Imperialisme, fornektninga av suverenitet som ligg under global kapitalisme, er den primære motsetnaden.
Innleiing
Kva er imperialisme? Kva inneber det å tenkje på han som den primære motsetnaden? Desse spørsmåla har stor tyding for å forstå vår noverande konjunktur – folkemordet i Palestina, utvidinga av den imperialistiske krigen mot Iran – og for å plassere desse konfliktane i ein breiare historisk kamp.
Det er viktig at vi tenkjer på imperialismen særskilt i si kapitalistiske form, slik Vladimir Lenin teoretiserte den. Men vi må også forstå den innanfor rammeverket som Samir Amin kalla klassekamp på verdsbasis. Kvifor er dette viktig? Fordi vi ikkje kan forstå imperialismen berre som eit sjølvdrivande system. Dette er kanskje eit punkt der vi når ei grense hjå Lenin, eller der vi treng å utvide tilnærminga hans.
Då ein les Lenin, kan det verke som om imperialismen oppstår ut av ei indre framdrift i kapitalen i kjernen, omformar seg til imperialisme, og so flyttar seg vidare utover. Men kva ville det innebere å tenkje på imperialismen som plassert innanfor ein klassekamp på verdsbasis – som eit svar på antiimperialisme, fanga i ein konkurranse om eigarskap til produksjonsmidla globalt, ein konflikt mellom dei undertrykkjande kjernenasjonane og dei avhengige nasjonane?
Kolonialisme, imperialisme og fornektninga av suverenitet
Korleis forstår vi omgrepet imperialisme, og korleis skil vi det frå kolonialisme? Begge byggjer på fornektninga av suverenitet til undertrykte folk. Dette er ein sentral premiss: kjernenasjonar, imperialistnasjonar, koloninasjonar er alle grunna i ei fornektning av suverenitet. Gjennom denne fornektninga kan ein omorientere dei undertrykte folka og deira land og territorium – det Lenin kallar økonomisk territorium – til å tene interessene til den tileignande makta [usurping entity].
Kolonialisme kan ein tenkje seg som eit ein-til-ein-tilhøve mellom kolonisator og kolonisert: fransk kolonialisme i Algerie, til dømes, eller britisk kolonialisme i India. Imperialismen, derimot, verkar på ein verds-systemisk skala, eller i det minste ein breiare regional og fleire-einingars skala utover eit ein-til-ein-tilhøve. Imperialismen treng ikkje ein gong innebere direkte territoriell kontroll. Som Kwame Nkrumah argumenterer, kan regionar ha formell suverenitet – dei er ikkje direkte under territorielt styre – men likevel vera fanga i eit breiare verdsystem av imperialisme der dei i røynda vert nekta suverenitet og ressursane deira vert orienterte mot kjernen.
Denne skilnaden er viktig fordi ein kan avkolonisere medan ein framleis er innanfor eit imperialistisk system som avgrensar suvereniteten. Eit land kan vinne sjølvstende og likevel ha uran i territoriet sitt utan midlar til å foredle det – utan midlar til å omdanne ressursane sine til ferdigvarer eller industrielle varer som det kunne byggje den harde makta som trengst for å oppretthalde suvereniteten sin gjennom. Den store krigen i det tjuande hundreåret var ikkje naudsynt krigen mellom europeiske makter i dei to verdskrigane, men den lengre kampen for nasjonal frigjering i koloniane. Siger kan ha vorte oppnådd av koloniserte folk mot ein-til-ein-tilhøvet i kolonialismen, men den breiare verds-systemiske strukturen er framleis på plass.
