
Motvekst-tilnærminga
Arman Spéth: Motvekst aukar oppslutninga. Dei siste åra har fleire internasjonalt anerkjente publikasjonar kome ut som talar til fordel for den økososialistiske motvekst-tilnærminga. Tidsskriftet Monthly Review, der du er redaktør, har nyleg adoptert denne tilnærminga i deira spesialutgåve for juli-august 2023, “Planned Degrowth: Ecosocialism and Sustainable Human Development.” Kva er motivasjonen bak dette, og korleis forklarer du populariteten til venstreorienterte motvekst-tilnærmingar?
John Bellamy Foster: Sjølv om “motvekst” som ein term fyrst nyleg har vorte populær, er ikkje ideen ny. Sidan minst mai 1974 har Monthly Review, starta av Harry Magdoff og Paul M. Sweezy, klårt og tydeleg insistert på at vekstgrensene er røynlege, på behovet for å avgrense eksponentiell akkumulering, og på naudsynet av å etablere ein konstant økonomi generelt (som ikkje ignorerer behovet for vekst i dei fattigare økonomiane). Som Magdoff og Sweezy sa den gongen, “i staden for ein universell kur, syner det seg at vekst i seg sjølv er ein årsak til sjukdom.” For å “stoppe veksten,” argumenterte dei for at det var naudsynt med “omstrukturering [av] eksisterande produksjon” gjennom “sosial planlegging.” Dette var knytt til ein systematisk kritikk av den økonomiske og økologiske sløseriet under monopolkapitalismen og av bortkastinga av det sosiale overskotet.
Magdoff og Sweezy si analyse gav ein sterk impuls til marxistisk økologi i USA, særleg innanfor områda av miljøsosiologi og økologisk økonomi, til dømes i Charles H. Anderson sin The Sociology of Survival: Social Problems of Growth (1976) og Allan Schnaiberg sin The Environment: From Surplus to Scarcity (1980). So “motvekst” er på den måta ikkje ny for oss, det er ein del av ein lang tradisjon, som strekkjer seg over eit halvt hundreår. Vår “Planned Degrowth”-utgåve søkte berre å utvikle denne argumentasjonen vidare under konfliktane som i vår tid har vorte djupare.
Sjølv om Monthly Review lenge har insistert på behovet for at dei rike landa skal gå i retning ein økonomi av null netto kapitaldanning, har denne problemstillinga no vorte meir presserande. Termen “motvekst” har vekkja folk til det den miljømessige marxismen har sagt svært lenge. Det har vorte naudsynt å gje eit meir presist svar på kva dette tyder. Det einaste moglege svaret er det redaktørane i MR gav for eit halvt hundreår sidan. Nemleg at det er to sider av spørsmålet. Den eine er den negative sida med å stoppe vekst som ikkje er berekraftig (målt i BNP). Den andre er den meir positive sida, å promotere ein planlagd sosial respons på kapitalakkumulasjonsregimet. Vår “Planned Degrowth”-utgåve søkjer å understreka denne meir positive responsen, ein som berre økososialismen kan tilby.
For økososialisme er ideen om motvekst — sjølv om det er anerkjent som naudsynt i dei meir utvikla økonomiane i vår tid, der økologiske fotspor per innbyggar er større enn det planeten som ein stad for menneskeleg opphald kan støtte — alltid sett på som éin del av ein økososialistisk overgang, og ikkje i seg sjølv essensen i den overgangen. Ein motvekst-sti, i den grad det er ein av akkumulasjonsreduksjon, går direkte imot den indre logikken til kapitalismen, eller kapitalakkumulasjonssystemet. Faktisk skreiv eg ein artikkel i januar 2011 som heiter “Capitalism and Degrowth: An Impossibility Theorem.” Kampen sin natur inneber at vi må gå imot kapitalakkumulasjonens logikk sjølv om vi eksisterer i den. Dette er revolusjonen sin historiske karakter, drive fram av absolutt naudsyn. Kampen for menneskeleg fridom og kampen for menneskeleg eksistens er no ein og det same.
