Frå universitet til grasrotrørsler verda over, kjem unge menneske til motangrep mot medverknaden i Israel sitt folkemord på palestinarar. Dei etablerer leirar og møter undertrykkjing med uthald. Denne motstanden har røter i ein lang tradisjon med å skape klårleik i ei verd av inngrodde kompromiss, frå kampen mot apartheid i Sør-Afrika til Kina si 4. mai-rørsle.
Kjære vener,
Helsingar frå skrivebordet til Tricontinental: Institute for Social Research.
Det var uunngåeleg at støtta frå regjeringane i den globale nord til Israel sitt folkemord mot palestinarane ville føre til raseri frå borgarane. At dette raseriet starta i USA er heller ikkje overraskande, gjeve den pågåande syklusen av protestar som sidan oktober 2023 har utfordra den amerikanske regjeringa si uvilkårlege støtte til den israelske regjeringa. USA sin finansiering av Israels utryddingskampanje mot palestinarane inkluderer over hundre våpenleveransar til Israel sidan 7. oktober og milliardar av dollar i bistand.
I lang tid har unge menneske i USA — som i andre land i den globale nord — kjent på at lovnadane frå samfunnet deira har svikta. Permanent usikkerheit i arbeidslivet ventar på dei, sjølv dei med høgare utdanning, og eit meir verdifullt grep om moral har utvikla seg i dei på grunn av eigne eksperiment for å verte betre menneske i verda. Grufulle innstrammingstiltak og patriarkalske normer har tvinga dei til å vende seg mot dei styrande klassane. Dei ynskjer noko betre. Angrepet mot palestinarane har skapt ein sprekk. Kor mykje lenger desse unge menneska vil gå, står att å sjå.
På tvers av USA har studentar bygd leirar på over hundre universitetsområde, inkludert landet sine mest prestisjetunge institusjonar som Columbia, Massachusetts Institute of Technology, Stanford, Emory, Washington University i St. Louis, Vanderbilt og Yale. Studentane er ein del av lokale campusgrupper so vel som nasjonale organisasjonar, blant anna Students for Justice in Palestine, Palestinian Youth Movement, Jewish Voice for Peace, CodePink, Democratic Socialists of America og Party for Socialism and Liberation. Ved desse leirane syng og studerer studentane, ber og diskuterer. Universiteta har investert sine enorme fond i midlar som er samanfletta med våpenindustrien og israelske selskap, med den totale summen på donasjonar frå amerikanske høgare utdanningsinstitusjonar på omtrent 840 milliardar dollar. Å sjå at deira stadig aukande skulepengar går til institusjonar som er medskuldige i og profitterer på dette folkemordet, er altfor mykje for desse studentane. Derfor er dei fast bestemde på å motstå med sine kroppar.
Demokratiet blir korrodert når grunnleggjande sivile handlingar som dette møter den fulle krafta frå staten sitt undertrykkande apparat. Høgskoleadministratorar og lokale bymyndigheiter har sendt tungt væpna politistyrkar for å bruke alle nødvendige midlar for å fjerne leirane, ytterlegare forsterka ved å plassere snikskyttarar på taka ved fleire universitet. Scener av sensitive studentar og fakultetsmedlemmer som blir rivne vekk frå campusane sine, elektrosjokka, mishandla og arrestert av politi i opprørsutstyr, florerer på sosiale media. Men i staden for å demoralisere ungdommen, har desse valdelege tiltaka berre leia til opprettinga av nye leirar ved høgskolar, ikkje berre i USA, men også i land så langt unna som Australia, Canada, Frankrike, Italia og Storbritannia. Unnskyldningar som at telta utgjer ein brannfare kan gjere administratorane meir resolutte, men dei gjev ingen meining for studentane, fakultetsmedlemmene som kom for å forsvare dei, eller bekymra menneskjer over heile verda. Bileta av denne valden minner om fotografiane av massakrane mot amerikanske studentar som protesterte mot Vietnamkrigen og av politihundar som blei slept laus på unge svarte barn under den amerikanske borgerrettsrørssla.
Dette er ikkje fyrste gong at unge menneske, særleg høgskulestudentar, har prøvd å skape klårleik i ei verd som er inngrodd i kompromiss. I USA kjempa tidlegare generasjonar for å få høgskulane sine til å avstå frå apartheid-Sør-Afrika og dei grufulle US-drivne krigane i Søraust-Asia og Sentral-Amerika. I 1968 eksploderte unge menneske frå Frankrike til India, frå USA til Japan, i sinne mot imperialistkrigane i Algerie, Palestina og Vietnam, med blikket fast retta mot Paris, Tel Aviv og Washington for deira mordariske kultur. Deira haldning blei fanga opp av den pakistanske poeten Habib Jalib, som song ved Lahore sin Mochi-port: kyun darate ho zindan ki divar se (kvifor skremmer du meg med fengselet sin port?) og dinest zulm ki baat ko jahl ki raat ko, main nahin manta main nahin jaanta (undertrykkinga sine ord, ignoransen si natt, eg nektar å anerkjenne, eg nektar å akseptere).
