Krigen i Gaza og Israel sin fascismedebatt
Av Alberto Toscano (frå https://www.versobooks.com/en-gb/blogs/news/the-war-on-gaza-and-israel-s-fascism-debate)
Vestlige kritikarar av Israels apartheidpolitikk og høgreekstreme regjering blir ofte skulda for antisemittisme, men venstreorienterte og venstreliberale israelarar har i årevis fordømt landet si nedstiging i fascisme. I denne artikkelen argumenterer Alberto Toscano for at fascisme er innebygd i logikken til Israels koloniprosjekt.
Godkjent av vestlege regjeringar og omtala av utallege menneskerettsekspertar som å ha ein klår ‘folkemordsintensjon’, har staten Israel sin attgjelding mot Hamas sin Al Aqsa Flood 7. oktober-angrep ogsa kalla fram snakk om fascisme i fleire kvartal. I eit felles utsegn har Birzeit University Union of Professors and Employees tala om ‘kolonial fascisme’ og om den ‘pornografiske oppfordringa til daud av arabarar av bosetjar sionistiske politikarar på tvers av dei politiske linjene’; i si eiga erklæring, har det kommunistiske partiet i Israel (Maki) og den venstreorienterte koalisjonen Hadash ‘lagt det fulle ansvaret på den fascistiske høgreorienterte regjeringa for den skarpe og farlege eskaleringa’; i mellomtida skildra Colombia sin president Gustavo Petro angrepet på Gaza som det ‘fyrste eksperimentet for å anse oss alle som utbyttbare [disposable]’ i ein ‘global 1933’ prega av klimakatastrofe og kapitalistisk forankring. Sjølv sitat frå desse linjene fell sannsynlegvis inn under IHRA-definisjonen av antisemittisme, som har fungert som eit viktig instrument i forsøk på å innskrenke fredelig internasjonal solidaritetsaktivisme mot israelsk apartheid, spesielt i form av boikott-, avhending [divestment]- og sanksjonsrørsla.
Og likevel synes anerkjenninga av ein framvaksende fascisme i den siste Netanyahu-regjeringa og til og med det israelske samfunnet i stor grad, om ikkje hovudstrøyms, absolutt framståande i offentleg diskurs i Israel sjølv, ikkje minst i kjølvatnet av protestane mot dei nylege juridiske reformene retta mot å utrydde den høgt verdsatte autonomien til Israel sin høgsterett. Fire dagar før Hamas-angrepet publiserte avisa Ha’aretz ein leiarartikkel under overskrifta ‘Israelsk nyfascisme trugar israelarar og palestinarar likt’. Ein månad tidlegare erklærte 200 israelske vidaregåande skuleelevar at dei nekta å bli vernepliktige slik: ‘Vi bestemte at vi ikkje kan, i god tru, tene ein haug med fascistiske busetjarar som no kontrollerer regjeringa.’ I mai meinte ein Ha’aretz-leiarartikkel at den ‘sjette Netanyahu-regjeringa byrjar å sjå ut som ein totalitær karikatur. Det er nesten ingen trekk knytt til totalitarisme som ikkje har blitt føreslått av eit av dei ekstremistiske medlemmene og adoptert av resten av dei inkompetente den består av, i konkurransen deira om å sjå kven som kan vere mest fullstendig fascist,’ medan ein av redaktørane beskriv ein ‘israelsk fascistisk revolusjon’ som krysser av alle punkta på sjekklista, frå virulent rasisme til forakt for svakheit, frå lyst på vald til anti-intellektualisme.
Desse nylege polemikkane og prognosane vart førehandsvarsla av framståande intellektuelle, som den anerkjente historikaren som har skrive om den ekstreme høgresida, Ze’ev Sternhell, som skreiv om ‘gryande fascisme og ein rasisme lik tidleg nazisme’ i dagens Israel, eller journalisten og fredaktivisten Uri Avnery, som rømde frå Nazi-Tyskland i tiårsalderen, og som, ikkje lenge før han døydde i 2018, erklærte at
diskrimineringa mot palestinarane i praktisk talt alle livssfærar kan samanliknast med behandlinga av jødane i den første fasen av Nazi-Tyskland. (Undertrykkinga av palestinarane i dei okkuperte territoria liknar meir på behandlinga av tsjekkarane i “protektoratet” etter München-forræderiet.) Regnet av rasistiske lovforslag i Knesset, dei som allereie er vedtekne og dei som er under arbeid, liknar sterkt på lovene som vart vedtekne av Riksdagen i dei tidlege dagane av naziregimet. Nokre rabbinarar oppfordrar til boikott av arabiske butikkar. Som då. Oppfordringa ‘Død over arabarane’ (‘Judah verrecke’?) blir regelmessig høyrt på fotballkampar.