Lenin om monopolkapitalismen
For Lenin er imperialismen kapitalismen i sin monopolfase. Han granskar måten kapitalismen utviklar seg på sjølvmotseiande måte: på eit stadium tidleg i det nittande hundreåret er den eit system av frimarknads-konkurranse, der kapitalistiske firma konkurrerer med kvarandre, utviklar produktivkreftene og utbyttar arbeid. Men gjennom denne konkurransen mellom firma vert frimarknads-konkurransen til slutt til det motsette: monopol. Kapitalismen sin lagnad er monopolkapitalismen. Det er ikkje frimarknads-konkurranse som stadig fører til innovasjon og ei progressiv rørsle i samfunnet, same kor utbyttande han enn er. I laupet av det nittande hundreåret kjem produksjonen under kontroll av kartell og monopolselskap [trusts].
Ein kan ta som døme ein marknad der ti firma konkurrerer om produksjonen av ei særskild vare: etter suksessive rundar med konkurranse står to att. Meir produksjon er no konsentrert i eit einskilt firma enn før, og dei overlevande firmaene absorberer stadig fleire produksjonsgreiner inn i seg – eit tekstilføretak kan til dømes kome til å produsere ikkje berre klede, men også nokre av innsatsfaktorane som går med til å lage klede.
Lenin sitt poeng er ikkje berre at kapitalismen omformar seg til eit monopolsystem av industrialistar som konsentrerer produksjonen i større firma. Det vert særskilt det han kallar finansmonopol-kapitalisme. Monopoleigarskapet vert ikkje halde av industrikapitalistane, men av bankkapital, av finanskapital – dei som gjev ut kapital og lån til industrikapitalistane. Finanskapitalistane søkjer ikkje å generere profitt ut av røynleg produksjon; dei søkjer å generere profitt frå låna dei gjev ut, frå rentebetalingar – det Lenin kallar “å klippe kupongane”.
Det er noko samstundes parasittisk og potensielt progressivt ved denne prosessen, i den forstanden at den ytterlegare sosialiserer produksjonen. Ved å konsentrere større mengder arbeid i einskilde firma vert produksjonen sosialisert. Vilkåra er der for ein overgang til sosialisme: ein treng berre ta desse store firmaene og omdanne det konsentrerte eigarskapet deira frå privat til sosialistisk. Men dette skjer ikkje – på grunn av imperialismen.
På stadiet av finansiell monopolkapitalisme opplever kapitalen ei krise i lønsemd — overakkumulasjon. På grunn av monopoleigarskapet er profitten konsentrert i færre hender. Overskotskapital samlar seg opp, men monopolfirmaet kan ikkje finne nye område for lønsam reinvestering, fordi andre sektorar er kontrollerte av monopol som det ikkje kan konkurrere med. Viss det finst ein overflod av overskotskapital, kunne det i prinsippet nyttast til sosiale føremål: byggje infrastruktur, investere i utdanning, helsevern, transport, heve løningar, løfte levestandarden. Men kapitalen sitt mål er ikkje berre profitt, men oppretthaldinga av makt den har over arbeidarklassa, og slike tiltak ville minske denne makta.
Det er her Lenin argumenterer at monopolfinanskapitalen fører til søket etter nye felt for lønsam reinvestering, noko som leier til eksport av kapital til koloniane. Det som elles kunne ha leidd til sosialisme – arbeidarar i konsentrerte monopolfirma som kjempar for ein større del av det oppsamla overskotet – vert utsett, fordi dette overskotet vert retta utover mot det Lenin kallar “attverande nasjonar” [backward nations]. Dette overskotet byggjer jernbaner i koloniane som tappar ut ressursar, får tilgang til billigare arbeid, og, ved å påleggje avhengnadsvilkår, tvingar dei avhengige landa til å tilby billig arbeid og billige ressursar til kjernen. Denne eksporten av kapital og finans frå kjerne til periferi aukar avhengnadstilhøva, og tvingar dei landa som tek imot eksportert kapital til å omorientere økonomiane sine til å tene kjernen. Dette genererer superprofitt for overakkumulert kapital, underutviklar periferien, og kjøper seg støtte i delar av arbeidarklassa i kjernen gjennom moderate forbetringar i levestandarden.
