Kva er du er redd for at den ytterste høgrefløyen skal gjere som du ikkje allereie har gjort?: Det femogtrettiande nyhendebrevet (2025)
Av Vijay Prashad
Kjære vener,
Helsing frå skrivebordet til Tricontinental: Institute for Social Research.
Den 12. august posta Samar Abu Elouf, som vann Årets bilete i World Press Photo 2025 for biletet ovanfor, på Instagram-kontoen sin at sonen hennar sin nære venn Sami Shukour var blitt drept medan han ‘gjekk for å leite etter mjøl for å mate seg sjølv og familien sin’. Samar hadde teke Sami sitt eksamensbilete like før folkemordet byrja i oktober 2023. Sami sin familie eig eit av dei mest kjende selskapa i Palestina, som laga halawa med tahini. ‘Blant dei beste i Gaza’, skreiv Samar. Sami, la ho til, ‘blei drept under ei haglbyge av kuler; lyden var veldig skremmande… Vi er ikkje berre tal; kvar og ein av oss er ei historie’.
Vi har no kome inn i det siste kvartalet av 2025, der dagane galopperer fort mot eit nytt år. Biletet av å verte jagd av hestar er ikkje tilfeldig, for dette er ikkje villhestar som ved sin venleik får landskapet til å gå i stå — dette er apokalypsens hestar. Overalt vi snur oss, er det lukta av det ytre høgre av ein særskild type ved makten sine portar, der leiarane rir hestane sine i full galopp. Ingen av desse leiarane har eit program for å løysa krisane våre; dei kastar heller bensin på bålet for å få elda i helvete til å brenne fortare og varmare. Dei nektar at klimaendringar eksisterer og at menneskeverd er viktig. Dei vil djupna innsparingspolitikken og oppmuntra til krig. Dei fremjar irrasjonalitet og sosial kvelning.
Verda over er samvitsfulle menneske skremde av framveksten til denne ytterste høgrefløyen og tiltrekningskrafta den har andsynes store delar av samfunna våre. Hjå Tricontinental: Institute for Social Research har vi studert veksten til denne ytterste høgrefløyen. Vi har undersøkt korleis den politiske basen den har er rotfest i atomiseringa av samfunnet, i veksten av institusjonar og andre grupper som favoriserer den politiske orienteringa deira — som nye former for religiøst fellesskap og underjordiske økonomiar — og i samanbrotet av klasseorganisasjonar i arbeidar- og bondesamfunn. Ein del av konklusjonen vår er at det politiske samanbrotet til sosialdemokratar og liberale gjennom adopteringa av nyliberal sparepolitikk har skapt vilkåra for massebasen til den ytterste høgrefløyen. Utan ei anerkjenning av denne røynda, og utan ei fornying av agendaen deira frå før den nyliberale tida, kan vi ikkje venta at sosialdemokratar og liberale skal verte vesentlege allierte i kampen mot den ytterste høgrefløyen av ein særskild type.
Slått av korleis sosialdemokratar og liberale verda over ikkje har klart å gjennomføre denne typen fornying, og av at liberale i det globale nord spesielt ikkje har klart å stoppe støtta si til det israelske folkemordet på palestinarar, har eg skrive eit ‘brev’, som eg deler nedanfor, til dei som framleis er lojale mot desse sosiale kreftene. Det er retta mot sosialdemokratar og liberale, til menneske som sit i parti med namn som vert vanæra – Labour (i Storbritannia), Green (i Tyskland), Democratic (i USA), og Liberal (i Japan).
De har overgjeve den avgrensa ‘nøytral’ funksjonen staten hadde i klassekampen mellom kapitalistar og arbeidarar. Oligarkiet styrer no staten, med forskrifter sett til eit minimum og arbeidarrettar sett til nesten null.
De har sett på medan oligarkiet har sett fyr på samfunnet, brote opp dei gamle fabrikkane, sendt maskinane til land der arbeidskraften er billigare, og tent pengar på fabrikktomta gjennom spekulasjon. Det er ingen jobbar att i øydemarka, berre underdanige jobbar for å passe på oligarkiet sine lyster og uberiserte jobbar for å gje kvarandre middelmådige tenester.
