Vulture Capitalism: Corporate Crimes, Backdoor Bailouts and the Death of Freedom – Bokmelding
Av Dominic Alexander
Vulture Capitalism riv ned ideen om den “frie marknaden” i den korporative tidsalderen, men har avgrensingar i sin analyse av kapitalisme og korleis ein kan utfordre den, hevdar Dominic Alexander.
Den frie marknaden skulle ifylgje nyliberalistane frigjere oss frå den trugande ‘liveigenskapen’ i den potensielt totalitære ‘barnepike’-staten [‘nanny’ state]. Men slik Grace Blakeley argumenterer i boka Vulture Capitalism, er det ingenting ‘fritt’ ved det frie marknaden. I røynda blir faktisk eksisterande kapitalistiske marknader dominerte av mektige selskap. Historisk sett er den påståtte viktigheita av frihandel i kapitalismen si historie høgst tvilsam.
Merkantilisme, slik som statlege monopollisensar, til dømes East India Company, var kapitalismen si form i Storbritannia på 1700-talet. East India Companys koloniale dominans i India, effektivt ein statsmakt, tillét britiske tekstil-eksportørar å mette det indiske marknaden, øydeleggje den innfødde tekstil-industrien og forarme indiske handverkarar, medan britiske produsentar blei rike. I staden for dei abstrakte prinsippa i marknadsøkonomi som fører til velstand, var dette politisk makt utøvd for å skape rikdom for nokre få på medan millionar må lide.
Tekstil-industrien var motoren i den industrielle revolusjonen, so det var imperium og monopol som førte til britisk kapitalisme si framvekst som “verdsverkstad”. Storbritannia adopterte prinsippa om frihandel berre etter å ha oppnådd dominans. For USA kom mantraet om frihandel også etter ein periode med proteksjonisme som bidrog til å byggje opp industriell konkurransekraft. “Statar og marknader”, langt frå å vere “fundamentalt forskjellige aktivitetssfærer”, har faktisk vore tett samanfletta gjennom kapitalismen si historie: “selskap er politiske einingar” (s. 120).
Det fyl at kapitalisme på inga måte er synonymt med frie marknader, men heller bør “definerast som eit samfunn dominert av kapital” (s. 27). Med andre ord er kapitalisme uløyseleg knytt til klasse og utbytting:
Kapitalismen er, i sitt vesen, definert av denne delinga: delinga mellom dei som eig alt det som trengst for å produsere varer, og dei som er tvungne til å selje arbeidskrafta si til kapitalistane for å kjøpe desse varene. Kapitalisten sin profitt kjem gjennom utbytting av arbeidaren — interessene til desse to er diametralt motsette. (s. 29)
Dei sentrale propagandaargumenta frå hovudstraums-økonomien, som er eit høgst ideologisk felt, fell frå kvarandre ved nærmare undersøking. ‘Frie marknader’ skal levere optimale resultat for alle, med maksimalt effektiv produksjon til best mogleg verdi, saman med ‘fridomen’ for forbrukarane til å velje produkt slik dei ynskjer. Blakeley knuser truverdet til desse påstandane i laupet av boka.
Boeing og monopolmakt
Eit døme som illustrerer kor tomme desse påstandane er, er historia om Boeing og 737 Max-flyet. Dette flyet, som fekk mykje merksemd etter to daudelege flystyrtar i 2018 og 2019, synte korleis dagens korporative kapitalisme ikkje sikrar effektivitet og best verdi for forbrukarane. I staden leia jakta på profitt gjennom aksjeeigarverdi til ein autoritær leiarkultur som nedvurderte ingeniørkompetanse og pressa fram ein radikal kostnadskutt-agenda (s. 21).
Boeing søkte større fly med kraftigare motorar for å frakte fleire passasjerar billigare. For å unngå kostnadane ved å skape og sertifisere eit heilt nytt flydesign, endra dei det eksisterande 737-designet til det vart dynamisk ustabilt. Denne programvareløysinga leia til det som blei kalla ‘verda sitt fyrste sjølvkaprande fly’ (s. 22).
Dei tilsette hadde varsla om problem, og ein av dei sa at “folk ‘må døy før Boeing vil endre ting’” (s. 23). I mellomtida var selskapet ein stor suksess for finansmarknadane: dei “distribuerte 24,6 milliardar dollar i utbytte til aksjeeigarar — mange av dei var leiarar i selskapet — og kjøpte attende aksjar for 43,4 milliardar dollar” (s. 22). Det frie marknaden hadde ikkje fungert slik det vart reklamert for, at det gjev det mest effektive resultatet, med mindre dette alltid berre handla om størst mogleg profitt for kapitalistane sjølve.