Nkrumah utvidar Lenin sitt argument. Då Lenin skreiv, skjedde eksporten av kapital gjennom opprettinga av direkte territoriell kontroll – kappløpet om Afrika, formalisert ved Berlin-konferansen, der dei europeiske maktene tok suveren kontroll over det afrikanske kontinentet, og koloniseringa av Asia i det nittande hundreåret, framfor alt koloniseringa av India. Nkrumah argumenterer at sjølv når land tek attende formell suverenitet, reproduserer kapitalismen sitt naudsyn av å oppretthalde sin imperialistiske utveg seg sjølv utan direkte territoriell kontroll. Land kan vera formelt suverene, men tilgangen deira til kreditt og kapital er framleis under kontroll av dei imperialistiske maktene, og viss dei ynskjer å utvikle seg, må dei godta handelsvilkår som framleis gjer det mogleg å tappe superprofitt frå periferi til kjerne. Det er her vi ser Nkrumah tale om nykolonialisme som ei form for økonomisk avhengigheit.
Imperialismen som den primære motsetnaden
Kva inneber dette for forståinga vår av imperialismen som den primære motsetnaden? Både Lenin og Nkrumah ser ut til å foreslå at motsetnadane i kapital-arbeid-tilhøvet i kjernen – i konkurransen mellom firma – genererer imperialismen. Dette ville tilsynelatande gjere imperialismen til ei sekundær motsetnad. (Omgrepet primære og sekundære motsetnader kjem frå Mao, som i Om motsetnad argumenterer at på eit gjeve tidspunkt i Kina er imperialismen den primære motsetnad – det vil seie at han er den motsetnaden som verkar inn på alle andre motsetnader.) Spørsmålet er om imperialismen er den motsetnaden som styrer motsetnaden mellom kapital og arbeid, eller om det er omvendt.
Viss Lenin argumenterer at imperialismen oppstår ut av motsetnader i kjernen, er den ikkje med naudsynt primær; det som må utfordrast, er eigarskapstilhøva i kjernen. Viss arbeidarane var den eigande klassa på stadiet av monopolfinans-kapitalisme, ville det ikkje finne stad noka resirkulering av overakkumulert kapital til koloniane, ingen eksport av kapital. Arbeidarane ville ta overskotet og resirkulere det inn i sine eigne samfunn. Men samstundes argumenterer Lenin at revolusjon i kjernen ikkje vil skje medan imperialismen held fram. Berre då avhengige nasjonar overvinn imperialismen – overinn uttømminga av rikdom pålagd av eksporten av kapital – vil klassemotsetnadene i kjernen verte skjerpa og revolusjon verte mogleg.
Dette reiser eit strategisk spørsmål for organisatorar i kjernen. Må kampen der rette seg, gjennom klassekamp, mot monopolfirmaene i USA – våpenselskapa, legemiddelselskapa? Ville svekkinga av denne makta skape rom for perifere nasjonar til å utfordre imperialismen meir effektivt? Og gjer motstand frå periferien – Iran si evne til å stå imot imperialistisk krig, evna til andre nasjonar til å nekte USA sine krav – i sin tur klassemotsetnadene i kjernen skarpare? Dette er spørsmåla som rammeverket primær og sekundær motsetnaden tvingar på ein kvar strategi som hevdar å handle i solidaritet med periferien.
Her må vi vende oss til Samir Amin, Patnaikane og verdssystemtradisjonen, som legg til noko avgjerande. Amin argumenterer at imperialismen alltid har vore ein komponent i kapitalismen – det har aldri funnest ein kapitalisme utan imperialisme. Dette hjelper oss å tenkje på den primære motsetnanden i andre termar. Viss vi les Amin og korpuset av verdssystemforsking nøye, kunne kapitalismen aldri ha oppstått og stabilisert seg utan ein imperialistisk base. Frå det lange sekstande hundreåret gjennom det nittande hundreåret var sjølve framvoksteren av kapitalismen alltid avhengig av imperialismen.
