Dette er eit tilsvar til Hans Petter Sjøli si sak om Mbappé sine utsegn om Mao Zedong, som blei send til VG, men ganske raskt blei avvist (lesaren kan sjølv gjette kvifor). Det er ikkje meint som ein fullstendig gjennomgang alt som er feil med Sjøli sin analyse, men skisserer i grove punkt korleis norske media sviktar i si omtale av Kina.
Dersom Mao var so frykteleg, kvifor er han elska i Kina? Det hadde vore eit nøktern utgangspunkt for ein sakleg debatt. Men noko slikt skal ein sjølvsagt ikkje ha i VG, noko som er tydeleg i Hans Petter Sjøli sitt nyaste utspel om Mbappé og Mao. Der gjeld det heller å måle fanden på veggen.
Men før vi kjem til Sjøli sin artikkel, skal eg gje eit kort svar på spørsmålet, slik at vi kanskje kan få ein noko meir opplyst debatt om Kina.
I 1949 Kina stod opp mot imperialismen. Dei mista mellom 20-30 millionar som konsekvens av Japan sin okkupasjon under andre verdskrig. Deira kamp bidrog til å hindre Japan frå å opne ein front mot Sovjetunionen, noko som hadde hjupe Hitler i sin kamp på austfronten. Kina spelte altso ein sentral rolle i kampen mot fascisme.
Det korte svaret til spørsmålet ovanfor handlar om nasjonal frigjering. Nyss difor er ein slik leiar so elska. Som Fidel, som Sankara, som Nkrumah, som Mandela, so Ho Chi Min.
Folk i Kina veit det meste om Mao, mykje betre enn Sjøli. Men dei veit ogso å sjå det positive. Kvifor? Av di dei veit kva som er alternativet. Dei ynskjer ikkje å vere vasallar. Dette er tydelegvis ikkje enkelt å forstå for vestlege land. Ikkje ein gong i Noreg, trass i at vi sjølv var ein koloni i fleire hundre år.
Det er ingen som diskuterer om det var ein svoltkatastrofe eller ikkje i Kina i 1959-1961. Alle veit dette. Millionar døydde under hans leiing, ja. Men det var knapt intensjonen til Mao. Dersom han ynskte at millionar skulle døy, kvifor gadd han kjempe over fleire tiår for å kaste ut imperialistan og etablere Kina som sjølvstendig stat? Nok eit spørsmål ein ærleg debatt må prøve å svare på.
Svoltkatastofa skuldast i alle hovudsak veldig dårlege avlingar på grunn av ein El Niño-hending (noko ein ikkje visste om den gongen), dårleg kommunikasjon på tvers av eit enormt land, og overivrige kadre. Og det store spranget hadde ogso positive sidar, noko ein ser gjennom korleis ein hadde eit byks i avlingar like etter hungersnauden. Det tok seg altso opp att like etter, noko som syner at dei raskt korrigerte.
Det Sjøli på ingen måte forklarar, er altso korleis Mao handla for å få slutt på svoltkatastofen. Korleis får ein dette til å henge saman med at han liksom ynskte at folk skulle døy?
I åra etter sat Kina nye rekordar for avlingar, noko som redda millionar frå svolt.
So til Sjøli sine kjelder: Frank Dikötter, som Sjøli tek talet 45 millioner frå, er på inga måte ikkje fasit, men er snarare ganske omstridte. Dikötter er i den mest ekstreme enden av skalaen då det kjem til anslag. Faktisk er han skulda for å ha ein politisk agenda, der han ville redusere kommunismen til terror. Ettersom Sjøli siterer tala ukritisk, prøver han seg på det same.
Ken Hammond hevdar det truleg var kring 10 til 12 millionar som døydde, og meiner tal som dei Dikötter kjem med er tåpelege.
So til talet 40 til 70 millionar, som Sjøli meiner er det samla talet døydde under Mao sitt styre. Det er ikkje basert på seriøs forsking, men er arva etter to bøker. The Black Book of Communism, som hevdar 65 millionar døydde i Kina. Metoden som låg bak var so dårleg at tre av dei fire hovudforfattarane prøvde å trekkje bidraga sine før ho kom ut, og offentleg kritiserte redaktør Stéphane Courtois for å ha ein tvangstanke om å oppnå talet 100 millionar. På
Wikipedia, som truleg er Sjøli si kjelde, er boka Mao: The Unknown Story referansen. Problemet er berre at denne boka er blant dei dei mest grundig kritiserte bøkene i moderne Kina-forsking.
Metoden i begge dei nemnde bøkene er at svolt og ‘overskotsdød’ vert rekna som som likeverdig med direkte drap. Det er denne rekneskaps-tradisjonen tek Sjøli som faktum. Dette er latskap, og syner hans agenda.
