Verda sitt økonomiske tyngdepunkt er på veg attende til Asia: Det femtiandre nyhendebrevet (2023)
Av Vijay Prashad (frå https://thetricontinental.org/newsletterissue/economic-outlook-2024/)
Kjære vener,
Helsingar frå skrivebordet til Tricontinental: Institute for Social Research.
På dei sameinte nasjonane sin konferanse for handel og utvikling i oktober 2023, blei den årlege rapporten om handel og utvikling publisert. Ingenting i rapporten kom som nokon stor overrasking. Veksten i det globale bruttonasjonalproduktet (BNP) held fram med å søkke utan teikn til oppsving. Den moderate betringa etter pandemien på 6,1 % i 2021 vart etterfylgt av eit fall i den økonomiske veksten i 2023 til 2,4 %, som ligg under tala frå før pandemien, og veksten er venta å halde seg på 2,5 % i 2024. Den globale økonomien, seier UNCTAD, er ‘i ferd med å “stagge”; alle dei vanlege indikatorane syner at dei fleste land i verda opplever ein nedgangskonjunktur.
Det siste skrivet frå Tricontinental: Institute for Social Research, The World in Depression: A Marxist Analysis of Crisis, set spørjeteikn ved nyttinga av omgrepet ‘nedgangskonjunktur’ for å skildre den noverande situasjonen, og hevdar at det fungerer som ‘eit røykteppe som skal skjule krisa sin verkelege karakter’. I staden forklarer skrivet at ‘den langvarige og djuptgripande krisa som vi opplever i dag er …ein stor depresjon’. Dei fleste regjeringane i verda har nytta konvensjonelle verkemiddel for å forsøke å vekse seg ut av den store depresjonen, men desse tilnærmingane har lagt ein enorm kostnad på hushaldsbudsjetta, som allereie er hardt ramma av høg inflasjon, og har hemma investeringane som trengst for å betre utsiktene for sysselsetting. UNCTAD har merka seg at sentralbankane prioriterer ‘kortvarig monetær stabilitet over langsiktig finansiell berekraft. Denne trenden, saman med utilstrekkeleg regulering av råvaremarknadene og kontinuerleg forsømming av den aukande ulikskapen, er i ferd med å splitte verdsøkonomien’. Vårt team i Brasil utforskar desse spørsmåla vidare i det nyleg lanserte Financeirização do capital e a luta de classes (‘Finansialisering av kapitalen og klassekampen’), som er fjerde utgåve av det portugisisk-språklege tidsskriftet Revista Estudos do Sul Global.
Det finst likevel nokre unntak frå denne regelen. UNCTAD spår at fem av G20-landa vil oppleve betre vekstratar i 2024: Brasil, Kina, Japan, Mexico og Russland.
Det er ulike grunnar til at desse landa er unntak: i Brasil, til dømes, ‘driv blomstrande råvareeksport og rekordavlingar ein oppgang i veksten’, som UNCTAD skriv, medan Mexico har drege nytte av ‘mindre aggressiv monetær innstramming og ein tilstrøyming av ny investering for å etablere ny produksjonskapasitet, utløyst av flaskehalsane som oppstod i Aust-Asia i 2021 og 2022’. Det som ser ut til å foreine desse landa er at dei ikkje har stramma inn den monetære politikken og har nytta ulike former for statleg inngrep for å sikre at naudsynte investeringar vert gjort i produksjon og infrastruktur.
OECD sitt skriv Economic Outlook, som blei publisert i november 2023, er i samsvar med UNCTAD si vurdering, og tyder at “den globale veksten er sterkt avhengig av dei raskt veksande økonomiane i Asia”. Dei to neste åra anslår OECD at denne økonomiske veksten vil vere konsentrert i India, Kina og Indonesia, som samla utgjer nesten 40 % av verda si befolkning. I ei nyleg vurdering frå Det internasjonale pengefondet med tittelen ‘China Stumbles But Is Unlikely to Fall’, skriv Eswar Prasad at ‘Kinas økonomiske prestasjonar har vore strålande dei siste tre tiåra’. Prasad, den tidlegare leiaren for IMF si Kina-avdeling, seier at denne prestasjonen skuldast det store volumet av statleg investering i økonomien og, i dei siste åra, til veksten av forbruk i hushaldningar (som er knytt til utryddinga av ekstrem fattigdom). På same måte som andre i IMF og OECD, undrar Prasad seg over korleis Kina har klart å vekse så fort, ‘utan mange eigenskapar som økonomar har identifisert som avgjerande for vekst – som eit velfungerande finanssystem, eit sterkt institusjonelt rammeverk, ein marknadsorientert økonomi og eit demokratisk og ope styresett’. Prasad si skildring av desse fire faktorane er ideologisk driven og misvisande. Det er til dømes vanskeleg å tenkje at det amerikanske finanssystemet er ‘velfungerande’ i kjølvatnet av ei bustadskrise som utløyste ein bankkrise over heile Atlanterhavs-verda, eller gjeve at omtrent 36 milliardar dollar – eller ein femtedel av den globale likviditeten – sit i ulovlege skatteparadis utan tilsyn eller regulering.
