Sosialismen er seinkomen: Det tjuefyrste nyhendebrevet (2026)
Av Vijay Prashad
Medan det kapitalistiske systemet løner kortsiktige syklusar, er det å byggje ei verdig framtid ei langsiktig oppgåve som krev disiplinert organisering og ein varig kamp for å få fram dei sosiale kreftene i ei ny verd.
Kjære vener,
Helsing frå skrivebordet til Tricontinental: Institute for Social Research.
I 1921, nokre år inn i det sovjetiske eksperimentet, gav V. I. Lenin ut ein artikkel med den avslørande tittelen ‘Nye tider og gamle mistak i ny forkledning’. Artikkelen opna ei undersøkingsline som skulle fylgje han heilt fram til slutten av livet hans tre år seinare. Det som fanga han var spørsmålet om korleis ein skal byggje sosialisme i eit land som er herja av krig, med minimal kapital å råde over, eit hovudsakleg bondesamfunn med høg analfabetisme (rundt 70 %) og inga offentleg forvalting som er i stand til å styre ein sosialistisk stat. I artikkelen skreiv Lenin:
Etter ein enorm, uovertruffen innsats frå arbeidarklassen i eit småbondeland i ruinar — ein arbeidarklasse som i stor grad er blitt nedgradert — treng dei eit tidsrom der nye krefter kan vekse til og kome fram, og der dei gamle og utslitne kreftene kan ‘hente seg inn’. … Ein må forstå dette og rekna med den naudsynte, eller rettare sagt uunngåelege, nedgangen i veksten til nye krefter i arbeidarklassen.
Dette nyhendebrevet er vigd tanken om ‘tidsrommet’ som trengst for at eit ‘land i ruinar’ skal kunne reisast opp frå sin underutvikla tilstand til sosialisme (eg har tenkt på dette medan eg har lese gjennom vårt hundrede dossier, Framtida). Vi vil drøfte denne tanken ut i frå at ein sosialistisk prosess tek tid å modnast medan det kapitalistiske samfunnet skjelv i krise. Omgrepet ‘seinkomen’ [‘slow to mature’] vert innført her og vil bli utdjupa vidare i arbeidet til instituttet vårt.
Alle sosialistiske revolusjonar i den moderne verda har funne stad i dei fattigare nasjonane, der bøndene er i fleirtal, og der rikdom er blitt tappa systematisk frå landområda deira til fjerne land. I desse fattigare nasjonane måtte dei nye revolusjonære styresmaktene — anten i Sovjetunionen (1917), Vietnam (1945), Kina (1949) eller Cuba (1959) — byggje opp sin eigen statskapasitet frå nær ingenting og skapa kapitalsummar til å byggje infrastruktur og industri. Korkje statskapasitet eller kapital kom lett til desse revolusjonære prosessane, noko som tvinga dei til å eksperimentere på måtar som ikkje er skikkeleg dokumenterte. Her er seks punkt henta frå det vi faktisk veit om desse prosessane – dei tener som eit grunnlag for å utvikle ein teori om omgrepet «seinkomen». Vi oppmodar dykk til å skriva til oss med dykkar eigne idear om dette omgrepet, basert på dykkar eigne røynsler og studiar.
1. Tillit byggjer seg opp langsamt, og gamle vanar er vanskelege å bryte.
Revolusjonære styresmakter arvar strukturar forma over generasjonar av gamle hierarki av kaste og stamme som styrer jordbruksforholda, av kolonial audmjuking og ekspropriering, og av total sosial naud. Bolsjevikane i Sovjetunionen oppdaga til dømes raskt at den gamle tsariske byråkratiske kulturen ikkje forsvann i oktober 1917. Korrupsjon, autoritetstro og mistru til kollektive institusjonar heldt fram i årevis. I Kina etter revolusjonen i 1949 konfronterte Kommunistpartiet gjentekne gonger levningane etter det konfutsianske hierarkiet, regionale klientnettverk og overlevingsvanar hjå bøndene som var forma gjennom hundreår med utryggleik. På Cuba etter 1959 tala den revolusjonære leiarskapen ope om å skapa ‘eit nytt menneske’, fordi dei forstod at sosialistisk medvit ikkje kunne påleggjast over natta.
