Hundre år sidan vi mista kamerat Lenin
Kva seier Lenin til oss i dagens post-sovjetiske verd og kva er arva hans, spør Vijay Prashad
Artikkelen er opphaveleg del av Morning Star sitt ‘Marx Memorial Library Supplement: Lenin 100’. Henta frå: https://morningstaronline.co.uk/article/hundred-years-we-lost-comrade-lenin
VLADIMIR ILYICH ULANOV (1870-1924) vart kjend under pseudonymet sitt — Lenin. Han var, til liks med syskena sine, revolusjonær, som i samanheng med Russland under tsaren, tydde at han blei halden i fengsel og eksil i lange år. Lenin var med på å byggje det russiske sosialdemokratiske arbeidarparti gjennom både sitt intellektuelle og sitt organisatoriske arbeid.
Lenin sine skrifter er ikkje berre hans eigne ord, men er summen av aktiviteten og tankane til dei tusenvis av militante som kryssa hans veg. Det var Lenin sin eineståande evne til å utvikla erfaringane til dei militante om til eit teoretisk rike som forma det me kallar leninisme. Det er ikkje rart at den ungarske marxisten György Lukács kalla Lenin “den einaste teoretikaren likestilt med Marx, som samstundes er produsert gjennom kampen for frigjeringa av proletariatet”.
Å byggja ein revolusjon
I 1896, då det braut ut spontane streikar i fabrikkane i St.Petersburg, vart dei sosialistiske revolusjonære teke på senga. Dei var desorienterte. Fem år seinare skreiv Lenin at “dei revolusjonære sakka ned etter dette oppsvinget, både i sine ‘teoriar’ og sin aktivitet; dei klarte ikkje å etablere ein konstant og kontinuerleg organisasjon som kunne ha vore i stand til å leie heile rørsla.” Lenin meinte at dette etterslepet måtte rettast opp.
Dei fleste av Lenin sine hovudskrift følgde denne innsikta. Lenin greia ut om motsetnadane til kapitalismen i Russland (Utviklinga av kapitalisme i Russland, 1896), som gjorde at han kunne forstå korleis bøndene i det vidstrekte tsarriket hadde ein proletarisk karakter. Det var basert på dette at Lenin argumenterte for arbeidar-bondealliansen mot tsarismen og kapitalistane.
Lenin forstod utifrå sitt engasjement med massane si kamp og gjennom den teoretiske lesinga si at sosialdemokratane — som den mest liberale delen av borgarskapet og aristokratane — ikkje var i stand til å driva fram ein borgarleg revolusjon eller byggje ei rørsle som ville føre til bøndene og arbeidarane si frigjering. Arbeidet vart gjort i To taktikkar for sosialdemokratiet i den demokratiske revolusjonen (1905). Denne boka er kanskje den første, store marxistiske avhandlinga som demonstrerer naudsynet av ein sosialistisk revolusjon, sjølv i eit “bakstreversk” land, der arbeidarane og bøndene måtte alliera seg for å bryta ned institusjonane som haldt dei nede.
Desse to tekstane syner at Lenin unngår det perspektivet som fortel at den russiske revolusjonen kunne hoppa over kapitalistisk utvikling (som populistane — narodniki — føreslo) eller at ein måtte gå gjennom kapitalismen (som dei liberale demokratane hevda). Ingen av vegane var mogleg eller naudsynt. Kapitalismen hadde allereie kome til Russland — eit faktum som populistane ikkje erkjende — og den kunne berre bli overvunne av ein arbeidar- og bonderevolusjon — eit faktum som dei liberale demokratane avviste. 1917-revolusjonen og det sovjetiske eksperimentet beviste Lenin sitt poeng.
Etter å ha fastslått at dei liberale elitane i tsar-Russland ikkje ville vera i stand til å leia ein arbeidar- og bonderevolusjon, eller i det heile teke ein borgarleg revolusjon, vende Lenin merksemda mot den internasjonale situasjonen. Medan han sat i eksil i Sveits, var Lenin tilskodar medan sosialdemokratane kapitulerte for krigshissinga i 1914 og overgav arbeidarklassa til verdskrigen.
