What Is Anti-Racism? – bokmelding
Arun Kudnani si bok argumenterer for ein antirasisme som verkeleg er frigjerande og revolusjonær, skriv Sigrid Corey.
Medan det tidlegare var reservert for grasrotkampanjar, har antirasistisk retorikk nyleg vorte teke opp av slike som BlackRock, Walmart, det britiske innanriksdepartementet og det amerikanske utanriksdepartementet. Dette høyrest ut som gode nyhende, bortsett frå at det ser ut til å gå hand i hand med at statar held fram med å styrkje militæret, grensekontroll og massefengsling, medan økonomisk tap påverkar globale rasialiserte og marginaliserte befolkningar i uhøveleg grad.
Konservative fordømmer rasistiske haldningar medan dei leier krig mot det dei framstiller som elitistisk og unaudsynt “woke” politikk, avviser all prat om “strukturell rasisme” og bannlysar kritisk raseteori som påpeikar det. Den antirasistiske kampanjen er overalt, likevel blømer strukturell rasisme, nærast umerka i liberal antirasistisk diskurs.
Forfattar og aktivist Arun Kundnani tek opp dette paradokset i ei skjerande ny bok, der han påpeikar grensene for liberale antirasistiske tilnærmingar. Med over tre tiår med aktivisme og ei imponerande mengd arbeid i sitt namn, byggjer Kundnani på ei historie av kollektiv kamp for å tilby svar på korleis antirasisme kan reddast frå kvitvaskinga til bedrifta, og i staden utfordre strukturane til “rasekapitalisme”.
To typar antirasisme
Det som ofte blir oversett, hevdar Kundnani, er at det er to definisjonar som står på spel i debattane i samtida: ein liberal antirasisme og ein meir radikal antirasisme. Fyrstnemnde ser rasisme som eit problem med irrasjonelle tru, fordommar, skeivskapar og hat — ein slags ekstremisme som trugar den normale funksjonen til det liberale demokratiet.
Han sporar røtene attende til kampanjane til dei kulturelle tenkjarane til 1930-talet som antropolog Ruth Benedict og rettsaktivisten til homofile Magnus Hirschfield, som teoretiserte framveksten av nazismen i Tyskland og oppmoda den amerikanske politiske eliten til å utdanna arbeidarklassa, og trudde at utan dette, ville økonomiske vanskar gjera rasisme meir sannsynleg. I denne ramma tilbyr utdanning ei motgift mot rasistiske sosiale sjukdommar. Populariseringa av den amerikanske forfattaren Robin DiAngelos bok White Fragility symboliserer denne tilnærminga i dag, som fokuserer på den individuelle reforma av kvite menneske, og dei umedvitne skeivskapane deira, som eit mål i seg sjølv.
For å motverka dette, nyttar Kundnani seg av ei historie av radikal tankegang som forklarer kva som er “strukturelt” med "“strukturell rasisme”, eller kva som gjev rasismen kraft og uthald. I avskaffingstenkjaren Ruth Wilson Gilmore sine termar er dette ujamn fordeling av ressursar, og sårbarheita for strukturar av organisert vald og for tidleg død. Radikal antirasisme har røtene sine i kampar mot kolonimakta og dukka opp frå dei som kjempar med rolla som rasisme og imperialisme speler i globale system for økonomisk utbytting og undertrykking.
For å forklara dette, kartlegg Kundnani den politiske tankegongen til eit anna sett av sentrale antiimperialistiske og antirasistiske aktivistar, som ikkje meinte at “rasisme” refererte til eit individ sitt tankesett, men til eit sentralt trekk ved kapitalismen. Desse tenkjarane, som inkluderer Claudia Jones, C. L. R. James, Kwame Nkrumah og Franz Fanon, forstod at rasisme ikkje berre vart skapt for å splitta arbeidarar, men for å utnytta dei ulikt. Claudia Jones synte dette, til dømes i “superutnyttinga” av svarte kvinner i den amerikanske arbeidsstyrken, der rase, til liks med kjønn, tillét lågare lønn og høgare forteneste. Strukturelle analysar som desse gjorde det også mogleg å trekkja samband mellom dei marginaliserte befolkningane i Asia og Afrika og dei i USA og Europa. Rørsler for å demontera maktstrukturar måtte ta opp vanlege bekymringar med eit skarpt auge for den ujamne utnyttinga som vart påført av økonomiske system.