Tilhøvet mellom motvekst og økososialisme er mest beint fram uttrykt av Jason Hickel i ein artikkel med tittelen “The Double Objective of Democratic Ecosocialism” i september 2023-utgåva av Monthly Review: “Motvekst ... er best forstått som et element innanfor ei breiare kamp for økososialisme og anti-imperialisme.” Det er naudsynt i høve til dagens tilstandar i dei rike, imperialistiske kjernelanda i den kapitalistiske økonomien, men ikkje ein universal kur og ikkje eit tilstrekkeleg grunnlag i seg sjølv for å definere økososialistisk endring.
Juli-August 2023-utgåva av Monthly Review handla om “Planned Degrowth”, men vektlegginga i utgåva var på å bringe planlegginga inn i våre økologiske problem på ein meir generell måte. Innafor økososialisme er motvekst berre ein realistisk anerkjenning av samtidige imperativ sentrert i dei rike økonomiane med dei enorme økologiske fotavtrykka deira, medan ein legg meir vekt på økososialistisk planlegging enn på motvekst-kategorien i seg sjølv.
Ein del av populariteten til termen “motvekst” er fordi den så klart tilbyr ein anti-kapitalistisk tilnærming og ikkje kan bli kapra [co-opted] av systemet slik så mykje anna. Men den overordna tilnærminga til økososialisme kan ikkje berre artikulerast i negative termar, som det reine vrengebiletet til kapitalistisk vekst. Heller trengs han å sjåast som ein transformasjon av sosiale relasjonar og produksjonsmiddel, gjennomført av dei assosierte produsentane.
AS: I sin bestseljande bok Slow Down (2024), hevdar Kohei Saito å ha oppdaga eit “epistemologisk brot” — ein stor transformasjon i Karl Marx sin tenking i dei siste åra av livet hans. Marx, hevdar han, hadde blitt ein “motvekst-kommunist” og forkasta sitt “progressive syn på historie”, det vil sei, forlate ideen om utviklinga av produksjonskrefter som drivkrafta i menneskehandelshistoria. Kva tykkjer du om dette? Korleis heng motvekst-tilnærminga di saman med din forståing av historisk materialisme?
JBF: Saito sin tidlegare bok, Karl Marx’s Ecosocialism, var ein verdifull arbeid. Men i hans nyare arbeid, som inkluderer Slow Down og Marx in the Anthropocene (2022), tek han feil då det gjeld dei viktigaste tesane han fremjar med omsyn til Marx — sjølv om ideen til motvekst-kommunisme, vurdert i meir generelle termar, er viktig.
Det er sant at Saito har reist nokre grunnleggjande spørsmål. Men det er svært lite som er nytt i argumentet hans. Den marxistiske økologien har lagt vekt på Marx sin teori om metabolsk rift i eit kvart hundreår. Det faktum at Marx forsvarte det som har blitt kalla “berekraftig menneskeleg utvikling” har vorte fremja i heile den perioden av Paul Burkett, meg, og mange andre. Dessutan har det lenge vore understreka at grunnlaget for dette i Marx sin arbeid var å finne i Kritikken av Gothaplanen og brevet (og utkast til brev) til Vera Zasulich — dei same kjeldene som Saito i stor grad nyttar då han hevdar at Marx omfamna motvekst-kommunismen. Sjølv fokuset innanfor marxistisk økologi på bidraga til Georg Lukács og István Mészáros, i så måte, er minst eit tiår gamalt.