Frustrert over sviket til sosialdemokratane, skreiv Lenin ein viktig tekst — Imperialisme — som utvikla ei klar forståing av veksten av finanskapital og monopolfirma og dessutan interkapitalistiske og interimperialistiske konfliktar. Det var i denne teksten Lenin utforska avgrensingane til dei sosialistiske rørslene i Vesten — med arbeidararistokratiet som ein barriere for sosialistisk militarisme — og potensialet for revolusjon i aust — der det “svakaste leddet” i den imperialistiske kjeda kanskje var å finne.
Lenins notatbøker syner at han las 148 bøker og 213 artiklar på engelsk, fransk, tysk og russisk for å klargjere tankegangen hans om den dåverande imperialismen. Klår vurdering av imperialisme av denne typen sørgde for at Lenin utvikla ein sterk posisjon då det gjeld nasjonars rett til sjølvråderett, anten desse nasjonane var innanfor tsarriket eller kva som helst anna europeisk imperium. Kjernen til antikolonialismen i Sovjetunionen — utvikla i Kommunistinternasjonalen (Comintern) — er å finne her.
Omgrepet “imperialisme”, som stod sentralt i Lenin si utviding av den marxistiske tradisjonen, refererer til den ujamne utviklinga til kapitalismen på global skala og nyttinga av makt for å halda oppe denne ulikskapen. Enkelte delar av planeten — for det meste dei som hadde ei historie med kolonialisme — vert verande i ein underordna posisjon. Deira evne til å laga ein uavhengig, nasjonal utviklingsdagsorden vart avgrensa av tentaklane til utanlandsk politisk, økonomisk, sosial og kulturell makt.
I vår tid har det dukka opp nye teoriar som tyder på at dei nye tilhøva ikkje lenger kan forståast gjennom den leninistiske teorien om imperialisme åleine. Nokre menneske på venstresida avviser ideen om den nykoloniale strukturen i verdsøkonomien, der den imperialistiske blokka — leidd av USA — nyttar alle maktkjeldene sine for å halda oppe denne strukturen. Andre, ogso på venstresida, hevdar at verda no er flat og at det ikkje lenger er eit globalt nord som undertrykkjer det globale sør, og at elitane i begge sonene er ein del av eit internasjonalt borgarskap. Ingen av desse innvendingane kan rettferdiggjerast i møte med både dei aukande nivåa av vald som utført av den imperialistiske blokka og dei aukande nivåa av relativ skilnad mellom nord og sør (trass i framveksten av kapitalistiske elitar i sør).
Nokre element av Lenin sin imperialismeteori er sjølvsagt daterte — den blei skrive for 100 år sidan — og vil krevje nøye omarbeiding. Men essensen i teorien er gyldig — korleis han insisterer på at kapitalistiske firma har ein tendens til å forme seg til monopol, den omsynsløysa som finanskapital tappar rikdommen til det globale sør med, og nyttinga av makt for å avgrensa ambisjonane til land i sør om å stake ut sin eigen utviklingsdagsorden.
Ein av Lenins mest avgjerande intervensjonar, som appellerte til folka i koloniane, var ideen om at imperialismen aldri ville utvikla kolonien, og at berre dei sosialistiske kreftene i samarbeid med dei nasjonale frigjeringsseksjonane ville vera i stand til både å kjempe for nasjonalt sjølvstende og dinest leie landa sine til sosialisme. Lenin si kraftige antikoloniale viljekraft spreidde ideane hans til den koloniserte verda, og det var grunnen til at dei slutta seg så entusiastisk til Komintern etter 1919.