Det er sjølvsagt ingenting nytt i analogien. Personar som Hannah Arendt og Albert Einstein signerte eit brev til New York Times i kjølvatnet av massakren i Deir Yassin i 1948 der dei fordømde Herut (forgjengaren til Netanyahus Likud-parti) som ‘liknar i organisasjon, metoder, politisk filosofi og sosial appell på Nazi- og fascistpartia’.
Avnery peika også ut den noverande finansministeren, Bezalel Smotrich, som ein ‘ekte jødisk fascist’. Smotrich, som gledelig har omtala seg sjølv som ein ‘fascistisk homofob’, har lagt fram dei teologiske grunnlagene for sin eigen folkemordsintensjon om å ‘abortere’ alle palestinske voner om nasjonalstat, og gjenta Nakba. I eit intervju erklærte han:
Når Josva ben Nun [den bibelske profeten] kom inn i landet, sendte han tre meldingar til innbyggarane: dei som vil akseptere [vårt styre] vil akseptere; dei som vil dra, vil dra; dei som vil kjempe, vil kjempe. Grunnlaget for strategien hans var: Vi er her, vi har kommet, dette er vårt. No vil ogso tre dører være åpne, det er ingen fjerde dør. Dei som vil dra — og det vil vere dei som drar —, eg vil hjelpe dei. Då dei ikke har nokon von og ingen visjon, vil dei gå. Som de gjorde i 1948. […] Dei som ikke går vil anten akseptere styret til den jødiske staten, i so fall kan dei verte verande, og for dei som ikke gjer det, vil vi kjempe mot dei og sigre over dei. […] Anten vil jeg skyte han, eller so vil eg fengsle han, eller so vil eg utvise ham.
Nevningen av Josvas bok er verdt å merke seg ettersom den ogso tente som ein ideologisk referanse for den sekulære David Ben-Gurion i staten Israel sin tidlege år. Det gamle testamentets hyllest til audelegging lyd urovekkande i dag: ‘Så slo Josva heile landet i åsene, og i sør, og i dalen, og ved kjeldene, og alle deira kongar: han lot ingen verte att, men øydelagde fullstendig alt som pusta, som Herren Gud av Israel befalte. Og Josva slo dei fra Kadesh-barnea heilt til Gaza’ (Josva 10:40-41).
Men fascismen som Netanyahu har vore ‘gudfar’ for kan ikkje berre verte redusert til fundamentalistiske busetjarar og deira strategier for frårøving (inkludert de dype følehornene inn i staten av Smotrich sin busetjar-NGO, Regavim, og den juridiske krigføringa mot palestinsk land- og eiendomsrett som den leier); den er også fast forankra i forretningsinteressane og lovgjevningsmanøvrene til milliardærer som, i Israel som i India eller USA, er glade for å kombinere nasjonalkonservative mobiliseringer mot dekadente metropolitiske ‘eliter’ med nådelause forsvar av profitt og privilegium. I et nylig intervju observerte den israelske Holocaust-historikeren Daniel Blatman:
Veit du kva som er den største trusselen mot staten Israel sin framtidige eksistens? Det er ikkje Likud. Det er ikkje ein gong bøllene som herjar i territoria. Det er Kohelet Policy Forum [ein referanse til ein konservativ, høgreorientert tenketank støtta av rike amerikanske donorar]. […] Dei skapar eit breitt sosialt og politisk manifest som, om det til slutt blir vedteke av Israel, vil gjere det om til eit heilt anna land. Du seier “fascisme” til folk og dei ser for seg soldatar som patruljerer gatene. Nei. Det vil ikkje sjå slik ut. Kapitalismen vil framleis eksistere. Folk vil framleis kunne reise til utlandet — om dei får lov til å komme inn i andre land. Det vil vere gode restaurantar. Men ein person si evne til å kjenne at det er noko som vernar han, anna enn regimets gode vilje - fordi det anten vil eller ikkje vil verne han, som det synest passande — vil ikkje lenger vere der. Det israelske samfunnet var modent for å ta imot den noverande regjeringa. Ikke på grunn av Likud sin siger, men fordi den mest ekstreme fløyen drog alle etter seg. Det som ein gong var ekstremt høgre er i dag sentrum. Idear som ein gong var på ytterkanten har blitt legitime. Som ein historikar som har Holocaust og nazisme som fagfelt er det vanskelig for meg å seie dette, men det er neo-nazistiske ministre i regjeringa i dag. Du ser ikkje det nokon andre stader — ikkje i Ungarn, ikkje i Polen — ministre som, ideologisk sett, er reine rasistar.