Eit anna sentralt element i nyliberalistisk propaganda blir knust av denne historia. Det er ideen om at den nyliberale staten ikkje blandar seg inn i marknaden. Boeings katastrofar burde eigentleg ha øydelagt selskapet, men det hadde lenge vore ein essensiell del av USA sitt militær-industrielle kompleks, og dimed kunne ein ikkje tillate at det mislukkast. Under pandemien vedtok USA ein stimuleringspakke som inkluderte:
17 milliardar dollar i lån til bedrifter som vart rekna som “kritiske” for nasjonal tryggleik, der Boeing var ein av dei. Ifylgje Washington Post var denne nasjonale tryggleiksklausulen “i stor grad utforma til fordel for selskapet” og kom i tillegg til nesten 58 milliardar dollar i lån til den breiare flyindustrien — eit tal som er slåande nær dei 60 milliardane dollar som Boeing-leiarar kravde for flyindustrien i mars 2020 (s. 25).
Boeing sitt tryggingsproblem held fram, og økonomiske tap aukar; selskapet har nyleg annonsert at dei ikkje vil gje ei økonomisk prognose for året. Trass i alt dette, verkar det svært usannsynleg at dei får lov til å mislukkast.
Planlegging og konkurranse
Dei korporative innkjøpsskandalane som oppstod under pandemien i Storbritannia, kan ha gjort oss vande med ein aura av korrupsjon rundt korporativ lobbyverksemd og regjeringsavgjersler, men Blakeley argumenterer for at det har utvikla seg eit systemisk tilhøve som bryt med den grunnpremissen til ein “frimarknads”-økonomi: “Presset frå konkurranse er ofte langt frå tankane til leiarane i dei største selskapa i USA … dei er meir opptekne av å kunstig auke aksjekursane sine, drive lobbyverksemd andsynes politikarar og dekkje over den siste korporative skandalen” (s. 26). Dette syner at alle nyliberale argument om at konkurranse disiplinerer store selskap som Boeing er verdt null og niks: attende i 2020 “då obligasjonsmarknadene byrja å kollapse …, gjekk sentralbanken inn og annonserte at dei ville kjøpe opptil 20 milliardar dollar i bedriftsgjeld — effektivt sett på å garantere låntakinga til nokre av dei mektigaste selskapa i verda”. Boeing sjølv kunne dinest gje ut 25 milliardar dollar i nye obligasjonar, “den sjette største i historia på det tidspunktet” (s. 25).
Konkurranse eksisterer framleis i denne verda av monopolistisk kapitalisme. For Boeing er konkurrenten europeiske Airbus, som også er oppteken av kostnadskutt og støtta av EU (s. 33). Desse selskapa konkurrerer ikkje om pris slik den klassiske økonomiske teorien hevdar, men heller “konkurrerer selskapa for å halde kostnadene nede – med den effekten at dei lagar dårlege fly … og legg press på leverandørar for å redusere kostnadene” (s. 26). Eit anna område der slike selskap konkurrerer, som Blakeley ikkje utforskar i Vulture Capitalism, er investeringskapital. Difor blir det å vere “for stort til å mislukkast” frå synspunktet til ein stor stat, som USA, ein stor fordel for eit stort selskap. Men til sjuande og sist blir verande grunnprinsippa i kapitalismen uendra, som Blakeley forklarar; det er kapitalens klassemakt over arbeidet som verkeleg definerer systemet.
Hensikta med Vulture Capitalism er ikkje berre å avsløre mytane om nyliberal økonomisk ideologi, men også å argumentere for at dikotomien mellom “frie marknader” og “økonomisk planlegging”, slik det blir oppfatta som styrt av staten, er ein grunnleggjande misforståing. Selskap driv med kompleks langsiktig planlegging, som Blakeley illustrerte med Boeing som døme. Poenget er at dei berre gjer det for profitten si skuld, og fordi mange slike selskap er for store til å bli underlagt “marknaden sin disiplin”, kan dei forfølgje denne profitten utan reell omsyn til nytteverdien, i neoklassiske termar, eller i Boeing sitt høve, til faktiske menneskeliv.
