Kvifor eg trur det eg trur om den kinesiske revolusjonen: Det andre nyhendebrevet (2024)
Av Vijay Prashad (frå https://thetricontinental.org/newsletterissue/2-2024-china-socialism/)
Kjære vener
Helsing frå Tricontinental: Institute of Social Research
Seint i fjor sendte ein kollega meg eit brev der han fordømte nokre av mine skriveriar om Kina, i særskild det siste nyhendebrevet i 2023. Dette nyhendebrevet er mitt svar til han.
**
Situasjonen i Kina er årsak til stor forvirring på venstresida. Eg er glad for at du har teke opp spørsmålet om kinesisk sosialisme med meg direkte.
Vi lev som kjent i svært farlege tider. USA sin akselererande spenning med andre mektige nasjonar trugar planeten meir no enn kanskje nokon periode sidan 1991. Krigen i Ukraina og folkemordet i Gaza illustrerer farane vi har framføre oss. I mellomtida er eg bekymra for at USA prøver å trekkje Iran inn i konflikta, medan Israel trugar med å eskalere spenningene med Hizbollah i Libanon og dinest få Teheran til å gå til det steget som vil tillate USA å bombe Iran. Den nye kalde krigen mot Kina vil ta desse konfliktene til eit nytt nivå. Taiwan er allereie spaken. Eg vonar at nøkterne sinn vil sigre.
Alle sosialistiske prosjekt vert som kjent forma gjennom klassekampen sin prosess og gjennom utviklinga av produktivkreftane. Ikkje minst Kina. Du hugsar Bill Hinton si bok The Great Reversal: The Privatisation of China, 1978–1989, utgjeven i 1990. Eg var saman med Bill i Concord, Massachusetts kring eit år før han døydde i 2004 og hadde fleire diskusjonar med han om Kina. Ingen i USA kjente Kina so godt som Bill, heile familien hans (inkludert systra Joan og mannen Sid Engst, som moderniserte melkeproduksjonen i Kina), og sjølvsagt venene deira Isabel Crook, Edgar Snow, Helen Foster Snow, og seinare omsetjaren Joan Pinkham, dattera til Harry Dexter White.
På 1990-tallet og byrjinga av 2000-tallet var det stor angst for Kina. Då eg vitja landet flere tiår tidlegare, blei eg forvirra av fattigdomen på landsbygda. Men samstundes blei eg gripen av verdigheita til eit folk inspirert av den store historia om kampane som skapte den kinesiske revolusjonen i 1949, som visste at dei bygde eit sosialistisk prosjekt. Bill haldt fast ved maoismen, klår over motsetnadane i det sosialistiske prosjektet, som han skreiv i Through a Glass Darkly: U.S. Views of the Chinese Revolution.
Ulikskapen hadde stige til høge nivå i åra med Jiang Zemin (1993–2003) og Hu Jintao (2003–2013). I Poorer Nations: A Possible History of the Global South (2013) skreiv eg om den kinesiske revolusjonen med noko av den pessimismen, sjølv om eg forstod kor krevjande det er å byggje sosialisme i eit fattig land (den einaste staden, etter Russland, til å prøve å gjere det sidan revolusjonar mislukkast i Vesten). Nokre år etter det las eg Ezra Vogel sin fantastiske vurdering av Deng, Deng Xiaoping and the Transformation of China (2011), som plasserte Deng sine avgjersler i 1978 i samanheng med heile den revolusjonære prosessen. Den boka gav meg ein betre forståing av Deng-reformane. Ein av dei viktigste lærdommane eg tok med meg var at Deng måtte konfrontere stagnasjonen i økonomien, slik at marknaden kunne fremje produktivkreftane. Utan det var det klårt at Kina — eit fattig, underutvikla land — ville gli inn i ein sosialisme av fortviling. Dei måtte vere pionerar for ei ny tilnærming. Sjølvsagt vendte Deng-reformene seg mot marknadskreftane og opna døra for en veldig farleg situasjon. Bill sin pessimisme var ein respons på den røynda.