Folk som lev gjennom valden frå kolonialismen og ulikskapane i kapitalismen, lærer seg å verne seg sjølve individuelt eller gjennom familiar. For at eit sosialistisk prosjekt skal lukkast, må folk læra å stole på kollektive system. Den tilliten veks langsamt gjennom røynsler — gjennom skular som fungerer, klinikkar som lækjar, husvære som skjermar, og institusjonar som varer. Ein revolusjon kan ta statsmakta raskt, men han kan ikkje raskt forvandle sosial psykologi.
2. Handels- og finansnettverk tener den rådande verdsordninga.
Kapitalismen dominerer ikkje berre gjennom ideologi, men gjennom innarbeidde nettverk for handel og finans, og òg gjennom infrastrukturen for transport og kommunikasjon. Land som freistar ein sosialistisk omforming, går inn i ei verd som alt er organisert kring kapitalistisk akkumulasjon. Etter den russiske revolusjonen sleit Sovjetunionen, fordi industrielle forsyningskjeder, banknettverk og handelsruter var kontrollerte av fiendtlege kapitalistmakter. Røynsla til Cuba etter at Sovjetunionen fall i 1991 synte dette tydeleg: Øya mista tilgangen til drivstoff, reservedelar, kreditt og handelsforhold nesten over natta, fordi verdsøkonomien var strukturert kring system som Cuba i stor grad var stengt ute frå (og som han no blir stengt ytterlegare ute frå av den ulovlege USA-drevne oljeblokaden). Vietnam, etter gjenforeininga i 1975, møtte enorme vanskar med å byggje opp att ein økonomi som var øydelagd av krig, medan dei heldt seg utanfor dominerande finansielle og kommersielle krinsløp. Eksisterande system reproduserer seg sjølve fordi kvar institusjon — frå hamner til valutaer til programvarestandardar — arbeider i deira favør. Å byggje alternative nettverk tek tiår, ikkje år.
2. Kapital- og infrastrukturkostnadane er enorme i land som er utarma av kolonialismen.
Då dei vietnamesiske revolusjonære sigra over USA-imperialismen, arva dei eit land som var fysisk øydelagt av bombing og kjemisk forgifta av Agent Orange. Cuba arva ein einavling-sukkerøkonomi bunden nesten utelukkande til USA. Kina i 1949 kom ut av eit hundreår med audmjuking og krigsherredøme, japansk imperialisme og borgarkrig med låg levealder, stor analfabetisme og svak industriell kapasitet.
Desse revolusjonane måtte byggje jarnvegar og hamner, skular og vitskaplege institusjonar, straumnett og stålverk – nesten frå grunnen av. Dei nordatlantiske kapitalistlanda industrialiserte seg over fleire hundreår, finansiert gjennom slavehald, kolonialt plyndring og imperial tributt. Sosialistiske statsapparat i fattigare land som hadde vore koloniar, var venta å presse denne prosessen saman til nokre tiår under blokade eller militær trugsel – og vart so skulda for statleg svikt. Den reine materielle byrda gjorde omforminga sein.
4. Ytre press – som sanksjonar, sabotasje, diplomatisk isolasjon og krig – gjer utviklinga treig.
Kvar einaste revolusjonsstat i den tredje verda har møtt militær omkransing eller økonomisk straff. Sovjetunionen vart invadert av soldatar frå over eit dusin framande land etter 1917 og møtte sidan nazi-invasjonen, som tok livet av minst 27 millionar sovjetborgarar og øydela titusenvis av byar og landsbyar. Cuba har i fleire tiår uthalde USA-sanksjonar som er laga nettopp for å skape knappleik og sosial misnøye. Chile si regjering under Folke-eininga freista ein strukturell omlegging, men møtte umiddelbar økonomisk destabilisering, elite-motstand og utanlandsk intervensjon før langsiktige reformar kunne festna seg. Nicaragua sin sandinistiske regjering møtte ein kontra-krig finansiert av USA og gruvedrift av hamnene deira, mellom anna Corinto. Vietnam kjempa ein antikolonial krig frå 1945 til 1975.