Kva som kan vurderast som nytt i Saito sitt siste arbeid er ikkje substans, men form, saman med den overdrivne karakteren til argumentet han no fremjar, som krev at han forkastar mykje av sin eigen tidlegare analyse i Karl Marx's Ecosocialism. I hans nye verk introduserer Saito ideen at Marx heilt forlate produktivisme/Prometeisme, som skal ha dominert Marx sin tenking, i det minste i latent form, so seint som i 1867 og publiseringa av Kapitalen. Saito karakteriserer Marx si bok Kapitalen som eit overgangsarbeid som inkorporerte ein økososialistisk kritikk medan han ikkje enno fullstendig hadde overvunne historisk materialisme, som Saito sjølv identifiserer med produktivisme, teknologisk determinisme og eurosentrisme. Berre i 1868, får vi vite, engasjerte Marx seg i ein epistemologisk brot, og avvisa utvidinga av produksjonskreftene heilt, saman med historisk materialisme, då han blei ein “motvekst-kommunist”.
Det er to grunnleggjande problem med dette. For det fyrste, er Saito ikkje i stand til å gje eitt enkelt fnugg av prov for at Marx i sine siste år var ein motvekst-kommunist i denne forstand, ein som avviste utvidinga av produksjonskrefter. Heller ikkje, for den saks skyld, kan Saito gje prov på at Marx var prometeansk og eurosentrisk i sitt modne arbeid på 1860-talet (eller til og med før det), i den grad prometeismen vert forstått som produksjon for produksjonens skuld og eurosentrismen som tanken om at europeisk kultur er den einaste universell kulturen. Det er absolutt ingenting som støttar slike påstandar. Det velkjente faktumet at Marx såg kollektivistiske/egalitære moglegheiter i den russiske bondekommunen (mir) er i tråd med hans generelle syn på berekraftig menneskeleg utvikling. Men dette er inga rettferdiggjering for å hevde at han meinte at ein revolusjon i det russiske tsarriket, framleis ein veldig fattig, om underutvikla og hovudsakleg bondepreget land, kunne skje utan utvidinga av produksjonskrefter.
For det andre, er biletet av Marx som ein motvekst-kommunist ein historisk anakronisme. Marx skreiv på ei tid der industriell kapitalisme berre eksisterte i eit lite hjørne av verda, og, sjølv då, var transporten i London, på sentrum av systemet, framleis i hest og kjerre-stadiet (utan å avskriva jernbanen). Det var ingen måte han kunne ha førestilt seg den globaliserte økonomien [full-world economy] i dag, eller meininga som “motvekst” har teke på slutten av det tjuande og tidleg på det tjueførste hundreåret.
Saito sin analyse i hans nyaste verk er difor nyttig hovudsakleg i kontroversen han har skapt, og i den fornya fokuset på desse spørsmåla som hans arbeid har gjeve. I prosessen, har han indirekte hjelpt oss framover. Men det er viktig å nytte Marx sin metode då ein analyserer dei endra historiske vilkåra i dag, og Saito si forkasting av historisk materialisme er ikkje til hjelp ikkje i so måte.
AS: Du nyttar omgrepa “motvekst” og “av-akkumulasjon” om kvarandre. Kan du forklare kva som bind desse omgrepa i ditt syn?
JBF: “Motvekst” er eit ullent omgrep, som “vekst” i seg sjølv. Det sistnemnde reflekterer (ofte irrasjonelt) måten BNP blir rekna ut på under kapitalisme, som utvidar normal kapitalistisk bokføring, basert på eit system av utnytting, på nasjonalt og til og med globalt nivå. Det verkelege spørsmålet er null netto kapitaldanning, med andre ord å innføre ein prosess med av-akkumulasjon. Dette har vore forstått lenge av marxistiske økologiske økonomar, samt andre, ikkje-marxistiske økologiske økonomar, som den avdøde Herman Daly. Vekst, som Marx sine reproduksjons-skjema demonstrerer, er basert på netto kapitaldanning. Å anerkjenne dette er å understreke at det er systemet med kapitalakkumulasjon som er problemet.