På slutten av 1990-tallet byrja diskusjonar — blant anna i tidsskrifta til Kina sitt kommunistparti (KKP) — om å takle aukande ulikskap og fattigdom gjennom masseaksjonar. På det femte fellesmøtet på den 16. KKP-kongressen i oktober 2005 annonserte partiet eit ‘stort historisk oppdrag’ om å ‘konstruere ei ny sosialistisk landsbygd’, og nytta det nye uttrykket ‘dei tre distrikta’ for å referere til jordbruk, bønder og rurale område. Dette oppdraget søkte å betre infrastrukturen på landsbygda gjennom statlege investeringar, gje gratis og obligatorisk utdanning og utvikle samarbeidande medisinske tenester medan dei trakk seg attende fra marknadsreformene i medisinsk sektor, der sistnemnde blei ein landsdekkjande politikk over heile Kina frå 2009. Det interesserte meg at kampanjen hadde ein massekarakter og ikkje var byråkratisk, med tusenvis av KKP-kadre involvert for å utføre dette oppdraget. Dette var ein forlaupar til kampanjen mot fattigdom som skulle kome eit tiår seinare.
Då dette oppdraget utvikla seg, var eg veldig interessert i det faktum at steder med ‘raude ressursar’ blei fremheva for handling (som Hailufeng i Guangdong-provinsen, som var hjartet i Kina sin fyrste rurale sovjet). Det er talande at forskarar i Vesten ikkje fokuserte på desse nye skifta, fiksert som dei var på landet sin stillehavskyst i staden for å studere tilhøva i Kina sitt rurale indre. Blant dei få unntaka er oppriktige menneskje som professor Elizabeth Perry og professor Minzi Su (forfatteren av China’s Rural Development Policy: Exploring the ‘New Socialist Countryside’, 2009), som vert ignorert av dei fleste Kina-kommentatorar.
Dette presset for ei ny sosialistisk landsbygd oppildna KKP og ei stilltiande rørsle for å motverke reine frimarknadskrefter, noko som skapte dynamikken som leia til valet av Xi Jinping som partileder på slutten av 2012. Xi sin bekymring for landet sine rurale område kjem frå å tilbringe delar av sin ungdom i Kina sitt underutvikla nordvest og frå hans tid som partisekretær for prefekturet Ningde på slutten av 1980-tallet, som då var ein av dei fattigste regionane i Fujian-provinsen. Et allment anerkjent element i Xi sitt leiarskap i denne perioda, er korleis han bidrog til å redusere fattigdommen i dette området og å betre sosiale indikatorer, noko som gjorde at ungdom blei mindre dregne mot migrasjon til byar.
Måtte Kina sin vekst vere på naturen sin kostnad? I 2005, medan han var i Huzhou (Zhejiang-provinsen), la Xi frem teorien om ‘To fjell’, som antyda at økonomisk og økologisk utvikling må gå hand i hand. Dette fremgår av det faktum at partikkelforurensning i Kina frå 2013 til 2020 gjekk ned med 39,6%, og at ein auka gjennomsnittleg forventet levealder med to år. I 2023 kunngjorde Xi ein ny økologisk strategi for å byggje eit ‘vakkert Kina’, som inkluderer ein miljøplan for landsbygda.
Eg blei slått av nokre av påstandene dine, i særskild om at ‘tvangsretur til landsbygda no er statleg politikk’, som jeg trur det er verdt å vektleggje fordi det er ein del av den breiare ‘nye sosialistiske landsbygda’-politikken. Det er sant at president Xi har snakka om behovet for revitalisering av landsbygda sidan 2017, og det er ogso sant at ulike provinser (til dømes Guangdong) har handlingsplanar om at høgskulekandidater skal dra til landsbygda og bidra til å gjere rurale strøk like attraktive som dei urbane. Men det vert ikkje gjort med makt; det skjer gjennom innovative programmer.