Dette trykket brukte ressursar som elles ville gått til sosial utvikling. Sanksjonar aukar transaksjonskostnadane, avgrensar tilgangen til teknologi og skapar kronisk knappleik. Krig øydelegg infrastruktur og omdirigerer arbeidskraft til forsvar. Under desse harde tilhøva oppstår ineffektivitet ikkje ut frå ideologi eller planleggingsfeil, men ut frå dei permanente unntakstilstandane som fiendtlege makter påtvingar.
5. Kvar einaste prosess er ineffektiv i dei tidlege fasane.
Revolusjonsstatane freistar å skape nye administrasjonssystem medan dei samstundes utvidar utdanning og helsevern, og gjennomfører jordreform og industriell utvikling. Mistak og byråkratisk forvirring, flaskehalsar og knappleik er uunngåelege. Det tidlege sovjetiske planleggingssystemet sleit med samordning fordi det ikkje fanst historisk presedens for å administrere ein kontinental økonomi forankra i sosial rettferd heller enn profitt. Kina sine kommunar og industrielle eksperiment sleit med svak teknisk kompetanse og ujamn lokal gjennomføring. På Cuba vart knappleiken på utdanna fagfolk forsterka då mange flykta til Miami etter revolusjonen.
Offentleg forvalting lærer gjennom praksis. Institusjonar modnast gjennom prøving og feiling. Sosialistiske administrasjonar i fattigare nasjonar er venta å oppnå effektivitet umiddelbart medan dei står overfor embargoar, låg lesekunnskap og teknologisk knappleik. Tidleg ineffektivitet er difor ikkje eit unnatak, men eit kjenneteikn ved ei kvar stor samfunnsomforming.
6. Korte valsyklusar hindrar sosial omforming.
Sosial omforming krev planleggingshorisontar målt i tiår — ikkje i dei fire- eller femårige valsyklusane som løner umiddelbar konsum framfor langsiktig gjenoppbygging. Revolusjonære styresmakter treng tolmod før synlege framsteg kjem til syne. Sjølv utanfor eksplisitt sosialistiske statar, møter regjeringar som freistar omfordelande eller utviklingsretta program, ofte sabotasje gjennom val før prosjekta er modne. Transformerande politikk krev kontinuitet, men valsystem forma av mediesyklusar og finansielle press løner kortsiktig styring. Sosialistiske eksperiment har difor gjentekne gonger konfrontert motseiinga mellom historisk tid (den lange varigheita som trengst for å gjera samfunnet på nytt) og valtid (den komprimerte rytmen i moderne politikk).
I Bertolt Brecht si Mor (1931) slit hovudpersonen, Pelagea Vlassova, seg gjennom tragedie etter tragedie til den russiske revolusjonen feier henne med i handlinga. Då ho finn seg sjølv på eit kjøken med fleire kvinner, og ei av dei klagar over at dei høyrer at kommunismen ikkje er anna enn ein forbryting, svarar ho med å syngje:
Det er fornuftig — kven som helst kan skjøna det.
Det er lett.
Viss du ikkje er ein utbyttar, kan du gripa det.
Det er bra for deg. Sjå nærare på det.
Dei dumme kallar det dumt, og dei rotne kallar det rotne.
Det er mot det som er rotne, og mot dumskap.
Utbyttarane kallar det ein forbryting.
Men vi veit
det er slutten på forbrytingar.
Det er ikkje galskap, men
slutten på galskap.
Det er ikkje kaos,
men orden.
Det er den enkle tingen
so vanskeleg å få til.
Då eg tenkte på ‘seinkomen’, hugsa eg songen til Vlassova. Vlassova arbeidde heile livet sitt, men hadde lite å syne for det utanom si verdigheit. Ho hadde kanskje ikkje full utdanning, men ho hadde vite sine fulle forstand. Ho visste at kommunismen er ein ‘enkel ting’, men ho var ikkje nokon som levde i draumeverda. Det er enkelt, men ‘vanskeleg å få til’.
Venleg helsing,
Vijay
Henta frå: https://thetricontinental.org/newsletterissue/newsletterissue-slow-to-mature/