Sidan vi er i starten av mai, kan det vere verdifullt å minnast dei modige unge menneska i Kina som gjekk ut i gatene 4. mai 1919 for å fordømme audmjukingane som blei påførte det kinesiske folket under Pariskonferansen (som resulterte i Versaillestraktaten). Under konferansen bestemte dei imperialistiske maktene seg for å gje Japan ein stor del av Shandong-provinsen, som Tyskland hadde teke frå Kina i 1898. I denne maktoverføringa såg kinesisk ungdom svakheita i Kina sin republikk, som blei etablert i 1911. Over fire tusen studentar frå tretten universitet i Beijing gjekk ut i gatene under eit banner som laud: ‘Streve etter suverenitet eksternt, eliminere nasjonale forrædarar internt.’ Dei var sinte både på dei imperialistiske maktene og på sin eigen delegasjon på seksti medlemmer til Pariskonferansen, leia av utanriksminister Lu Zhengxiang. Liang Qichao, eit medlem av delegasjonen, var so frustrert over traktaten at han sende ein melding attende til Kina 2. mai, som blei publisert og inspirerte dei kinesiske studentane. Studentprotestane pressa den kinesiske regjeringa til å avsetje pro-japanske tenestemenn som Cao Rulin, Zhang Zongxiang og Lu Zongyu. 28. juni nekta den kinesiske delegasjonen i Paris å signere traktaten.
Handlingane til dei kinesiske studentane var kraftfulle og vidtrekkande, med 4. mai-rørsla deira som ikkje berre protesterte mot Versaillestraktaten, men utvikla ein breiare kritikk av råte i Kina sin elite-republikanske kultur. Studentane ville ha meir, og deira patriotisme fann ly i straumar av venstreorientert tenking som anarkisme, men endå djupare i marxisme. Berre to år seinare grunnla fleire av dei viktige unge mannlege intellektuelle som blei forma av denne oppstanden, som Li Dazhao, Chen Duxiu og Mao Zedong, Kina sitt kommunistparti i 1921. Kvinnelege leiarar grunnla organisasjonar som leia millionar av kvinner inn i politisk og intellektuelt liv, og som seinare blei eit kjerneelement i det kommunistiske partiet. Til dømes grunnla Cheng Junying Beijing Women’s Academic Federation; Xu Zonghan etablerte Shanghai Women’s Federation; Guo Longzhen, Liu Qingyang, Deng Yingchao og Zhang Ruoming skapte Tianjin Women’s Patriotic Comrades Association; og Ding Ling blei ein av dei fremste forteljarane i Kina si landsbygd. Tretti år etter 4. mai-bevegelsen underminerte mange av desse mennene og kvinnene det rotne politiske systemet og etablerte Folkerepublikken Kina.
Kven veit kor motstanda frå studentar i det globale nord i dag vil leie. Studentane si nekting av å anerkjenne unnskyldningane frå herskarklassen og akseptere politikken deira er fundert djupare ned i jorda enn telta deira. Politiet kan arrestere dei, mishandle dei og fordrive leirane deira, men dette vil berre gjere radikalisering vanskelegare å stoppe.
Midt i den kvite varmen av 4. mai-bevegelsen skreiv poeten Zhu Ziqing (1898–1948) diktet ‘Ljos’. Orda hans strøymer frå 1919 til vår eigen tid, frå éi generasjon av studentar til ei anna:
I den djupaste og stormfulle natta,
Framføre meg ligg ei ørken.
Ein gong forbi ørkenen,
Opnar stien seg for folket.
Å! I mørket finst tallause stiar,
Korleis skal eg gå rett?
Gud! Gjev meg raskt litt ljos,
Lat meg springe framover!
Gud svarar raskt: Ljos?
Det kan eg ikkje å gje deg.
Du vil ha ljos?
Du må skape det sjølv!
Det er dette unge menneskje gjer: dei skaper dette ljoset, og sjølv om mange av dei eldre prøver å dempe det, held sjela sitt ljos fram med å kaste ljos på elendigheita i systemet vårt — i hjartet av Israel sin stygge krigføring — og menneskeheita sin lovnad.
Med varme helsingar,
Vijay
Frå: https://thetricontinental.org/newsletterissue/students-for-palestine/