Evna til kapitalistiske selskap til å drive ambisiøs planlegging er heller ikkje noko nytt, som synt gjennom døme med Ford-selskapet sin fabrikkby Fordlandia i den brasilianske Amazonas, bygd i 1928 (s. 38). Nyliberalismen endra ikkje dette i det heile teke:
Det som endra seg mellom etterkrigstida og nyliberalismen, var ikkje nærværet eller fråværet av planlegging: det som endra seg var kven som gjorde planlegginga, og kven sine interesser dei tente (s. 40).
Planlegging er avgrensa av profittinteressene, men sidan konkurransen mellom selskap framleis er intens, er det ein uføreseieleg prosess. Ein “anarkistisk marknadsmekanisme” opererer framleis, og so “går kapitalisme og krise hand i hand” (s. 53).
Staten si rolle
Blakeley fell ikkje i fella med å idealisere den sosialdemokratiske etterkrigstida, og understrekar fleire stader staten sin kapitalistiske natur både i etterkrigstida og nyliberalismen (s. 168 og s. 190). Ho merkar seg likevel at i etterkrigstida hadde arbeidarklassen noko avgrensa påverknad på økonomisk politikk, og dette, saman med Keynesianske politikk som sikta på låg arbeidsløyse, “undergrava kapitalen sin autoritet over arbeidet … [og] undergrava ‘styringa’ av samfunnet gjennom å gjere det vanskelegare å truge arbeidarar med usikkerheit og fattigdom” (s. 41).
I denne visjonen var hovudpoenget med nyliberalismen nettopp å bryte den relative påverknaden frå arbeidet og opprette kapitalen si makt over arbeidarklassen att. Etter å ha knust arbeidarrørslene på 1980-talet, kunne staten dinest fokusere mindre på å handtere tilhøvet mellom kapital og arbeid, og meir på å støtte “kapitalen sin evige jakt på profitt og rydde opp etter krisene som denne grådigheita forårsaka” (s. 41).
Difor finn vi oss i ei verd der bankar og selskap vart redda i 2008, og att under pandemien, medan offentlege tenester blir malt i støvet. Samstundes har statleg pengebruk auka i staden for å minke, slik det skulle skje ifølgje nyliberal politikk: “I USA er statleg pengebruk som ein prosent av BNP mykje høgare i dag enn det var på 1970-talet” (s. 48). I Frankrike, under pandemien, fekk dei største selskapa støtte frå regjeringa, samstundes som dei betalte ut 34 milliardar euro til aksjeeigarar og sparka 60 000 arbeidarar verda over. Ein fransk rapport fann også at “offentleg støtte til privat sektor no overstig beløpet som blir utbetalt i sosialvelferd” (s. 62).
Den aukande konsentrasjonen av kapital har skapt effektar som forvirrar den nyklassiske forståinga av korleis kapitalismen fungerer. Amazon er eit framståande døme på dette. Dei hadde tapt 6,2 milliardar dollar innan 1999, men marknadsverdien deira var då likevel 450 milliardar dollar, og dei skapte ikkje profitt før i 2018. I ein del om Softbank og WeWork argumenterer Blakeley for at det faktisk er avgjersler frå “bankane” om kva selskap dei skal låne ut til, som avgjer kva som blir dei mest lønsame selskapa (s. 135). Blakeley observerer også at “Amazon overlevde trass i marknadskreftene, ikkje på grunn av dei. Sjølv i dag ser strukturen til selskapet svært irrasjonell ut: somme delar av Amazon … er svært lønsame, medan tenester som Prime går med tap. Marknaden seier noko til Amazon, men det ser ut til at dei gjer noko anna” (s. 92).
Profitt og politikk
Blakeley si utforsking av den sjølvforsterkande sirkulariteten til monopolistisk kapitalisme er definitivt kraftfull, men det er nokre avgrensingar ved perspektivet. Ei av desse er at det kan gjeva lesaren inntrykk av at problemet berre er korrupsjon i samspelet mellom finansinstitusjonar, selskap og politikk. Blakeley argumenterer rett nok spesifikt mot denne tankegangen og understrekar at “fusjonen av politisk og økonomisk makt” er naturleg for funksjonen til kapitalismen og “ikkje eit avvik som kjem frå konspiratoriske nettverk eller hemmelege samfunn” (s. 54). Vår einaste måte å sleppe unna klasseutbytting og kriser i kapitalismen er “gjennom fullstendig demokratisering av heile økonomien vår” (s. 55).
