MOLD beta
Medan vi ventar på MOLD... Vil denne betaversjonen fungere som ein forsmak på kva MOLD kan og vil vere.
Det som fyl er eit utkast til eit slags manifest for MOLD som vert endra fortlaupande:
I ei tid der krisane verkar kome på rekkje og rad, og der vi stadig nærmar oss økologisk og sivilisatorisk kollaps (dersom vi ikkje gjer drastiske endringar i vårt levesett), er media si rolle viktigare enn nokonsinne. Intensjonen bak MOLD er difor å bidra til auka mangfald i den norske mediefloraen, gjennom å presentere internasjonale artiklar for eit norsk publikum. Målet er å adressere einsrettinga som ein finn innanfor norske media, og å auke forståinga av verda vi lev i. Vona er at dette vil bidra til klårleik om kva våre kampar handlar om og gje oss tru på vår evne til å endre verda saman.
Einsrettinga i media er i særskild påfallande i dekninga av utanrikspolitikk, og den gjeldane forståinga av geopolitiske tilhøve som ligg til grunn for korleis ein tolkar verda. Ein skriv nærast ikkje eigne sakar, men vidarefortel det som Associated Press og NTB skriv, sakar vanlegvis blotta for kritiske perspektiv. Her vert vestlege media til munnstykke for det vestlege statsleiarar seier utan å utfordre slike perspektiv eller spørje seg kva kreftar som ligg bak deira røynda, og korleis dei tener på at folk tenkjer på ein særskild måte. Ein driv heller ikkje med oppfylging – det er som ein slags sjokkterapi der ein intensivt frontar eit særskild perspektiv for so å halde munn. Slik vert narrativ etablerte, same kva som faktisk er høvet. Dersom det skulle syne seg å vere feil gjer ein ikkje noko for å rette opp inntrykket dersom det er politisk gunstig at folk trur på det. Dette er ikkje lenger kritisk journalistikk, men kampanjejournalistikk.
Norske media presenterer difor stadig ei ‘amerikansk’ forståing av røynda, der verda er delt inn i ein god og ein vond blokk og der alle våre krigshandlingar er rettferdiggjort gjennom vage termar som ‘demokrati’, termar som har vorte misbrukt so mykje at ein nærast ikkje veit kva dei tyder lenger. Det var dette som blei kalla å ‘skape konsensus’, og denne prosessen held fram, noko ein ser ekstra tydeleg i krigstider der alle alternative stemmer må verte teia. Ikkje berre skapar ein konsensus, men ein induserer ogso ein særskild historisk gløymsle. Soleis får ein det alltid til å verke som om våre fiendar er kvalitativt verre enn oss, sjølv om vi er skuldige i det same som dei. Dette dannar eit feilaktig og sjølvrettferdig bilete av røynda.
Vi kjempar soleis mot det Magnus Marsdal har kalla ‘den nye Mccarthyismen’ i Noreg, der alle som utfordrar det vedtekne narrativet vert skulda for å vere apologetar for motparten. I MOLD ynskjer vi å dekkje sakane som stort ikkje vert dekkja av dei vanlege mediekanalane (eller som vert dekkja på ein skeiv måte) og å syne dei større linjene i det som skjer, ikkje berre agne etter klikk. Vi vil heller fungere som matjord, mold, der nye ting kan vekse fram.
Vi vil difor imøtegå moralisme og idealistiske fordømmingar av andre statar sine handlingar. Slikt er som oftast uttrykk for ein kolonial mentalitet der vi trur det er vår jobb å fortelje andre kva dei burde gjere. Kritikk er naudsyn, men den må vere informert av historiske kjensgjerningar og materielle tilhøve, ikkje verte ein slags moralistisk fordømming frå eins høge hest. Det er ikkje kritikk, då kritikk krev at ein faktisk har satt seg inn i det ein omtalar, og at ein handlar i god tru.
Tida der vi som kjem frå ‘vesten’ kan anta at vi har løysingar som vi kan påtvinge andre er for lengst forbi. Difor må vi lære av andre, ikkje berre avvise dei. Det er å gjere det enkelt for seg sjølv, men det er skadeleg dersom ein vil fostre eit ope meningsklima. Skal vi halde oppe den teoretiske vitaliteten til venstresida, må vi vere viljuge til å fronte upopulære standpunkt.
