Fascisme er eit utilstrekkeleg omgrep, då det dekkjer over intimiteten mellom liberale og ytre høgre. I denne veka sitt nyhendebrev presenterer vi ti tesar for å forstå denne ‘tette omfamninga’ og oppgangen til ein særskild type ytre høgre.
Kjære vener,
Helsing frå skrivebordet til Tricontinental: Institutt for sosial forskning.
Det har vore stor uro kring korleis ein skal forstå Donald Trump sin framgang som ein seriøs kandidat til å verte USA sin president sidan 2016. Langt frå å vere eit isolert fenomen, kom Trump til makta saman med andre sterke menn som Viktor Orbán (statsminister i Ungarn sidan 2010), Recep Tayyip Erdoğan (president i Tyrkia sidan 2014), og Narendra Modi (statsminister i India sidan 2014). Folk som desse, som kom til makta og sementerte styret sitt gjennom liberale institusjonar, ser ut til å vere umogeleg å fjerne permanent gjennom valurnene. Det har blitt klart at det skjer eit høgreskifte i liberale demokratiske statar, der grunnlovene insisterer på fleirpartival medan det tillèt rom for gradvis etablering av eittpartistyre.
Konseptet liberalt demokrati var og er eit høgt omstridd omgrep som oppstod frå europeiske og amerikanske koloni-makter i det 18. og 19. hundreåret. Liberalismen sine påstandar om intern pluralisme og toleranse, rettsstat, og delinga av dei politiske maktene kom samstundes som ein dreiv med kolonial erobring og nytta staten for å halde ved like klassemakt over sine eigne samfunn. Liberalismen i dag kan ikkje enkelt verte forsona med det faktum at NATO-landa står for 74,3% av verda sine militære utgifter.
Land med grunnlover som legg vekt på fleirpartival har i stadig aukande grad sett den gradvise etableringa av det som i praksis er eittpartistyre. Dette eittpartistyret kan til tider bli kamuflert av eksistensen av to eller til og med tre parti, noko som dekkjer over røynda: at skilnaden mellom desse partia stadig har vorte mindre.
Det har vorte tydeleg at ein ny type høgreside har oppstått, ikkje berre gjennom val, men ved å utøve dominans innanfor kultur, samfunn, ideologi og økonomi, og at denne nye type høgre ikkje med naudsyn er oppteken av å styrte normene for liberal demokrati. Dette er det vi kallar ‘den intime omfamninga mellom liberalisme og ytre høgre’, i tråd med skriftene til vår avdøde seniorforskar Aijaz Ahmad.
Formuleringa av denne ‘intime omfamninga’ gjer at vi kan forstå at det ikkje finst ein naudsynt motsetnad mellom liberalisme og ytre høgre, og at liberalisme faktisk ikkje er eit skjold mot ytre høgre, og absolutt ikkje noko motgift. Fire teoretiske element er sentrale for å forstå denne ‘intime omfamninga’ og framveksten av denne særskilde typen ytre høgre:
Neoliberale innstrammingstiltak i land med liberale valinstitusjonar har nedkjempa dei sosiale velferdsordningane som hadde gjort det mogeleg for liberal sensitivitet å eksistere. Staten sitt svik då det gjeld å ta vare på dei fattige har vorte til ei råskap mot dei.
Utan eit seriøst engasjement for velferd og omfordelingsordningar har liberalismen sjølv drive mot ytre høgre sine politiske tiltak og verda dei fremjer. Dette inkluderer auka utgifter til det interne undertrykkande apparatet som overvakar arbeidarklasseområde og internasjonale grenser, parallelt med den stadig meir gjerrige fordelinga av sosiale godar, som berre blir utdelt dersom mottakarane aksepterer å verte fråtekne grunnleggjande menneskerettar (som ved å ‘samtykke’ til obligatorisk nytting av prevensjonsmiddel).
I dette landskapet fann denne særskilde typen ytre høgre ut at den stadig blei meir akseptert som ein politisk kraft, grunna liberale parti si vending i retning politikken som ytre høgre hadde tilrådd. Med andre ord, denne tendensen til å tileigne seg politiske tiltak frå ytre høgre gjorde at ytre høgre blei meir utbreidd [mainstream].
Til slutt fann dei liberale politiske kreftene og ytre høgre saman for å redusere venstresida sitt grep om politiske institusjonar. Ytre høgre og deira liberale motpartar har inga grunnleggjande økonomisk skilnad då det kjem til klasse. I dei imperialistiske landa er det ein svært høg samanheng mellom synspunkta som vil halde ved like USA sitt hegemoni, som fremjar fiendskap mot og forakt for den globale sør, og som medfører auka aggressiv nasjonalisme [jingoism], noko ein ser gjennom den fullstendige militære støtta til folkemordet Israel utfører mot palestinarane.