I frontlinja av desse programma er ungdom, der mange var blant dei tre millionar kadrane som drog til landsbyar som del av det politiske tiltaket for å avskaffe ekstrem fattigdom (det er verdt å merke seg at 1.800 kadre døydde medan dei utførte denne oppgåva). Xi er veldig merksam, som Mao Zedong var, på viktigheita av at partimedlemmer får oppleve røynda på landsbygda i Kina, gjeve Kina sitt enorme rurale landskap, og ble sjølv sendt til Kina sitt rurale nordvest under kulturrevolusjonen. Xi reflekterte over denne erfaringen og skreiv i 2002: ‘I ein alder av 15 år kom eg til landsbyen Liangjiahe forvirra og fortapt. I en alder av 22 drog eg med eit klart livsmål og var fylt med sjølvtillit’. Det er noko av denne haldninga i Kina sin politikk. Er det ille for partimedlemmer, der mange kanskje har jobbar i statsapparatet, å tilbringe tid på landsbygda? Ikkje viss du vil at dei skal forstå røynda i Kina betre.
Eg har vore i Kina mange gonger dei siste ti åra og har reist mykje både i rurale og urbane område. Den doble sirkulasjonsstrategien som Xi har fulgt (driven av denne ‘nye sosialistiske landsbygda’-politikken) er av interesse, og jeg har jobba med ei rekkje forskarar for å byggje opp ein detaljert, empirisk forståing av det kinesiske prosjektet innanfrå og gjennom prosjektet sine eigne kategoriar. Det er grunnlaget for arbeidet vi har gjort, noko av det publisert i Wenhua Zongheng og noko av det i Tricontinental: Institute for Social Research sin studie av utryddinga av ekstrem fattigdom i Kina. Er det propaganda? Eg vonar ikkje det. Eg vonar at vi kjem nærare og nærare å kunne tilby ein teoretisk vurdering av den kinesiske revolusjonen etterkvart som den skrid fram. Er revolusjonen perfekt? Ikkje i det heile teke. Men det krev forståing snarare enn klisjear, som florerer i Vesten då det gjeld Kina.
Ta til dømes påstandane om undertrykking av kinesiske muslimar (25 millioner eller 1,8% av den totale befolkninga). Eg hugsar at eg var i Sentral-Asia på 2000-tallet då al-Qaida og Taliban hadde ein alvorlig innverknad på regionen, blant anna gjennom kontora til Islamic Movement of Uzbekistan (IMU). IMU formulerte en politikk for å ta over hele Xinjiang-regionen, noko som er grunnen til at nokre uigurar støtta Juma Namangani som leiar.
Turkistan sitt islamske parti, leia av folk nær al-Qaida (som Abdul Haq al-Turkistani, som var medlem av al-Qaidas shura), oppstod av den slags kontaktar. Bombing av offentlege stader blei vanleg, ogso i den autonome uigur-regionen Xinjiang. Abdul Shakoor al-Turkistani, som i 2010 overtok leiinga etter Abdul Haq (ingeniøren bak bombeangrepa i Beijing under OL i 2008), var ansvarleg for Kashgar-angrepa i 2008 og 2011 og Hotan-angrepet i 2011. I 2013 flytta denne gruppa til Syria, der eg møtte nokre av dei på den tyrkisk-syriske grensa. Dei er no basert i Idlib og er ein sentral del av al-Qaida-formasjonen der. Dette er deira karakteristiske trekk: ikkje berre tyrkisk nasjonalisme, men islamsk fundamentalisme av al-Qaida-sorten.
På den tida kunne fleire tilnærmingar verte tekne til opprøret. Tilnærminga som USA og deira allierte i regionen favoriserte var å nytte vald, blant anna ved å angripe områdar mistenkt for å vere drivne av desse opprørarane og å arrestere dei i massevis. Nokon av dei endte opp i USA-drevne svarte stader [black sites]. Mange av medlemma av denne gruppa, deriblant Abdul Haq og Abdul Shakoor, blei drepne av amerikanske droneangrep på grensa mellom Afghanistan og Pakistan. Interessant nok fulgte ikkje Kina denne tilnærminga. For nokre år sidan intervjua eg tidlegare medlemmar av Libyan Islamic Fighting Group som hadde vendt seg bort fra vald og al-Qaida sin ideologi. Deira gruppe, den kontroversielle Quilliam Foundation (basert i London), blei leia av folk som Noman Benotman som fulgte tilnærminga til det egyptiske ‘omvending’-prosjektet og det algeriske ‘forsoning’-prosjeket. Desse programma forsøkte i hovudsak å nytte seg av både kognitive og åtferdsmessige tilnærmingar til avradikalisering (høvesvis å endre ideologien og stoppe valden). Dei tidlegare libyske jihadistene var ivrige etter å iverksetje denne tilnærminga i Libya (som mislukkast) og i Vesten (der mange av dei bosette seg), i stedet for alternativet med målretta vald og massearrestasjoner. Dei blei avvist (bortsett frå i Tyskland, der Hayat-programmet blei etablert i 2012). Problemet med den valdelirge tilnærminga som Vesten valgte i staden, var at den demoniserte alle muslimer i stedet for bare å prøve å avradikalisere dei som blei trekt inn i en giftig politikk.