I diskusjonen om “antitrust”-lovgjeving for å bryte opp monopol, merkar Blakeley at slike lover, særleg i USA, har mislukkast i å hindre veksten deira, på grunn av at “konkurransemyndigheitene konsekvent har mislukkast i å handle for å hindre fusjonar” (s. 168-9). Likevel reduserer argumentet her effektivt problemet til eit politisk problem. Dette trass i at, som Blakeley anerkjenner, kampen mot konsentrasjon av kapital er ein grunnleggjande tendens i kapitalismen. Denne manglande overlappinga [mismatch] peikar på ein svakheit i analysen, sidan faktisk motstand mot monopol ikkje berre er ein personleg irritasjonsmoment [pet grievance] for venstresida, men har alltid hatt brei støtte på tvers av politikken, særleg i USA. Så kvifor er det eit so tydeleg politisk nederlag?
Det ligg meir bak situasjonen enn den politiske påverknaden frå dei gigantiske selskapa. Makta deira kjem frå den dominerande rolla deira i produksjon og profittskaping. Likevel, til tross for mange referansar til Marx, kjem svakheita i boka særleg av at ho ikkje vurderer nokre av dei andre grunnleggjande aspekta ved kapitalismen. Blakeley legg grunnlaget for analysen sin i den amerikanske marxistiske Monthly Review-skulen si teori om monopolkapitalisme (s. 109-10). Denne teorien har sine styrkar, men også sine problem, fordi den i større grad byggjer på Keynesiansk økonomi enn på Marx si verditeori og hans analyse av kjernen i kapitalistisk produksjon. Som eit resultat gjev Vulture Capitalism inga røynleg forklaring på kvifor kapitalismen har oppført seg slik den har gjort dei siste femti åra.
Den nådelause nedbygginga av den sosialdemokratiske velferdsstaten og det ustanselege angrepet på arbeidstakarar sine rettar og levestandarden verda over, kjem ikkje berre frå auka konsentrasjon av kapital, men også frå kapitalens vanskar med å oppretthalde profittrenta sidan 1960-talet. Den pågåande lønsemdskrisa i kapitalismen, som blussa opp igjen i 2008 og som det ikkje har vore noko reelt oppsving frå, har drive det nyliberale strupetaket på økonomisk politikk både nasjonalt og internasjonalt. Den pågåande krisa forsterkar berre den korporative påverknaden, sidan den enorme profitten som dei gigantiske selskapa har, bidreg til å balansere lønsemdsproblemet og forklarer den tilsynelatande urokkelege politiske påverknaden deira.
Blakeley ser ikkje ut til å meine at ein enkel attendevending til den sosialdemokratiske fortida er mogleg, men ho underbyggjer ikkje kvifor kapitalistklassen ikkje vil akseptere ein slik vending, til tross for den aukande ustabiliteten i systemet. Ein analyse som berre konsentrerer seg om effektane av monopolmakt i seg sjølv, særleg den politiske påverknaden, kan ikkje fullt ut forklare desse problema sin natur.
I tillegg er det eit anna aspekt ved utviklinga av kapitalismen som ikkje vert forklart i Vulture Capitalism, og det er naturen til teknologisk utvikling. Dette er også ein del av den systemiske drivkrafta bak gigantiske monopolselskap. Ettersom teknologien har vorte stadig meir kompleks og avansert, krev det større mengder kapital og enormt spesialiserte produksjonsfasilitetar for ting som datamaskinbrikker. Denne drivkrafta, og nye infrastrukturindustriar, representert av selskap som Google og Microsoft, skaper ein massiv skeivfordeling som gjer at gigantselskapa dominerer den globale økonomien. Blakeley skuldar monopol for stagnasjon i innovasjon, men slike gigantar er konsekvensar av teknologisk utvikling, ikkje dei primære drivkreftene i utviklinga.
Vidare reduserer all denne sofistikerte teknologien delen av menneskeleg arbeidskraft i produksjon, og dermed reduserer den produksjonen av meirverdi, som profitten kjem frå, i økonomien som heilskap. Jo meir kapitalismen utviklar seg på denne måta, desto større problem har kapitalen med å reprodusere seg sjølv, på grunn av profittraten sin tendens til å minke. Motsetninga driv krisa, og det tyder at det ikkje finst fornuftige røyster i herskarklassen som kan akseptere ein sosialdemokratisk omfordeling for å stabilisere eit stadig meir kriseramma system.
Korleis endre det
Blakeley insisterer fleire gonger på kapitalen si klassemakt som sentral for systemet, men medvita om dette synest til tider å mangle i den siste delen av Vulture Capitalism. Her vert planlegging for kapital kontrastert med moglegheita for demokratisk planlegging til samfunnsnytte. Blakeley understrekar rett nok at kapitalisme og sosialisme ikkje er det same som med marknader eller statleg planlegging, sidan marknader “eksisterte lenge før kapitalismen oppstod, og statleg planlegging eksisterte lenge før sosialismen oppstod” (s. 242).
