Normalitetsimperiet
Av Ian Parker (frå https://anticapitalistresistance.org/the-empire-of-normality/?fbclid=IwAR2Y4_O9UMdcvzrpBqnSAOUSc8Yofnw-RCRkcCYXJ-ykRrZb9PAzMgrrOmg)
Ian Parker ser på ei ny innføring i nevrodiversitet som gir ein materialistisk kritikk av korleis og kvifor vi vert gjort “normale”.
Robert Chapman si bok The Empire of Normality: Neurodiversity and Capitalism er veldig annleis dei fleste tamme kritikkane av psykiatri du finn i psykologibøker, med dei underliggande antakingane som pregar mykje prat om psykiatri og “anti-psykiatri”. Historia vert vanlegvis ramma inn på ei måte der den handlar om nokre utviklande idear om skilnaden mellom det å vere sunn og det å vere patologisk. Ein uttrykkjer ofte eit ubehag om korleis dette har vore litt for grovt — litt for rasistisk og sexistisk, til dømes — etterfulgt av ei beroligande forteljing om framsteg i medisinsk vitskap og meir toleranse for folk som finn det vanskeleg å tilpasse seg det moderne liv.
Det er nokre avgjerande underliggande antakingar om hjernestruktur og kjemi i dei hovudstraumsskildringane som gjer psykiatri som ein medisinsk spesialitet og psykologi som ein disiplin oppteken av god åtferd og rett tenking for å vere i stand til å halde fram som normalt. Og då “anti-psykiatri” vert diskutert, er det for å vise oss at dei folka — Thomas Szasz og R.D. Laing er dei vanlege mistenkte som vert trilla ut som kausus-døme — hadde nokre gode poeng, men stort sett bomma; anti-psykiatrar, slik går historia, tok ikkje verkelig naud på alvor, dei romantiserte til og med “mental sjukdom”, og so må vi gå attende og søke etter grunnane til at nokre folk er i stand til å takle problem medan andre ikkje lukkast.
Nevrodiversitet mot kapital
Robert Chapman syner oss at vi treng å ta eit steg tilbake med “neurodiversitetsteori” som ein måte å gje meining til dette, og stake ut ein annan veg gjennom denne rotet, det elendige rotet som individ finn seg i då dei endar opp framfor ein psykiater samt det elendige politisk-økonomiske rotet som gjer so mange liv utålelege. Dette er ein erklært materialistisk retning framover som også er modig og medviten interseksjonell, som tek på alvor dimensjonar av undertrykking — på bakgrunn av rase, kjønn og seksualitet — for å utmeisle eit argument om korleis kapitalismen håndhevar normalitet, gjer folk uføre og dinest skuldar dei sjølve for deira “funksjonsnedsetting”.
Gjennom å knyte saman forskjellige dimensjonar av utnytting og undertrykking, er påstanden hans at “ideen om den ‘normale’ personen, hjernen, og sinnet har vore intimt samanvevd med kolonialisme, imperialisme, og kvit overlegenheit,” og du treng marxisme for å forstå korleis og kvifor det er høvet. Han syner korleis kapitalismen, eit styringssystem som alltid har krevd at arbeidarar skal tilpasse seg ein norm slik at dei kan selje arbeidskrafta si og tilpasse seg eit system av masseproduksjon som vil gje mest profitt, har trappa opp angrepa sine på dei som ikkje kan og ikkje vil passe inn, og har utvida rekkevidda av denne “normaliseringa” av åtferd til korleis vi tenker og føler; det er ein vedvarande skifte under kapitalismen til det Chapman kallar “nevronormative”.
Anti-kva?
Undervegs gjev han nokre talane poeng ikkje berre om psykiatri, men også såkalla “anti-psykiatri” som eit anteke anti-normativ og tilsynelatande progressiv alternativ. Det er nokre nyttige påminningar her i boka om den store politiske skilnaden mellom Szasz og Laing. Szasz var utdanna psykiater (og psykoanalytiker forresten) som raste mot den medisinske modellen frå ein høgreside-posisjon; hans angrep var reaksjonært, ikkje berre på det hovudsstrauma-psykiatrien gjorde med folk, men også på alle som brukte merkelappar frå psykiatrien som “unnskyldningar” for dårlig åtferd. Dette er sjølvsagt ein farleg argumentasjonsrekkje som påverkar alle som ønsker å vinne attende merkelappane dei har fått og finne ein måte å nytte dei til å finne støtte.
“Nevrodiversitets”-rørsla vil til dømes inkludere mange aktivistar som er kritiske til merkelappar som “autisme”, til dømes, men som samstundes finn i korleis opplevingane er skildra at merkelappane peikar på noko nyttig, som gjev meining til livet deira og som argumenterer for trygge rom og terapeutisk hjelp. Chapman argumenterer her for ein allianse av dei som er “nevrodiverse” — og termen inkluderer alle former for skilnad — med anti-koloniale, skeive og mange andre rørsler som kjempar for ein stad til å bli høyrt og, om dei blir høyrt, ville attopplive venstresida, attopplive anti-kapitalistisk motstand.
