Representantane sitt hus vedtek 1,6 milliardar dollar for å spreie anti-Kina propaganda i utlandet
Av Al Mayadeen English | Kjelde: Responsible Statecraft
Den nye lova finansierer “uavhengige media og sivilsamfunn” samt andre informasjonsaktivitetar i andre nasjonar.
Sidan 2016 har utanlandsk innblanding i amerikanske val og det sivile samfunn vore ei stor bekymring, der den amerikanske staten straffar utanlandske aktørar for å spreie “usemje og kaos” gjennom propaganda. Til tross for denne haldninga utsyner USA dobbelmoral gjennom sine eigne propagandaforsøk.
Ifylgje Responsible Statecraft fekk den nyleg vedtekne HR 1157, “Countering the PRC Malign Influence Fund”, godkjenning på tvers av partigrenser (351-36) og vil gje over 1,6 milliardar dollar til Utenriksdepartementet og USAID for å kjempe mot kinesisk “vondsinna innverknad” på global skala. Denne lova representerer ei monaleg auke i føderale utgifter til utanlandsk påverknad.
Tiltaket finansierer “uavhengige media og sivilsamfunn” og andre informasjonsaktivitetar i andre land. The Global Engagement Center, som truleg vil spele ei stor rolle i iverksettinga av lova, nyttar meir enn halvparten av budsjettet sitt på slike program, og USAID, som også vil spele ei leiande rolle, prioriterer midlar til utanlandske media og sivilsamfunnsorganisasjonar. HR 1157 vil turbolade [turbocharge] desse prosjekta.
I tillegg kjem lova utan krav om at offentleg finansiering av amerikanske media i utlandet vert kunngjort for folk i andre land, noko som gjer at det er mogleg at det vil støtte skjult anti-kinesisk bodskap. Dette liknar på det USA anklagar Russland for, nemleg at dei sponsar anti-Ukraina bodskap frå amerikanske mediepåverkarar.
Responsible Statecraft merkjer seg at “vondsinna innverknad” er ei brei skildring. Til dømes kan programfinansiering verte nytta til å fremje kva som helst forsøk på å understreke den “negative påverknaden” frå kinesisk økonomisk og infrastrukturinvestering i eit anna land. Det kan ogso sponse politisk bodskap mot kinesiske entreprenørar som deltek i bygginga av ein hamn, veg eller sjukehus, som ein del av Beijing sitt globale Belt-veg-initiativ.
Eit “visjonsdokument” frå 2021 frå First Special Forces Command ved Fort Bragg gjev innsyn i amerikanske informasjonsoperasjonar. Det skildrar eit fiktivt scenario i det afrikanske landet Naruvu, der spesialstyrkane oppdagar ein kinesisk hamneinvestering.
Den 8. gruppa for psykologiske operasjonar [8th Psyop Group] ved Fort Bragg sitt Information Warfare Center (IWC) samarbeider med lokale og amerikanske partnarar for å “diskreditere kinesiske aktivitetar”, noko som fører til protestar og uro. Dei samla påverknadsforsøka og kampanjane på sosiale medium leia til at det kinesiske selskapet avvikla hamneprosjektet sitt.
Skepsis mot amerikansk og kinesisk innblanding i utanrikssakar kan svekkje ekte motstand mot kinesisk påverknad. For eksempel leia amerikansk støtte til russisk opposisjon i 2011 til at Putin slo attende, noko som begrensa amerikansk involvering i Russland.
Den foreslåtte HR 1157 reiser bekymringar for at amerikansk anti-kinesisk propaganda ved et uhell kan påverke amerikanske publikum utan å avsløre finansieringskjeldene sine. Historiske døme, som Global Engagement Center sitt arbeid mot kritikarar under Trump-administrasjonen, illustrerer mogleg misbruk.
Toparti-oppslutninga om HR 1157 understrekar ein kultur i Washington der ein ignorerer risikoane som er knytta til å engasjere seg i skjulte aktivitetar som liknar på dei som ein fordømmer dersom andre land utfører dei.
Henta frå: https://english.almayadeen.net/news/politics/us-house-passes--1-6-billion-to-deliver-anti-china-propagand