AS: Tanken om “planlagd vekstnedgang” er sentral i dine refleksjonar. Kan du forklare nøyaktig kva du meiner med dette og korleis "planlagd vekstnedgang" skil seg frå andre tilnærmingar til vekstnedgang?
JBF: Eg trur ikkje det er noko komplisert ved dette. Vekstnedgang, og berekraftig menneskeutvikling meir generelt, kan ikkje skje utan planlegging, som gjer oss i stand til å fokusere på ekte menneskelege behov og opnar opp alle slags nye moglegheiter som er blokkerte av det kapitalistiske systemet. Kapitalismen fungerer ex post, gjennom marknadsformidling; planlegging er ex ante, og tillèt ei enkel tilnærming til tilfredsstilling av behov, i tråd med det Marx kalla det “hierarkiet av... behov” i sine “Notatar om Adolph Wagner.” Integrert demokratisk planlegging som opererer på alle nivå av samfunnet er den einaste vegen til eit samfunn med substansiell jamlikskap og økologisk berekraftigheit og til menneskeleg overleving. Marknader vil framleis eksistere, men vegen framover vil i siste instans krevje sosial planlegging i områder av produksjon og investering kontrollert av dei tilknytte produsentane. Dette er særleg tilfelle i ei planetarisk naudsituasjon som i dag. Som eg har indikert, argumenterte Magdoff og Sweezy allereie i mai 1974 for at eit stopp i veksten var avgjerande i dei rike økonomiane, gjeve den planetariske økologiske krisa, men at dette måtte takast meir positivt opp i form av ei planlagd omstrukturering av produksjonen som heilskap.
Kritikarar av Vekstnedgangen
AS: I sin september 2023-artikkel i Jacobin, med tittelen “Living Together,” kritiserer Cédric Durand vekstnedgang-tilnærminga og skriv: “Avståinga frå ‘kapitalens produktive styrkar’ og den nedskaleringa av produksjonen ville resultere i ei avspesialisering av produktiv aktivitet, noko som ville føre til ein dramatisk reduksjon i arbeidskrafta si produktivitet og til sist eit fall i levestandarden.” Andre kritikarar, som økonomen Branko Milanovic, meiner, som han skreiv i “Degrowth: Solving the Impasse by Magical Thinking,”, publisert på sin Substack i 2021, at forkjemparane for vekstnedgang “engasjerer seg i halvmagisk og magisk tenking,” fordi dei ikkje kan innrømme at den tilnærminga dei forsvarar ville føre til eit tap av levestandard for det store fleirtalet av befolkninga. Korleis svarar du på desse kritikkane?
JBF: Durand og Milanovic ville hatt ein poeng om spørsmålet var om “kapitalistisk vekstnedgang,” som, som eg allereie har sagt, er eit umogleg teorem. Men dei endringane som trengs for å takle dagens miljø- og sosiale kriser, har å gjere med endringar i parametrane som definerer kapitalisme. Å prøve å kritisere vekstnedgang ved å insistere på at det vil redusere auka i “produktivitet”, målt etter smale kapitalistiske merverdi-terminer, er berre å ta for gjeve det ein skal forklare [beg the question]. Dei verkelege spørsmåla har alltid vore: produktivitetsauke til kva ende, for kven, til kva kostnad, kva krav til nivå av utnytting, og målt etter kva kriterium? Kva er meininga med auke i produktivitet i fossile brensel om det peikar på slutten på livet på jorda som vi kjenner det? Kor mange liv, som William Morris spurde på 1800-talet, har vorte gjort nyttelause sidan dei vart tvunge til å produsere unyttige og destruktive varer på stadig høgare nivå av “effektivitet”?
