Førelesing gjeven på Platypus 2024 International Convention-panelet om ‘Politikken kring ytringsfridom’.
I sine tidlege skrifter mot sensur, foreslo Karl Marx at det ikkje er tilstrekkeleg å berre kritisere sensur basert på korleis det syner ei avgrensing av våre fridomar og rettar. Mykje viktigare, meinte han, var den kritiske granskinga av vilkåra for mogleg sensur. Sensur kjem tydelegvis ikkje ut av det blå. Det vert produsert av visse tilhøve som gjer den naudsynt for den dominerande ordenen.
I vår tid, der sensur er utbreidd og uttrykkjer seg i ulike former, må ogso vi spørje — kva er vilkåra som gjer denne sensuren naudsynt? Medan det er viktig å påpeike hykleriet i dei uttalte verdiane til den kapitalistiske herskarklassen og brotet med desse i røynda, er det ikkje nok til å hjelpe oss å forstå, forklare og gje meining til kvifor sensur er så utbreidd i utgangspunktet.
Det er klårt at vi, då vi observerer den svekkande tilliten til styresmaktene, media (som berre 11% av befolkninga stolar på), politikarar etc., ser at den herskande eliten står andsynes ei legitimitetskrise.
Sensur er då eit tydeleg produkt av ein feilslått borgarleg ideologi, uttrykk for eit forfall av deira hegemoni og kontroll over massane sitt spontane verdssyn. Forteljingane produsert av den kapitalistiske klassen sine institusjonar vert ikkje lenger ukritisk og spontant akseptert av massane.
Dei fleste vanlege amerikanarar, særleg ungdommen, forstår intuitivt at media og andre ideologiske apparat frå den herskande klassen ikkje er der for å fortelje oss sanninga. Tvert imot. Heile formålet deira er å forvrenge verda slik at det lar oss forstå den gjennom narrativ oppretthaldne av den herskande eliten.
For å nytte eit teknisk uttrykk frå den marxistiske tradisjonen, er formålet deira å systematisk reprodusere ein form for falsk medvit — eit medvit som snur verda på hovudet basert på overflatiske einsidige fakta, forvrengingar og løgner. På ein eller annan måte er Israel offeret, Kina imperialisten og Cuba statssponsoren for terrorisme.
Dette er ikkje berre eit problem med epistemisk hygiene, slik forskaren Vannessa Wills har kalla det, men ein objektiv sosial realitet i den kapitalistiske livsforma. Det er eit system som, for å reprodusere seg sjølv og oppnå samtykke frå dei styrte, krev at folk trur verda er snudd på hovudet. Det er ein orden som krev ein forvrengt lysbryting [refraction] av seg sjølv i ideane sitt rike, ikkje ein nøyaktig, korresponderande refleksjon.
Arbeidarklassen i Amerika, og til og med nokre dissidentar frå meir privilegerte klassar, byrjar intuitivt å forstå denne røynda — sjølv om dei ikkje har, eller i det minste ikkje enno, forstått med den konkresjonen og systematikken som eit marxistisk verdssyn kan gje. Likevel finn sjølv desse spontane og ofte usamanhengande formene for motstand seg under sensur av ein herskande elite som er for skjør til å tillate nokon form for motstand mot imperiet sine hovudpåstandar. Dei føretrekkjer, og treng faktisk, ei kompatibel form for dissidentar (enten frå høgre eller venstre) som kan kritisere politikarar, kapitalisme, ‘the matrix’, osv., men som lojalt fyl narrativet til den herskande klassen då det gjeld spørsmål om imperialisme.
Desse problema knytt til imperialisme, som samsvarar med den nyimperialistiske fasen av kapitalismen vi no er i, er akilleshælen for den noverande eliten. Dei aller fleste som har vorte sensurert dei siste åra, har vorte angripne og dømt nettopp på grunn av at dei har utfordra det imperialistiske narrativet. Eg kjenner ingen som har vorte sensurert for å krevje auka minstelønn, Medicare for all, eller gjeldssletting — viktige spørsmål for den store majoriteten av amerikanske arbeidarar.
