Jens Stoltenberg sin globale visjon fremjer konflikt, militarisering og historisk gløymsle
Av Owen Schalk (frå https://canadiandimension.com/articles/view/jens-stoltenbergs-global-vision-encourages-conflict-militarization-and-historical-amnesia)
Den 10. juli publiserte NATO-generalsekretær Jens Stoltenberg ein artikkel i Foreign Affairs med tittelen “Eit sterkare NATO for ei farlegare verd”. Artikkelen kom ut éin dag før NATO-toppmøtet i Vilnius, og den står som ei erklæring om formålet med verda, meint å ramma inn dei store spørsmåla som skulle diskuterast i Litauen: nemleg moglegheita for at Ukraina blir medlem av NATO, medlemskapet til Finland og Sverige, NATO sitt aukande nærvær i Asia og tanken om at NATO-alliansen er heilt reaktiv – og at alle globale spenningar vert drivne fram av Russland i Eurasia og Kina i det såkalla “Indo-Stillehavet”.
Stoltenberg sine argument er so fråkopla røynda at dei ville vore komiske om dei ikkje hadde leia til auka sannsyn for militær konfrontasjon over heile verda. Artikkelen hans er ein gjentaking av den overmodige militarismen som alltid har drive NATO, men som har blitt forsterka av Russland sin invasjon av Ukraina og Kina sin økonomiske oppgang.
NATO utvidar massivt sin militære infrastruktur i Europa og utover. Alliansen sitt leiarskap ser ut til å vera innstilt på å grunnfesta sitt militære nærvær og tryggleiksalliansar rundt grensene til Russland og Kina, handlingar som Moskva og Beijing ser på som aggresjonar. Samtidig leier ikkje-vestlege økonomiske alliansar som Shanghai Cooperation Organization (CSO) og BRICS an i å de-dollarisere verdshandelen og oppmuntra til meir samarbeid mellom statar i det globale sør.
Ettersom sentrum av verdsøkonomien flyttar seg austover, ser forsøka frå USA-regjeringa på å behalda sin globale hegemoni, inkludert gjennom den Washington-kontrollerte NATO-alliansen, stadig meir uansvarlege ut. Den kamplystne tonen på Vilnius-toppmøtet og generalsekretær Stoltenberg sin globale visjon om ein Vesten som ikkje kan gjera noko gale, borgar dårleg for både fred i Ukraina og moglegheita for å unngå militær konflikt andre stader.
Ved å etterlikna Joe Biden si barnslege tese om at verda er delt inn i demokrati (dvs. Vesten og allierte) og autokrati (Russland, Kina og allierte), skuldar Stoltenberg heilt den russiske regjeringa for all destabilisering i Aust-Europa, inkludert separatistopprøra i Ukraina sitt Donbass i 2014. Han påstår at Putin snart kan angripa eit NATO-land, utan å gje eit fnugg av prov eller forklara korleis Russland, som ikkje har klart å presse seg gjennom det ukrainske militæret, kunne ta på seg Polen eller Baltikum samstundes.
Naudsynet av å takle klimaendringane vert nemnt ein gong i Stoltenberg sin artikkel, og det er uærleg, sidan heile stykket er gjennomsyra av glede over at USA, Canada og europeiske nasjonar aukar militærutgiftene og dermed pumpar meir utslepp frå fossilt brensel ut i atmosfæren. NATO-medlemmenes forplikting til å nytte to prosent av BNP på militæret er allereie skandaløs, men ifølgje Stoltenberg er to prosent ikkje i nærleiken av nok. “Dette talet bør vera ein grunn å byggja på,” skriv han, “ikkje eit tak å nå … Å førebyggja aggresjon i dag er mindre kostbart enn å kjempa ein krig i morgon.”
Ved å auka militærutgiftene medan dei strekkjer den sokalla “Nord-Atlantiske” alliansen inn i Aust-Europa og Stillehavs-Asia, aukar NATO-leiarane sannsynet for krig, tilsynelatande på oppfordring frå ein forfallande hegemon som har ein uunngåeleg nedgang.
I mellomtida er den globale visjonen som Stoltenberg fremjar for å rettferdiggjera militarismen så flatt latterleg at den ikkje skulle fortent tilbakevising – bortsett frå at den må tilbakevisast, av di det er det same verdssynet som leiarar i NATO-land som USA og Canada ogso talar for.