Kvifor? Patnaikane argumenterer i Capital and Imperialism at kapitalismen ikkje kan eksistere på noko tidspunkt utan imperialisme, fordi systemet utan imperialisme berre kan drive enkel reproduksjon – det kan ikkje drive utvida akkumulasjon, endelaus akkumulasjon. Tilhøvet mellom kapital og arbeid fråtek [dispossesses] arbeidet alt eigarskap: kapitalistklassa genererer overskot frå ei eigedomslaus arbeidarklasse, men denne arbeidarklassa kan berre reprodusere seg sjølv gjennom marknaden. Kapitalen søkjer å drive lønene ned, men arbeidarane må også vera forbrukarar. Det er her Lenin tek opp ein komponent av det Marx kalla verdilova: konkurranse driv ned lønene til arbeidarane og kostnadene på varer, men arbeidarane må framleis kunne verke som forbrukarar for å reprodusere sine eigne liv. Korleis kan lønene haldast nede og marknaden veksa samstundes? Det er ei lammande motsetnad mellom profitt, nedtrykkinga av lønner og behovet for ein forbrukande klasse. Dette er det som gong på gong genererer problem med overakkumulasjon, overproduksjon, og det Patnaikane kallar eit trugsmål mot pengane sin verdi.
Denne motsetnad vert historisk løyst gjennom imperialismen – ikkje som det høgste stadiet, men som sjølve grunnlaget for kapitalismen. Kapital-arbeid-tilhøvet ville aldri ha konsolidert seg utan ein imperialistisk base. Det som gjer at arbeidarar kan vera både utbytta og fungere som forbrukarar, er evna til å dra inn billige innsatsfaktorar frå koloniane og dei imperialistiske periferiane. I tillegg til kapital og arbeid finst det kategoriar av arbeid og ressursar utanfor kjernen som kan tileignast utan omsyn til reproduksjonsvilkåra deira. Prisar vert pålagde bønder i koloniane fordi dei har mist suvereniteten – det Patnaikane kallar ein “pristakande” kategori av arbeid. Dette er ikkje arbeidarar og fagforeiningar som forhandlar om lønner; det er pålegginga av prisar gjennom fornektninga av suverenitet.
Når Lenin talar om “attverande nasjonar” som tek imot eksporten av kapital, oppstår eit spørsmål: kvifor er desse nasjonane attverande? Korleis hamna dei etter dei europeiske kapitalistnasjonane? Svaret ligg i dei allereie eksisterande tilhøva til kolonialistisk imperialisme frå det sekstande, syttande, attande og nittande hundreåret – tilhøve som gjorde perifere statar avhengige og underkasta dei ei uttømming av rikdom sidan kapitalismen sitt opphav. Så imperialismen har alltid vore grunnlaget for kapitalismen. Du kan ikkje ha eit kapital-arbeid-tilhøve som eksisterer på noko tidspunkt utan ein imperialistisk base. Difor er imperialismen den primære motsetnaden. Fornektninga av suverenitet til folk, gjennom kva prisar vert pålagde, prissetjingsmakt vert utøvd, og pristaking vert påtvinga periferiane, gjer det mogleg å overføre billige innsatsfaktorar til industrien i kjernen og billige varer for arbeidarar å forbruke. Under kapitalismen er imperialismen definert på sitt mest primære nivå som suveren makt over straumen av økonomisk kapital gjennom rommet.
Imperialismen sine to bein
Korleis vert imperialismen etablert? Amin gjev eit avgjerande rammeverk. Han seier at imperialismen går på to bein – eit militært bein og eit økonomisk bein. Frå det sekstande hundreåret og framover vert den imperialistiske grunnmuren for kapitalismen etablert gjennom nyttinga av militærmakt og vald mot periferiane. Det er gjennom makt at suverenitet vert nekta, og det er gjennom denne fornektninga at økonomisk rikdom vert tappa frå periferien til kjernen, noko som genererer vilkåra for det andre beinet. Perifere statar kjem til å avhenge av kjernen for tilgang til kapital, og avhengnaden vert oppretthalden ikkje berre gjennom militærmakt, men gjennom økonomisk makt. Dette er grunnen til at den vestlege imperialistiske ordenen søkjer å oppretthalde monopolistisk kontroll jamvel over militær vald – gjennom Nato og andre instrument – og avgrensar suvereniteten til periferiane.