I tillegg er det berre ikkje sant at økonomisk vekst er naudsynt for produktivitetsforbetringar, om dette blir sett på i form av røynleg produktivitetsauke (auke i output per arbeidstimen), i motsetnad til auke i “produktivitet” målt berre som vekst i meirverdi til BNP, som er ei svært snever og misvisande — til og med sirkulær — oppfatning. Det er heilt mogleg å generere endelause kvalitative forbetringar i produksjonen, redusere arbeidstida per eining av produksjon, og dermed, å framover effektivitet, i ein kontekst av null netto kapitaldanning, særleg i eit sosialistisk orientert samfunn. I dette høvet ville produktivitetsforbetringane verte nytta til å tilfredsstille breie sosiale behov, heller enn for økonomisk ekspansjon for å gjer nokre få rikare. Dei ville primært vera retta mot nytteverdi. Arbeidstida kunne bli redusert. Det ville tyde at fordelane av produktiviteten ville bli delt og menneskelege kapasitetar generelt ville bli utvida.
AS: I boka si Climate Change as Class War: Building Socialism on a Warming Planet (2022) og i artiklane sine for Jacobin-magasinet, argumenterer Matt Huber eksplisitt mot ditt syn, og hevdar at løysinga på den økologiske krisa krev massiv teknologisk utviding. Korleis ville du svare på dette synet?
JBF: Jacobin er no den viktigaste venstre-sosialdemokratiske tidsskriftet i USA, og Huber sitt argument er utvikla i den retninga. Sosialdemokratiet, i motsetning til sosialisme, har alltid handla om ein “tredje veg” der dei uforsonlege skilnader mellom arbeid og kapital (i dag, også inkludert skilnadane mellom kapitalisme og jorda) kan verte forsona via middel som ny teknologi, auke produktivitet, regulerte marknader, formell organisasjon av arbeid, og den kapitalistiske velferds- (eller miljø-)staten. Grunnleggjande sett ville systemet vere uendra. Ideen er at sosialdemokratiet kan organisere kapitalismen betre enn liberalisme, ikkje at det vil gå mot kapitalismen sin fundamentale logikk. I boka si blandar Huber inn kapitalistisk økologisk modernisering i ei form som ikkje skil seg mykje frå liberal økologisk modernisering, som representert av Breakthrough Institute, men med tillegget, i hans høve, av organiserte elektriske arbeidarar. Dette perspektivet har stadig definert Jacobin si tilnærming til miljøsaker, som generelt har vore imot økososialisme og miljøvern i breiare forstand. Eg skreiv ein artikkel med tittelen “The Long Ecological Revolution” i Monthly Review i november 2017, som utfordra Jacobin si sterkt økomodernistiske tilnærming i denne samanhenga, som har inkludert bidrag av forfattaren Leigh Phillips, som i boka si Austerity Ecology and the Collapse-Porn Addicts (2015), gjekk so langt som å foreslå at “planeten kan halde opptil 282 milliardar menneske ... ved å bruke alt land[!]” og andre liknande absurditetar.
I ein artikkel som Huber skreiv i lag med Phillips i Jacobin i mars i år “Kohei Saito’s ‘Start from Scratch’ Degrowth Communism”), avviser dei to forfattarane planetariske grenser-rammeverket utvikla av notida si vitskaplege konsensus, som søkjer å avgrense de bioøkologiske grensene til jorda som ei trygg heim for menneskeheita. I planetariske grenser/ verdssystem-rammeverket blir klimaendringar framstilt berre som ein av ni slike grenser, og ei overskriding av nokre av desse trugar menneskeleg eksistens. I motsetnad til dette, omfamnar Huber og Phillips ei posisjon nesten identisk med den neoklassiske økonomen Julian Simon, forfattar av The Ultimate Resource (1981), som var ein pioner i å fremje tanken om total menneskeleg eksepsjonalisme, der det ikkje er nokre røynlege miljømessige grenser for den kvantitative utvidinga av menneskeleg økonomi som ikkje kunne overvinnast ved teknologi; at det er mogleg å ha uendeleg vekst på ein avgrensa planet. Frå denne bakgrunnen blei Simon anerkjend som den fremste anti-miljøforkjemparen for kapitalismen på si tid. Ifylgje denne oppfatninga løyser teknologi alle problem uavhengig av sosiale tilhøve. På nesten identisk vis hevdar Huber og Phillips reduksjonistisk at “dei einaste sanne, permanent uløyselege grensene som vi møter,” er fysikken og logikken sine lover" — som om de bioøkologiske grensene for livet på planeten ikkje er eit problem. Klimaendringar, i følgje denne oppfatninga, er berre eit mellombels problem som kan løysast teknologisk, ikkje eit sosial-relasjonelt (eller til og med økologisk-relasjonelt) problem. Men for marxistane er sosiale tilhøve og teknologi, sjølv om ein kan skilje dei frå kvarande, dialektisk bunde saman og samanfiltra. Eit syn som avviser den planetariske krisa ved å ty til lovnaden om ein teknologisk deus ex machina, medan ein ser bort frå både historiske og økologiske grenser, er i konflikt med historisk materialisme, øko-sosialisme og vitskap – alle tre.)