Det som dataene syner oss er eit sett med asiatiske land som veks svært fort, med India og Kina i leiinga. Sistnemnde har den lengste samanhengande perioden med hurtig økonomisk vekst som vi har sett dei siste tretti åra, minst. Dette er udiskutabelt. Det som er omstridd, er forklaringa på kvifor akkurat Kina har opplevd så høge vekstratar, korleis landet har klart å utrydde ekstrem fattigdom, og dei siste tiåra kvifor det har streva med å overvinne faren ved sosial ulikskap. IMF og OECD er ikkje i stand til å formulere ei ordentleg vurdering av Kina fordi dei avviser – frå starten av – at Kina banar veg for ei ny type sosialistisk sti. Dette passar med at Vesten ikkje forstår årsakene til utvikling og underutvikling i det globale sør meir breitt.
Det siste året har Tricontinental: Institute for Social Research samarbeidd med kinesiske forskarar som har prøvd å forstå korleis landet deira klarte å bryte seg fri frå ‘utviklinga av underutvikling’-syklusen. Som ein del av denne prosessen samarbeider vi med det kinesiske tidsskriftet Wenhua Zongheng (文化纵横) for å produsere ei internasjonal utgåve kvart kvartal som samlar arbeidet til kinesiske forskarar som er ekspertar på dei respektive emna og tar røyster frå Afrika, Asia og Latin-Amerika inn i dialog med Kina. Dei første tre utgåvene har sett på dei skiftande geopolitiske tilpassingane i verda (‘On the Threshold of a New International Order’, mars 2023), Kina sitt tiårslange strev etter sosialistisk modernisering (‘China’s Path from Extreme Poverty to Socialist Modernisation’, juni 2023), og tilhøvet mellom Kina og Afrika (‘China-Africa Relations in the Belt and Road Era’, oktober 2023).
Det siste nummeret, ‘Chinese Perspectives on Twenty-First Century Socialism’ (desember 2023), sporar utviklinga av den globale sosialistiske rørsla og prøver å identifisere kva retning den skal ta i framtida. I dette nummeret hevdar Yang Ping, redaktøren av den kinesisk-språklege utgåva av Wenhua Zongheng, og Pan Shiwei, ærespresidenten for Institutt for kulturell marxisme ved Shanghai Academy of Social Sciences, at ein ny periode i sosialistisk historie er i ferd med oppstå. For Yang og Pan byrja denne nye ‘bylgja’ eller ‘forma’ for sosialisme, som følger fødselen av marxismen i det nittande hundreåret i Europa og framveksten av mange sosialistiske statar og sosialistisk-inspirerte nasjonale frigjeringsrørsler i det tjuande hundreåret, å dukke opp med Kina si periode med reform og opning i 1970-åra. Dei argumenterer for at gjennom ein gradvis prosess med reform og eksperimentering, har Kina utvikla ein distinkt sosialistisk marknadsøkonomi. Forfattarane vurderer både korleis Kina kan styrke sitt sosialistiske system for å overvinne ulike utfordringar både innanriks og internasjonalt samt kva implikasjonar Kina si framvekst har globalt – det vil seie, om det kan fremje ei ny bylgje av sosialistisk utvikling i verda.
I innleiinga til dette nummeret skriv Marco Fernandes, ein forskar ved Tricontinental: Institute for Social Research, at Kina si vekst skil seg skarpt frå den i Vesten då den ikkje har basert seg på kolonial plyndring eller rovdrift på naturressursar i det globale sør. Fernandes argumenterer for at Kina i staden for har formulert sin eigen sosialistiske veg, som har inkludert offentleg kontroll over finanslivet, statleg planlegging av økonomien, tunge investeringar på nøkkelområder som ikkje berre skaper vekst, men også bidreg til sosial framgang, og fremjar ein kultur for vitskap og teknologi. Eit offentleg finanssystem, investering og planlegging gjorde det mogleg for Kina å industrialisere seg, gjennom framsteg i vitskap og teknologi og gjennom å betre menneskeleg kapital og menneskeleg liv.
Kina har delt mange av sine lærdomar med verda, som lærdomen om behovet for å kontrollere finans, å nytte seg av vitskap og teknologi, og industrialisere seg. Belte-og veginitiativet, som no er ti år gammalt, er ein veg for eit slikt samarbeid mellom Kina og det globale sør. Sjølv om Kina si framvekst har gjeve utviklingslanda fleire val og har betra utsiktene deira for utvikling, er Fernandes forsiktig med moglegheita for ei ny ‘sosialistisk bølgje’, og åtvarar om at dei gjenstridige fakta som møter det globale sør, som svolt og arbeidsløyse, ikkje kan bli overkomne utan industriell utvikling. Han skriv:
dette vil ikkje vere oppnåeleg berre gjennom tilhøvet til Kina (eller Russland). Det er naudsynt å styrke nasjonale, folkelege prosjekt med brei deltaking frå progressive sosiale sektorar, særleg arbeidarklassane, elles er det lite truleg at fruktene av nokon som helst utvikling vil bli hausta av dei som treng dei mest. Gjeve at få land i det globale sør for tida opplever ein oppsving i masserørsler, er utsiktene for ei global ‘tredje sosialistiske bylgje’ svært utfordrande; heller ser det ut til at ei ny bylgje av utvikling med potensial til å ta på seg ein progressiv karakter, er meir realistisk.
Dette er nettopp det vi peika på i vår juli-dossier, The World Needs a New Socialist Development Theory.
Ei framtid som set velværet til menneskeslekta og planeten i sentrum vil ikkje oppstå av seg sjølv; den vil berre oppstå gjennom organiserte sosiale kampar.
No som vi nærmar oss slutten av eit nytt år, vil eg takke deg for all støtta di. Vi er avhengige av finansiering frå vener som deg. Om du har lyst til å gje oss ei hand, kan du gjere det her.
Hjarteleg,
Vijay