Etter nederlaget til italiensk, tysk, og japansk fascisme i 1945, var kommentatorar i Vesten bekymra for inkubasjonen av den ytre høgre i samfunna deira. Dei fleste marxistar, i mellomtida, erkjenner at ytre høgre ikkje har oppstått ut av ingenting, men ut av motsetnadane innåt i kapitalismen. Samanbrotet av Det tredje riket var berre ein fase i historia til ytre høgre og utviklinga av kapitalismen: den ville dukke opp att, kanskje iført andre klede.
I 1964 skreiv den polske marxisten Michał Kalecki den stimulerande artikkelen ‘Fascismen i vår tid’ (‘Faszyzm naszych czasów’). I dette essayet sa Kalecki at dei nye typane fascistiske grupper som kom fram på den tida appellerte ‘til dei reaksjonære elementa i dei breie massane av befolkninga’ og blei ‘subsidiert av dei mest reaksjonære grupperingane av storkapitalen’. Men, skreiv Kalecki, ‘den herskande klassen som heilskap, sjølv om den ikkje set pris på tanken om at fascistiske grupper tek makta, gjer ingen tiltak for å undertrykke dei og nøyer seg med åtvaringar mot overdriven iver’. Denne haldninga varar ved i dag: den herskande klassen som heilskap fryktar ikkje framveksten av desse fascistiske grupperingane, berre deira ‘overdrivne’ åtferd — medan dei mest reaksjonære delane av storkapitalen støttar desse gruppene økonomisk.
Eitt og eit halvt tiår seinare, då Ronald Reagan såg ut til å stå på terskelen til å verte president i USA, publiserte Bertram Gross Friendly Fascism: The New Face of Power in America (1980), som henta monaleg frå The Power Elite (1956) av C. Wright Mills og Monopoly Capital: An Essay on the American Economic and Social Order (1966) av Paul A. Baran og Paul M. Sweezy. Gross sitt argument var at sidan store monopolistiske firma hadde kvelt demokratiske institusjonar i USA, trengte ytre høgre ikkje militærstøvlar og svastikaar: denne orienteringa ville kome gjennom sjølve institusjonane til det liberale demokratiet. Kven treng stridsvogner då ein har bankane til å gjere det skitne arbeidet for seg?
Åtvaringane frå Kalecki og Gross minner oss om at intimiteten mellom liberalisme og den ytre høgre ikkje er eit nytt fenomen, men eit fenomen som kjem djupt innanfrå liberalismen sitt kapitalistiske opphav: liberalismen skulle aldri vere noko anna enn det venlege ansiktet til kapitalismen sin vanlege brutalitet.
Liberale nyttar ordet ‘fascisme’ for å distansere seg frå den ytre høgre. Denne nyttinga av omgrepet er meir moralsk enn presis, sidan den nektar for intimiteten mellom liberale og ytre høgre. Med dette for auge har vi formulert ti tesar om denne særskilde typen ytre høgre, som vi vonar vil provosere fram diskusjon og debatt. Dette er ei provisorisk erklæring, ein invitasjon til dialog.
Fyrste tese. Denne særskilde typen ytre høgre nyttar demokratiske instrument so mykje som mogleg. Dei trur på prosessen kjent som ‘den lange marsjen gjennom institusjonane’, som dei tolmodig nyttar seg av for å byggje politisk makt og å bemanne dei permanente institusjonane til liberale demokrati med sine kadrar, som dinest pressar sine synspunkt inn i vanlege folk sin tankegang. Utdanningsinstitusjonar er ogso sentrale for den særskilde typen ytre høgre, sidan dei bestemmer pensum for studentar i sine respektive land. Det er ikkje naudsynt for denne særskilde typen ytre høgre å setje til side desse demokratiske institusjonane, so lenge dei sanerer vegen til makt, ikkje berre over staten, men over samfunnet.
Andre tese. Denne særskilde typen ytre høgre driv fram slitasjen av staten og overfører funksjonane den har til den private sektoren. I USA, til dømes, er vilja til innstramming med på å svekkje både mengda av og kvaliteten på byråkratar i kjernefunksjonar, som i det amerikanske utanriksdepartementet. Mange av funksjonane til slike institusjonar, no privatiserte, skjer i staden under leiing av ikkje-statlege organisasjonar leia av nyoppståtte milliardærkapitalistar som Charles Koch, George Soros, Pierre Omidyar, og Bill Gates.
Tredje tese. Denne særskilde typen ytre høgre nyttar staten sitt undertrykkane apparat so mykje som er lovleg til å lamslå sine kritikarar og demobilisere rørsler av økonomisk og politisk opposisjon. Liberale grunnlovar gjev brei opning for denne typen nytting, som liberale politiske krefter har utnytta over tid for å kvele motstand frå arbeidarklassen, bøndene og venstresida.
Fjerde tese. Denne særskilde typen ytre høgre nører opp under ein homøopatisk dose av vald i samfunnet gjennom dei meir fascistiske elementa innanfor sin politiske koalisjon for å skape frykt, men ikkje nok frykt til å vende folket mot seg. Dei fleste middelklassefolk over heile verda søkjer komfort og er forstyrra av ulempe for seg sjølve (slik som den som blir skapt av opptøyar, etc.). Men, ved nokre høve, er eit drap på ein fagforeiningsleiar eller eit trugsmål mot ein journalist ikkje skulda denne særskilde typen ytre høgre, som ofte er raske med å nekte for direkte tilknyting til dei perifere fascistiske gruppene (som likevel er organisk knytte til ytre høgre).
