Den svake stillinga til dei progressive latinamerikanske regjeringane i desse utrygge tidene: Det trettifjerde nyhendebrevet (2024)
Av Vijay Prashad
Utan vilje til å godta valresultata i Venezuela vedtok OAS, leia av USA, ein resolusjon som i praksis bad landet bryte sine eigne vallover. Mange land med regjeringar som påstår at dei er sentrum-venstre eller venstre, har slutta seg til USA, i eit forslag som søkjer å undergrave dei demokratiske prosessane i Venezuela. Dette er eit spegelbilete av dei motsetnadane som den noverande progressive syklusen av regjeringar står andsynes, og den svake stillinga til venstresida i Latin-Amerika i dag.
Kjære vener,
Helsing frå skrivebordet til Tricontinental: Institutt for samfunnsforsking.
Den 16. august 2024, og under påverknad frå USA, røysta Organisasjonen av amerikanske statar (OAS) – ein institusjon som vart oppretta i 1948, under den kalde krigen – på ei resolusjon knytt til det venezuelanske presidentvalet. Kjernen i resolusjonen, som vart foreslått av USA, var å oppmode Venezuela sin valmyndigheit, Det nasjonale valrådet (CNE), til å publisere alle detaljane frå valet so snart som råd (inkludert actas, eller røysteregister, på lokalt nivå). Denne resolusjonen ber CNE om å handle i strid med Venezuela sin organiske lov om valprosessar (Ley Orgánica de Procesos Electorales eller LOPE): Sidan lova ikkje krev at desse materiala skal publiserast, vil det vere eit brot på offentleg lov å gjere det. Det lova derimot krev, er at CNE må kunngjere resultata innan 48 timar (artikkel 146) og publisere dei innan 30 dagar (artikkel 155) samt at data frå røystelokala (som actas) skal publiserast i tabellform (artikkel 150).
Det er rein ironi at resolusjonen vart røysta over i Simón Bolívar-rommet ved OAS-hovudkvarteret i Washington, DC. Simón Bolívar (1783–1830) frigjorde Venezuela og naboterritorium frå det spanske imperiet og søkte å fremje ein prosess for integrasjon som ville styrke regionen sin suverenitet. Det er difor Den bolivarianske republikken Venezuela heidrar hans arv i sitt namn. Då Hugo Chávez vann presidentvalet i 1998, sette han Bolívar i sentrum av landet sitt politiske liv, og søkte å vidareføre denne arva gjennom initiativ som Den bolivarianske alliansen for folka i Amerika (ALBA), som ville halde fram reisa mot å etablere suverenitet i landet og regionen. I 1829 skreiv Bolívar: “USA ser ut til å vere bestemt på førehand av forsynet til å plage [Latin] Amerika med elende i fridomen sitt namn”. Denne elenda, i vår tid, ser ein til dømes i USA sine forsøk på å kvele latinamerikanske land gjennom militærkupp eller sanksjonar. I dei seinare åra har Bolivia, Cuba, Nicaragua og Venezuela vore i episenteret for denne “plaga”. OAS-resolusjonen er ein del av denne kvelinga.
Bolivia, Honduras, Mexico og Saint Vincent og Grenadinane deltok ikkje i røystinga (heller ikkje Cuba, sidan landet vart utvist frå OAS i 1962, noko som førte til at Castro kalla organisasjonen for “USA sitt koloni-ministerium», eller Nicaragua, som forlét OAS i 2023). Mexico sin president Andrés Manuel López Obrador (kjend som AMLO) skildra kvifor landet hans valde å ikkje møte opp på OAS-møtet og kvifor dei er usamde i den USA-føreslegne resolusjonen, med sitat frå artikkel 89, seksjon X i den meksikanske grunnlova (1917), som seier at presidenten i Mexico må halde seg til prinsippa om “ikkje-intervensjon; fredeleg konfliktløysing; [og] forbod mot trugsmål eller nytting av makt i internasjonale relasjonar”. Til det føremålet sa AMLO at Mexico vil vente på at den “kompetente myndigheita i landet” skal løyse eventuelle usemjer. I Venezuela sitt høve er det den høgste rettsinstansen som er den relevante myndigheita, sjølv om dette ikkje har hindra opposisjonen frå å avvise legitimiteten deira. Denne opposisjonen, som vi har karakterisert som ein særskild type ytre høgre, er forplikta til å nytte alle ressursar — inkludert USA sin militærintervensjon — for å styrte den bolivarianske prosessen. AMLO sin fornuftige posisjon er i tråd med FN-pakta (1945).
Mange land med tilsynelatande sentrum-venstre eller venstreorienterte regjeringar slutta seg til USA i å røyste for denne OAS-resolusjonen. Blant desse er Brasil, Chile og Colombia. Sjølv om landet har ein president som beundrar Salvador Allende (drepen i eit kupp påført av USA i 1973), har Chile, synt ein utanrikspolitisk orientering som i mange saker stemmer overeins med det amerikanske utanriksdepartementet (inkludert både Venezuela og Ukraina). Sidan 2016, på invitasjon frå den chilenske regjeringa, har landet teke imot nær ein halv million venezuelanske migrantar, mange av dei utan dokumentasjon og som no møter trugsmålet om utvising frå eit stadig meir fiendtleg miljø i Chile. Det er nærast som om landets president, Gabriel Boric, ynskjer å sjå situasjonen i Venezuela endre seg, slik at han kan beordre retur av venezuelanarane til heimlandet. Denne kyniske haldninga i høve til Chile sin entusiasme for USA sin politikk på Venezuela forklarer likevel ikkje situasjonen i Brasil og Colombia.