Opiumskrigane i det nittande hundreåret illustrerer dette konkret. Kina hadde i tusenår vore i fremste rekkje i verdøkonomien, og Europa hadde ofte ein avhengnad av Kina. Dette tilhøvet blei omforma gjennom militærmakt. Ein allianse av europeiske makter gjekk til krig mot Kina, undertrykte det, og avgrensa Kina sin suverenitet. Ved å ta Hongkong og andre hamner kontrollerte dei prisane som vart pålagde rørsla av varer inn og ut av Kina. Dersom Storbritannia vart utkonkurrert av Tyskland og USA, kunne det oppvege dette underskotet ved å tvinge Kina til å kjøpe dei fallande industrielle varene sine. Rikdom vart uttømt, og etter eit hundreår hadde Kina eit totalt underskot av økonomisk kapital. Ved å påleggje militærmakt skapte imperialismen økonomisk avhengnad.
Amin gjer eit avgjerande poeng: viss imperialismen går på to bein av militær og økonomisk makt, må antiimperialismen også gå på to bein. Dette er nøkkelen til å forstå vår noverande augneblink. Ulike antiimperialistiske krefter i den seinare delen av det tjuande hundreåret og inn i dag har gått på det eine eller det andre beinet. Men korleis kan vi tenkje oss desse beina gå saman?
Då vi tenkjer på imperialismen på verdsbasis i termar av klassekamp, tenkjer vi på korleis folk i periferien søkjer å ta attende suvereniteten ved å utfordre dei militære og økonomiske grunnmurane til imperiemakta. Då eitt bein vert utfordra, nyttar imperialismen det andre til å møte utfordringa. Den haitiske revolusjonen er eit klart døme frå det nittande hundreåret: Haiti slo den militære grunnmuren til imperialismen, men kunne ikkje stå imot det økonomiske åtaket. Ein blokade vart pålagd, ein kapitalstreik vart pålagd. Det kan finne stad ein eksport av kapital, men det kan også finne stad eit trugsmål om kapitalstreik – nekting av tilgang til kapitalmarknader – som tvingar det undertrykte landet anten inn i ein tilstand av konstant kringsetjing eller til å gje etter og godta vilkåra som den imperialistiske makta pålegg.
Dette mønsteret spelar seg ut gjennom det tjuande hundreåret. Folk i periferien kjempar for å ta attende suvereniteten, for å omorientere ressursane og arbeidet sitt mot nasjonal utvikling, for å byggje infrastrukturen og dei industrielle programma som gjer dei til herrar over sin eigen lagnad. Men kvar gong det finst eit forsøk på å ta attende suvereniteten – anten gjennom makt eller gjennom eit økonomisk program for nasjonalisering og utvikling – finst det alltid ei kontrarevolusjonær rørsle frå imperialismen for å motsetje seg slike forsøk. Iran er eit konkret døme: i 1953 prøvde Iran å nasjonalisere olja si for å skape vilkåra for å overvinne avhengnaden. Eit statskupp vart pålagt. Revolusjonen i 1979 var eit forsøk på å ta attende kontrollen over landets nasjonale ressursar. Då det militære alternativet – proxykrigen som Irak førte mot Iran – ikkje lukkast i å gjeninnføre militærmakt, vendte USA seg til sanksjonar, og søkte å kontrollere periferien gjennom økonomiske middel.
