Her i Afrika har vi alt som trengst for å verte eit kraftfull, moderne og industrialisert kontinent: Det førtiande nyhendebrevet (2023)
Av Vijay Prashad (frå https://thetricontinental.org/newsletterissue/wenhua-zongheng-3/)
Kjære vener,
Helsingar frå desken til Tricontinental: Institute for Social Research.
I boka si frå 1963, Africa Must Unite, skreiv Kwame Nkrumah, Ghana sin fyrste president, ‘Her i Afrika har vi alt som trengst for å verte eit kraftfull, moderne, industrialisert kontinent. Undersøkingar frå Dei sameinte nasjonane har nyleg vist at Afrika, langt frå å ha utilstrekkelege ressursar, sannsynlegvis er betre utstyrt for industrialisering enn nesten alle andre regionar i verda’. Nkrumah refererte til Special Study on Economic Conditions and Development, Non-Self-Governing Territories (Dei sameinte nasjonane, 1958), som detaljert skildrar kontinentet sine enorme naturressursar. ‘Den sanne forklaringa på den langsame industrielle utviklinga i Afrika’, skreiv Nkrumah, ‘ligg i politikken frå kolonitida. Praktisk talt alle naturressursane våre, for ikkje å nemne handel, skipsfart, bankvirksomhet, bygging og so vidare, fall i hendene på utlendingar som søkte å gjere framande investorar rike og hindre lokal økonomisk initiativ’. Nkrumah utvida denne synspunktet i den viktige boka si, Neo-Colonialism: the Last Stage of Imperialism (1965).
Som leiar av Ghana si regjering utforma Nkrumah ein politikk for å snu denne trenden ved å fremje offentleg utdanning (med vekt på vitskap og teknologi), bygge ein robust offentleg sektor for å gje landet hans infrastruktur (inkludert elektrisitet, vegar og jernbaner) og utvikle ein industriell sektor som ville legge verdi til råmaterialene som tidlegare hadde vorte eksportert til ågerprisar. Men eit slikt prosjekt ville mislykkast om det berre blei prøvd i eitt land. Det er difor Nkrumah var ein stor forkjempar for afrikansk eining, utfyllande formulert i boka hans Africa Must Unite (1963).
Det var på grunn av hans handlekraft at afrikanske land danna Organisasjonen for afrikansk eining (OAU) same året som boka hans blei publisert. I 1999 blei OAU til Den afrikanske unionen. Ettersom Ghana og Afrika gjorde små framsteg for å etablere nasjonal og kontinental suverenitet, var det nokon som hadde andre idear. Nkrumah blei fjerna frå kontoret i eit vestleg-støtta kupp i 1966, fem år etter at Patrice Lumumba blei kuppa som statsminister i Den demokratiske republikken Kongo og dinest myrda. Alle som ynskte å bygge eit prosjekt for kontinentet sin suverenitet og den afrikanske folket sin verdigheit, ville finne seg sjølve enten avsatt, daud, eller båe delar.
Dei vestleg-støtta regjeringane som fulgte desse kuppa reverserte ofte politikken om å utøve nasjonal suverenitet og byggje kontinental eining. For eksempel, i 1966, byrja militærleiarane til Ghana sitt Nasjonale frigjeringsråd å stoppe politikken som skulle etablere offentleg utdanning av høg kvalitet og ein effektiv offentleg sektor med industrialisering og kontinental handel i sentrum. Import-erstatningspolitikk som hadde vore viktig for dei nye statane i den tredje verda blei avvist til fordel for eksport av billig råmateriale og import av dyre ferdigprodukt. Spiralen av gjeld og avhenge herja kontinentet. Denne situasjonen blei forverra av Det internasjonale pengefondet sine strukturelle justeringsprogram, sett i gang under det verste av 1980-talets gjeldskrise. Ein forskingsartikkel frå South Centre i 2009 merka seg at ‘kontinentet er den minst industrialiserte regionen i verda, medan delen av sub-saharisk Afrika i global produksjonsverdi faktisk minka i dei fleste sektorar mellom 1990 og 2000'. Faktisk refererte South Centre-artikkelen til situasjonen i Afrika som prega av 'avindustrialisering’.