Dagens vitskapelege konsensus, slik det for eksempel er representert av FN sitt klimapanel — særleg standpunkt teke av forskarar heller enn regjeringar involvert i prosessen — fastslår med absolutt klårleik at teknologi åleine ikkje vil redde oss, og at vi treng ei revolusjonær utfordring til det noverande politisk-økonomiske hegemoniet. Vi står no på kanten av ein auke på 1,5°C i global gjennomsnittstemperatur, og ein auke på 2°C vil ikkje vere langt bak om vi ikkje handlar raskt. Vi har allereie kryssa seks av dei ni planetariske grensene, med sannsyn for å krysse endå fleire. Men denne utviklingsbana kan bli endra. Vi har allereie alle teknologiane vi treng for å takle den planetariske krisa, gjeve at dei naudsynte endringane vert gjort innanfor eksisterande sosiale relasjonar. Men der ligg problemet.
Huber og Phillips avviser motvekst som ein attendeskodande strategi, sjølv om det er organisert på ein planlagd økososialistisk basis. Dei hevdar heller at netto kapitalakkumulering kan halde fram i det uendelege om det blir gjort grønt og om det blir ei forsoning mellom kapital og arbeidskraft, og kapital og jorda, langs økomodernistiske linjer. På det beste kan dette bli sett som Green New Deal-tilnærminga, eller økologisk keynesianisme. Men deira overordna kritikk går utover det, og er faktisk eit av total menneskeleg eksepsjonalisme der alle varige miljøgrenser, assosiert med dei biogeofysiske syklusane på jorda, vert avviste. Det viktigaste feilgrepet eg finn i denne analysen er at den er viljug til å gje opp vitskapleg realisme og dialektisk kritikk for politisk nytte [expedience], og endar opp med ein slags teknoutopisk reformisme som faktisk ikkje fører nokon stad, sidan den vik unna ein alvorleg konfrontasjon med det kapitalistiske systemet. Dette er knapt rasjonelt når det gjeld eit sosialt system som no trugar — på eit spørsmål av år og tiår, ikkje hundreår — å overskride tilhøva som gjer planeten ein trygg stad for menneske. Det er ingenting sosialistisk eller økologisk ved slike tankar.
Kva skal vi gjere?
AS: I artikkelen din “Planned Degrowth”, understrekar du behovet for ein revolusjonær transformasjon for å overvinne økologiske utfordringar. Kan du forklare kva du meiner med revolusjonær transformasjon og kvifor du meiner det er avgjerande? Og korleis ville du svare på argumenta som følgjer prinsippet om “den minste av to onder” og støttar moglegheita for ein økologisk transformasjon innanfor det kapitalistiske systemet, delvis på grunn av situasjonens presserande karakter?