Poenget er at imperialismen ikkje berre er sjølvdrivande; han svarar også på klassekamp på verdsbasis. Sanksjonar vert innførte ikkje for sin eigen del, men for å innehalde frigjeringskampar og forsøket på å ta attende substansiell suverenitet over ressursar. Viss statar som Iran eller Cuba godtek ein nykolonial status, vil dei ikkje verta utsette for konstant krig og sanksjonar – men dei vil heller ikkje vere suverene.
Klassegrunnlaget for suverenitet
Det er ein andre komponent i spørsmålet om imperialisme og klassekamp. Etter kvart som statar i periferien freistar å ta attende suvereniteten, finn det også stad klassekampar innanfor desse statane. Det koloniserte territoriet er ikkje samansett av ei einskild klasse: det finst comprador-elitar, spirende borgarskap, handelsklasser, arbeidarar og bønder. Kva er tilhøvet mellom desse interne klassemotsetnadene og forsøket på å ta attende suvereniteten?
Lenin argumenterte i tesen sin om dei nasjonale og koloniale spørsmåla at det kan vera naudsynt å alliere seg med borgarskapet i periferiane, fordi overvinninga av det koloniale og imperiale tilhøvet må kome fyrst, og proletarrevolusjonen kan fylgje etter. Dette gjev meining som ein måte å tenkje på imperialismen som den primære motsetnaden, med andre motsetnader som sekundære inntil dei seinare vert primære. Men som Fanon og Amin argumenterte, treng ein faktisk, for å oppnå suverenitet, ein bonde-sentrert antiimperialistisk, antikolonial revolusjon – ein der klassemakta ligg hos bondestanden og arbeidarklassane, jamvel om borgarskapet ikkje beint fram vert avskaffa. Ressursane for nasjonal utvikling må resirkulerast attende til landet, og produsere ei meir universell form for utvikling – ikkje ei som utviklar borgarskapet gjennom nykoloniale tilhøve, men ei som utviklar heile landet. Det er eit tilhøve mellom klassegrunnlaget for avkolonisering og antiimperialisme og den faktiske oppnåinga av røynleg suverenitet: bygginga av ein sterk stat som er naudsynt for å kjempe mot imperialismen, i rørsle saman med med folkelege rørsler og kampar på bakken.
USA-imperialismen i dag
Etter den andre verdskrigen omforma imperialismen seg til det Amin kallar kollektiv imperialisme. USA etablerte seg som den fremste imperialistmakta, med Europa og Japan – det Amin kallar “triaden” – som underordna makter. Europa og Japan gav etter fordi dei trong USA sin leiarskap til å styre og kontrollere framvoksteren til land i Sør i avkoloniseringsæraen. USA-imperialismen verkar difor på to frontar: etablering av nykolonialisme over periferiane medan han opprettheld kontrollen over Europa og Japan. Ein nøkkelmekanisme er kontrollen over straumen av energi inn og ut av Europa, som opprettheld Europa si avhengnad av USA og held det i tømmane.
USA-imperialismen oppstår ogso i avkoloniseringsæraen og konsoliderer seg vendt mot eit særskilt sett av utfordringar. USA har ikkje tilgang til koloniar på den måten britane hadde; det må rekonstruere systemet av imperialisme på dei nykoloniale vilkåra som Nkrumah skildrar. Ein nøkkelkomponent er tilhøvet som vert etablert mellom olje og dollar – koplinga av kjøp av olje på den internasjonale marknaden til den USA-amerikanske dollaren. Viss vi tenkjer på Lenin sin analyse av tilhøvet mellom bankkapital og industrikapital, kan vi utvide den til makta til den USA-amerikanske dollaren, grunna på bandet dollaren har til olje, tilhøvet mellom USA og Saudi-Arabia, og USA sin kontroll over Vest-Asia. Dette genererer ei finansiell makt som USA nytta seg av for å gjeninnføre avhengnadstilhøve på Sør etter 1970-åra.