Ifølgje Stoltenberg er vestlege nasjonar skyldfrie for all konflikt med og involvering av Russland sidan slutten av den kalde krigen, inkludert i Georgia (der president George W. Bush oppmuntra Mikhail Saakashvilis anti-Russland-politikk og forlét han då krigen braut ut), Syria (der USA sendte $ 1 milliard i våpen til anti-Assad-opprørarar og tillét ISIS å veksa for å få innflytelse over Assad) og Ukraina (der USAs og NATOs involvering mellom 2014 og 2022 auka spenningane med Russland enormt).
Stoltenberg hevdar at Russland ikkje hadde materielle omsyn for å starta eller delta i krigar i Tsjetsjenia, Georgia, Syria, Ukraina og andre stader. I staden skriv han at Putin personleg har ein djup aversjon mot “fridom og demokrati”, og det er denne forakta for antekne vestlege verdiar som fører Russland til å føra krig. Ifølgje Stoltenberg ynskjer Putin “ein verden der store statar dikterer kva naboane deira gjer. Dette set han i konstant konfrontasjon med NATOs verdiar og internasjonal lov.”
Dette er kanskje Stoltenbergs mest latterlege utsegn. Det er basert på ein historisk gløymsle så altomfattande at ein rett og slett ikkje kan akseptere at han trur på det han skriv.
Berre i fjor, då USAs regjering kjempa i Ukraina mot “ein verden der store statar dikterer kva naboane deira gjer”, røysta FNs generalforsamling 185 til to for å fordømma USAs 60-årige blokade av Cuba, som ulovleg har fråteke den cubanske regjeringa $ 150 milliardar og ført til medisin- og matmangel og migrasjonskriser som har drepe eit uttal cubanarar.
Frankrike, eit anna NATO-medlem, har utøvd nykolonial innflyting i Vest-Afrika sidan desse statane sikra nominell uavhengigheit. Det franske finansdepartementet kontrollerer framleis CFA-francen, valutaen til mange vestafrikanske nasjonar, noko som tyder på at pengepolitikken til vestafrikanske statar blir administrert i Europa (sjølv om det no er innsats i Vest-Afrika for å erstatta francen med “eco”, ein suveren valuta). Franske politiske vedtak andsynes dei mindre nasjonane i Vest-Afrika avgrensar desse nasjonanes suverenitet, regionale integrasjonsforsøk, økonomisk og industriell utvikling og forsøk på fattigdomsreduksjon.
NATO-medlem Canada har i mellomtida ei lang historie med å blande seg inn i saker i latinamerikanske og afrikanske statar då dei forsøker å utøva større kontroll over sine mineralressursar, inkludert i Kongo og Tanzania.
Canada og USA har forsøkt å styrte den valte venezuelanske regjeringa, ein annan “liten nabo”, og rulle attende den økonomiske og politiske suvereniteten Venezuela har oppnådd under Bolívar-revolusjonen.
På same måte har Canada, USA og europeiske nasjonar gjentatte gonger invadert og okkupert Haiti, inkludert for å styrte sin valte president Jean-Bertrand Aristide i 2004. Det er for tida snakk om å sende ei multinasjonal styrke for å okkupere øya ein gong til.
Stoltenberg ignorerer også den ulovlege amerikanske invasjonen av Irak, ein av det 21. hundretalet sine verste forbrytingar, som drap hundretusenvis av irakarar. Totalt sett resulterte dei USA-leia post-9/11-krigane i dødsfalla til 4,5 millionar menneske medan ytterlegare 38 til 60 millionar blei fordrivne. I land påverka av den USA-leia “krigen mot terror” er det anslått at 7,6 millionar barn lid av akutt underernæring. Tydelegvis er desse detaljane ikkje viktige for NATO sin generalsekretær.
Det som kanskje er mest iaugefallande er at Stoltenberg ikkje tek seg tid til NATO-bombingane av Serbia og Libya, som direkte påverka tenkinga til det russiske leiarskapet. Særleg hadde NATO sin bombing av Serbia, ein nær russisk alliert, og avgjerda om å anerkjenne Kosovo sitt sjølvstende utanfor rammene av internasjonal lov ein merkbar innverknad på Moskva sin haldning til Vesten. “Kosovo-presedensen” – dvs. ein nasjon (eller nasjonar) ignorerer internasjonal lov for å anerkjenne sjølvstendet til ein utbrytarregion i ein annan nasjon – påverka Russland sin avgjerd om å anerkjenne Sør-Ossetia og Abkhasia, to separatistregionar som Georgia gjer krav på.