I høvet Kina forsøkte regjeringa å gjennomføre former for avradikalisering i staden for å føre ein frontalkrig mot dei radikale gruppane i Xinjiang og samfunnet dei levde i, og soleis demonisere alle muslimer. Det er nyttig å minne ein på møtet mellom Den kinesiske islamske foreininga og KKP i Beijing i 2019, som bygde på Den femårige planleggingsskissa for å halde fram sinofiseringa av islam og forsøkte å gjere islam kompatibel med sosialisme. Dette er eit interessant prosjekt, sjølv om det lid av mangel på klårleik. Å gjere islam kinesisk er en del av prosjektet; den andre delen er å gjere praktiseringa av islam samsvarande med det sosialistiske prosjektet. Sistnevnte er en fornuftig sosiologisk tilnærming for den moderne verda: å gjere religion — i breiare forstand — kompatibel med moderne verdier, og, i Kina sitt høve, med ‘sosialistiske kjerneverdiar’ (som å kjempe mot kjønnsdiskriminering).
Fyrstnemnde er vanskelegare å forstå, og eg har ikkje heilt forstått det. Då det gjeld ideen om at religion må vere på linje med moderne verdiar, spesielt sosialistiske verdiar, er eg heilt med. Korleis skal dette skje? Forbyr ein til dømes visse praksisar (som skaut i Frankrike), eller bør ein starte ein prosess med debatt og diskusjon med leiarane av religiøse samfunn (som ofte er dei mest konservative)? Kva gjer ein då ein vert konfrontert med eit opprør som har sine røter utanfor landet, som i Afghanistan, Usbekistan og til og med Syria, i staden for inne i landet, som motsetnadane i Xinjiang? Dette er presserande dilemma, men dei latterlege utsegna om folkemord og so vidare pressa frem av USA sitt utenriksdepartement og deira kumpaner — inkludert av tvilsame menneskjer som jobbar for enno meir tvilsame ‘tenketanker’ nær CIA sitt hovudkvarter i Langley, Virginia — kan ikkje få lov å definere vår diskusjon på venstresida. Vi treng ei større forståing av dei aktuelle sakane for å unngå Biden-Netanyahu sin spørsmålslinje, som kokar ned til ein ‘fordømmer du Hamas’-type debatt .
I e-posten din skriv du at ‘det er inga tvil om at levestandarden til vanlege kinesarar, spesielt bybuarar, har betra seg dramatisk dei siste tiåra’. Faktisk syner alle dataane — og mine eigne reisar — at dette ikkje berre er høvet ‘spesielt’ for bybuarar, men over hele landet og i aukande grad i områda lengst vest og langt nord. Data fra Den internasjonale arbeidsorganisasjonen syner til dømes at Kina sin årlege reallønsvekst var 4,7%, langt unna andre land i det globale sør, og absolutt høgare enn i India (1,3%) og USA (0,3%) På berre åtte år, frå 2013 til 2021, auka den disponible inntekta per innbyggjar for Kina sine 498 millioner innbyggere på landsbygda med meir enn 72,6%, medan den auka med 53,5% for dei 914 millioner innbyggjarane i urbane strøk. I mellomtida minka gapet mellom disponibel inntekt mellom rurale og urbane områder med 5% i denne perioda, og vekstraten for disponibel inntekt for innbyggarar på landsbygda har overgått veksten for bybuarar i tolv år på rad (2009–2021).