Med fallet til Sovjetunionen kunne USA påleggje enno større avhengnad. Men to utfordringar mot USA-imperialismen, ofte underobserverte, vart sette i gang i 1980- og 1990-åra. Kina utgjorde ei utfordring mot det økonomiske beinet i USA-imperialismen; Den islamske republikken Iran, og seinare Russland, utgjorde ei utfordring mot det militære beinet. I dag er det som står på spel i Vest-Asia og utanfor, USA sitt forsøk på å gjeninnføre det militære og økonomiske grunnlaget for sin imperialistiske orden.
USA rettar seg mot Kina fordi Kina har utfordra den finansielle makta til USA sin monopolfinans-kapitalisme ved å tilby statar i det globale sør tilgang til kapital og overskot på måtar som bryt dei ut av avhengig utvikling. I Vest-Asia har militærmakta som USA etablerte olje-dollar-tilhøvet gjennom – gjennom sine sionistiske og saudiarabiske proxyar – vorte fundamentalt utfordra av Den islamske revolusjonen i Iran, av Hizbollah, av Ansar Allah i Jemen. Noko eksistensielt står på spel for USA i å gjenopprette overveldande militær dominans, noko USA freista å demonstrere mot Iran – men har vore ute av stand til å gjere.
Det vi ser i den antiimperialistiske kampen, er ei samankopling mellom desse militære og økonomiske utfordringane. Iran si evne til å stå imot sanksjonar er knytt til Kina si evne til å tilby Iran økonomisk djupne og ein økonomisk arkitektur som gjer at det kan overvinne sanksjonar. Kina si evne til å halde fram med sitt økonomiske program er ikkje utan samband med Iran si evne til å stå imot USA-imperialismen militært i Vest-Asia frå 1980-åra til i dag, eller med Russland si evne til å hindre projiseringa av USA-militærmakt ved grensene sine. Som den kinesiske utanriksministeren nyleg sa: nederlaget til Russland er noko Kina ikkje kan tillate – det ville vera ein katastrofe jamvel for det kinesiske utviklingsprosjektet.
Den palestinske kampen, inkludert al-Aqsa-flaumen, er ikkje berre eit spørsmål om avkolonisering. Det er ein antiimperialistisk komponent, ein geopolitisk dimensjon i den palestinske kampen for å overvinne måten sionismen har halde monopol på militærmakt i regionen. Det er ei utfordring mot det USA-amerikanske imperialistiske systemet i vidare forstand. USA freistar å motverke det kinesiske prosjektet med å integrere Iran i regionen, med å presse det kinesarane kallar ein “utviklingsfred” over det globale sør. Det freistar å byggje ein India-Midt-Austen-korridor for å skjere Kina ut. Og bekymringa til statar som Kina og Iran er å etablere så mykje suveren makt som mogleg – å overvinne avhengnad utan å søkje å replikere dominansesystemet. Deira fremste bekymring er suveren utvikling, men utfordringa dei står andsynes, er at suveren utvikling ikkje lenger kan tryggjast utan inngrep på internasjonal skala: å byggje ut ein alternativ økonomisk og militær arkitektur for å forsvare desse vinningane. Dette er grunnen til at Kina talar om å halde på dei avgjerande knutepunkta i økonomien, i KI og teknologisk utvikling: ikkje av eit ynskje om å dominere på vestleg vis, men for å overvinne avhengnad. Folk kan ha relevante og rettmessige kritikkar av Kina; den uttalte bekymringa deira er likevel suveren utvikling – og same logikk gjeld Iran og Jemen.
Dette essayet byggjer på føredraget som Bikrum Gill heldt for andre økt i læreplanen til Folket sitt akademi [People’s Academy]. Du kan få heile programmet – inkludert det innspelte føredraget – ved å melde deg på Folket sitt akademi.
Henta frå: https://progressive.international/blueprint/a82e56c6-5ba0-4ff7-84aa-85bb80053c86-gill-imperialism--then-and-now/en/


