Vi veit at ei annleis verd vil oppstå frå dette rotet: Det fjerde nyhendebrevet (2024)
Av Vijay Prashad
Kjære vener,
Helsing frå desken til Tricontinental: Institute for Social Research.
‘Vesten er i fare’, åtvara Argentinas nye president, Javier Milei, på dette året sitt World Economic Forum (WEF)-møte i Davos, Sveits. I den farleg appellerande stilen sin skulda Milei ‘kollektivisme’ — det vil seie sosial velferd, skattar og staten — for å vere ‘grunnårsaka’ til problema i verda, for å føre til utbreidd utarming. Den einaste vegen vidare, erklærte Milei, er gjennom ‘fri verksemd, kapitalisme og økonomisk fridom’. Milei si tale markerte ein retur til ortodoksien til Milton Friedman og Chicago-gutta, som pressa fram ein ideologi om sosial kannibalisme som grunnlag for deira nyliberale dagsorden. Sidan 1970-talet har denne brende jord-politikken øydelagt mykje av det globale sør gjennom strukturtilpassingsprogramma til Det internasjonale pengefondet, men ogso skapt fabrikkørkenar i Vesten (det Donald Trump, i sin innsetjingstale i 2017, kalla eit ‘amerikansk blodbad’). Her ligg den forvirrande logikken til ytre høgre: på den eine sida, oppmoding til milliardærklassen om å dominera samfunnet i si interesse (noko som produserer det sosiale blodbadet) og dinest, på den andre sida, eggja offera for blodbadet til å kjempa mot politikk som vil vera til nytte for dei.
Milei har rett i den overordna vurderinga si: Vesten er i fare, men ikkje på grunn av sosialdemokratisk politikk; vesten er i fare på grunn av den manglande evna si til å komma overeins med den langsame bortgangen sin som den dominerande blokka i verda.
Frå Tricontinental: Institute for Social Research and Global South Insights (GSI) kjem to viktige tekstar om det skiftande globale landskapet: ein landemerkestudie, Hyper-Imperialism: A Dangerous, Decadent New Stage, og vår syttiandre dossier, The Churning of the World Order (sistnemnde er eit ‘utøvande samandrag’ av studien, so eg vil referera til dei som om dei var éin tekst). Vi meiner at dette er den viktigaste teoretiske utsegna som instituttet vårt har kome med i den åtte år lange historia si.
I både Hyper-imperialism og The Churning of the World Order gjer me fire viktige poeng:
For det fyrste, gjennom ein djup analyse av omgrepa det globale nord og det globale sør, syner vi at fyrstnemnde fungerer som ei blokk, medan sistnemnde berre er ei laus gruppering. Det globale nord blir leidd av USA, som har skapt fleire instrument for å utvida autoriteten sin over dei andre landa i blokka (kor mange er historiske kolonimakter og nybyggjar-koloniale samfunn). Desse plattformene inkluderer Five Eyes etterretningsalliansen (opphavleg oppretta i 1941 mellom USA og Storbritannia, nettverket har no utvida til Fourteen Eyes), North Atlantic Treaty Organization (NATO, oppretta i 1949), og Group of Seven (G7, sett opp i 1974). Gjennom desse og andre formasjonar er USA og deira politiske allierte innanfor det globale nord i stand til å utøva autoritet over sine eigne land og landa i det globale sør.
I motsetnad til dette har landa i det globale sør historisk vore mykje meir uorganiserte, med nokre lausare alliansar og koplingar rundt regionale og politiske tilknytingar. Det globale sør har korkje eit politisk sentrum eller eit ideologisk drive prosjekt.
Analysen i tekstane er detaljert, basert på offentlege databasar og databasar bygd av GSI. Hovudpoenget er at det er eitt verdssystem som vert administrert på farleg vis av éi imperialistisk blokk. Det finst ikkje fleire ulike imperialismar, ikkje nokon inter-imperial konflikt.