Femte tese. Denne særskilde typen ytre høgre gjev eit delvis svar på einsemda som er vevd inn i avanserte kapitalistisk samfunn sitt stoff. Denne einsemda kjem frå framandgjeringa skulda usikre arbeidstilhøve og lange arbeidsdagar, som svekkjer moglegheita for å byggje eit livskraftig fellesskap og sosialt liv. Denne ytre høgre byggjer ikkje eit faktisk fellesskap, bortsett frå når det kjem til sin parasittære relasjon med religiøse samfunn. I staden utviklar dei ideen om fellesskap, fellesskap gjennom internett eller fellesskap gjennom massemobiliseringar av individ, eller fellesskap gjennom delte symbol og gestar. Ytre høgre løyser tilsynelatande den enorme hungeren etter fellesskap, medan essensen av einsemd vert smelta av sinne i staden for kjærleik.
Sjette tese. Denne særskilde typen ytre høgre nyttar seg av sin nærleik til private mediekonglomerat for å normalisere sin diskurs, og sin nærleik til eigarane av sosiale medium for å auke den samfunnsmessige aksepten av sine idear. Denne høgt provokative diskursen skaper eit hysteri som mobiliserer delar av befolkinga anten på nettet eller i gatene for å delta i demonstrasjonar der dei likevel vert verande individ i staden for medlemmar av eit kollektiv. Kjensla av einsemd skapt av kapitalistisk framandgjering vert dempa ein augneblink, men ikkje overvunne.
Sjuande tese. Denne særskilde typen ytre høgre er ein organisasjon med fleire tentaklar, med sine røter spreidd over ulike sektorar av samfunnet. Den opererer der folk samlar seg, anten i idrettsklubbar eller velgjerande organisasjonar. Den har som mål å byggje ei massebase i samfunnet, rotfesta i majoritetsidentiteten på ein gjeven stad (enten det er rase, religion eller ei kjensle av nasjonal tilhøyrsle) ved å marginalisere og demonisere eventuelle minoritetar. I mange land svekkjer ytre høgre religiøse strukturar og nettverk for å stadig djupare kunne forankre eit konservativt syn på samfunnet og familien.
Åttande tese. Denne særskilde typen ytre høgre angrip maktinstitusjonane som er sjølve grunnlaget for sin sosiopolitiske basis. Dei skaper illusjonen av å vere for vanlege folk [plebian] i staden for eliten [patrician], då den i røynda er djupt nede i lomma på oligarkiet. Dei skaper illusjonen av å vere på vanlege folk si side ved å utvikle ei høgt maskulin form for hypernasjonalisme, og denne nasjonalismen sin dekadanse dryp ut av deira stygge retorikk. Ytre høgre balanserer testosteronmakta til denne hyper-nasjonalismen medan ein speler offer i møte med makt.
Niande tese. Denne særskilde typen ytre høgre er ei internasjonal danning, organisert gjennom ulike plattformer som Steve Bannon sin The Movement (basert i Bryssel), Vox-partiet sitt Madrid-forum (basert i Spania), og anti-LGBTQ+ Fellowship Foundation (basert i Seattle, Washington). Desse gruppene er rotfesta i eit politisk prosjekt i den atlantiske verda som aukar rolla til det høgre i det globale sør og gjev dei midlar til å utdjupe idear frå høgresida der dei har lite fruktbar jord. Dei skaper nye 'problem' der dei ikkje eksisterte i ein slik skala før, slik som oppstyret kring seksualitet i Aust-Afrika. Desse nye ‘problema’ svekkjer folkerørslar og strammar høgresida sitt grep over samfunnet.
Tiande tese. Sjølv om denne særskilde typen ytre høgre kan presentere seg som eit globalt fenomen, finst det skilnader mellom korleis dei manifesterer seg i dei leiande imperialistiske landa kontra det globale sør. I det globale nord forsvarer både liberale og ytre høgre energisk privilegia dei har oppnådd gjennom plyndring over dei siste fem hundre åra – gjennom militæret og andre middel – medan den generelle tendensen blant alle politiske krefter i det globale sør er å etablere suverenitet.
Denne særskilde typen ytre høgre oppstår i ein periode definert av hyperimperialisme som dekkjer over den forferdelege makta si og latar som den bryr seg om dei isolerte individa som ein i staden skadar. Den kjenner menneskeleg dårskap godt, og utnyttar seg av denne dårskapen.
Varm helsing,
Vijay
P.S. Med mindre anna er oppgjeve, kjem kunsten i dette nyhendebrevet frå dossiera New Clothes, Old Threads: The Dangerous Right-Wing Offensive in Latin America (2021) og What Can We Expect from the New Progressive Wave in Latin America? (2023).
Henta frå: https://thetricontinental.org/newsletterissue/ten-theses-on-the-far-right-of-a-special-type/