Stemmene som vert sensurert, er dei som har utfordra imperiet sine narrativ på sentrale spørsmål som stadfortredar-krigen mot Russland, den nye kalde krigen mot Kina, dei einsidige tvangstiltaka mot Venezuela, Cuba, Nicaragua og andre, og sjølvsagt, det mest avgjerande spørsmålet i vår tid: folkemordet på palestinarane av den fascistiske staten Israel, USA sin koloniale utpost i Vest-Asia.
Eg talar i dag ikkje som ein utsidar som berre er interessert i spørsmål om sensur, men som leiar for eit institutt som har måtta kjempe hardt mot sensur dei siste åra.
For tre år sidan, då dei såkalla “protestane” i Cuba fann stad 11. juli, brukte vi instituttet sin TikTok for å avliva imperialistiske myter som alltid var retta mot regimeskifte. Fylgjarane våre nærma seg 300 000 på den tida, og videoane vi laga nådde millionar av menneske. Etter nokre videoar der vi diskuterte situasjonen, vart kontoen vår mellombels stengd, noko vi møtte gjennom heile sumaren. Slik hævet ofte er, sidan dei ikkje kunne slå oss på idéplanet var sensur den einaste løysinga deira.
Berre nokre månader seinare fann spesialmilitæroperasjonen (SMO) stad, noko som representerte ein ny augneblink i den imperialistiske Vesten sin kamp mot Russland. På den tida nytta vi instituttet sitt TikTok-plattform for å motsetje oss NATO-imperialistiske narrativ som framstilte Putin som ein blodtørstig galning. Vi sette SMO i samanheng med den lange historia om U.S./NATO-utviding mot Russland, krigen mot folket i Donbass sidan 2014, utvidinga, støtta av Vesten, av Nazi-Banderismen og inkorporeringa av denne i den ukrainske staten, blant andre faktorar som var naudsynte for å forstå handlingane som fann stad i februar 2022 — faktorar som tidlegare år også den imperialistiske media og ulike amerikanske embetsmenn sjølv aksepterte.
For å avsløre desse sanningane og utfordre det imperialistiske narrativet, vart kontoen vår (denne gongen nær 400 tusen følgjarar) permanent stengd. Det påfylgjande året oppretta vi sju nye kontoar, nokre av dei nådde også over 100 tusen fylgjarar, berre for å verte stengde igjen så snart vi igjen kunne nå millionar.
Som den undersøkande journalisten Alan Macleod synte: Det året sensuren mot instituttet starta, tvang Biden-administrasjonen ByteDance (det kinesiske selskapet med algoritmar som fokuserer på folk) til å overlate styringa av dei amerikanske serverane sine til det Texas-baserte selskapet ORACLE, eit selskap med nære band til CIA. Det kom fram i Macleod sin rapport at Oracle hadde hyra inn ei lang rekkje tidlegare amerikanske statsdepartement- og etterretningstenestefolk til å administrere innhaldet for TikTok, i tillegg til nokre NATO-leiarar for å vere på de sikre sida. TikTok sa at dei sletta 320 000 “russiske kontoar”, som inkluderte mange amerikanske sosialistar som aldri hadde hatt noko med Russland å gjere, slik som instituttet vårt.
Den sensuren vi har møtt, har likevel langt frå vore avgrensa til TikTok (ein app som, sjølv om den vert administrert av utanriksdepartementet, ikkje har klart å fullstendig kontrollere dei motstridande haldningane til imperialismen som ungdommen formidlar — den eigentlege grunnen til at dei har prøvd å forby appen, og kvifor vi, sjølv om vi har vorte utestengde meir enn sju gonger, har klart å byggje opp ein ny konto med godt over 200 tusen følgjarar og millionar av visningar på ulike videoar).
Midt i februar i år, medan vi dekte dødsfallet til den høgreorienterte rasisten Navalny, fekk vi melding om at YouTube-kanalen vår ikkje kunne ta imot pengestøtte [was demonitized]. Dette var ein av hovudkjeldene til inntekt for instituttet — ein stad der folk donerte pengar og stilte spørsmål i våre direktesendingar. Dette var sjølvsagt ein unik form for sensur — eit målretta angrep på den økonomiske grunnmuren som gjer det mogleg for oss å utføre det arbeidet vi gjer.
Dette er berre toppen av isfjellet når det gjeld sensurangrep vi, og mange andre som oss, har møtt når våre idear ikkje berre utfordrar den dominerande forteljinga, men gjer det på ein måte som når hundretusenvis, og av og til millionar, av menneskje.