Men sidan Sjøli tel offer, kan han jo sjekke det som skjedde i Irland under The Irish Potato Famine, der 20 prosent av befolkninga døydde – medan matvare vart eksportert ut av landet under britisk styre. Prosentvis var Kina under Mao aldri i nærleiken av noko slikt — sjølv om ein latar som om det høgste talet på offer er korrekt. Her ser ein sanninga om vestleg ‘sivilisasjon’.
Dette syner til noko anna som Sjøli ikkje nevner med eitt ord: kva Mao faktisk oppnådde. Det er ikkje overdrive å hevde at Mao truleg er den største humanitære leiaren verda har sett: I 1949 var forventa levealder i Kina 35 år. No har Kina passert USA og er på nesten 79 år – og det sjølv om dei framleis er eit utviklingsland, som har ein mykje lågare BNP per capita enn USA. So kan Sjøli jo førestilje seg kor mange millionar Mao redda frå hungersnaud og armod.
Og om kulturrevolusjonen, ein prosess som vara over 10 år, på eit tidspunkt Mao ikkje ein gong formelt sett var leiar: Mao meinte sjølv gjekk for langt, og KKP har seinare teke eit oppgjer med hendingane. Hovudgrunnen var å hindre byråkratisk stagnasjon, og å blåse nytt liv i revolusjonen.
Trass dei menneskelege tapa, so klarte faktisk den kulturelle revolusjonen å oppnå ein heil del, som at kadre nok ein gong drog til landsbygda og reetablerte relasjonen mellom partiet og folket – som er heile grunnen til at partiet eksisterer: for folket. Det er legitimitetsgrunnlaget partiet framleis har. Og det har meir legitimitet enn noko anna parti i verda.
For dette må seiast utan atterhald: Kina er eit demokrati. Ikkje eit liberalt demokrati sjølvsagt. Men so er slike ‘demokrati’ eigentleg ganske avgrensa – det Samir Amin kalla ‘lågintensitets-demokrati’, med val kvart fjerde år, og der ein aldri kan utvide demokratiet til økonomien. Soleis opnar slike demokrati for at den økonomiske sfæren infiltrerer den politiske sfæren i stadig aukande grad.
Dersom Sjøli faktisk vil lære meir om dette, har MOLD beta omsett ei sak om Kina sitt heilskaplege folkedemokrati. Der skriv forfattarane:
Data samla i fleire studiar — mange av dei gjennomførte av etablerte vestlege liberale institusjonar — syner ikkje berre at styresmaktene i Kina nyt omfattande folkeleg støtte på alle nivå, men òg at ein større del av folket i Kina meiner at det politiske systemet er demokratisk, rettvist, og tener interessene til folket, enn nesten noko anna stad i verda. Godkjenninga av sentralstyresmaktene nådde 93 % i 2016, medan provinsstyresmaktene låg på 82 % — med jamn auke over tid.» (Ash Center ved Harvard Kennedy School)
I 2024 fann dei at 92 % av respondentane i Kina meiner demokrati er viktig, 79 % karakteriserer landet som demokratisk, og 91 % oppfattar at regjeringa tener breie folkelege interesser heller enn eliteinteresser — kvart av desse tala var høgare enn i nesten alle andre land, og langt framfor USA, Frankrike og Storbritannia.
Dette er ifylgje Democracy Perception Index 2024, Alliance of Democracies, som er etablert av tidlegare Nato-sjef Anders Fogh Rasmussen – knapt ein Kina-apologet!
Som Xi Jinping har uttalt:
Dersom folket berre vert vekt ved valtid og søv etterpå; dersom folket høyrer store slagord under valkampen, men ikkje har noko dei skulle ha sagt etterpå; dersom folket vert smigra under røystefisket, men sette til side etter valet, då er dette ikkje ekte demokrati.
So til saka som danna bakgrunnen for Sjøli sitt innspel: Om ein ser på kinesiske sosiale media som Rednote (小红书), er det enkelt å finne sakar om Mbappé. ‘Alle’ i Kina veit kva han sa. Grunnen til at Mbappé blei straffa skuldast faktisk Kina sitt demokrati og ytringsfridom – nemleg at folk ikkje likte at han snakka slik om det som er ein folkehelt i Kina, mannen som redda dei frå fascistiske Japan og enda århundret med audmjuking: kamerat Mao Zedong.
Selskapa ville ikkje lenger ha Mbappé, sidan opinionen hadde snudd. Det handlar ikkje hovudsakleg om staten, men om folket.
Ein kan sjølvsagt meine dette er å ta det heile for langt. Men dei som ynskjer å kritisere, må fyrst gjere heimeleksa si. Det burde vere eit minstekrav, spesielt for dei som liksom skal vere samfunnet sine vaktbikkjar, som Sjøli. For å sitere Mao: ‘Ingen undersøking, ingen rett til å uttale seg’.