Ho Chi Minh las Komintern si avhandling om nasjonale og koloniale spørsmål og gret. Det var ein “mirakuløs guide” for kampen til folket i Indokina, kjende han. “Ut frå erfaringa frå den russiske revolusjonen,” skreiv Ho Chi Minh, “bør vi ha folket — både arbeidarklassen og bøndene — som rota til kampen vår. Vi treng eit sterkt parti, ein sterk vilje, med offervilje og einstemme i sentrum.” “Som den strålande sola”, skreiv Ho Chi Minh, “skin oktoberrevolusjonen over alle fem kontinent, og vekkjer millionar av undertrykte og utnytta menneske rundt om i verda. Det har aldri eksistert ein slik revolusjon av ei slik tyding og skala i menneskja si historie.”
Til slutt nytta Lenin perioden frå 1893 til 1917 til å studere avgrensingane til partiet av den gamle typen — det sosialdemokratiske partiet. Lenin sin tekst — Programmet vårt — poengterer at partiet må vera involvert i kontinuerleg aktivitet og ikkje stola på spontane eller innleiande [stikhiinyi] utbrot. Denne kontinuerlege aktiviteten ville føra partiet i intim og organisk kontakt med arbeidarklassa og bøndene, og dessutan gje spira til protestar som då kan få massekarakter. Det var denne tanken som fekk Lenin til å utarbeida forståinga si av det revolusjonære partiet i Kva skal gjerast? (1902). Den oppsiktsvekkjande intervensjonen framheva rolla til dei klassemedvetne arbeidarane som føretroppen til partiet og viktigheita av politisk agitasjon blant arbeidarar for å utvikla ein genuint mektig politisk medvit mot alt tyranni og all undertrykking. Arbeidarane, hevda Lenin, treng å kjenne intensiteten i brutaliteten til systemet og viktigheita av solidaritet.
Desse tekstane — frå 1896 til 1916 — sanerte terrenget for bolsjevikane og Lenin til å forstå korleis dei skulle operere under kampane i 1917. Det er eit mål på Lenin sin tillit til massane og til teorien hans at Lenin skreiv den dristige brosjyren sin Kan bolsjevikane behalda statsmakta? nokre veker før maktovertakinga.
Å byggja ein stat
Etter å ha sigra, måtte Lenin no konfrontera problema med å byggja eit sosialistisk prosjekt i det tidlegare tsarriket, som hadde vorte øydelagt av griskheita si og av krigen. Før sovjetarane rakk å organisere seg, angreip imperialistane frå alle kantar. Direkte intervensjonar på vegne av bøndene og arbeidarane, so vel som nasjonale minoritetar, forhindra at det blei mange avhopparar frå den nye revolusjonen til dei kontrarevolusjonærane sin troppar. Bøndene, med dei avgrensa midlane sine, haldt fast ved den nye byrjinga. Men det var poenget — dei “avgrensa midla.” Korleis byggjer ein sosialisme i eit fattig land, med sosial utvikling halde nede av det tsaristiske autokratiet?
Ei nærlesing av Stat og revolusjon (1918) føregrip problema sovjetarane står andsynes i den nye oppgåva deira — dei kunne ikkje berre arve statsstrukturen, men måtte “knusa staten”, byggja eit nytt sett med institusjonar og ein ny institusjonell kultur, skapa ei ny haldning blant kadrane til stat og samfunn. I april 1918 samanfattar Lenin sin Dei beinveges oppgåvene til den sovjetiske regjeringa arbeidet dei første månadene og syner at sovjetarane var veldig merksame over dei djupe problema dei måtte konfrontere.
Revolusjonen deira fann ikkje stad i eit avansert kapitalistisk land, men i det Marx hadde kalla “riket av knappleik”. Å auka produktivkreftene og å sosialisera produksjonsmidla på same tid var ei oppgåve av enorme proporsjonar."
“Utan lese- og skrivekunne,” skreiv Lenin, “kan det ikkje vere nokon politikk. Det kan berre vera rykte, sladder og fordommar.” Tenk då på kor avgrensa ressursar det var før den sovjetiske staten gjekk mot lese- og skrivekunne, med partikadrane fast bestemte på å snu det faktumet at berre ein tredel av mennene var lese- og skriveføre og mindre enn ein femdel av kvinnene. Mellom Likbez-kampanjen og politikken for urbefolkning (korenizatsiya), nyttinga av regionale språk og minoritetsspråk, var sovjetarane i stand til — på to tiår — å sikra at nivået av lese- og skrivekunne steig til 86 prosent for menn og 65 prosent for kvinner.