JBF: Notida sin vitskap seier at vi treng endringar i vårt samfunnsøkonomiske system, anvendt teknologi, og heile vårt tilhøve til jorda som system om menneskeheita ikkje skal legge grunnlaget for sin eigen fullstendige destruksjon dette hundreåret. Dersom dei naudsynte, urbane transformasjonane i produksjonsmodusen (som inkluderer sosiale relasjonar) ikkje blir gjennomførte, vil vi sjå daud og flukt av hundrevis av millionar, kanskje til og med milliardar, menneske på grunn av klimaendringar dette hundreåret. Klimaendringar er berre ein del av problemet. Vi har no dumpa 370 000 ulike syntetiske kjemikalium i miljøet, dei fleste av desse er ikkje testa og mange av dei er giftige: kreftframkallande, teratogene, og mutagene. Plast, ein annan ny ting i klassifiseringa av planetariske grenser, er no ute av kontroll, med spreiing globalt og i menneskekroppen av mikroplast, og til og med nanoplast (liten nok til å krysse celleveggar). Milliardar av plastposar vert marknadsførte av multinasjonale selskap, primært i den globale sør. Globalt vassmangel aukar, skogar og generelt jorddekke forsvinn, og vi står overfor den sjette masseutryddinga i planeten si historie.
Med seks av dei ni planetariske grensene allereie kryssa, står vi andsynes uføresette farar for menneskeleg eksistens, og ei eksistensiell krise for menneskeheita. Årsaka til alle desse planetsrisikoane er systemet for kapitalakkumulasjon, og alle beinveges løysingar krev at ein går mot kapitalakkumuleringa si logikk. Kampen vil naturlegvis finna stad innanfor noverande system, men i kvar augneblink av denne kampen vert vi konfrontert med presserande situasjonar der folk og planet skal prioriterast framfor profitt. Det finst inga annan veg. Kapitalismen tyder daud for menneskeheita.
Omfanget av dei naudsynte endringane som trengst må verte målt i termar av både tid og rom. Vårt tilhøve til båe i dag må revolusjonerast og strekkja seg rundt verda. Om vi vil lukkast eller ikkje er noko vi ikkje kan vite no. Men vi veit at dette vil bli menneskeheita si største kamp. I denne situasjonen finst det ikkje noko “minste av to onder.” Som Marx sa, på ein mykje mindre skala i høve til Irland i si tid, er det “ruin eller revolusjon.”
AS: Til slutt, kor gjennomførbar er økososialistisk motvekst med omsyn til den noverande politiske røynda (Kräfteverhältnisse)? Kvar ser du moglegheiter, og kvar ser du hindringar?
JBF: Moglegheitene finst overalt. Hindringar, i stor grad eit produkt av det noverande systemet, finst òg overalt. Som Naomi Klein sa om klimaendringar: Dette forandrar alt. Ingenting kan eller vil vere det same. Det er sjølve definisjonen av ein revolusjonær situasjon.
Den mest konkrete og omfattande studien av kva som praktisk kan gjerast i våre noverande omstende finn ein i Fred Magdoff og Chris Williams si bok frå 2017, Creating an Ecological Society: Toward a Revolutionary Transformation. Som Noam Chomsky sa om boka deira, demonstrerer den “at den ‘revolusjonære systematiske endringa’ som er naudsynt for å forhindra katastrofen, er innanfor rekkevidde vår.”
John Bellamy Foster er redaktør for Monthly Review og professor emeritus i sosiologi ved University of Oregon. Arman Spéth er doktorgradsstudent ved Bard College, Berlin, og studerer utviklinga av kapitalismen i det post-sovjetiske Kasakhstan. Frem til slutten av april 2024 var han også redaktør for Widerspruch.
Dette intervjuet er en revidert og utvidet versjon av intervjuet først publisert våren 2024 i tidsskriftet Widerspruch, Beiträge zu sozialistischer Politik (Motsetning: Bidrag til sosialistisk politikk), Zurich, Sveits.