I 2022 refererte Putin til Kosovo-presedensen då han anerkjente uavhengigheita til Donetsk og Luhansk i forkant av invasjonen av Ukraina. “Veldig mange land i verda gjorde dette, inkludert våre motstandarar i Vesten, med omsyn til Kosovo,” sa Putin. “[Det er] eit faktum at veldig mange statar i Vesten anerkjente det som ein uavhengig stat. Vi gjorde det same med omsyn til republikkane i Donbas.”
Når det gjeld europeisk våpenkontroll, skuldar Stoltenberg Putin fullstendig for å “demontera den internasjonale våpenkontrollarkitekturen”, og ignorerer det faktum at det var Donald Trump som trakk seg frå Intermediate-range Nuclear Force (INF)-traktaten med Russland so vel som Open Skies-traktaten.
Stoltenbergs historiske gløymsle strekkjer seg også til Asia, der han hevdar at Kina “trugar naboane sine og mobbar andre land” medan dei prøver å “ta kontroll” over forsyningskjeder og infrastruktur i vestlege nasjonar – ignorerer dei stadig meir provoserande militære øvingane til USA og allierte i regionen. Han lovprisar det faktum at “våre Indo-Stillehavs-partnarar”, inkludert Australia, New Zealand, Sør-Korea og Japan, vart inviterte til Vilnius for å styrke sitt militære samarbeid med NATO, truleg for å leggja meir press på Kina, same kva konsekvensane av ein slik politikk kan verte.
Og, kanskje mest uforsiktig, erklærer Stoltenberg at “Ukraina vil bli medlem av NATO”, eit løfte som dei faktiske medlemsstatane ser ut til å vere mindre ivrige etter å forfølge, gjeve det faktum at Ukraina enno ikkje har vorte ynskt velkomen inn i alliansen. Sjølvsagt ville ukrainsk medlemskap i NATO utvide omfanget av Ukraina-krigen til å inkludere resten av Europa, ettersom, ifølgje artikkel 5 i Nord-Atlanterhavspakten, eit angrep på eitt medlem vert rekna som eit angrep på alle medlemmar.
Det globale synet som Stoltenberg gjev uttrykk for i sin artikkel i Foreign Affairs oppmuntrar til konflikt og militarisering i Europa og Asia, samtidig som det fremjar eit fantastisk bilete av vestleg velvilje som ikkje har noko grunnlag i røynda. Artikkelen orsakar kvar valdeleg og ulovleg handling utført av USA og deira NATO-allierte sidan slutten av den kalde krigen, for å få Russland sin invasjon av Ukraina til å sjå ut som ein krigsforbring av særskild kriminalitet og omfang. Ved å gjere dette rettferdiggjer Stoltenberg den massive auka i militærutgifter som skjer under hans periode som NATO-leiar, på den ugrunna påstanden om at eit krigsgal Russland snart kan angripe ein fullverdig medlemsstat.
Meir generelt syner Stoltenbergs artikkel at den vestlege verda vil halde fram med å hevde sin leiande posisjon [primacy] ikkje berre i Europa, men også i Asia, trass i det klare ønsket i det meste av den globale sør om å bygge handels- og militæralliansar utanfor vestens diktat. Stoltenbergs artikkel handlar dermed om meir enn Russland og Ukraina. Det handlar om nedgangen til USA og deira allierte, som på dette tidspunktet ikkje kan nektast for, og dei desperate forsøka frå Washington og deira vasallar for å halde fast ved deira globale dominans.
I Vilnius legg NATO fram ein agenda for Ukraina, men også ein plan for verda, som grunnleggjande sett er basert på ei avvising av historisk kunnskap og ei nekting av dagens røyndomar. Gitt at argumenta til fordel for vestleg overlegenheit er så lite overtydande, er det lett å sjå kvifor det meste av verda ynskjer større suverenitet, og kvifor NATOs einaste svar på dei skiftande tidevatna av global makt er å skryte og militarisere.