Innsikta til tross, denne passasjen demonstrerer også smertefullt kva liberale israelske polemikkar mot framveksten av fascisme utelukkar. Nemleg palestinarane. Soldatar patruljerer gatene i Israel og okkuperte Palestina. Millionar av menneske styrte av Israel kan ikkje reise til utlandet. Eller faktisk returnere heim. Den ‘rene’ rasismen uttrykt utan anger av folk som Smotrich og minister for nasjonal sikkerhet Itamar Ben-Gvir er eit produkt av rasismen som strukturerer og reproduserer kolonial dominans, for liberale med dårleg tru so vel som for oppglødde fascistar.
Lange tradisjonar med svart radikalisme og den tredje verda sin anti-fascisme, så vel som urfolksmotstand, har lært oss at, som Bill Mullen og Christopher Vials observerer: ‘For dei som rasemessig vert kasta til side utanfor det liberale demokratiets rettssystem, framkallar ikkje ordet “fascisme” alltid ei fjern og framand sosial orden.’ I nybyggar-koloniale og rasistiske fascistiske regimer — som Sør-Afrika, som George Padmore på 1930-talet ansåg som ‘verdas klassiske fasciststat’ — møter vi ein versjon av den ‘doble staten’ som den tysk-jødiske advokaten Ernst Fraenkel anatomiserte: ein ‘normativ stat’ for den dominerande befolkninga og ein ‘særretts-stat’ [prerogative state] for dei dominerte, der ein utøvde ‘ubegrensa vilkårlighet og vald usjekka av juridiske garantiar’. Som Angela Y. Davis synte med referanse til kva statleg rasistisk terror varslet for resten av USAs befolkning på begynnelsen av 1970-talet, er grensa mellom den normative staten og særretts-staten porøs.
Dette er tydeleg i Israel i dag, ettersom regjeringsministrar nyttar seg av påskotet om krig til å ‘fremje forskrifter som ville tillate [dei] å dirigere politiet til å arrestere sivile, fjerne dem frå heimane deira, eller beslaglegge eigedomen deira hvis [dei] trur de har spreidd informasjon som kunne skade nasjonal moral eller ha tjent som grunnlag for fiendtleg propaganda’. Som den marokkanske jødiske marxisten Abraham Serfaty analyserte for tiår sidan i sine fengselskrifter om palestinsk frigjering, er det ein ‘fascistisk logikk’ i hjertet av det sionistiske nybyggjar-koloniale prosjektet for frårøving, dominans og forskyving. Sjølv liberale nektar for det, er det slik at med mindre kjernemekanismene vert demontert for godt, kan den ikkje anna enn å gjenoppstå, virulent, ved kvar krise. Gjennom breisidane mot hykleriet til dei som hevdar at dei ynskjer ei tostatsløysing medan dei aldri har tenkt å realisere den, uttrykkjer det styrande israelske høgrepartiet på mange måtar den stille delen veldig høgt. På ein tid da okkupasjonen og brutaliseringen av palestinarane har blitt normalisert og behandla for alle formål som noko ufråvikeleg, har den fascistiske busetjar- og religiøse høgresida kome for å bekrefte og feire den strukturerande valden og avhumaniseringa som markerer Israel som eit nybyggjar-kolonialt prosjekt — eitt som liberale har tenkt å mildne eller minimere, men aldri verkeleg utfordre. I Israel, som i altfor mange andre samanhengar i dag, kan fascismen sin oppstigning fyrst framstå som eit brot eller ein unntakstilstand, men den er djupt rotfesta i og mogleggjort av ein kolonial liberalisme som aldri vil godta ekte frigjering.