For det andre utøvar plattformene til det globale nord makt over verdssystemet gjennom ei rekkje vektorar (militære, finansielle, økonomiske, sosiale, kulturelle) og gjennom ei rekkje instrument (NATO, Det internasjonale pengefondet, informasjonssystem). Med den gradvise nedgangen i kontrollen til det globale nord over det internasjonale finanssystemet, råvarer, teknologi og vitskap, utøvar denne blokka hovudsakleg si makt gjennom militær makt og gjennom styring av informasjon. I desse tekstane går me ikkje over spørsmålet om informasjon, sjølv om vi tidlegare har skrive om det og vil ta det opp igjen i ein studie om digital suverenitet. Fokuset i desse tekstane er i stor grad på militærutgifter, der me syner at den USA-leidde blokka står for 74,3% av militærutgiftene i verda og at USA nyttar 12,6 gonger meir enn verdsgjennomsnittet per innbyggjar (Israel, nest etter USA, brukar 7,2 gonger over verdsgjennomsnittet per innbyggjar). For å setje dette i perspektiv, står Kina for 10% av militærutgiftene i verda, og militærutgiftene dei har per innbyggjar er 22 gonger mindre enn USA sine.
Slike enorme utgifter til militæret er ikkje uskuldige. Ikkje berre går det utover sosiale utgifter; militærmakta til det globale nord vert nytta til å truga og skremma land, og — viss dei er ulydige — til å straffa dei med helveteseld og svovel. Berre i 2022 utførte desse imperialistiske nasjonane 317 utplasseringar av dei militære styrkane sine til land i det globale sør. Det høgaste talet av desse utplasseringane (31) vart gjort til Mali, ein nasjon som sterkt søkte suverenitet, og som var den første av Sahel-statane som iscenesette folkestøtta kupp (2020 og 2021) og kasta ut det franske militæret frå territoriet sitt (2022).
Mellom 1776 og 2019 gjennomførte USA minst 392 intervensjonar over heile verda, halvparten av dei mellom 1950 og 2019. Dette inkluderer den forferdelege, ulovlege krigen mot Irak i 2003 (på årets WEF-møte, baud Irak sin statsminister Mohammed Shia' al- Sudani om at troppar frå det globale nord skulle forlata Irak). Desse enorme militærutgiftene frå Det globale nord, leidd av USA, speglar militariseringa av utanrikspolitikken. Eit av dei lite noterte aspekta ved denne militariseringa er utviklinga av ein teori om “forsvarsdiplomati” både i USA og Storbritannia (som det blei notert i det britiske forsvarsdepartementet sitt Strategic Defense Review frå 1998). I USA nyttar strategiske tenkjarar akronymet DIME for å reflektera over kjeldene til nasjonal makt (diplomati, informasjon, militær og økonomi).
I fjor lova EU og NATO — institusjonane i hjartet av det globale nord — i fellesskap å ‘mobilisera det kombinerte settet av instrument til disposisjonen vår, anten dei er politiske, økonomiske eller militære, for å forfølgja dei felles måla våre til fordel av våre éin milliard innbyggjarar’. I høve du ikkje fekk det med deg, er den makta – for det meste militærmakt og militært diplomati – ikkje meint å tene menneskja, men berre å tene borgarane ‘deira’.’
For det tredje kallast del IV av vår hyperimperialisme-studie ‘The West in Decline’, og ser på prova for denne trenden frå eit perspektiv som avviser Milei sin ‘Vesten er i fare’-angst. Fakta syner at sidan starten av den tredje store depresjonen har det globale nord kjempa for å halde oppe kontrollen sin over verdsøkonomien; verkemidla deira — monopol på teknologi og råvarer, og dessutan herredømme over utanlandske direkteinvesteringar — har erodert fundamentalt. Då Kina overgjekk USA sin del av den globale industriproduksjonen i 2004, mista USA hegemoniet i produksjonen (innan 2022 hadde førstnemnde ein del på 25,7% mot dei 9,7% som sistnemnde hadde). Gjeve at USA no er avhengig av storskala netto kapitalimport, som nådde 1 billion dollar i 2022, har USA liten intern evne til å gje økonomiske fordelar til sine globale nord- eller globale sør-allierte. Eigarar av kapital i USA har sluka overskotet sitt frå statskassa i landet og skapt dei økonomiske tilhøva for det sosiale blodbadet som rammar landet. Dei gamle politiske koalisjonane forankra kring dei to partia i USA er i endring, utan plass i USA sitt politiske system for å utvikla eit politisk prosjekt for å utøva hegemoni over verdsøkonomien gjennom legitimitet og samtykkje. Det er grunnen til at det USA-leidde globale nord tyr til makt og trugsmål, og byggjer opp det massive militærapparatet sitt ved å auka si eiga offentlege gjeld (sidan det er liten innanlandsk konsensus om å nytte desse låna til å byggja infrastrukturen i landet og produktive base).
