Internasjonale studentar på amerikanske campusar lev no i frykt: dei kan bli bortførte, sende til eit interneringssenter fleire hundre mil frå der dei bur, haldne der på ubestemt tid og dinest deporterte. Alt dette kan skje utan at dei har brote nokon kjend lov, men på styresmaktene sitt innfall. Nøyaktige tal er vanskelege å få tak i, men om lag 1500 studentar skal ha fått studentvisumet sitt kalla attende og står i fare for å bli deporterte.
Styresmaktene har i dei fleste høva hevda at dei aktuelle studentane har drive med “antisemittisme”, men kva som vert rekna som antisemittisme er heilt opp til styresmaktene å definere; det finst inga tydeleg spesifikasjon av kva slags aktivitetar som faktisk fell inn under dette omgrepet – ikkje eingong frå styresmaktene sjølve.
Eitt døme er ein student ved Tufts University som vart ramma for å ha vore medforfattar på ein meiningsartikkel i studentavisa Tufts Daily, der dei oppmoda universitetet om å trekkje investeringar frå Israel. Ein annan student vart utsett berre fordi han var i slekt med ein rådgjevar for Hamas – ein person som hadde slutta for over ti år sidan og i tillegg kritiserte Hamas sine handlingar i oktober 2023. Til og med innlegg på sosiale medium kan skape problem. No sit embetsfolk og granskar sosiale medium for å finne ut kven som bør bortførast og deporterast — og studentar, redde som dei er, slettar innlegga sine for å unngå trøbbel.
Det finst ikkje eingong noko regelverk som slår fast at “antisemittisme” er eit straffbart tilhøve. Argumentet for å straffe studentar er at dei har gått imot amerikansk utanrikspolitikk — ein politikk som, hevdar dei, har som mål å motkjempe antisemittisme globalt. Det fører til at ein kvar utanlandsk student i teorien kan bli deportert for å seie eller poste noko på sosiale medium som er kritisk til amerikansk utanrikspolitikk.
Lat oss for eit augneblink leggje til side at sjølve eksistensen til Israel er eit resultat av brutal nybyggjar-kolonialisme som har fordrivne millionar av palestinarar og teke landet deira. Lat oss gløyme at Israel i dag fører ein openberr folkemordspolitikk i Gaza som krenkjer menneskeslekta sitt samvit. Lat oss gløyme at mange jødiske studentar sjølve har teke del i protestane mot denne folkemordpolitikken. Lat oss gløyme at sjølv eit fleirtal av Israel sin eigne innbyggjarar er motstandarar av det Netanyahu-regjeringa gjer i Gaza. Og lat oss til sist gløyme det elementære faktum at antisionisme ikkje er det same som antisemittisme. Poenget er at dei amerikanske styresmaktene har teke seg retten til å deportere kven dei vil, når dei vil, på kva som helst grunnlag. Antisemittisme er berre det siste påskotet; men handlingane deira varslar eit angrep på alle internasjonale studentar som tenkjer sjølve og vågar å utfordre styresmaktene sine syn og handlingar.
Om eit slikt angrep kan rettast mot utanlandske studentar og til og med utanlandske lærarar — inkludert dei som har Green Card — så finst det inga garanti for at det ikkje òg vil ramme amerikanske borgarar, sjølv med det første grunnlovstillegget som vernar ytringsfridomen. Det er uvisst om Green Card-innehavarar faktisk er verna av det første tillegget; og om dei kan haldast utanfor, kan òg amerikanske borgarar i teorien haldast utanfor – under skulding om at dei “hjelper antiamerikanske krefter”.
Set denne situasjonen opp mot det som skjedde på slutten av 1960-talet og tidleg på 1970-talet, då amerikanske universitet (og universitet i mange andre land) var sentrum for store protestar mot Vietnamkrigen. Internasjonale studentar deltok aktivt i desse protestane, på lik linje med dei lokale studentane. Det var aldri snakk om at utanlandske studentar stod overfor særskilte trugsmål og difor måtte underkaste seg. Spørsmålet melder seg naturleg: kva er det som har endra seg sidan den gong?
