Vi helsar det nye året med optimisme: Det første nyhendebrevet (2026)
av Vijay Prashad
Då vi går inn i det nye året, midt i krigar og ei tilspissing av økonomiske og miljømessige kriser, må vi gjera frustrasjon om til ein moglegheitspolitikk. Vår nye utviklingsteori stakar ut ein veg vidare.
Kjære vener,
Helsing frå skrivebordet til Tricontinental: Institute for Social Research.
Går vi inn i det nye året med uro eller med von? Eg kjenner von, fordi eg på reisene mine ser at folk verda over er misnøgde med den rådande tilstanden – dei ønskjer å leva i eit samfunn som ikkje er overskugga av svolt og liding. Samstundes er eg ikkje så optimistisk at eg trur misnøye åleine vil forvandla denne verda av klimakatastrofe og folkemordskrigar til ei verd prega av verdigheit og fred. Kjensla finst, men ho har enno ikkje hjelpt oss med å hogga ut ein veg mot noko betre.
I fleire tiår har organisasjonar som United Nations Conference on Trade and Development (UNCTAD), grunnlagd i 1964, levert empiriske analysar av lidinga i verda vår. I desember i fjor gav UNCTAD ut Trade and Development Report 2025, som inneheld fleire nye og viktige funn. Nedanfor følgjer seks punkt som fortener merksemd.
Global vekst står i stampe og er skeivt fordelt.
UNCTAD anslo at den globale BNP-veksten ville bremsa til 2,6 % i 2025, ned frå 2,9 % i 2024 – eit teikn på vedvarande stagnasjon. Utviklingslanda, leia av dei asiatiske stormaktene, vart venta å veksa med 4,3 % og stå for 70 % av den globale veksten. Samstundes var Latin-Amerika og Karibia venta å få svakare vekst enn i 2024, medan Afrika sin samla vekst vart venta å ta seg opp, men på ein ujamn måte. Delar av det globale Sør er motoren for vekst, men dei er framleis strukturelt underordna finanssentra i det globale Nord: verdi vert skapt i periferien, men formidla, prissett og ofte tileigna gjennom eit finans- og handelssystem dominert av kjernen.
Det globale Nord dominerer handelen gjennom finanssystemet.
UNCTAD anslår at 90 % av verdshandelen er avhengig av handelsfinansiering og banksystemet. Verdshandelen er sårbar for endringar i renter, likviditet i finansmarknadene og investortillit; desse faktorane kan påverka handelen like mykje som endringar i faktisk produksjon. UNCTAD sine data viser at globale finansielle svingingar – i kreditt, kapitalstraumar og risikovilje – tett følgjer svingingar i verdshandelsvolum. Med den amerikanske dollaren sin del av internasjonale betalingar via SWIFT-systemet igjen på rundt 50%, og med USA som står for halvparten av verdien i dei globale aksjemarknadene og 40% av obligasjonsutferdingane, held dollarhegemoniet fram med å rå over det globale Sør. Med andre ord: verdshandelen sirkulerer i nordlege rammer og er garantert av nordleg kreditt.
Krisa i hyper-imperialismen skaper uvisse.
Rapporten nemner gjentekne gonger høg global «politisk uvisse». Dette er ein teknokratisk eufemisme for ei hegemonikrise i den imperialistiske kjernen, med handelskrigen til USA sin president Donald Trump som eit sentralt element. Tollopptrapping og geoøkonomisk konfrontasjon har vorte faste trekk ved verdssystemet, ikkje berre mellombelse sjokk. Desse utviklingane vil halda fram med å dempa investeringar og handel, noko som fører til stagnasjon i dei nordatlantiske statane og i dei delane av det globale Sør som er mest sårbare for nord–sør-handelsmønster.
Gjeldskrisa i det globale Sør tilspissar seg.
