Konvensjonelle forteljingar i Vesten hevdar at styresmaktene i Kina manglar folkeleg legitimitet, og at dei berre held på makta gjennom tvang. Men eksisterande dokumentasjon frå dei to hovudstudiane på dette området — begge utført av etablerte vestlege institusjonar — viser det motsette. Desse studiane viser at regjeringa i Kina har sterk folkeleg støtte, og at dei fleste i Kina oppfattar det politiske systemet som demokratisk, rettferdig, og tenande folket sine interesser.
Den første studien er publisert av Ash Center for Democratic Governance and Innovation ved Harvard. Ash Center driv det dei omtalar som “det lengstgåande uavhengige forsøket på å måle kor nøgde kinesiske borgarar er med regjeringa si”. Jamlege undersøkingar har blitt gjennomført sidan 2003. Dei nyaste resultata vart publisert i 2020, i ein rapport med tittelen “Understanding CCP Resilience: Surveying Chinese Public Opinion Through Time”.
Dette er ikkje ei pro-Kina-publikasjon. Tvert imot tek Ash Center utgangspunkt i at Kina er eit autoritært system avhengig av tvang, og difor sannsynlegvis vil møte ei legitimitetskrise. Men sjølve resultata i studien peikar i ei heilt anna retning.
Forfattarane oppsummerer resultata slik: “Vi finn at sidan starten av undersøkinga i 2003, har den kinesiske folkesetnaden si tilfredsheit med regjeringa auka på nesten alle område. Frå effekten av nasjonal politikk til åtferda til lokale tenestemenn, vurderer kinesarar styresmaktene som meir kompetente og effektive enn nokon gong før. Interessant nok er det dei mest marginaliserte gruppene i fattigare, innlandsområde som i størst grad rapporterer auka tilfredsheit. For det andre ser det ut til at kinesarar sine haldningar responderer (både positivt og negativt) på røynlege endringar i den materielle levestandarden deira.”
Rapporten finn at tilfredsheit med sentralregjeringa er særs høg. I 2016, det siste året med data, låg ho på 93 %, og hadde generelt auka over tid. Tilfredsheit på lågare styringsnivå er noko lågare, men framleis sterk — for eksempel hadde provinsstyresmakter 82 % støtte det siste året med data.
Den andre studien er publisert av Alliance of Democracies (AoD), ein dansk NGO grunnlagt av tidlegare NATO-generalsekretær og tidlegare statsminister i Danmark. AoD samarbeider med Latana, eit tysk marknadsundersøkingsfirma, om årlege undersøkingar av haldningar til demokrati i over 50 land. Sidan 2019 har dei publisert rapporten Democracy Perception Index kvart år. Dette er gullstandarden i bransjen, produsert av liberale institusjonar som ein ikkje kan skulde for å ha noko pro-Kina slagside. Likevel er resultata for Kina gjennomgåande oppsiktsvekkande.
I den nyaste rapporten (2024) kjem det fram at folk i Kina har overveldande positive syn på det politiske systemet sitt. 92 % seier at demokrati er viktig for dei, 79 % meiner landet deira er demokratisk, 91 % meiner regjeringa tener interessa til dei fleste (og ikkje berre ei lita gruppe), og 85 % meiner alle har like rettar for lova. Kina skårar betre enn både USA og dei fleste europeiske land på desse punkta — faktisk er det eit av landa med best resultat i verda. Figurar i rapporten samanliknar Kina med USA, Frankrike og Storbritannia. Desse resultata kan forklare det høge nivået av tilfredsheit som Ash Center rapporterte.
AoD-studien undersøker òg folk sine oppfatningar av ytringsfridom og frie og rettferdige val. Her skårar Kina igjen betre enn USA og dei fleste europeiske land. På påstanden “Alle i mitt land kan fritt uttrykke meiningane sine om politiske og sosiale emne”, var det berre 18 % i Kina som var usamde (mot 27 % i USA). På påstanden “Politiske leiarar i mitt land vert valde i frie og rettferdige val”, var det berre 5 % i Kina som var usamde (mot 27 % i USA).
Ei vanleg innvending er at folk i Kina kanskje vegrar seg for å kritisere regjeringa av frykt for represaliar. Men metodane til Latana er utvikla for å minimere denne risikoen. AoD-rapporten skriv: “I motsetnad til undersøkingar gjort ansikt-til-ansikt eller over telefon, kan anonymiteten i Latana sin metode bidra til å redusere både svarskjevheit, intervjuarpåverknad og sjølvsensur hos respondentar.” Desse metodane ser ut til å fungere. Dersom Kina sine resultat skuldast frykt for straff, burde liknande resultat dukke opp i andre autoritære regime — men det gjer dei ikkje. Folk i slike statar nølar ikkje med å uttrykkje kritikk. Til dømes seier berre 50 % i Russland at landet deira er demokratisk.
Mange vert overraska over resultata frå AoD fordi dei meiner Kina ikkje har eit demokratisk system. Det er rett at Kina ikkje har ein vestleg, liberal demokrati-modell der veljarane stemmer på ein statsleiar kvart fjerde år. Men Kina har sitt eige system, som dei kallar “heilskapeleg folkedemokrati”, basert på prinsipp om demokratisk sentralisme og eit unikt partisystem. Dette systemet søker å institusjonalisere folkeleg deltaking i politikkutforminga for å sikre at styresmaktene svarer på folk sine behov (sjå samandrag her og her, og ein podkast om dette med den amerikanske professoren Ken Hammond her). Direkte val vert gjennomført på dei to lågaste nivåa av Den nasjonale folkekongressen, og dei valde representantane stemmer vidare på representantar til høgare nivå.
Uansett kva ein måtte meine om dette systemet, verkar det klart at dei fleste i Kina likar det.
Resultata frå AoD-studien tyder på at det viktigaste for folk si oppfatning av demokrati ikkje med naudsyn er om landet har vestlege valordningar, men om dei opplever at styresmaktene tenar dei fleste si interesse. I mange vestlege land med regelmessige fleirpartival, trur folk verken at regjeringa tener folk flest eller at landet deira er demokratisk. I Kina oppfattar eit overveldande fleirtal at regjeringa tener folket, og dette kan vere nøkkelen til den høge opplevinga av demokrati der.
Dette bør ikkje overraske — Kina sitt kommunistparti tok makta gjennom ein folkeleg revolusjon med massiv støtte frå bønder og arbeidarar, med det eksplisitte målet å betre liva til dei undertrykte. Sjølv om Kina har gått gjennom store politiske endringar, inkludert ei marknadsliberalisering på 1980-talet som førte til høg inflasjon og mykje protest, har regjeringa dei siste tiåra tatt sterke grep for å redusere fattigdom og sikre universell tilgang til bustad, mat, helsehjelp og utdanning.
Ingenting av dette betyr at det kinesiske systemet er utan problem eller motseiingar — det er det, som alle andre land. Men desse studiane peikar på ein viktig røynd som ein bør ta på alvor: at det kinesiske folket har langt høgare tillit til sitt eige politiske system enn det mange i Vesten trur.
Frå: https://jasonhickel.substack.com/p/studies-show-strong-public-support