Arbeidarane og bøndene si sentrale rolle i å byggje Sovjet-Russland vert ofte gløymde (Mikhail Kalinin kom frå ein bondefamilie; Josef Stalin kom frå ein familie av skomakarar og hushjelper). Utdanning, helse, bustad og kontroll over økonomien og dessutan kulturelle aktivitetar og sosial utvikling var hjartet i arbeidet til det nye Sovjet-Russland, leidd av Lenin. Inga mengd høgreorientert vrøvel om Sovjetunionen kan utradere den enorme prestasjonen til denne arbeidarstaten.
I det siste året av sitt liv skreiv Lenin fire formidable tekstar: “Om samarbeid”, “Revolusjonen vår”, “Korleis me bør omorganisera inspeksjonen til arbeidarane og bøndene” og “Betre færre, men betre”. I desse tekstane erkjende Lenin vanskane i transformasjonprosessen frå kapitalisme til sosialisme. Han skreiv om den “enorme, grenselause tydinga” av samarbeidande samfunn, behovet for å byggja opp att den produktive basen og å byggja eit samfunn for å fremje tilliten til massane. Lenin indikerte behovet for ein kulturell transformasjon, ein ny livsstil for arbeidarane og bøndene, og nye og kreative måtar for arbeidarane og bøndene til å utøve makt over samfunnet sitt og byggja innsiktene gjennom handling. Arbeidarane har arva arkitekturen til ein forferdeleg stat, og denne må transformerast totalt. Men korleis? Lenins refleksjon i “Betre færre, men betre” er veldig ærleg:
“Kva element har me for å byggja dette apparatet? Berre to. For det fyrste arbeidarane som er opptekne av kampen til sosialismen. Desse elementa er ikkje tilstrekkeleg utdanna. Dei vil gjerne byggja eit betre apparat for oss, men dei veit ikkje korleis. Dei kan ikkje byggja eit. Dei har enno ikkje utvikla den kulturen som krevst for dette; og det er kultur som krevst. Ingenting vil bli oppnådd ved å gjera ting i eit hastverk, ved overfall, på innfall eller ved kraft, eller generelt, ved nokre av dei beste menneskelege eigenskapane. For det andre har vi element av kunnskap, utdanning og opplæring, men dei er latterleg utilstrekkelege samanlikna med alle andre land.”
I si siste offentlege framferd — i Moskva-sovjeta i november 1922 — rosa Lenin prestasjonane til den unge sovjetrepublikken, men åtvara også om den harde vegen vidare. “Partiet vårt,” sa han, “ei lita gruppe menneske i høve til den totale befolkninga i landet, har takla denne jobben. Denne vesle kjernen har sett seg i oppgåve å omskapa alt, og den vil gjere det.”
Dette er ikkje berre oppgåva til partiet, men arbeidarane og bøndene, som ser på det nye sovjetiske apparatet som sitt eige. “Vi har ført sosialismen inn i kvardagen og det er her vi må sjå korleis det står til. Det er vår tids oppgåve, vår epoke si oppgåve.”
Sovjetunionen varte berre i 74 år, men i desse åra eksperimenterte ein heftig for å overvinna elendet til kapitalismen. Syttifire år er den gjennomsnittlege globale levealderen. Det var rett og slett ikkje nok tid til å fremja den sosialistiske dagsordenen før Sovjetunionen vart øydelagt. Men Lenin si arv er ikkje berre i USSR. Det er i den globale kampen for å overskrida dilemma som menneskeheita står andsynes, gjennom å avansere mot sosialismen.
Vijay Prashad er ein indisk historikar, redaktør og journalist. Han er forfattaren av Red Star Over the Third World (Pluto Press) og Washington Bullets: A History of the CIA, Coups, and Assassinations (Monthly Review Press).