Sosialisme handlar i staden om kollektiv handling: “Sosialismen bør ikkje basere seg på å be folk stole på politikarar — det bør vere ei rørsle basert på å be folk stole på kvarandre” (s. 242). Blant døma ho gir på kva dette tyder, er Lucas-planen; ein strategi utarbeidd av arbeidarane ved Lucas Aerospace Corporation i 1976 for å flytte selskapet vekk frå våpenproduksjon til samfunnsnyttige produkt, frå dialysemaskiner til vindturbinar, som eit svar på marknadsvanskane deira.
Det er sjølvsagt at initiativet frå arbeidarane ikkje vart godt motteke av leiinga eller regjeringa, men det står framleis som ein inspirerande augneblink for å tenkje seg korleis økonomien kunne fungere på ein radikalt annan måte. Det er definitivt eit godt døme på potensialet for at industriar kan verte drivne kollektivt og demokratisk av arbeidarane. Blakeley går vidare frå dette dømet for å undersøkje eksperiment med deltakande budsjettering i lokalstyret, mest kjent frå Porto Alegre i Brasil (s. 252-4), og andre frå Kerala til Argentina til Wales. Desse er alle på sin måte nyttige eksperiment med nokre suksessar å feire, men dei er avgrensa av sin lokale karakter. Blakeley svarar på dette problemet med eit kapittel om “Planlegging i stor skala”, som uunngåeleg diskuterer Salvador Allendes regjering i Chile og prosjektet Cybersyn for planlegging (s. 266-8). Dette prosjektet vart sjølvsagt avbrote av det blodige Pinochet-kuppet.
Det er mange svært nyttige idear og planar for å demokratisere økonomien som blir foreslått i denne siste delen av Vulture Capitalism, men dei slit alle med det same problemet, nemleg kapitalen si makt. Då nokon av dei byrjar å få fotfeste, frå GLC sine innovative initiativ på 1980-talet (s. 240) til Allende sitt Chile, har kapitalen den politiske og terroristiske makta til å slå dei ned. Det er ein annan svakheit ved planar som deltakande budsjettering, nemleg at dei ikkje utfordrar eigarskapet og kontrollen over produksjonen, og det er berre gjennom å ta kontroll i den sfæren at kapitalen si makt faktisk kan bli broten.
Det trengst difor ein betre strategi enn å akseptere at i “majoritetsvalsystem … har aktivistar lite val anna enn å arbeide innanfor eksisterande sosialdemokratiske parti. Å gjere dette med suksess vil likevel krevje eit sterkt fokus på å byggje makt utanfor desse partia òg — i lokalsamfunn, i fagbevegelsen og på gatene» (s. 282). Nederlaget til Corbyn-prosjektet er over fire år sidan no, så dette vil ikkje vere ein effektiv strategi. På same måte les det svakt å framheve venstreprosjekt i «meir pluralistiske system», som «bevegelsespartiet» som aktivistar og politikarar i land som Spania har støtta (s. 283), gitt fiaskoen til kvar reformistisk satsing frå Syriza til Podemos til Die Linke[1].
I store delar av Vulture Capitalism argumenterer Blakeley sterkt for at det korporativt planlagde kapitalistiske systemet må erstattast fullstendig av eit demokratisk planlagt økonomisk system. Dersom dette er det rette inntrykket, er det einaste svaret å byggje ei massiv revolusjonær rørsle for å gjere eit slikt system røynleg. Å kaste bort tid på å arbeide i eksisterande sosialdemokratiske parti vil ikkje leie oss nokon stad.
Dominic Alexander er medlem av Counterfire, der han er redaktør for bokanmeldingar. Han er ein langvarig aktivist i Nord-London. Han er historikar og har skriva boka Saints and Animals in the Middle Ages (2008), ein sosialhistorie om middelalderske eventyrforteljingar samt artiklar om London sin første revolusjonære, William Longbeard, og opprøret i 1196, i Viator 48:3 (2017) og Science and Society 84:3 (juli 2020). Han er også forfattar av Counterfire-bøkene The Limits of Keynesianism (2018) og Trotsky in the Bronze Age (2020).
Frå: https://www.counterfire.org/article/vulture-capitalism-corporate-crimes-backdoor-bailouts-and-the-death-of-freedom-book-review/