Den grunnleggjande skilnaden ligg i den historiske konteksten. Imperialismen var like brutal den gongen som no, men den gongen hadde den – trass i nederlaget i Vietnam — kome seg etter svekkinga frå den andre verdskrigen og funne fotfeste att. Sant nok vart den utfordra av Sovjetunionen, men hadde samstundes fått sjølvtillit nok til å møte denne utfordringa. Dette var situasjonen som både filosofen Herbert Marcuse og økonomane Paul Baran og Paul Sweezy skildra som ein der kapitalismen hadde klart å temje sine eigne indre motseiingar. Poenget er ikkje med naudsyn at dei hadde heilt rett, men at tida opna for ei slik tolking.
I dag, derimot, er USA-imperialismen — og dimed imperialismen generelt — inne i ei djup krise. Det er eit teikn på krisa at den no prøver å kneble all opposisjon, ikkje minst den intellektuelle opposisjonen som kjem frå universiteta. Ifølgje Trump-administrasjonen er amerikanske campusar fulle av liberale og venstreorienterte som må fjernast. At styresmaktene no går til opent åtak på studentprotestar, er eit utslag av systemkrisa dei står overfor.
Mange vil vere usamde i dette og heller peike på at det er fordi ein som Trump — med ein nyfascistisk tankegang — er president, at ting har blitt slik. Men det faktum at ein som Trump blir valt, er i seg sjølv eit uttrykk for krisa. Nyfascismen, i likskap med den gamle fascismen, kjem til overflata når dei herskande klassane inngår alliansar med fascistiske krefter i krisetider for å verne om makta si. Trump sin framvekst — på same vis som Modi i India eller Milei i Argentina — er ikkje årsaka, men sjølv eit resultat som må forklarast. Og forklaringa ligg i den enno ikkje løyste krisa kapitalismen står i.
Eit kjenneteikn på denne krisa er at alle forsøk på å løyse ho innanfor systemet berre forverrar ho. Vi ser det tydeleg i Trump sine handlingar. Krisefornektarane ser desse handlingane og tolkar dei som årsaka til krisa, og kallar Trump galen — men bak denne “galne” framferda ligg ei uløyseleg krise. Trump sine forsøk på å få industrien “heim” ved å innføre toll på import, førte berre til stor usikkerheit og nedgang i USA sjølv, noko som tvinga han til å setje tollplanane på pause. Likeins førte forsøket hans på å styrkje dollaren gjennom trugsmål mot land som jobba for å gå vekk frå dollaren, til at fleire land byrja med eigne handelsløysingar utan dollar — noko som svekkjer dollaren på lang sikt.
På same vis vil forsøket hans på å tvinge utanlandske studentar til å gå stille i dørene, til berre å lære det styresmaktene vil dei skal lære, og til å halde munn om verdas store problem — slå attende på USA sjølv. Dei om lag 1,1 millionane utanlandsstudentane i USA vil rett og slett slutte å kome. Dei fleste av dei betaler sjølve, og betalingane deira er ein viktig grunn til at det amerikanske høgare utdanningssystemet går rundt. Då statleg finansiering i tillegg blir kutta — ikkje minst som straff for universitet som Columbia og Harvard som vert skulda for å huse “antisemittiske” studentar — vil fråværet av desse inntektene kunne gjere mange universitet økonomisk uhaldbare. Og dette kjem på toppen av det enorme intellektuelle tapet det medfører å miste internasjonale studentar og konformitetspresset deira fråvær vil skape.
Dette gir ei moglegheit for land i det globale sør til å stanse “hjerneflukta” til USA og byggje opp sine eigne utdanningssystem for å halde på dei beste talentane. Vi kan nok ikkje forvente at Modi-regjeringa vil gjere dette, men ein kvar demokratisk alternativ rørsle i India må gripe denne moglegheita. Då nazistane kom til makta i Tyskland, visste Rabindranath Tagore at det kom til å bli ein akademisk flukt — særleg av jødar — frå landet, og han prøvde å lokke somme av dei til Visva-Bharati-universitetet. Dei demokratiske kreftene i dag må vise same medvit om dei opningane denne kapitalistiske krisa gir.