Rota til den nye kalde krigen som USA har pålagt Kina, er at Kina har overgått USA i netto fast kapitalinvestering, medan USA har sett ein gradvis nedgang. Kvart år sidan 1992 har Kina vore ein nettoeksportør av kapital; dette overskotet av kapitalskaping har gjort det mogleg å finansiera internasjonale prosjekt som Belte- og veginitiativet, som no er ti år gamalt.
For det fjerde analyserer vi framveksten av nye organisasjonar forankra i det globale sør, slik som Shanghai Cooperation Organization (2001), BRICS10 (2009) og Group of Friends in Defense of the UN Charter (2021). Desse interregionale plattformene er i ein tidleg fase, men dei tener som prov på framveksten av ein ny regionalisme og multilateralisme. Sjølv om desse formasjonane ikkje søkjer å operera som ei blokk for å motverka blokka til den globale nord, reflekterer dei det vi tidlegare har kalla ei ‘ny stemning’ i det globale sør. Den nye stemninga er korkje anti-imperialistisk eller anti-kapitalistisk, men er forma av fire hovudvektorar:
Multilateralisme og regionalisme sentrerte kring etableringa av globale plattformer for samarbeid forankra i sør.
Ny modernisering sentrert kring å byggje regionale og kontinentale økonomiar som nyttar lokale valutaer i staden for dollar for handel og reservar.
Suverenitet, som vil skape barrierar for vestleg intervensjon. Dette inkluderer militære forviklingar og digital kolonialisme, som begge lettar amerikansk etterretningsintervensjon.
Reparasjonar, som ville innebere kollektive forhandlingar for å kompensere for Vesten sine århundregamle gjeldsfellar og misbruk av det overskytande karbonbudsjettet, so vel som arven frå kolonialisme, som strekk seg mykje lengre attende.
Analysen i desse tekstane går djupt under overflata, og gjev ei historisk materialistisk vurdering av dei noverande krisane våre. Dokument produsert av institusjonane i det globale nord, som WEF sin Global Risks-rapport for 2024, gjev ei liste over farane me står andsynes (klimakatastrofe, sosial polarisering, økonomiske nedgangstider), men kan ikkje forklara dei. Tilnærminga vår, trur vi, gjev ein teori for å forstå desse farane som resultatet av eit verdssystem administrert av den hyperimperialistiske blokka.
Då eg tenkte på desse tekstane, vandra tankane mine til arbeidet til den irakiske poeten Buland al-Haydari (1926–1996). Då alt verka meiningslaust, skreiv al-Haydari at ‘sola vil ikkje stå opp’ og at ‘på botnen av huset, allereie daude, er trinna til barna mine, redusert til stille’. Men sjølv då, då vi ‘var utan makt’, er det framleis von. Sivilisasjonen hans druknar, men so ‘kom du med åra’, syng han. ‘Slik er historia om vår i går, og den smakar bittert’, konkluderer han, ‘slik er den langsame vandringa vår, prosesjonen til verdigheita vår: vårt einaste gode inntil timen då vil stå opp, endeleg ein fri åre’.
Den forventninga definerer ein klassikar av den iranske poeten Forough Farrokhzad (1934–1967), ‘Nokon som ikkje liknar nokon’ (1966):
Eg har hatt ein draum om at nokon kjem.
Eg har drøymt om ei raud stjerne,
og augelokka mine held fram med å rykkja
og skoa mine held fram med å vekkjast til live
og lat meg verte blind
viss eg lyg.
Eg har drøymt om den raude stjerna
då eg ikkje søv.
Nokon kjem,
nokon kjem
nokon betre.
Hjarteleg,
Vijay
Henta frå https://thetricontinental.org/newsletterissue/hyper-imperialism/