på sivilistar med titusentalet – bønder, arbeidarar og born; dei blunkar ikkje i å drepa ein halv million menneske kvart år med ulovlege sanksjonar; dei valdtek jorda og dømmer vår felles framtid utan samvitskruplar.¹
The Exterminating Empire gjev ei brei framstilling av kapitalen og imperialismen, korleis dei verkar, og valdet dei har påført menneske og natur i hundrevis av år. Det er ei rasande bok, utan flin og utan kompromiss. Ho minner oss om at det er nyttelaust å appellere til kapitalen, til imperial makt, i moralske termar. Målet vårt må vere å sigre over den, å fjerne den kapitalistiske klassen frå kontrollen over regjeringane våre og produksjonsmidlane, og å byggje opp att eit verkeleg demokratisk system i staden, slik at vi kan organisere dei formidable produksjonskreftene våre – landet vårt, arbeidet vårt og ressursane våre – for å oppnå demokratisk vedtekne mål, og for å trygga gode liv for alle innanfor planeten sine grenser. Det er verda vi kan ha, og det er verda vi må kjempa for å oppnå.
Notar
¹ Francisco Rodríguez, Silvio Rendón og Mark Weisbrot, “Effects of International Sanctions on Age-Specific Mortality: A Cross-National Panel Data Analysis”, Lancet Global Health 13, nr. 8 (august 2025).
Original: Foreword to The Exterminating Empire, Monthly Review, Vol. 78, nr. 6 (november 2026).
Jason Hickel er ICREA-professor ved Institute for Environmental Science and Technology (ICTA-UAB) ved det autonome universitetet i Barcelona. Dei to nyaste bøkene hans er The Divide: A Brief Guide to Global Inequality and Its Solutions (Penguin, 2017) og Less Is More: How Degrowth Will Save the World (Penguin, 2020).
Denne artikkelen vart fyrst gjeven ut som føreord til Chris Kaspar de Ploeg, The Exterminating Empire: Capitalism’s War on Life from Palestine to the Burning Planet (Monthly Review Press, 2026).