Halvparten av verda sine låginntektsland (35 av 68) står i høg risiko for gjeldskrakk. «Gjeldsmisleghald», skriv UNCTAD, «har historisk ført til uforholdsmessig store og langvarige fall i produksjon; manglande tilgang til internasjonale kapitalmarknader; og kraftige auke i lånekostnader som hindrar vidare økonomisk oppreising». I snitt låner underutvikla økonomiar til renter på 7–11 %, medan avanserte økonomiar låner til 1–4 %. Denne skilnaden er eit strukturelt trekk ved den internasjonale finansarkitekturen, ikkje berre eit uttrykk for grunntilhøva i den einskilde økonomien. Gjeld vert framleis brukt som disiplineringsverktøy mot land i det globale Sør, særleg i Afrika.
Klimakrisa forsterkar gjeldskrisa.
Dei landa som er mest sårbare for klimakrisa, vert tvinga til å betala for denne sårbarheita gjennom høgare renter. Ifølgje rapporten «overfører desse landa 20 milliardar dollar årleg til eksterne kreditorar berre for å dekkja høgare rentekostnader knytte til klimarisiko, sjølv om dei knapt har bidrege til å skapa denne risikoen. Denne kostnaden har stige frå 5 milliardar dollar i 2006 og har nådd eit samla nivå på 212 milliardar dollar innan 2023». Denne prosessen kan skildrast som ei form for klimabasert gjeldsbinding, der dei som har minst ansvar for karbonutslepp, vert tvinga til å subsidiere nordlege obligasjonseigarar gjennom høgare risikopåslag.
Mat vert i aukande grad eit spekulasjonsobjekt.
I kapittel III, «Den finansielle arkitekturen i global mathandel», forklarer UNCTAD korleis dei største mathandlarane tener over tre firedelar av inntektene sine frå finansiell mellomhandel – finansiering av avtalar, derivathandel og gebyr frå risikostyring og kreditt – heller enn frå den fysiske handelen med matvarer. Rapporten åtvarar om at finansialiserte råvaremarknader trugar matsikkerheita i det globale Sør ved å forsterka prisvolatiliteten, og – som UNCTAD viste i Trade and Development Report 2023 – at mat i aukande grad har vorte eit spekulasjonsobjekt.
I 2019 publiserte UNCTAD ein av dei mest radikale rapportane sine på mange år, der dei hevda at å tru systemet kan retta seg sjølv er «ønskjetenking». Det som trengst, sa rapporten, er ei systemomfattande reform av nyliberalismen og ein global grøn New Deal leia av det offentlege. Sidan då har UNCTAD levert jamt nyttige empiriske analysar, men løysingane dei foreslår har vorte stadig meir utvatna. I 2023 sa UNCTAD at det var naudsynt å «justera den globale finansarkitekturen», og i 2024 understreka dei behovet for å «tenkja nytt om utvikling i ei tid prega av misnøye». Den nyaste rapporten inneheld ein av dei sterkaste empiriske kritikkane av systemet, men endar med tomme frasar om «makrotilsyn», «lukking av datagap» og «målretta reformer». Kan slike retoriske gestar og teknokratiske pynteløysingar løysa dei sosiale og politiske problema i verda vår?
Det vi treng, er eit program som er meir enn retorikk. Vi treng ei forplikting til ein ny utviklingsteori, som vi har arbeidd med ved instituttet vårt. Gjennom forskinga vår har det vorte klart for oss at det finst ti grunnleggjande tiltak som land i det globale Sør må ta i bruk for å bryta med nyliberalisme og avhengnad:
Demokratisk planlegging. Oppretta ein demokratisk, nasjonal planleggingskommisjon med reell makt over investeringar, handel og industrielle prioriteringar.
Statleg leia industripolitikk. Setja i verk ein industripolitikk som peikar ut strategiske sektorar (digital infrastruktur, matforedling, maskinindustri, legemiddel og fornybar energi) og støttar dei gjennom offentlege innkjøp, subsidiar, kreditt, krav om lokalt innhald og teknologioverføring, samt vern mot utanlandsk konkurranse.