“Rasialisert kapitalisme” gjev oss eit instruktivt analytisk rammeverk for å samanfatta dette. Konseptet, slik det blei popularisert av Cedric Robinson i Black Marxism (1983), refererer til måten rase, som ein konstruksjon, er eit “organiserande” trekk ved kapitalismen, som tillèt utnytting av visse kategoriar av arbeidarar — inkludert slavar, kontraktstenande [indentured], koloniserte eller arbeidsinnvandrarar. Her held rasedominansen fram og fornyar seg på grunn av ein statleg sanksjonert og framhalden investering som bidreg til å dele befolkningar for å tene den kapitalistiske økonomien.
Nyliberalismen sine raseregimer
Kva ljos kan dette rammeverket kasta over rolla til rase og klassa i dagens nyliberale system, og kor godt eksponerer dette grensene for liberal antirasisme? Kundnani er overtydande i si sak om at den nyliberalistiske påstanden om at rase og imperium ikkje er relatert til global kapitalisme er ei feilslutning: “Berre i sine eigne fantasiar har nyliberalismen produsert ein homogen marknadsorden.”
Snarare gjenoppfant nyliberalismen rase og imperialisme slik at rasisme held fram med å vere systemisk inngrodd i bekymringar om lov og orden, krigen mot narkotika, grensevern og terrornedkjemping. Nyliberale kapitalreservar er djupt forankra i internasjonale finansinstitusjonar, gjeldssystema deira, økonomisk restrukturering og arbeidskraft, medan rasismane ofte er forkledde i eit språk med “kulturelle” skilnader. Sidan 1960-talet har førestillinga om kultur og verdiar, og behovet for å skapa formålstenlege forhold for kapitalismen, vorte synonymt med openheit for den nyliberale marknaden.
Det som er spesielt opplysande er Kundnani si forklaring av rolla som dei ideologiske arkitektane til nyliberal politikk har spelt i konstruksjonen av immigrasjonskontroll. Nyliberaliseringspolitikk med finansiell deregulering, “frihandel” og grensekontroll vart nytta av vesten som svar på aukande sosialt press frå antikoloniale, arbeidar- og sosiale rørsler på 1960- og 70-talet. Tenkjarar som Samuel P. Huntington, Milton Friedman, Daniel Patrick Moynihan og Enoch Powell hadde som mål å halde ved like det økonomiske hegemoniet til vesten etter avkoloniseringa, og nye styringssystem kravde nye interne og eksterne fiendar, saman med skilnader mellom legitime og overflødige arbeidarar.
Den makta rasismen held fram med å ha er uløyseleg bunde til spørsmålet om kven, i augo til statane, har rett til liv, arbeid, utdanning, rørsle eller helsetenester og under kva tilhøve, og kven som utgjer eit trugsmål mot status quo. Det er også djupt samanvove med utanrikspolitikk, som Kundnani syner er høvet med antimuslimsk rasisme, som fekk gjennomslag i samanheng med “krigen mot terror” og okkupasjonen av Palestina. Gjeve alt dette har “mangfald”-tilnærmingar og liberal medvitstrening lita sjanse til å oppheva systematisk rasemessig urettferd. Dei vert faktisk ein del av problemet.
Kva tilbyr radikal antirasisme?
Det klaraste provet på dette er at rasistisk praksis held fram med å bli utvida og forankra på statleg nivå, trass i antirasistiske kampanjar. Den nye britiske immigrasjonslovgivinga vedteke i juli, som gjev eineståande fullmakter for internering og deportering av “irregulære” migrantar er berre eitt døme. Å ha meir svart og brun representasjon i populærkulturen eller statlege institusjonar har ikkje synt seg å redusere rasediskriminering. Faktisk, hevdar Kundnani, var “liberale førestillingar om mangfald og inkludering fullstendig samsvarande med desse formene for rasistisk strukturell vald”.
Dette tyder sjølvsagt ikkje at rasisme i nokon form er noko ein kan unnskylde, eller at rasistiske haldningar ikkje skal taklast. Men å erkjenne dei grunnleggjande årsakene endrar måta problemet kan sjåast på og krorleis ein reagerere på dei. Der liberal antirasisme har vorte sett på som elitistisk eller moralistisk, gjev radikal antirasisme rom for å byggja kollektiv makt retta mot å få slutt på systemisk utnytting på tvers av rase- og klasseskilje.
Kundnani gjer det klart at avskaffing av somme ord eller personlege haldningar ikkje opphevar strukturane som gjev dei næring. Denne boka er ei oppmoding til kollektiv handling og ei felles framtid gjennom ein “antirasisme som ikkje splittar klassekampen, men radikaliserer den”.
Denne artikkelen var fyrst i utgåve #241 av Pan-Africanism, hausten 2023. Ting i dag for å støtte uavhengige sosialistiske media og få ditt eksemplar direkte frå pressa!
Frå https://www.redpepper.org.uk/society/race-racism/what-is-anti-racism-review/