Kor populært er eit økososialistisk skifte? Ny studie syner sterk støtte
Av Jason Hickel
Kor populært er eit økososialistisk skifte? Vi utforska dette spørsmålet i ei ny studie, nyleg publisert i The Lancet Planetary Health, saman med kollegaer ved London School of Economics.
Vi spurde meir enn 5000 personar i Storbritannia og USA, med representative utval og to ulike studieoppsett. Vi presenterte eit heilskapleg framlegg for ei økososialistisk omvending, som omfatta dette:
å skalere ned skadeleg og unaudsynt produksjon og forbruk
å redusere kjøpekrafta til dei rike og minske ulikskap
å innføre universelle offentlege tenester og ein offentleg jobbgaranti for å omorganisere produksjonen kring behov
å demokratisere kontroll over finans og produksjonsmiddel
å avslutte imperialistisk tileigning frå den globale Sør gjennom ulik bytteverdi
Vi fann at denne visjonen har sterk støtte frå majoriteten i båe landa. I USA hadde den støtt frå 72 % av befolkninga, og i Storbritannia var støtta enno høgare — heile 82 %. Dette er slåande resultat, og stadfestar andre studiar som syner støtte til mange av prinsippa og politikken knytta til økososialismen.
Dinest ynskte vi å forstå korleis folk reagerer på ulike merkelappar som kan nyttast om denne omvendinga, så vi presenterte enkle omgrep som “nedvekst” (“degrowth”), “økososialisme” og “velferdsøkonomi” utan nærare forklaring. Her skal eg syne resultata for Storbritannia, men funna for USA er like.
Vi fann at “nedvekst” hadde støtte frå 20–26 %, avhengig av studien, men fekk òg mykje motstand (16–34 %). “Økososialisme” hadde høgare støtte, på 36–58 %, og mykje lågare motstand (11–16 %).
“Velferdsøkonomi” [Well-being economy] hadde enno høgare støtte (51–81 %) og svært lita motstand (meir om dette seinare).
I siste steg gav vi folk det heilskaplege framlegget, men denne gongen saman med dei ulike merkeorda. Dette gjorde at vi kunne sjå om og korleis bruk av ulike merkeord påverkar støtta. Vi fann at støtta var høg uansett merkeord, med sterke fleirtal: 67–72 % i USA og 74–84 % i Storbritannia.
Kva kan ein so trekkje ut av dette? For meg er hovudpunkta desse:
Fyrst: Den omdannande visjonen og politikken som økososialismen fremjar, er populære og kan danne grunnlag for ein vinnande politisk kampanje. Den vanlege oppfatninga at desse ideane er for “radikale” og ikkje kan få støtte, er tydeleg feil. Folk vil ha desse tinga, og vil truleg støtte politiske leiarar som på ein truverdig måte kan love å gjennomføre dei. Det største hindret for omvending er ikkje folket si vilje, men kapitalistklassen som i dag held den rådande makta over produksjonen og i dei politiske institusjonane.
For det andre: Nokre tankar om ordet “nedvekst”, som var hovudfokus for denne studien. Resultata våre syner at mykje av motstanden mot (eller nøytraliteten til) nedvekst kjem av misforståing av omgrepet, ikkje avvising av dei underliggjande prinsippa og politikken som ligg bak.
Nedvekst er eit avgjerande analytisk og vitskapleg omgrep, og vi treng det for desse føremåla. Talsmenn peiker òg på at det er eit “missilord” som er nyttig for å få folk til å tenkje seg om att kring veletablerte førestillingar. Dette kan vere kraftfullt. Men omgrepet kan vere mindre nyttig som ein offentleg politisk slagord, ettersom det — avhengig av samanhenga — ofte vert misforstått og kan vekkje negative reaksjonar. Med mindre ein har høve til å undervise folk om kva omgrepet tyder og kva slik omvending ville innebere.
For det tredje: Omgrepet økososialisme er vesentleg meir populært og kan skape breiare politisk støtte. Vi var overraska over å finne at opptil 58 % av folk i både Storbritannia og USA var viljuge til å støtte økososialisme, sjølv dei bedårre vart presenterte for ordet åleine. Vi testa ikkje reaksjonane til folk på tilknytte omgrep som “sosialisme” eller “demokratisk sosialisme”, men det kunne vore interessant.
Kva med “velferdsøkonomi”? Det er populært og tydeleg nyttig i visse samanhengar, men det er òg upolitisk og kan lett verta overtatt og nøytralisert. For meg er det viktig å vere tydeleg på den politiske motstanden som står på spel: Omvendinga krev at ein fjernar kapitalistklassen frå kontroll over finans og produksjonsmiddel. Dette er ein klassekamp. Økososialisme fangar dette elementet, medan andre omgrep kan fungere like godt eller betre for dette føremålet.
I grunnen syner denne studien at vi ikkje med naudsyn treng å identifisere og sameine oss kring eitt enkelt omgrep. Det som tyder noko, er den breiare visjonen, den politiske substansen og dei konkrete politikkane vi fremjar.
Og sjølvsagt er det viktig å hugse at kampen ikkje består i å velje rett terminologi og innramming. Den består i å bygge makt. Det er hovudmålet og må ha høgste prioritet.
Henta frå: jasonhickel.substack.com/p/how-popular-is-ecosocialist-transformation