De har oppfordra den kompromitterte staten til å kutte skattar og redusera sosiale tenester samstundes som arbeidsløyse og fattigdom har auka. Gamle liberale idéar om å hjelpe dei mindre heldige har oppløyst seg i syra av individualisme og personleg ambisjon, pengane som ein gong vart nytta på velferd er no forsvunne inn i finansmarknaden for oligarkiet sin kappløp om å verte den fyrste billionæren. Det som ein gong ville ha vorte resirkulert gjennom skattesystemet er no søkkt ned i dei kasinoliknande pengemarknadene, der jubel og støy frå dei rike overdøyver skrika frå dei fattige.
De har oppmuntra staten til å byggje upp si djevelske tilknyting til våpenhandlarar og varane deira. Våpen et opp forpliktingane til samfunnet og bryt kva som helst band som vart lova av den moderne staten til borgarane sine. Det er familiar på gata som ber om mat, og høgt over dei i styremøtea vert det inngåtte fæle avtaler med folk sine pengar og våpenselskapa. Verdiane til eit folk er ikkje i grunnlovene deira — som har vorte hola ut — men i budsjetta deira, som er so sterkt partiske til fordel for våpen at det er nesten ingenting att til sosial velferd.
De har tillate veksten av ei råskapskultur, monstrøs åtferd av politiet mot borgarar, av sinte menn mot kvinner, av svolten sin hund mot ropet frå den svoltne magen. Alt dette er no normalt — det er naturen til moderne sivilisasjon. De har oppmuntra til det. De har autorisert det. De har gøymt dykk bak dykkar sosiale haldningar, dykkar liberalisme andsynes dette eller det sosiale åtferda, dykkar sporadiske opptreden i ei Pride-parade eller på den internasjonale kvinnedagen, men de bryr dykk ikkje om den homofile mannen som døyr av HIV/AIDS og ikkje kan få tilgang til medisinar, eller kvinna som ikkje har noko hus å gå til med barna sine då heimen hennar har vorte uuthaldeleg.
Dykkar liberalisme har kollapsa. Det finst ingen liberale filosofar som er noko anna enn analytiske, med det moralske kompasset fanga i akademiske argument som har lite relevans for denne verda. Dykkar tenkjarar er laga for fjernsyn, med foundation i andletet som er designa for å hindre ljoset frå å skine på dei, men også for å hindre ljoset av fornuft frå å kome ut av kjeften deira. Dykkar liberalisme er reklame, ikkje filosofi.
Klassisk fascistisk kultur var ei daud kultur. Det var ei kultur av falsk herming og ekte vold. Den gjorde eit ekte brot frå den liberale kulturen som gjekk føre den, og eit brot frå kulturen til arbeidarklassa og bøndene som hadde vorte sterkare gjennom tiår med kamp og institusjonsbygging. Kulturen til ytre høgre av ein særskild type, derimot, er ein refleksjon av nyliberal kultur. Den har ingen eigen kultur, men er ein etterlikning, eit brote spegelbilete av nyliberale fantasiar og ynskjer, ei eskalering av ynskje. Trump er ikkje Hitler, men verten for The Celebrity Apprentice, med slagordet: ‘You’re fired!’.
Det globale nord, episenteret for ytre høgre av ein særskild type, er marinert i dekadanse og fare. Det kjem ikkje nye filosofiar derifrå. Den har ingen intellektuelle som leier den, ikkje ein gong av typen nazistiske intellektuelle som Ernst Krieck, Martin Heidegger eller Carl Schmitt. Den er farleg av di den rår over ei militærmakt som har kapasiteten til å øydeleggje verda: kring 80 % av verda sine militære utgifter vert gjort av det globale nord og deira allierte i Nord-Atlantarpakten (NATO), med USA som rår over 900 militærabasar, inkludert mange på europeisk jord.
Leiarskap frå liberale og sosialdemokratar i det globale nord er ei falskt von. Vi må søkje leiarskap frå oss sjølve, frå våre eigne tradisjonar og rørsler. Vi kjempar for å bringe vitaliteten attende til kulturene våre, for å djupne våre eigne teoriar og filosofiar, for å søkja referansar blant våre eigne tenkjarar. Dette er ei djupare kamp enn berre ein valkamp. Vi må byggje opp tilliten vår til å avvise den fånyttes nasjonale æra og dei lånte kleda som kjem til oss frå det globale nord sin tilsmussa liberalisme. Ytre høgre er skremmande, men han er berre eit hakk på skalaen meir forferdeleg enn dei teknokratiske liberale og krigselskande Grøne som heller vil nytte meir peng på militæret og gjeldsbetalingar enn på menneskeslekta sine behov.
Hjarteleg,
Vijay
Frå: https://thetricontinental.org/newsletterissue/far-right-neoliberalism