Sosiale medium har, som eg har prøvd å skildre i mine nylege skrifter, vorte eit av dei sentrale ideologiske områda der posisjonskampen, det vil seie kampen om idear for å vinne hjarta og tankane til folk, må førast. Det er eit område der folk nyttar 3-4 timar kvar dag, og som er sentralt for spontant utvikling av synspunkt som folk får om relevante politiske spørsmål. Sjølv om det har ein røyrforma [tubular] karakter og lekkasjar av motstridande synspunkt dukkar opp her og der, har det vorte det viktigaste apparatet for narrativ kontroll for den herskande klassen — eit rom der dei kan forsterke sine narrativ (av og til direkte, av og til indirekte gjennom botar) og stenge ute dei motstridande (nok ein gong, av og til direkte gjennom utestenging, av og til indirekte gjennom å hindre pengestøtte, og av og til med meir slue metodar, som skuggeutestenging [shadowbans], slik det har skjedd med ulike andre leiarar ved vårt institutt).
I møte med denne sensuren er det marxistane si plikt å setje den i samanheng med legitimitetskrisa og imperiet vi står andsynes. Det er også vår plikt, om vi ynskjer å vinne posisjonskampen, å nytte gapet mellom dei høgt uttalte verdiane til den herskande klassen (dei fleste av desse vert aksepterte i folks sunne fornuft) og den røynda deira orden skaper til vår fordel. Det faktum at eliten på den eine sida proklamerer retten til ytringsfridom, media etc., og på den andre sida sensurerer alle stemmer som utfordrar den dominerande forteljinga (særleg når det gjeld spørsmål om krig og fred), er ein objektiv motsetnad vi må forklare for folket, og nytte til vår fordel. Vi må hjelpe dei med å oppnå samanheng i dei motstridande haldningane dei allereie har — hjelpe dei med å forstå kvifor den herskande klassen og institusjonane deira ikkje bør stolast på og verte utfordra.
Lenin sitt spørsmål – fridom (eller ytringsfridom) for kven og til å gjere kva? – må alltid stiljast. Fridom, enten det er ytringsfridom eller fridom av anna slag, er ein abstraksjon som inneheld eit skjult klasseinnhald. Ytringsfridom for eliten er fridomen for deira tale, deira fridom til å forvrenge røyndomen og halde oss uvitande tannhjul i ei maskin dei eig, profitterer på, og vonar å halde i gang.
Ytringsfridom for oss, den store majoriteten av folket, har fundamentet i evna til å utfordre maktstrukturar, utfordre narrativa til dei som latar som om dei vil ‘bekjempe feilinformasjon’, medan det er dei sjølve som er dei store lygnarane, bedragarane og feilinformantane.
Dette krev at vi står imot all form for sensur, ikkje berre av dei som allereie har vårt marxistiske verdssyn. Alle som utfordrar imperiet, uavhengig av kor anakronistiske synspunkta deira måtte vere, bør ha rett til vern av ytringsfridom og media. Som marxistar, som dei endelege fiendane av den herskande orden, kan vi ikkje støtte at staten kneblar avvikande røyster som stil spørsmål ved imperiet, sjølv om vi i andre høve finn nokre av synspunkta deira avskyelege.
I vår tid med openberr sensur, bør vi marxistar forsvare retten til ytringsfridom som er gjeve oss i den borgarlege grunnlova — sjølv om vi kan forstå og forklare for andre dei systematiske grunnane til at den kapitalistiske herskarklassen alltid, i krisetider, må bryte dei demokratiske rettane dei som dei proklamerte støtte til då dei entra den historiske scenen.
Sjå heile panelet her:
Carlos L. Garrido er ein kubansk-amerikansk filosofiinstruktør ved Southern Illinois University, Carbondale. Han er direktør for Midwestern Marx Institute og forfattar av The Purity Fetish and the Crisis of Western Marxism (2023), Marxism and the Dialectical Materialist Worldview (2022) og den komande Hegel, Marxism, and Dialectics (2024). Han har skrive for dusinvis av vitskaplege og populære publikasjonar over heile verda og driv ulike direktesendte program for Midwestern Marx Institute på YouTube. Du kan tinge hans Philosophy in Crisis Substack HER.