I april 1980 samla afrikanske leiarar seg i Lagos, Nigeria, under beskyttelse av OAU for å diskutere det harde klimaet skapt av Det internasjonale pengefondet [IMF] sine strukturelle justeringsprogram, som retta seg mot deira finanspolitikk, men ikkje gjorde noko for å endre dei ugunstige internasjonale kredittmarknadene. Ut av dette møtet kom Lagos-handlingsplanen (1980-2000), der hovudargumentet var at afrikanske statar burde etablere deira suverenitet frå internasjonal kapital og å bygge industrielle politikkar for deira land og for kontinentet. Dette var i hovudsak ein fornying av Nkrumah-politikken frå 1960-talet. Saman med Lagos-handlingsplanen etablerte Dei sameinte nasjonane Det industrielle utviklingstiåret for Afrika (1980—1990). Mot slutten av det tiåret, i 1989 jobba OAU — klår over at politikken hadde feil på grunn av nyliberale tilnærmingar som skar ned budsjetta og intensiverte det eksport-orienterte tjuveriet av afrikanske ressursar — saman med Dei sameinte nasjonane for å etablere den 20. november som Afrikas industrialiseringsdag. Feilen til Det industrielle utviklingstiåret for Afrika blei følgt av eit andre tiår (1993—2002) og deretter eit tredje (2016—2025). I januar 2015 vedtok Den afrikanske unionen Agenda 2063 for å kombinere imperativet om industrialisering med Afrikas engasjement for dei bærekraftige utviklingsmåla. Desse ‘tiåra’ og Agenda 2063 er berre symbolske. Det er ingen agenda for å oppheve ekstern gjeld og byrdene ved å betene gjelda, heller ingen politikk for å skape eit klima for å fremje industriell utvikling eller finansiere grunnleggande behov.
Under China-Africa Leaders’ Dialogue, som blei halde på sidelinja av det femtande BRICS (Brasil-Russland-India-Kina-Sør-Afrika) toppmøtet i Johannesburg, lanserte Kina Initiativet om å støtte Afrika sin industrialisering ‘for å støtte Afrika i å vekse sin produksjonssektor og realisere industrialisering og økonomisk diversifisering’. Den kinesiske regjeringa lova å auke finansieringa si for å bygge infrastruktur, designe og skape industrielle parkar, og hjelpe afrikanske regjeringar og firma i å utvikle deira industrielle politikkar og industrier. Dette nye initiativet vil bygge på Kinas forpliktingar ved 2018 Beijing Summit of the Forum on China-Africa Cooperation for å styrke infrastrukturen på kontinentet, dele sine eigne erfaringar med industrialisering og støtte eit utviklingsprosjekt som oppstår frå den afrikanske erfaringa heller enn ein som blir pålagt afrikanske statar av IMF eller andre byrå.
Denne veka lanserte Tricontinental: Institute for Social Research og Dongsheng det tredje nummeret av den internasjonale utgåva av tidsskriftet Wenhua Zongheng (文化纵横), med tittelen ‘China-Africa Relations in the Belt and Road Era’. Dette nummeret har tre artiklar, skrivne av Grieve Chelwa, Zhou Jinyan, og Tang Xiaoyang. Professor Zhou, samd med South Centre-rapporten, merker seg at ‘afrikanske land var i hovudsak avindustrialisert’ sidan 1980-talet og at kva som helst vekst afrikanske land opplevde var ein konsekvens av høge råvareprisar for eksporterte råmaterialer. Ho peiker på at vestlege land — som tilbyr gjeld, hjelp, og strukturjustering — ‘ikkje er motivert til å fremje afrikansk industrialisering’. Ved å basere seg på FN sin økonomiske kommisjon for Afrika og analysere dei industrielle politikkane til dei fleste afrikanske land, framhevar professor Zhou fire viktige punkt: fyrst, staten må spele ei aktiv rolle i all industriell utvikling; for det andre andre må industrialisering skje på eit regionalt og kontinentalt nivå — ikkje innanfor afrikanske statar aleine, gjeve at 86 prosent av Afrika sin totale handel ‘framleis er gjennomført med andre regionar i verda, ikkje innanfor kontinentet’; for det tredje må urbanisering og industrialisering koordinerast slik at byane på kontinentet ikkje held fram med å vekse til store slumområde fylt med arbeidslause ungdom; og for det fjerde vil produksjon vere motoren til afrikansk økonomisk utvikling — heller enn fantasien om vekst leia av servicesektoren.
