Tusenvis har levd utan kjærleik, men ikkje éin utan vatn: Det fjortande nyhendebrevet (2024)
Av Vijay Prashad
Midt i den tiltagande vatnkrisa som plagar milliardar av menneskje over heile verda, brukar Israel vatn som eit våpen i sin krig mot palestinarar ved å nekta tilgang og øydeleggja infrastruktur.
Kjære vener,
Helsingar frå skrivebordet til Tricontinental: Institute for Social Research.
Allereie i november 2023 var det klart at den israelske regjeringa hadde byrja å nekte palestinarar i Gaza tilgang til vatn. ‘Kvar time som går der Israel hindrar tilførselen av trygt drikkevatn i Gazastripa, i openberr strid med folkeretten, set menneska der i fare for å døy av tørst og sjukdommar relatert til mangelen på trygt drikkevatn’, sa Pedro Arrojo-Agudo, FNs spesialrapportør for menneskerettar knytt til trygt drikkevatn og sanitærforhold. ‘Israel’, la han til, ‘må slutte å bruke vatn som eit våpen i krig’. Før Israels siste angrep på Gaza var allereie 97 prosent av vatnet i Gazas einaste kystakvifer ueigna for menneskeleg forbruk i samsvar med Verdas helseorganisasjon sine standardar. I løpet av sine mange angrep har Israel nesten øydelagt Gaza sitt system for vatnreinsing og hindra innførselen av materialar og kjemikaliar som trengs for reparasjon.
I byrjinga av oktober 2023 indikerte israelske tenestemenn at dei ville bruke si kontroll over Gaza sitt vatnsystem som eit middel for å gjennomføre folkemord. Som den israelske generalløytnanten Ghassan Alian, leiar for Koordinering av regjeringsaktivitetar i territoria (COGAT), sa 10. oktober: ‘Menneskelege uhyrer blir handsama deretter. Israel har pålagt ein total blokade av Gaza. Ingen straum, ingen vatn, berre skade. Du ynskte helvete, du vil få helvete’. 19. mars merka FN sin humanitære koordinator for Palestina, Jamie McGoldrick, at Gaza trengte ‘reservdelar til vatn- og sanitærsystem’ samt ‘kjemikaliar for å behandle vatn’, sidan ‘mangelen på desse kritiske elementa er ein av hovudårsakene til underernæringskrisa’. ‘Underernæringskrise’ er éin måte å snakke om ein hungersnaud på.
Angrepet på Gaza — der heile befolkninga no ‘står overfor høge nivå av akutt matmangel’, ifølgje Oxfam og Integrated Food Security Phase Classification — har skjerpa motsetningane som råkar verdas folk med kraft. Ein FN-rapport som vart offentleggjort på Verda si vassdag (22. mars) viser at, per 2022, manglar 2,2 milliardar menneske tilgang til trygt handtert drikkevatn, at fire av fem personar i rurale område manglar grunnleggjande drikkevatn, og at 3,5 milliardar menneske ikkje har sanitærsystem. Som ein konsekvens døyr det kvar dag over tusen born under fem år, på grunn av sjukdommar knytt til mangelfullt vatn, sanitærtilhøve og hygiene. Desse borna er blant dei 1,4 millionane menneske som døyr kvart år på grunn av desse manglane. FN-rapporten merkar seg at sidan kvinner og jenter er dei primære vatninnsamlarane, bruker dei meir tid på å finne vatn når vassystem blir forringa på grunn av mangelfull eller ikkje-eksisterande infrastruktur, eller tørke forverra av klimaendringar. Dette har ført til auka fråfall av jenter på skulen.
Ei studie frå 2023 utført av FN-kvinner beskriv farane ved vasskrise for kvinner og jenter:
Ulikskapar i tilgang til trygt drikkevatn og sanitærforhold påverkar ikkje alle likt. Det større behovet for privatliv under menstruasjon betyr til dømes at kvinner, jenter og andre som menstruerer, kan ha mindre tilgang til delte sanitærfasilitetar enn dei som ikkje menstruerer, noko som aukar risikoen for urin- og reproduktive infeksjonar. Der trygge og sikre fasilitetar ikkje er tilgjengelege, er val av fasilitetar ofte avgrensa til morgon og kveld, noko som utset sårbare grupper for vald.
Mangelen på tilgang til offentlege toalett er i seg sjølv ei alvorleg fare for kvinner i byar over heile verda, som Dhaka i Bangladesh, der det berre finst eitt offentleg toalett for kvar 200 000 menneske.
Tilgangen til drikkevatn blir ytterlegare innskrenka av klimakatastrofa. Til dømes fører eit varmare hav til at brear smeltar, noko som løftar havnivået og gjer det lettare for saltvatn å forureine grunnvatn. Samstundes fører mindre snøfall til at det er mindre vatn i reservoar, noko som betyr mindre vatn å drikke og bruke til jordbruk. Allereie no, som FN-rapporten om vatn viser, opplever minst 1,4 milliardar menneske auka tørke.
Ifølgje Dei sameinte nasjonane opplever halvparten av verdas befolkning alvorleg vatnknappheit i minst delar av året, medan ein fjerdedel står overfor ‘ekstremt høge’ nivå av vatnstress. ‘Klimaendringar er venta å auke frekvensen og alvorlegheita av desse fenomena, med akutte risikoar for sosial stabilitet’, merkar FN. Spørsmålet om sosial stabilitet er sentralt, sidan tørke har tvunge titals millionar menneske på flukt og sult.
Klimaendringar er utvilsamt ein viktig faktor i vatnkrisa, men det same er det regelbaserte internasjonale systemet. Kapitalistiske regjeringar må ikkje få lov til å peike på ei ahistorisk oppfatning av klimaendringar som unnskyldning for å unnsleppe ansvaret for å skape vatnkrisa. Til dømes har regjeringar over heile verda dei siste tiåra forsømt å oppgradere avløpsanlegg. Som eit resultat blir 42% av hushaldsavfallsvatnet ikkje behandla skikkeleg, noko som skadar økosystem og grunnvatn. Endå meir alvorleg er det faktum at berre 11% av hushalds- og industriavfallsvatnet blir gjenbrukt.
Auka investering i avløpsbehandling ville redusere mengda forureining som kjem inn i vatnkjelder og gjere det mogleg å betre utnytte ferskvatnet som er tilgjengeleg for oss på planeten. Det finst fleire fornuftige politikktiltak som umiddelbart kunne takle vatnkrise, slik som dei som FN sin vatnorganisasjon har foreslått for å verne kystmangrovar og våtmarker, samle regnvatn, gjenbruke avløpsvatn og beskytte grunnvatn. Men desse er akkurat dei typane politikk som blir motarbeidd av kapitalistiske selskap, som profittlinja deira blir betre av ved å øydelegge naturen.
Med andre ord er vatning av golfbanar viktigare enn å gi røyrleggjort vatn til dei tusen borna under fem år som døyr kvar dag på grunn av mangel på vatn. Dette er verdiane i det kapitalistiske systemet.
Med varme helsingar,
Vijay