Og vi må unngå at andre skal diktere kva premissa for debatten skal vere. Venstresida vert alt for ofte tvunge til å ta stilling til ting som andre har vedteke, og det enklaste er ofte å seie det som er den gjengse oppfatninga. Men det er ikkje vår jobb å meine noko om alle sakar som våre motstandarar ynskjer at vi skal ta stilling til. Det tek ofte fokus vekk frå det viktige. Vi treng ikkje meiningar, men agendaar. Det er vår jobb: Å setje agendaen, å utfordre makta til dei som plar setje den. Det tyder ikkje at vi ganske enkelt skal påstå at det motsette av det dei seier er korrekt, eller at dei er fullstendig lygnaktige. Vi må søkje etter nyanse, ogso i måta vi omtalar dei vi er usamde med.
Vi vil unngå gamle og sterile debattar som går på å definere andre land, styresett og handlingar på basis av ein slags statisk smørbrødliste. Merkelappar fungerer som metaforar som bind saman det ein seier til å framstå samanhengande. Men ein forklarar ikkje kva ein faktisk meiner, eller kvifor det er treffande. Dette er ikkje interessant eller relevant. Materielle tilhøve kan indikere om eit land går i den eine eller andre retninga, men det er ingen land som kan leve opp til ein standard som vi tek for gjeve på førehand. Om ein nyttar ein særskild term, som imperialisme, må ein vere budd på å forklare kvifor denne passar i konkrete tilhøve. Det er ikkje nok å seie AT noko er slik og slik, ein må ogso forklare KVIFOR det er høvet.
Lakmustestar, der ein liksom vil arrestere noko gjennom å kreve at dei tek stilling til noko ein har lese i avisa (og der ein tek for gjeve at det er korrekt) er ikkje eit særleg gjevande utgangspunkt for debatt. Ein vil plassere folk i bås basert på kva dei meiner i ein særskild sak, framfor å opne for forståing. Ein vil fordømme, ikkje kritisere. Ein gløymer at verda er full av kontradiksjonar (dialektikken sitt grunnprinsipp) og at historia difor ikkje er ei rekkje spørsmål med klåre svar, men full av vanskelege spørsmål. Difor må vi vere opne om at vi kan ta feil, syne tolmod og vere sjenerøse med dei vi er usamde med. Soleis kan vi unngå at samtalar vert til konkurransar om å ha den ‘riktige’ posisjonen, og heller vedkjenne at noko slikt kanskje ikkje finst.
Vår jobb er å sjå etter opningar der dei finst, ikkje å hoppe til konklusjonar. Det er å byggje opp eit anna system i Noreg, ikkje fortelje andre land korleis dei burde gjere det. Teori og praksis går hand i hand. Dei som utviklar sosialisme i praksis endrar ogso korleis vi skal forstå sosialisme teoretisk. Det finst ikkje ein gudgjeven modell som ein kan nytte på ein ekstern måte. Berre konkret kunnskap kan hjelpe oss å forstå korleis eit samfunn fungerer og korleis vi kan forandre det til det betre. Difor bør vi ikkje møte deira forsøk på rein avvisning, men vere læreviljuge.
Slik kan ein formulere ein immanent kritikk, det vil seie ein som dømmer eit system på dette systemet sine eigne premiss og som held dei ansvarlege for det dei seier. Vage termar og definisjonar kjem ein ikkje langt med her. Abstrakte debattar tener heller ikkje til å samle arbeidarklassa, men til å støyte dei bort. Det har vi ikkje tid til.
Difor treng vi agendaar framfor meiningar. Vi kan ikkje late oss stoppe om røynda ikkje er nyss slik vi ynskjer. Det er vår jobb å endre den innanfor råmar vi ikkje sjølv har bestemt. Det er sjølvsagt inga enkel oppgåve. Vi må difor vere audmjuke med tanke på vårt eige prosjekt og i kritikken av andre. Vi har ein verd å vinne, ikkje ein å definere. Samstundes — no som vi er på randen av ein økologisk kollaps — må vi ogso hugse på at vi òg har ei verd å tape. Lat oss difor handle for det er for seint.