Men kva so med dei tilsynelatande meir politisk “radikale” venstreorienterte “anti-psykiatrane” som Laing. Her er Chapman klokare enn mange marxistar som trur Laing er ein av deira eigne. Ja, det er sant at Laing ikkje var ein hemningslaus individualist som Szasz, men Laing, som var utdanna psykiater (og, ja, psykoanalytiker), var forplikta til ein slags liberal-eksistensialistisk posisjon som endte opp med å late kapitalismen som soleis sleppe unna. I hovudsak er den meste anti-psykiatrien, sjølv i sin “venstrevridde” versjon, opptatt av hovudstraums-medisinske tilnærmingar der ein ser på feil som kan bli retta opp ved å utdanne folk, hjelpe dei med å sjå at problema deira kjem frå merkelappane, og at alt vil ordne seg dersom dei berre kvittar seg med merkelappane.
Attende til Marx
“Nevrodiversitets-marxisme” gjev oss er ein utvida kritikk av det verkelege underliggande problemet, som er kapitalismen som eit system av normativ produksjon og forbruk som anten håndhevar “normalitet” — i sine verste ekstreme tilfelle, utslettar dei som er utpeika som “unormale”, fengslar eller til og med drep dei — eller forsøk å inkorporere dei som nisjar på marknade eller velvere-polettar [token-wellbeing], “ekspertar ved erfaring”, som kan avlaste det mentale helsesystemet og hjelpe det å fungere smidigare.
Som Chapman påpeikar “utfører mange arbeidarar i dag kognitivt, merksamt, og emosjonelt arbeid i større grad enn det manuelle arbeid i tida Marx levde,” og difor treng vi å forstå korleis nyliberalismen eller dagens “nevro-thatcherisme” blandar normalitet med produktivitet saman.
Denne boka retter merksemda mot effekten av “kapitalen sine stadig meir intense kognitive behov” på mental helse og “nedsetjing”, og utvidar måten vi forstår framandgjering og dei djupe nevrologiske nivåa som “psy”-yrka er engasjerte i slik at dei kan framstilje kroppane og hjernene våre som maskiner.
Historietimar
Boka går gjennom medisinhistoria og rolla til Francis Galton og Adolphe Quetelet i produksjonen av “gjennomsnittet” og i tillegg, som ein motsetnad til “gjennomsnittsmannen”, dei “subnormale” som ikkje klarte å nå opp. Chapman sin marxistiske historie om normalitet og abnormalitet gjev oss ein ganske annan ramme for å forstå korleis tidlege psykiatrar som Emil Kraepelin kunne komme til å hevde, og dette er eit sitat frå den store psykiateren sjølv, at “ein stadig breiare straum av underlegen avl [blandar] seg med avkommet vårt, [og bidreg] til forverringa av rasa.” So Chapman gjev oss ein brennande kritikk og ei historietime som alle studentar i psykiatri og psykologi burde lese.
Eg har noko kameratslege pirking å kome med. Det er urettferdig, til dømes, å hevde at Marx også er involvert i brennmerkinga av dei som ikkje lev opp til biletet av “gjennomsnittsarbeidaren,” — og er “direkte påverka av Quetelet”, seier Chapman — for Marx synte faktisk ogso korleis “gjennomsnittet” var ein del av det normative og tilpassingsdyktige produksjonssystemet som han hadde som hensikt å styrte. Heller ikkje trur eg det er rett å seie at “Freud såg mental sjukdom som noko som stammar frå den forstyrra likevekta mellom medvitne og umedvitne drivkreftar.” I Freud sine auge er vi alle “unormale,” og sjølv om det var djupe problem i nokre av Freud sine arbeid — han var ingen marxist, til å byrje med — er det mogleg å ta det argumentet om at alle er abnormale som noko som potensielt sett samsvarar med ein praktisk kritikk av det Chapman kallar “normalitetsriket.”
Sett bort frå alt anna er dette ein verdifull innføring i radikale studiat av funsksjonsnedsetting, som gjer at “den sosiale modellen” kan omfatte og berike “nevrodiversitets”-paradigmet. Dette er ein kritikk og ein oppfordring til handling. Ja, “samfunnet treng mangfald”, og dette leiar dei som kapitalismen ser på som overflødige til å bygge eit anna samfunn, eit alternativ til kapitalismen. Dette er fordi “arbeidarklassen og dei som er rekna som overflødige, i grunnen har dei same interessene”. Dette er ei utfordring til anti-kapitalistar om å utvikle, som Chapman seier det, ein “overgangspolitikk som sentrerer overskotet og, på avgjerande vis, finn måtar å styrke overskotet på som overskot” for ein “nevrodivergent praksis” som er interseksjonelt og “internasjonalistisk.” Vi bør lære frå og debattere boka som denne kameraten bring oss.
Ein versjon av denne omtalen har nettopp blitt publisert i den siste utgåva av Asylum, The Radical Mental Health Magazine, utgåva lansering for som vil være på nettet på mandag 11. desember.