Kapitalregulering og skattlegging. Innføra strategiske kapitalkontrollar som hindrar kapitalflukt, spekulative innstrøymingar og valutaåtak; styrkja tilsynet for å stogga ulovlege finansstraumar; krevja reinvestering av overskot i innanlandske produktive sektorar; og innføra progressiv skattlegging for å straffa rentesøking.
Offentleg utviklingsfinansiering. Etablera og styrkja offentlege utviklingsbankar for å kanalisera kreditt til langsiktige prosjekt innan industri, landbruk, bustadbygging og infrastruktur.
Offentleg eigarskap. Nasjonalisera strategiske sektorar som energi, mineralutvinning, transport, telekommunikasjon og finans.
Matsuverenitet. Byggja opp att matsuverenitet gjennom jordreform, noko som inneber å konfrontera storgods og agrobusiness. I somme samanhengar vil dette krevja jordfordeling, i andre å oppnå stordrift demokratisk gjennom kooperativ. Investera i vatning, lagring og landbrukstransport, avslutta avhengnad av matimport og ustabile globale marknader, og stabilisera prisar gjennom offentleg inngripen i matmarknadene.
Teknologisk suverenitet. Bryta avhengnaden av immaterielle rettar gjennom tvangslisensiering, offentlege forskingsinstitutt, sør–sør-teknologipoolar og open kjeldekode for å utvikla innanlandske teknologiske evner innan helse, energi og kommunikasjon.
Regional integrasjon. Utvikla regionale sør–sør-handels- og betalingssystem som regionale avrekningsmekanismar, handel i lokale valutaer og koordinerte industrielle verdikjeder.
Gjeldssuverenitet. Gjennomføra offentlege revisjonar for å identifisera illegitim eller skadeleg gjeld. Stogga gjeldsbetalingar då det er naudsynt og søkja kollektiv reforhandling saman med andre land i det globale Sør for å svekkja kreditorane si makt.
Universelle offentlege goder. Garantera helsetenester, utdanning (inkludert yrkes- og teknisk opplæring i tråd med industrielle prioriteringar), bustad, transport og energi gjennom offentleg drift, samstundes som desse tenestene vert knytte til innanlandske produksjonssystem (gjennom offentlege byggjeselskap, statlege legemiddelføretak og offentlege energiverk).
Denne ti-punktsagendaen er berre byrjinga på det vi prøver å utvikla gjennom den nye utviklingsteorien. Instituttet sine avdelingar for økonomi og historisk sosiologi arbeider intensivt med å kartleggja mekanismane bak global avhengnad og identifisera strategiar for å bryta dei. Vi planlegg å utvikla nye analytiske verkty, som ein avhengnadsindeks og ein indeks for digital suverenitet, for å gje ei grundig analyse av den noverande avhengnadsgraden og dei produktive kreftene i det globale Sør. Arbeidet vårt står no og fell på å gjera misnøye om til eit program for å byggja ei betre verd.
I dei triumferande åra med avkolonisering skapte dei nyleg sjølvstendige landa frå den tredje verda songar om fridom og utvikling. Abdel Halim Hafez, den legendariske songaren for egyptisk sjølvstende, song i 1960 ein song kalla Hekayet Shaab (Ei forteljing om eit folk). Han fortalde historia om Egypt sitt opprør mot det korrupte monarkiet i 1952, bygginga av Aswandammen, forsøket frå Storbritannia, Frankrike og Israel på å stogga bygginga, og Gamal Abdel Nasser si nasjonalisering av Suezkanalen. Songen opnar med dette kraftfulle verset:
Vi sa at vi skulle byggja han.
Og vi bygde den høge dammen.
Med våre eigne pengar og hendene til arbeidarane våre.
Vi sa at vi skulle – og vi gjorde det.
Vi skal gjera det igjen.
Med varme helsingar,
Vijay
Frå: https://thetricontinental.org/newsletterissue/unctad-debt-development/