Vårt siste dossier, For å møte den veksande neofascismen, må venstresida i Latin-Amerika finne seg sjølv igjen, analyserer det noverande politiske landskapet på kontinentet og startar med å utfordre førestillinga om at det har vore ei andre “rosa bylgje” eller syklus av progressive regjeringar i Latin-Amerika. Den første syklusen, som starta med valet av Hugo Chávez i Venezuela i 1998 og tok slutt etter finanskrisa i 2008 og USA sin motoffensiv mot kontinentet, “utfordra USA sin imperialisme direkte ved å fremje latinamerikansk integrasjon og geopolitisk suverenitet”, medan den andre syklusen, definert av ein meir sentrum-venstre orientering, “verkar meir skjør”. Denne skrøpelegdomen er emblematisk for situasjonen både i Brasil og Colombia, der regjeringane til Luiz Inácio ‘Lula’ da Silva og Gustavo Petro ikkje har vore i stand til å utøve full kontroll over dei permanente byråkratia i utanriksdepartementa. Korkje utanriksministeren i Brasil (Mauro Vieira) eller Colombia (Luis Gilberto Murillo) er menn frå venstresida eller til og med sentrum-venstre, og begge har nære band til USA, som tidlegare ambassadørar til landet. Det er verdt å merke seg at det framleis er over ti amerikanske militærbasar i Colombia, sjølv om dette ikkje åleine forklarar skrøpelegdomen til denne andre syklusen.
I dossieret tilbyr vi sju forklaringar på denne skrøpelegdomen :
dei globale finansielle og miljømessige krisene, som har skapt splid mellom landa i regionen om kva veg ein skal følgje;
USA sin oppattretting av kontroll over regionen, som dei hadde tapt under den fyrste progressive bølga, spesielt for å utfordre det USA ser som Kina sitt inntog i latinamerikanske marknader, inkludert regionen sine naturressursar og arbeidskraft;
den aukande “uberiseringa” av arbeidsmarknadene, som har skapt mykje meir utryggleik for arbeidarklassen og påverka evna deira til masseorganisering negativt. Dette har ført til ein monaleg tilbakegang av arbeidarrettar og svekka makta til arbeidarklassen;
omstruktureringa av sosial reproduksjon, som har blitt sentrert kring minska offentleg investering i velferdspolitikk, noko som har ført til at omsorgsansvaret har blitt flytta til den private sfæren, noko som primært overbelastar kvinner;
USA si aukande militærmakt i regionen, som sitt hovudverktøy for dominans som svar på sin minkande økonomiske makt;
det faktum at regionen sine regjeringar ikkje har vore i stand til å dra nytte av Kina sin økonomiske innverknad og dei moglegheitene det gjev for å fremje ei suveren agenda, og at Kina, som har blitt Latin-Amerika sin viktigaste handelspartnar, ikkje har søkt å direkte utfordre USA sin agenda for å sikre hegemoni over kontinentet;
splittingane mellom progressive regjeringar, som, saman med framveksten av neofascisme i Amerika, hindrar veksten av ein progressiv regional agenda, inkludert politikk for kontinental integrasjon — i tråd med dei som vart foreslått under den første progressive bølga.
Desse faktorane, og andre, har svekkja sjølvtilliten til desse regjeringane og deira evne til å realisere den delte bolivarianske draumen om suverenitet og samarbeid i denne hemisfæren.
Eit tilleggspunkt, men eit avgjerande eitt, er at balansen av klassekrefter i samfunn som Brasil og Colombia ikkje er til fordel for genuin antiimperialistisk politikk. Feira hendingar, som Lula og Petro sine sigrar i 2022, er ikkje bygd på eit breitt grunnlag av organisert arbeidarklassestøtte som dinest tvingar samfunnet til å fremje ei verkeleg transformativ agenda for folket. Koalisjonane som triumferte inkluderte sentrum-høgre-krefter som framleis har sosial makt og hindrar desse leiarane, same kva deira eiga ulastelige merittar er, frå å styre fritt. Svakheita til desse regjeringane er blant elementa som gjer det mogleg for ein særskild type ytre høgre å vekse.
Som vi argumenterer for i dossieret: “Vansken med å bygge eit politisk prosjekt på venstresida som kan overvinne dei daglege problema i arbeidarklassen sitt tilvære, har losna mange av desse progressive valprosjekta frå behova til massane”. Arbeidarklassen, som er fanga i utrygge yrke, treng enorme produktive investeringar (drivne av staten), basert på utøving av suverenitet over kvart land og regionen som heilskap. Det faktum at fleire land i regionen har alliert seg med USA for å redusere Venezuela sin suverenitet, syner at desse skjøre valprosjekta har liten kapasitet til å forsvare suverenitet.
I diktet “Quo Vadis” reflekterer den meksikanske poeten Carmen Boullosa over det problematiske ved å lova truskap til USA sin agenda. Las balas que vuelan no tienen convicciones (“flygande kuler har ingen overtydingar”), skriv ho. Desse “progressive” regjeringane har inga overtyding når det gjeld regimeskifteoperasjonar eller destabiliseringsforsøk i andre land i regionen. Det bør stillast store forventningar til dei, men samstundes er det ikkje mykje grunnlag for å verte skuffa.
Med varme helsingar,
Vijay