Desse punkta leiar professor Zhou sin vurdering av korleis Kina kan støtte prosessen med afrikansk industrialisering. Ved å dele sine erfaringar med afrikanske land, merker ho seg at ‘Kina sine feiltrinn’ er like viktige som suksessane deira.
I essayet sitt, sporer professor Tang oppføringa til det kinesisk-leia Belte- og veginitiativet (BRI) på kontinentet. Etablert i 2013, er BRI berre eit tiår gammalt, noko som knapt gir nok tid til å fullt ut vurdere dette massive, globale infrastruktur- og industriutviklingsprosjektet. På det andre Belt and Road Forum for International Cooperation (april 2019), sa FN sin generalsekretær António Guterres, ‘Med skalaen av planlagde investeringar, tilbyr [BRI] ein meningsfull moglegheit til å bidra til å skape ein meir rettferdig, velståande verd for alle, og til å reversere den negative effekten av klimaendringar’. I 2022 gav FN ut ein rapport om rolla til BRI kalla Partnerskap for ein lysare felles framtid, som merka seg at BRI — i motsetnad til dei fleste andre utviklingsprosjekt — gav betydeleg finansiering for infrastrukturprosjekt som kan danne grunnlaget for industrialisering i regionar som tidlegare hadde vore eksportørar av råmaterialer og importørar av produserte produkt.
Gjennom å byggje på slike vurderingar av BRI, tilbyr professor Tang tre praktiske måtar der BRI har fremja industrialisering på det afrikanske kontinentet: fyrst, ved å bygge industrielle parkar med integrerte kraftkjelder og skape industrielle kluster av samanhengande firma; for det andre ved å bygge industrier for å levere infrastrukturmaterialer; og for det tredje ved å prioritere produksjon for lokale marknader heller enn for eksport. I motsetnad til IMF-politikkane som blir pålagt afrikanske land, argumenterer professor Tang at ‘Kina oppmuntrar kvart land til å følgje sin eigen utviklingsveg og ikkje blindt følgje nokon modell’.
Korkje Tang, Zhou eller Chelwa indikerer at Kina på nokon måte er frelsaren til Afrika. Desse dagane er over. Ingen land eller kontinent søkjer kan frelse andre stader. Afrika sin veg vil bli bygd av afrikanarar. Likevel, gjeve sine eigne erfaringar med å bygge produksjon mot ein struktur som reproduserer avhengighet, har Kina mykje å dele. Sidan dei har enorme finansielle reserver og ikkje pålegg vilkår stilde av vesten, kan Kina sjølvsagt vere ei kjelde til finansiering for alternative utviklingsprosjekt.
I desember 2022 sa presidenten for Afrika sin utviklingsbank, Akinwumi Adesina, at ‘Afrikas velstand må ikkje lenger avhenge av eksport av råmaterialer, men av verdi-tilføydde [value-added] ferdige produkt’. ‘Over heile Afrika’, heldt han fram, ‘må vi omforme kakaobønner til sjokolade, bomull til tekstiler og klede, kaffebønner til brygga kaffe’. For å halde tritt med tida, kan vi legge til at Afrika også må omforme kobolt og nikkel til litium-ion-batterier og elektriske bilar og omforme koppar og sølv til smarttelefonar. Inni Adesina si utsegn er Nkrumah sin draum: som han skreiv i 1963, her i Afrika har vi alt som trengst for å verte eit kraftfullt, moderne, industrialisert kontinent.
Venleg helsing,
Vijay