Mellom 2012 og 2020 lyfta den målretta kampen mot fattigdom 98,99 millioner mennesker på landsbygda ut av ekstrem fattigdom og gjorde det mogleg for kvar einaste familie som lid under ekstrem fattigdom å motta hjelp. Som ein del av denne nyskapande prosessen kombinerte KKP trening og utvikling av grasrotkadre med digital teknologi, og styrka dimed moderne styringsevner på lokalt nivå og gjorde det mogleg for partimedlemmer og kadrar å tene folket meir nøyaktig og effektivt.
Til samanlikning, ved hjelp av Gini-indeksen, som ikkje dekkjer offentlige tenester (den ignorerer elementer som subsidiert utleige for rurale boliger), er inntektsulikskapen i India 24% høgare enn i Kina.
Dei som ser på dataane om ulikskap i Kina, fokuserer ofte på Kina sine milliardærer. Det var klårt i e-posten din, som merka seg at Kina ‘er oversvømt av statssubsidierte millionærer og til og med milliardærer. Faktisk ein vaksande klasse av superborgarskap, der mange “investerer i utlandet”’. Riktignok produserte reformtida dei sosiale tilhøva for at nokre menneskje skulle verte rike. Dette talet er no i på veg attende: i 2023, av dei 2.640 milliardærene i verda, var kring 562 i Kina, ned frå 607 året før, og dei siste KKP-kongressene har gjort det til ein prioritet å reversere motoren i denne milliardærproduksjons-prosessen. Av de 2.296 delegatene til den 20. nasjonale kongressen var berre 18 leiarar i privat sektor, og dei fleste av desse frå små og mellomstore bedrifter, ned frå 34 som deltok på den 18. nasjonale kongressen i 2012.
Som du kanskje veit, oppfordra Xi i 2021 til en politikk for ‘felles velstand’ (eit omgrep som fyrst ble nytta av KKP i 1953), noko som skremte mange av desse milliardærane. De har sidan forsøkt å springe til åsane (‘investere i utlandet’, som du seier). Kina har no svært sterk kapitalkontroll, slik at berre 50.000 dollar kan verte overført til utenlandet. Ei rekkje ulovlege operasjonar har starta dei siste åra for å hjelpe dei rike med å kvitte seg med kontantar, blant anna gjennom den meir porøse regionen Hong Kong. Men staten har slått ned på dette, slik den har slått ned på korrupsjon. I august 2023 arresterte politiet leiarane for eit immigrasjonsfirma i Shanghai som mogleggjorde ulovlege valutaoverføringar. Presset på Jack Ma (fintech-selskapet Ant Group), Hui Ka Yan (eigedomsutviklaren Evergrande) og Bao Fan (investeringsbanken Renaissance Holdings) er ein indikasjon på KKP sin noverande posisjon då det gjeld milliardærar.
Du skriv at medan levestandarden har betra seg i Kina, er ‘sosialisme ikkje på dagsorden i det landet’. Viss det ikkje var for den sosialistiske agendaen som KKP har fulgt, korleis har Kina klart å avskaffe ekstrem fattigdom og få ned ulikskapstala, spesielt i tider med aukande global ulikskap, der den sosialdemokratiske agendaen i det kapitalistiske globale nord og i store delar av det globale sør ikkje har klart å kome i nærleiken av desse prestasjonene? Det er til hjelp at store banker i Kina er under staten sin kontroll slik at storskala kapital kan verte forvalta effektivt for å løyse sosiale problem, slik vi såg under COVID-19-pandemien. Klassekampen held sjølvsagt framleis fram i Kina, og den klassekampen påverkar KKP (med ein ekstraordinær medlemsmasse på 98 millioner).
Eg har ikkje berre forsøkt å gje nokre fakta for å rettleie vår diskusjon, men ogso å trekkje dei inn i den teorien om sosialisme som eg trur er mest attraktiv. Ifylgje denne teorien er sosialismen ikkje ei hending, men ein prosess, og denne prosessen — forankra i klassekampen — går i sikk og sakk, ei spenning fram og attende som ofte vert forsterka av det presserande behovet for å auke produktivkreftane i fattige land. Det er viktig å fylgje slike prosessar i staden for å ta eit allvitande standpunkt.
Hjartleg,
Vijay